onsdag, desember 25, 2024

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

 


Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for å drukne. Eg er berre glad for alt som kjem ned er vatn -ikkje snø. Og eg trur ikkje det er fare for oversvømmelse her eg bur. men ein veit aldri-.

I dag har eg vore heime heile dagen åleine, og det var planlagt. I morgon er heile familien invitert hit på middag og kaffi. Det er ein gammal tradisjon  at vi møtest har den dagen. Eg har brukt litt av dagen til å førebuselskapet, men eg har hatt god tid til å slappe av også. Har sett TV og strikka ,eg kan ikkje sjå TV utan eg har strikketøy og omvendt.

Dagen blir sjølvsagt litt lang når ein er åleine, men det gjer ingen ting for tida gå likevel for fort. Både Solveig og Margrete har/har hatt ei stygg forkjøling, men eg håper dei kan komme i morgon likevel. Eg er i alle fall frisk-så langt og så er eg no vaksinert mot det meste.

Eg har ikkje snakka med nokon i dag anna enn på Facebook, så eg håper her blir litt meir livat i morgon.

Håper at resten av slekta har det bra også.

tirsdag, desember 24, 2024

Dagbok :Julaftan 2024

 

                                       Kvit jul i vinduskarmen

Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld.Einar henta meg tidlegare i dag og Øystein køyrde meg heim att. Denne gongen slapp han å moke snø, for i dag har nedbøren vore regn, ikkje snø. Vi hadde ein fin ettermiddag  og kveld, vi var ikkje så mange som vi brukar å vere, Olaug  med familie var heime med seg sjølv i Bergen td. Solveig har vore sjuk nokre dagar, og var ikkje heilt i form, men alt gjekk bra. Vi fekk god mat og det var mange fine gåver i pakkane. Eg vil nytte høvet til å takke for alt det fine eg fekk -og som eg ønska meg Til dømes hadde Solveig strikka fine vottar til meg og Margrete gav meg fine og gode skinnhanskar. Dette var noko som eg sette på ønskelista mi då vi hadde snø og kulde  for eit par tre veker sidan.No skal eg ta bilde, når telefonen får straum nok, og så blir eg vel sittane oppe ei stund. 

I morgon skal eg førebu 2.-dags selskapet som vi skal ha her, då kjem både Solveig og Margrete med familiane sine. Det er så kjekt når søskenbarna  får treffe kvarandre no når dei elles er speidde utaover landet. 

1.juledag var ein litt kjedeleg dag før, særleg for barna, for då skulle ein halde seg heime, og helst inne.

Så strengt er det ikkje no.

Eg håper at alle andre har hatt ein fin dag også. Og så håper eg at vi alle får fleire fine juledagar,

                                                                           Julegåver


mandag, desember 23, 2024

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL


 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje kjem meir snø på ei stund. På PC-en min står det at temperaturen skal stige, så då må det bli varmegrader.

I dag køyrde eg til Vik i 10-tida og handla litt på ALTI, før eg for oppatt på Vallabøen og handla på KIWI. Det var så kjekt på butikken i dag, for alle var i så godt humør.

Eg rydda litt i huset og kveikte i omnen før eg sette meg til med strikketøy og TV.

Det varte ikkje så lenge før heile barneflokken til Margrete kom på besøk. Med seg hadde dei ein nydeleg krans som eg fekk. (Bildet)

Dei fekk enkel servering, kjøpekaker og kaffi, men på 2.juledag skal dei få litt meir å smake på.

Det er no veldig kjekt å få besøk av vaksne barnebarn og vi har mykje å snakke om.Ingeborg er den som bur lengst vekke, på Nordstrand i Oslo ,der ho er lærar på ein barneskule. Eirik er musikklærar  i Trondheim, Amanda er nyss utdanna lærar og bur heime enno, mens Erlend bur her i kjellar-leilegheita mi, og driv med musikk. Han spelar altså.

Då dei skulle vidare gjekk eg opp til Marit som har fødselsdag i dag-heile 86 år. Dei hadde feira i går, men der var rikeleg med kake att til i dag,så vi åt og drakk og prata ei god stund-

I morgon kjem Einar og hentar meg, så skal eg feire julekvelden hos Solveig og familien. Gutane er heime, men Olaug er heime i Bergen med vesleguten, Tobias, som vart fødd den 1. november.

Eg skriv ikkje julebrev eller kort, for eg skriv her på Bloggen kvar dag, så eg har ikkje så mykje meir på hjatet. 

