mandag, juli 20, 2015
Dagbok 2015: 20.juli
Klokka er 19.30. Temperaturen er +15 grader C, skodda ligg sid og eg trur regnet er på veg. Tidlegare i dag har det vore opplett, og eit par små glimt av sol.
Eg starta dagen med å shine opp kjøkkenet, og vaske golvet. Nils begynte med å slå plenar opp mot vegen.Vaskemaskina vart sett i gang etc.etc.
Så jobba eg litt ute i hagen før det var pause, som eg brukte til å strikke og høyre lydbok.
Så vart det meir hagearbeid. Nils klipte meir plen og eg klipte kantar. Eg tok eit par runder med klipparen med "drag"-men det gjekk litt for fort for meg. Så klipte eg ned nokre store "såter" med avblomstra iris og ballblom.
Alt dette gjekk greitt, men så kjem reaksjonen: RYGGEN min toler ikkje at eg bøyer meg, og smertene spreier seg til hofta og foten. Eg veit det i grunnen på førehand, men tek sjansen gong på gong, særlrg når eg har vore bra ei stund. Ja, eg håper det blir likar` i morgon.Men eg får vel la vere å strikke i kveld-kanskje.
Nils laga sein middag, i dag var det kokt,salta lange.
Alt er seint i år, men gras,tre og buskar veks noko alvorleg. Vi har oppdaga at svartbærtreet ikkje er fullt av humler, slik vi først trudde, en av kveps! Det summar som ein motor. Men eg har ikkje blitt stukken-enno i alle fall.
søndag, juli 19, 2015
Dagbok 2015: 19.juli
Rundskue frå altanen.
Klokka er 17.30. Temperaturen ute er + 14 grader C og det har regna nokså jamt i heile dag. Eg seier til Nils at sola kjem frm til kvelden, men det trur han ikkje på. Skodda ligg nesten ned på jorda.
Nils har funne seg eit idrettsarrangement -på TV.
Eg har truleg fått sovesykja. I går kveld sat eg og somna i eitt når eg skulle sjå TV, så vi la oss før klokka var 1.00. DET er sjeldan vi gjer. Eg sov til klokka 9 og så sov eg middag. Like trøtt enno.
Etter frokost i dag sette Nils seg ut i garasjen og egnde liner, med makrell frå i fjor og småsei frå i år. Han hadde ikkje nok til heile lina, men fekk i alle fall brukt opp all den gamle agn-fisken.
Når det er slikt vêr kan ein like godt gjere ein slik jobb som ein har lett for å utsette, så i dag vaska eg dusjkabinettet grundig. Eg lengtar tilbake til badekar-tida, det var lettare å halde reint då. Grunnen til at vi skifta til kabinett var at vi rekna med at det etter kvart vart vanskeleg å klatre opp i karet.
Sist eg laga fiskekaker hadde eg løk i røra. Det plar eg ikkje ha, men snakka med andre som brukar det. Eg gjorde sikkert for mykje av det, for kakene blei ikkje gode. Heldigvis hadde eg laga berre tre porsjonar. I dag tok vi porsjon nummer to. For å dempe litt på smaken, laga eg dei i brun saus- utan at det hjelpte. Dei smakte som sildekaker. Sildekaker er greitt nok, men då må dei vere laga av sild.
Siste veka har vi hatt besøk og vore i besøk og på diverse småturar, så det var heilt OK å ha ein sløv dag.
Eirik og kameratane er vel framme på Mallorca, Magaluf. Han reiste med nattbussen frå Volda i går kveld. Fekk sagt "ha det" til han i går då vi var der inne, og gitt han diverse formaningar, i tilfelle Margrete hadde gløymt noko. Men dei velsigna mobilane gjer at ein kan ha litt kontakt, så ein treng ikkje engste seg - unødig i alle fall.
