mandag, august 09, 2010

Vermelding 9.august 2010

Klokka er 20.15,temperaturen er + 18 grader C, det er opplett, men skodde. Skodde har vi hatt rikelig av denne sommaren,og det er eit trasig ver.
Men dagen har gått som ein røyk og vi har hatt det kjekt. Ikkje berre har vi Rasmus med familie på besøk, men Margrete og dei tre yngste kom hit til middag etter at dei hadde vore på fjelltur i lag med ei veninne av Margrete.Ungane storkosa seg i lag, dei har blitt godt kjende etter at dei har treft kvarandre fleire gongar denne sommaren. Viss nokon lurer på kva vi hadde til middag, så var det kylling med ris, grønnsaker og to sortar saus+ is til dessert.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 23.januar

                                       Frå altanen til Skåla i dag i 14-tida  Klokka er no 18, temperaturen ute er minus 8 grader og det er ...