Så då vil eg ønske alle som er innpå her  ei  GOD JUL ! Vi er heldige som kan feire jula i fred!

søndag, desember 22, 2024

Dagbok 2024:22.desember


                                                 Starevegen i dag

Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt smått heile tida. Det er ikkje akkurat dette vi meiner med julestemning, men eg er glad så lenge vi slepp å moke, og så lenge det ikkje er så kaldt. Eg likar verken snø eller kulde.Men vi må no ta imot det veret vi får, Det er folk i verda som har større problem med veret enn det vi har.

Eg stod ikkje tidleg opp i dag heller, eg skreiv handleliste og tenkte meg på butikken; eg visste at butikkane skulle vere opne i dag. Eg fann også fram eit lys som eg skulle ha med til grava. Eg har nokre "stearinlys" som går på batteri så dei skin nokre dagar før ein må skifte batteriet.

Eg køyrde først fram på Askjellhaugen og sett lyset på plass. Men då eg kom bort til butikken viste det seg at der var stengt. Eg rekna med at dei sikkert kom til å opne litt seinare.

Eg såg at naboar gjekk tur, så eg vart frista til å gå på Vernet. Det var heilt bert på gata, men eg tok med staven likevel. Det var bra for på Vernet var det snø, men eg går ganske trygt når eg har stav. Der var ikkje mange på Vernet i dag, men eg trefte att eit par som eg har snakka med før, og det var koselig.




Då eg var heime igjen hadde Marit sendt melding om at NO var butikken open igjen. Eg såg etter handlelista mi og tenkte eg kunne ta turen med det samme, men handlelista mi var heilt borte vekk, eg leita utan å finne. Det var då eg bestemte meg for å handle i morgon i staden, for då må eg uansett nedover til Vik.

Eg fann ikkje på noko anna lurt, men der er mykje kjekt på TV for tida, og eg har lestegarn, så då seier det seg sjølv kva ein kan gjere. Etter ei stund måtte eg ha litt mat, og ikkje lege etter ringde det på døra. Det var Eirik som var her og skulle hente Erlend, men så fekk no eg helse på han også. etter enda ei stund ringde det på døra igjen, eg kjende ikje dei to med ein gong, for det var blitt litt mørkt også,me det var Håkon og Amund som kom med gåve til Margrete frå Solveig- Det kan vel hende at Margrete kjem ein tur og hentar gåva si. Eg veit ikkje kva planer alle har, Eg har i alle fall planer om å fare på butikk i morgon, trur eg fer tidleg på dag. 

I morgon har Marit fødselsdag, i år fyller ho 86 år, så ho ligg litt framfor meg i alder og visdom.

Julaftan brukar eg å vere på Hareid. Vi har ikkje snakka om det i år, men eg går ut frå at det blir slik. I fjor var eg heilt hjelpelaus med venstrehanda i gips, så då var det Solveig som måtte ta seg av det meste. Men i år har eg tenkt å samle alle til middag og kaffi på 2.dag. her i Starevegen. Eg trur helsa er bra nok til det.

Elles ønsker eg at alle som er innom og les bloggen min får ei god jule-og nyttårshelg. Og no er sola på veg oppover igjen og dagane vert lengre og lysare,

                                              GOD JUL!



lørdag, desember 21, 2024

Dagbok 2024: 21.desember


 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å moke..

Til vanleg vaknar eg mange gonger  før eg står opp for godt, Det slapp eg i dag, for då sov eg faktisk til klokka var 10 på10 (som regel brukar eg å begynne å stå opp i 6-tida).

Eg hadde eit par ting eg ville ordne i dag, men då måtte eg ut og køyre. Eg rekna med at det var mykje trafikk i dag-men ikkje SÅ mykje. Eg ville bort i Furene på Coop og det ville visst alle andre også, nei ikkje alla circa halvparten av bilane ville til Ørsta. Eg passar godt på fartsgrensa-at eg ikkje køyrer for fort eller for seint. Fartsgrensa på denne strkninga er 70km i timen, og då legg eg meg så tett eg kan oppunder grensa, likevel er det somme som må køyre forbi i vill fart. Men ikkje mange.

Eg trudde kanskje dei hadde ein rotskrellar på CO-OP, men det var der ikkje. Eg hadde noko anna eg skulle kjøpe der så turen var ikkje bortkasta, Der var mykje trafikk i Furene i dag, for der er mange butikkar no.