Av lett forståelege grunnar har eg ikkje vore ute i hagen enno, men frå altanen såg eg at den mørkeblå clematisen har begynt å blomstre.
lørdag, juli 18, 2015
Dagbok 2015: 18.juli
Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 13 grader C og det har regna ganske mykje etter middag. På føremiddagen var det ei lang periode med opplett og delvis sol, i alle fall der vi var.
Vi var ikkje oppe i gryotta, for å seie det slik. Minstemann sov både godt og lenge han også. Særleg han. Vi hadde tenkt å sjå på dei store skipa som skulle kome frå Ålesund i 14 tida, men vi rakk ein tur til Sæbø først. Eg skulle handle litt på Nilsbuda, og så var vi innom bakeriet, noko som høyrer med når ein er på dei kantar. Erlend fann seg noko han hadde lyst på, og eg kjøpte eit par brød.
Der var veldig stilt og fredeleg der borte, men då vi kom tilbake til Ørsta var det full balluba. Mange var komne for å sjå på "tall ships"-og korta tida med å handle på Amfi. Eg hadde ærend på Apoteket, og så måtte vi ha litt mat. Skipa var ikkje å sjå, så vi for heim att og åt kjøpepizza. Den var forresten god.
Etter kvart måtte vi tenkje på å få guten heim att, så då vi enno ikkkje hadde sett teikn på tall ships, tok vi sikte på 17.30 -ferja frå Volda. Vi vart sittande ei stund og prate med Margrete, før vi køyrde rundt fjorden og heim. Då såg eg eitt skip på Strømpeneset, og så kunne eg lese på FB at båtane hadde vore her akkurat mens vi var vekke. Ja,ja, dei kan no ikkje ha stoppa så lenge då. Dette vart ein skikkeleg rekardag, men det er ikkje så mykje anna å finne på når vêret er som det er.
Når vi er borte på hi sida, ved flyplassen, ser vi Saudehornet. Trur aldri eg har sett så mykje snø der i juli før. Og neste laurdag er det "rett opp". Kan det gå bra?
fredag, juli 17, 2015
Dagbok 2015: 17.juli
Klokka er 18.45. Temperaturen er + 17 graderC. Det er lettskya og fint.
I dag stod vi opp til ein strålande morgon-det var nesten som eit sjokk. Nils sende melding til Margrete om at Erlend kunne komme og fiske dersom han ville, for meldingane var gode-i går såg det svart ut på yr.no. Nils henta Erlend i Volda, og dei åt litt før dei for.
Eg hadde vaska vinduskarmar, blomsterpotter etc., og då eg vart åleine fekk eg støvsuga. Så la eg meg ut på solsenga for å lese ut boka mi. Då varte det ikkje lenge før det skya over og det kom ein kald vind. Eg heldt ut ei stund , så gjekk eg inn. Men så kom sola att og eg såg Marit sat ute på enken sin, så eg gjekk opp til henne. Då kom fiskarane att-med EIN makrell og mange småsei, så små at dei blir til agn. Eg steikte makrellen til Erlend, og lysing til oss. Til dessert vart det kaffi og restar av Prinsessekake.
Eg er no i beit for lydbok. Har nokre i MP3 format, så eg kan no prøve Walkman-en.
Erlend har bestemt seg for å vere til i morgon og fiske meir. No har eg sett han i sving med å rydde på datamaskina mi, slik at den kanskje får opp farten.
Ønsker alle som er innom bloggen ei god helg!
Bok nr.52, 53 og 54 - 2015: Kråkejenta, Hungerilden og Pythias anvisninger
Hvor mye lidelse kan man utsette andre menneseker for, før man selv opphører med å være menneske, og blir et monster?
