torsdag, august 12, 2010

Vermelding 12.august 2010

 
Klokka er 17.00. Temperaturen er + 23 grader C. Det er delvis skya og litt vind. Det har vore både sol og varmt før i dag.
Denne dagen har vi hatt besøk frå Hareid, det var Solveig og Olaug som var her.
Menyen var hjortegryte, kanskje ikkje typisk sommarmat?
Blir ungar nokon gong leie av is? Ser ikkje slik ut. Her har dei relativt fri tilgang dei få dagane dei er her.
Posted by Picasa

onsdag, august 11, 2010

Vermelding 11.august 2010

 
Klokka er snart fem på ettermiddagen. Temperaturen er +21 grader C og sola strevar med å komme seg gjennom skodde og skyer, berre delvis med hell.
Vi har ete steikt sei til middag i dag av den som vart fiska i går, og det smakte godt om eg skal seie det sjølv. 
Dei to største gutane har ikkje så mykje å ta seg til her, men er vel fornøgde med å ligge i senga  med "dataspel". Dei har hatt mange opplevingar i ferien, så det kan kanskje vere godt å sløve litt ein dag eller to.
I morgon ventar vi besøk frå Hareid, og planen er at Rasmus & co skal ta på heimvegen laurdag.
Posted by Picasa

tirsdag, august 10, 2010

Vermelding 10.august 2010

 

Klokka er 14.30, det er overskya og skodde, men temperaturen er tross alt +22 grader C. Sola var framme ei lita stund, og vi håper ho kjem fram att seinare også.
Nils, Rasmus, Eivind og Vebjørn har vore på sjøen og fiska. Dei kom heim med sei og ein diger blekksprut. Vebjørn var visst litt redd akkaren.No skal vi ete påsalta fisk frå frysaren, og seinare i dag får vi besøk av Bodil og Svein.

mandag, august 09, 2010

Vermelding 9.august 2010

Klokka er 20.15,temperaturen er + 18 grader C, det er opplett, men skodde. Skodde har vi hatt rikelig av denne sommaren,og det er eit trasig ver.
Men dagen har gått som ein røyk og vi har hatt det kjekt. Ikkje berre har vi Rasmus med familie på besøk, men Margrete og dei tre yngste kom hit til middag etter at dei hadde vore på fjelltur i lag med ei veninne av Margrete.Ungane storkosa seg i lag, dei har blitt godt kjende etter at dei har treft kvarandre fleire gongar denne sommaren. Viss nokon lurer på kva vi hadde til middag, så var det kylling med ris, grønnsaker og to sortar saus+ is til dessert.

Vermelding for sundag 8.august 2010

Litt seint å komme med vermelding etter midnatt, men for ein gongs skuld......
Rett før midnatt var temperaturen ca 15 grader C, det var skodde i fjella, men opplett. Sist natt regna det kraftig, men så skein det opp på føremiddagen ei stund.
No hadde ikkje veret så mykje å seie denne dagen, for vi var på Hareid det meste av tida, og der kunne vi vere ute eller inne alt ettersom. Av dei 11 barnebarna våre var ti til stades, mens eldstemann var i Førde på jobb. Solveig og Øystein diska opp med god gammaldags svinesteik og kjøttkaker med diverse tibehør og heimelaga karamellpudding til dessert.
Seinare fekk vi kaker og rundstykke m.m. Om kaninar og andre dyr kan de lese på Solveig sin blogg.

lørdag, august 07, 2010

Bok nr.42 2010: Taushetens konsekvenser.



Linda Olsson er kjent av mange for boka La meg synge deg stille sanger
som eg veit mange har lese og likt.
No les eg nesten berre lydbøker, og då har opplesaren mykje å seie for det inntrykket ein sit att med. Det er to som les denne boka, ein mann og ei kvinne. (Rollane til Cecilia og Adam.) Han les dei 5 første CD-ane og ho dei to siste. Han les ikkje  dårlig, men det går litt for treigt, til og med for meg som likar rolige bøker. Når det heller ikkje skjer så mykje, blir det litt for kjedelig.
Visst likar eg å lese om tankar og følelsar, men her blei det nok for meg. Og sentimentalitet er det verste eg veit-her var litt for mykje!
Men boka handlar som alle andre bøker til sjuande og sist om livet og døden, kjærleiken og havet- ja, og mykje anna.(Les på omslaget og på nettet om de vil vite meir). Men mest av alt handlar den om om teie om viktige ting i livet, slikt som skulle vore sagt. Tittelen høver fint til innhaldet. Boka tek seg veldig opp på slutten, når Cecilia slepp til, og alt i alt er det ei fin bok.

Vermelding 7.august 2010

Klokka er 12.40, temperaturen +23 grader C, det er lettskya og litt sol. Med andre ord perfekte forhold for dei som skal bestige Saudehornet på 1303 m.
Vi kan ikkje sjå Saudehornet frå huset vårt, vi ser berre det mykje lågare Vallahornet-Saudehornet ligg altså bak Vallahornet. Nils hadde eit ærend nedover så han såg nokre av dei som starta, m.a. ein kenyanar. Det kjem folk frå heile landet og deltek, men det er frivillig om ein vil gå på tid. Dei beste går/spring frå småbåthamna og opp på fjelltoppen på under ein time. Galskap, etter mi vurdering, men slik er det vel å vere i form.Det er nore år sidan Nils og Øystein gjekk turen no, men ikkje på tid. Mange barn heilt ned i 5 -årsalderen er med heilt til topps.
Det har vore naturfestival ei heil veke her no, utan at eg har merka noko til det.Fer ikkje så vide.
Rasmus og fam. reiste frå Beitostølen klokka 11 i dag, dei leigde hytte i staden for å dra med seg campingvogna, men det er godt for gutane å få dele opp turen. Det er langt å køyre på ein dag.
Fekk nettopp telefon frå ein nabo som er i Solund på tur.
Og så vil vi gratulere Ole på Eid med 22-årsdagen i dag!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...