onsdag, april 29, 2009

Bok nr. 29:Rom ved havet, rom i byen.


Eg må berre inn-rømme det:
Eg har problem med novellar!
Og det må vere ein veldig vanskelig sjanger for dei som skriv.Ein har liksom så kort tid og så få ord for å få fortalt historia.
Eit anna problem, når ein les novellar på lydbok, er at historiene kjem ramlande som erter or ein sekk, utan pause mellom.Det burde ein sjølvsagt syte for sjølve - å få pause mellom historiene og tenkje gjennom dei.
Denne boka las eg ferdig gjennom ei sømnlaus natt, det er også ein grunn til at eg ikkje heilt stoler på mi eiga vurdering.
Grytten skriv godt, ingen tvil om det,men berre nokre få av historiene gjorde inntrykk. Det vart liksom for mykje av det samme, og i tillegg ganske depressivt.Les kritikkar på nettet om de er interesserte i boka.
Les t.d. her

Skinniaen blomstrar og Nils fiskar.


Eg lova å komme att med bilde av buska mi når ho blomstra, og det gjer ho no. Ho er nesten kvit av bittesmå blomster som luktar godt.Det synest visst humlene også, for det summar kraftig inne mellom greinene. Får håpe dei tek ein avstikkar ned i plommetrea også.

Nils var oppe grytidleg i dag for å fiske. Det vart ein del sei og lyr, men ikkje så mykje som sist. Han fiskar med snøre frå den store snella på ripa.Men no tek det til å bli nok sei, så han må vel snart ut med linene og prøve å få litt lange.Garn har han jo også, så muligheitene er mange.
Vi har jo eit utrulig fint ver for tida, men det varer vel ikkje evig?





tirsdag, april 28, 2009

Bok nr.28: PREDIKANTEN


Camilla Læck-berg blir ofte kalla Sveriges nye krimdronning og kanskje er ho det?

Det er ikkje så lenge sidan eg las Havfruen, og denne boka er bygd opp på samme måten.Vi har ein allvitande forteljar som bevegar seg i notid og fortid og i inn dei fleste familiar.Vi får såleis heile historia fortalt, litt etter litt.Vi får også innblikk i politimannen Patricks familie og privatliv.
Eg brukar å seie at ein krimroman bør ha fokus, denne har for såvidt det, men her er vel mange digresjonar som ikkje har med saka å gjere.Og så irriterer eg meg litt over forteljaren sin hang til å kommentere, gi oss inn med teskei liksom.
Romanen må ha ei logisk løysing. Her set eg eit lite spørsmålsteikn.
På den andre sida er det mange galne folk i verda! Ein viss logikk må der i alle fall vere sidan eg nokså tidleg forstod kven mordaren var.
Eg føler at det er noko "gale" med språket,det virkar svært kvardagsleg og enkelt,på grensa til det banale.Men det kan også vere opplesaren som ikkje held mål.
Boka er lettlesen og nesten overtydelig.
Mitt råd:Les den som avslappande underhaldning.

mandag, april 27, 2009

For første gong i år.







I dag har Nils klipt plenen før første gong denne våren. Då ser det straks ryddigare ut i hagen.Som de kanskje ser på bildet, blomstrar tulipanar og primula i "rosebedet".Rosa som eg fekk frå Hareid er planta ut og får vatn kvar dag, så vi håper ho skal overleve.Sjølv har eg ikkje vore så mykje ute; før middag baka eg brød og pussa vindua på stova på begge sider, men så vart det ei lita stund på solseng før sola vart borte.



lørdag, april 25, 2009

Gratulerer Wenche!


I dag gratu-lerer vi Wenche med dagen!
Det ser ut til at det har blitt ein tradisjon i familien å finne fram bilde frå album og mimre litt..... Dette bildet er frå påska 2003, då det var så utrulig fint ver her i Ørsta.Det var den gongen vi fann på å ta eit bilde av alle "jentene" i familien- og eit av "gutane".Jentene er dei samme i dag som den gongen, men sverdsida har fått eit par i tillegg.
Gratulerer med dagen, Wenche! Håper de får det fint i dag.Når det lid ut i mai ein gong, kjem vi ein tur austover. Det er alltid så hyggelig å vere på besøk i Sandsværveien.

fredag, april 24, 2009

Bøker frå biblioteket


I dag måtte eg på biblio-teket igjen, for no hadde eg lese alle bøkene som Solveig hadde lagt inn på MP3-spelaren min. Fann ikkje så mykje nytt, men eg går aldri tomhendt heim.Tek som regel med meg rikelig, for det hender at eg har lese ei av bøkene før, eller at det er ei bok eg ikkje likar. Eg skal starte med Camilla Læckberg.TRUR ikkje eg har lese den før, men heilt sikker er eg ikkje.

torsdag, april 23, 2009

Gratulerer med dagen, Bodil!


Det er mange i familien som har fødselsdag i april, og i dag er det svigerinna mi som fyller år.Ho er berre ein ungdom enno, sidan ho er heile fem år yngre enn eg. Bildet er gammalt, men ho har ikkje forandra seg så mykje på åra som har gått.
Vi gratulerer og håper du får ein fin dag! Du får vel besøk av både barn og barnebarn?

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...