I Stockholm sitter kriminalbetjent Jeanette Kihlberg begravet i en forferdelig sak. Det dukker opp lik av ukjente gutter, ingen har sett noe, og ingen har meldt dem savnet. Det er få spor å gå etter, og i bakgrunnen spøker Jeanettes problemer på hjemmefronten. Blant klientene til psykologen Sofia Zetterlund er det en tidligere barnesoldat fra Sierra Leone og en kvinne, Victoria Bergman, som har dype arr i sjelen etter å blitt utsatt for gjentagende vold og krenkelser i sin barndom. Jeanette og Sofia får kontakt med hverandre da den tidligere barnesoldaten blir funnet drept, og politiets etterforskning fører dem til en av Sofias klienter. Men foruroligende nok er det snart klart, at ingenting er, som det ser ut til. Kråkejenta er en sterk psykologisk krim om, hva svik kan gjøre med mennesker.
Boken er den første i trilogien Victoria Bergmans svakhet.
Kriminaletterforsker Jeanette Kihlberg må avbryte etterforskningen av de grusomme mordene på unge, navnløse innvandrergutter da en fremgangsriknæringslivsleder myrdes på et nesten rituelt vis i Stockholm. Bestialskedetaljer indikerer at det ligger et hevnmotiv bak drapet. Men hevn for hva?
Flere grusomme mord inntreffer, og psykologen Sofia Zetterlund kontaktes for å utarbeide en gjerningsmannsprofil. Dette arbeidet kompliseres ytterligere ved at Jeanette Kihlberg og Sofia Zetterlund har innledet et forhold i kjølvannet av kriminaletterforskerens skilsmisse. Jeanett Kihlbergs innstendige leting etter den forsvunne Victoria Bergmanleder henne til internatskolen i Sigtuna, men også til Danmark og hendelser i fortiden. Sofia Zetterlund forsøker, parallelt med sitt arbeid som psykolog, å finne tilbake til sitt rette jeg – en prosess som avdekker en dyster og smertefull fortid.
Akkurat som KRÅKEJENTA, første bok i trilogien, er HUNGERILDEN spekketmed overraskelser, halsbrekkende vendinger og den har en uventet slutt som presenterer seg som et slag i magen hos leseren
Tredje og siste del i trilogien Victoria Bergmans svakhet. Kriminaletterforsker Jeanette Kihlberg begynner langsomt på nøste opp i saken om de drepte innvandrerguttene. Det står stadig mer klart for henne at det finnes en sammenheng mellom en sekt med pedofile som guides av en skrift de kaller Pythias anvisninger, og en svinebonde på en gård i Jylland. Psykolog Sofia Zetterlund legger frem en grundig gjerningsmannsprofil, der hun beskriver en ekstrem farlig morder, som sannsynligvis har mange liv på samvittigheten, samt en forvirret kjønnsidentitet. Da et offer og vitne i en av pedofilisakene mot sekten forsvinner, må politiet rykke ut for å unngå at nok et liv går tapt. Men ingenting kan forberede Jeanette på den ondskapen hun nå skal stå ansikt til ansikt med. I mellomtiden kjemper Sofia med sitt splittende indre. Og i løpet av hennes selvterapi, stilles flere hendelser i fortiden hennes i et helt nytt lys.
.......................................................................
Først las eg Kråkejenta som lydbok, så las eg dei andre to på papir, mens eg høyrde om att den første parallelt. Det funka bra!
Elles er det å seie om desse bøkene at dei er noko heilt ut om det vanlege.
Dei bør lesast på papir sidan det er så mange personar og så mange "flyttingar" i tid og stader og mykje anna å halde greie på.
Tema gjennom alle tre bøkene er misbruk og mishandling av barn, og korleis traumatiske handlingar i barndommen kan øydelegge eit heilt liv. Dette er svært psykologiske bøker, og då melder det seg alltid eit spørsmål: Kor mykje kan forfattarane eigentleg om dette? Men bøkene verkar gjennomarbeida og seriøse. Her er henvisningar både til forskning, historie og andre kjelder.Her er mykje informasjon om mange emne eigentleg.
