torsdag, juli 08, 2010

Vermelding 8.juli 2010

Klokka er ca 13.00. Det er + 23 grader ute, lettskya og vind. Vi hadde eigentlig tenkt oss til å hente nyebilen i dag, men sidan den ikkje er klar, måtte vi finne på noko anna. Har styrt litt ute i hagen, og så gikk vi ein liten tur ut Starevegen og inn att Olavsgata, og fotoapparatet blei med.
I krysset mellom Starevegen og Storebakken bur det ein pensjonert rørleggar. Kvar sommar har han moro av å lage eit  rørsystem som driv ein kvernkall i elva ovafor huset sitt. Som de ser er det lite vatn i elva.Denne "elva" er ikkje ei ekte elv, men eigentlig ei grøft som vart laga ovafor all bebyggelse for å samle opp småbekker frå skogen.Etter kvart som tida går blir grøfta meir og meir lik ei elv.
I den kunstige elva er der mange små hølar der ungane likar å leike, og faktisk er der ganske mykje kreder der. Vi såg no minst 4 i denne vesle hølen
 
Her har det vore ei umulig tomt ledig i mange år. No var det nokon som fekk kjøpe den billig, men der vart mykje grunnarbeid. Først ei voldsom utgraving, og så har dei fylt på lass etter lass med stein. Men sjå kor fint der er blitt. Det er utrulig kor flinke dei har blitt med gravemaskin og muring. Ho som skal bu der med mann og barn er ein tidlegare elev. Vi synest det er artig å følgje med på byggeprosjekt.

Då vi var tilbake i Starevegen måtte vi ha ein liten stopp ved Sissels hage.Den er verd eit kapittel for seg, men det får bli ein annan dag.

onsdag, juli 07, 2010

Vermelding 7.juli 2010





Klokka er12.20, det er overskya og det regnar. Temperaturen er + 15 grader C, og det kjennest kaldt ut.
I dag har Nils hatt med seg ein amerikanar på sjøen: Mr. Johnson from Minnesota, ein ihuga friluftsmann med røter i Kongsberg.Han og kona hans er gjestar hos naboane våre, og han hadde så lyst å prøve sjøfiske.Dei for ut i 8-tida, men kom tidlig heim, for det begynte å blåse. Heldigvis fikk han ein del fisk, dvs.sei, og den største anslo han til 3 feet long. Kona hans og eg vart ståande å prate litt mens Nils sløgde, det var slik eg fikk vite at dei skal til Kongsberg i morgon.
Mens karane var ute og fiska, laga eg ein porsjon kjøttkaker, vi kan no ikkje ete berre fisk heller.
Foto av Torbjørn Urke

tirsdag, juli 06, 2010

Vermelding 6.juli 2010

Klokka er ca 14.00. Det er skiftande skydekke og opplett. Temperaturen er + 18 grader C.
No skal vi ete middag, i dag blir det Carlo spekesild frå boks, det er omtrent det beste eg veit! Dei har endelig greitt å få den på Coop her, etter at eg har spurt mange gonger, så no må eg agitere slik at dei ikkje sluttar å ta den inn.
Før middag har Nils slått plenane og eg har støvsuga.Slik går no dagane.

Verdens beste spekesild. Ein kan få tilsvarande kryddersild i blå boksar.

Klokka 18.00. No har Margrete nettopp køyrt av garde med Note-en. Håper ho får glede av den i mange år. Og så  får vi sjå om vi får den lille røde på torsdag-dei har i alle fall lova det.
No skin sola ute og det er ikkje så verst ver. Nils er ute og klipper plen igjen, men eg går stort sett rundt og drikk av ei flaske, på samme tid som eg held på å tyste i hel. Det er straffa for at eg inntok for mykje sild til middag.

mandag, juli 05, 2010

Bok nr.36 2010: Tapte døtre.

For nokre år sidan var vi ein tur til Åse sjukehus, og mens vi sat på venterommet kom eit ungt par forbi. Faren bar ei lita jente på armen, og mora leidde ein litt større gut.Det var ikkje vanskelig å sjå at begge barna hadde sitt opphav i Kina, mens foreldra var norske. Den vesle jenta, som kunne vere om lag 1 år gammal, er noko av det nydeligaste eg har sett. Vi snakka om kor heldige dei var, både barna og foreldra som hadde fått adoptere dei.
Kva som gjorde at desse barna hadde kome til Norge frå eit land langt borte, og kvifor dei biologiske foreldra hadde "gitt" dei frå seg, veit eg ikkje om vi tenkte så mykje over. Vi trudde nok at barna var foreldrelause og derfor sende til ein barneheim. Sjølvsagt har vi høyrt om eitt-barns-politikken, og om at kinesiske foreldre vel bort jenter fordi gutane er meir verd, men kva måte det skjer på har vore lite kjent for meg. Heller ikkje har eg visst at dette er ein eldgammal skikk.
Denne boka ein ein dokumentar, skriven av ein kinesisk radiojournalist, som ville prøve å finne ut korleis kinesiske mødrer kunne klare å gi frå seg barna sine, og kva dei bortadopterte jentene tenkte om dei biologiske mødrene sine.
Dette er ei sterk og til dels grusom forteljing, særlig den første delen, men her er også vakre og poetiske parti i boka. Somme gonger nesten litt sentimentalt, men det må ein tilgi den kinesiske dama. På omslaget av boka står der "biografi"-truleg fordi vi får høyre historier til mange av dei kvinnene forfattaren kjem i kontakt med.
Eg synest at alle bør lese denne boka, fordi dette er ei viktig historie som vi bør kjenne til.                                        
Du kan lese om boka her.

Vermelding 5.juli 2010

Klokka er 14.30. Ute er det overskya, regn og vind, og temperaturen er + 15 grader ; likevel er det sommar på ein måte.
Vi har vore på ei lita shoppingrunde, SETT på kjøleskap, men ikkje kjøpt enno. Og så var vi innom Amfi og handla mat.Og på biblio, der eg sette meg på venteliste for Knausgård 2.
Dei første jordbæra heldt på å modnast i den nye åkeren. Så stor avling blir det ikkje i år, men vi får kanskje smake kvar sitt bær i kveld og teste sorten.

søndag, juli 04, 2010

Fem om dagen!

Denne har eg stole frå ein annan blogg, og no vonar eg på tilgjeving. Eg synest berre den var SÅ god.
Heldigvis er det ikkje så ofte eg ser donuts-seljarar her, så den freistinga unngår eg.

Vermelding 4.juli 2010

Klokka er snart 13.00. Temperaturen er ca 23 graderC, og det er overskya og litt vind. På randen av kaldt etter min smak.
Føremiddagen har gått med til ingen ting. Har for det meste site oppe hos Marit, som er heime åleine, og prata.Nils har vore meir aktiv; han har gjort bilen grundig rein både inni og utanpå. No skal eg begynne på middagen, og så får vi sjå om det skjer noko meir i dag. Det er vel ikkje fotball på TV, vel.........?
For øvrig kan vi jo feire fødselsdagen til dronning Sonja, eller USA sin nasjonaldag, om vi ikkje har noko betre å ta oss til.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...