Dette er ikkje vanlege krimbøker, og det er ikkje lett å plassere bøkene i ein bestemt sjanger. Ikkje alle vil like å lese desse, trur eg, men eg tykte det var GODE bøker.Les elles kva Margrete skriv på sin blogg.

torsdag, juli 16, 2015
Dagbok 2015: 16.juli
Klokka er snart 21.30, og sola skin på andre sida av bygda. Det er lettskya og fint no. Det var det ikkje på føremiddagen, då var det regn og skodde, som vanleg.
Eg var knapt somna før Nils stod opp i 6-tida for å fiske sei. Han ville gjerne ha med seg fisk til Solveig og familien, sidan vi skulle utover i dag. Eg var berre så vidt oppe før han var tilbake med ein bra fangst, så no blir det både steikt sei, seikaker og blandaball på Hareid. Dei har kvar sine favorittar.
Eg var ikkje i form etter ei sømnlaus natt, men kom meg litt etter kvart. Fekk vaska kjøkken og bad, så tek eg støvsuginga i morgon.
Då klokka var 15 reiste vi utover.Og kva møtte oss då vi kom ut or tunnelen? Sol og delvis blå himmel, og vêret vart finare etter kvart. Middagen var sett til klokka 16, sidan dei stor barna jobbar i ferien. Vi fekk tre-rettars-middag, noko som er sjeldan her i huset: Blomkål/broccolisuppe, svinekotelettar og sagopudding m.m. . Vi takkar vertskapet for god mat og koselig samver. Vi fekk endeleg avlevert bursdagsgåva til Solveig- ho fylte år den 3.juli, men då var dei vekke.
Eg hadde ikkje kamera med meg i dag, så eg ville ta bilde med mobilen. Den var heilt død! Enda eg hadde ladda den opp i går. Bilda under tok eg med Nils sin mobil, for å gi eit lite innblikk i finevêret på Hareid. Men då vi kom tilbake til Ørsta i 20.30-tida var det like fint her. Og mobilen min vakna opp att.
onsdag, juli 15, 2015
Dagbok 2015: 15.juli
Klokka er 17.00, temperaturen er + 13 grader C , og det er skodde og regn. Surprise! Surprise!
Det var ikkje særleg oppløftande å sjå ut i dag, og ikkje fristande å fare nokon stad. Men ein kan ikkje sette seg ned og deppe heller, så eg fann ut at eg kunne bake litt til frysaren.
Eg plar alltid sjekke FB rett etter frokost, men i dag sette eg i gang med diverse kjøkkenaktivitetar først. Dermed las eg ikkje meldinga som Bodil hadde sendt meg, og mobilen min låg død på eit anna rom. Så Bodil fekk ikkje kontakt før ho sende melding på Nils sin mobil.
Dei skulle ein tur til Ørsta og ville stikke oppom til ein kopp kaffi.
Då passa det veldig godt at eg hadde laga to små prinsessekaker i staden for ei stor, slik eg plar gjere. Eg sjekka først steikomnen, og såg at eg hadde plass til to runde former før eg sette i gang.Det er kjekkast å sette heile kaker på bordet når ein har besøk.
Vi plar ikkje gjere det så høgtideleg når vi besøker kvarandre, det er no viktig å få tid til prat. Dei skulle no ikkje vere så lenge heller.
Slik vart ein grå og trist dag veldig koselig. Takk for besøket Bodil og Svein.
No ser eg at skodda kjem lenger og lenger ned. Det plar vere teikn på at vêret betrar seg.Det er von i hangande snøre.
I dag gjorde vi noko vi ikkje plar gjere; vi såg TV på dagtid. Skummelt med tunnelulykka. Vi har faktisk køyrt den tunnelen ein gong, og bror min køyrer der når dei skal på hytta. Ja, og så såg vi litt på Sommerbåten også.
I dag blir det fiskegrateng til sein middag, gjorde klart det meste tidleg på dag.

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...