Eg kjørte tilbake til sentrum, og ville parkere ved ALTI slik eg plar, men det var ikkje råd å finne plass der i dag, så eg køyrde bort til Jernia, der eg fe\kk det eg skulle ha, nemlegrotskrellaren. Eg fekk ein som var heilt lik den eg har mist, berre at den virka litt veikare, men eg prøvde den både på poteter og gulrot då eg kom heim. Når eg først var i gang tok eg og skrella både poteter og gulrot til middag, for eg hadde ein liten overraskele til meg sjølv, eg skulle få spekesild til middag. Så i dag fekk eg skikkeleg mat, dvs.livretten min. 

Etter middagen prøvde eng enda ein gong å løyse sudokuen i siste møre-Nytt, men no trur eg at eg må gi opp, det har eg gjort berr eit par gongar før.

Eg såg eit kjekt program på TV,med mange julesongar. Då tenkte eg på jula og alt den inneheld. Det er ein mix av jesu fødsel, nissen på låven, solsnu, og mykje anna. Ein skikkeleg lapskaus. Og slik er det med "julesongane" også . Og slik er det for oss som feirer jul også, dei fleste av oss får vel med seg litt av kvart-


fredag, desember 20, 2024

Dagbok 2024: 20. desember


 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det vart kvitt, men ikkje så mykje at ein måtte moke. Når ein ser på bildet over her, kan ein stort sett sjå kva eg har gjort i dag. Eg har hatt ut bilen, og eg har gått og henta avisa i postkassa.Og så er der visst fotefara mine frå i går då eg var oppe hos Marit.

Elles har eg tatt fredagsvasken, men ikkje gjort så mykje anna. Eg har streva litt med sudokuen i Møre NYtt, men er ikkje i mål.

Eg var på butikken og handla litt, men eg har ikkje alt i hus enno. Eg er litt bekymra for døtrene mine. Solveig har vore sjuk nokre dagar, og no er ikkje Margrete heil i form heller.Vi brukar å samlast her med meg 2.juledag og det håper eg vi skal få til i år også. I fjor gjekk eg med broten hand, så då var vi på Hareid 2.dag. Ja, vi får ta det som det kjem.

I dag fekk eg julekort med frimerke etc.frå venninna mi som bur i Mosmarka, det var vel ei lita påminning om at vi må treffast oftare. No har vi fått att kaffihuset i Vik, så det er no ein fin plass å treffast. Vi var der mykje før.

Eg har ikkje gjort så mykje i dag og det blir ikkje meir no.Det har vore mykje juleprogram på TV, og det er kjekt -eg sit sjølvsagt og strikkar, lest etter lest til Solveig sitt lager. Ho skaffar garn og eg strikkar. Så sørger vi for at ingen skal fryse på beina.

Olaug og Thomas kjem ikkje til Hareid i jula. Dei blir heime i Bergen med vesle Tobias.

Det er lenge sidan eg har skrive julekort og brev, eg brukar å ønske alle god jul her på Bloggen. Eg ser at klokka er nesten 20, så denne dagen har også gått fort- God helg !

torsdag, desember 19, 2024

Dagbok 2023: 18. desember

 


Gard Bjørnstjerne Eidsvold har fått "Gullruten " for rollen  som Quisling


Klokka er no 16.01, temperaturen på trappa er +3 grader C, og det regnar; ein kan kanskje "håpe" på snø i morgon? Bles gjer det også."Vind advarsel" står det på PC-en min

I dag har eg ikkje vore mykje heime, Først var Marit og eg på trening, så var vi heimom ei lita stund før vi køyrde ned på Bakk-Ola. Der var det ei tilstelling for eldre i dag, Mari Ella og Elias( Grimstad) skulle spele, så Marit hadde no lyst å vere der, sidan ho er bestemora til Mari Ella. Og eg ville vere med. Marit og eg har ofte snakka om at Bakk-Ola, som er eit slags bufellesskap for eldre, kunne vore meir brukt som møteplass for alle eldre, det er ikkje ofte der er tilstellingar. Før brukte vi å ha møte i pensjonistlaget der, men det er litt for lite til det no.

Men i dag var der altså tilstelling, der ein fekk kjøpe rømmegraut eller kaffi og kaker m.m.Vi var heimom og kledde oss litt om før vi for ned. Der var fullt av folk allereie då vi kom. Eg trur det er veldig mange eldre som kunne hatt lyst til å gå ut oftare, dvs. gå ut og treffe andre eldre. Vi møtte no mange som vi kjende, men som vi sjelden ser. Marit og eg ville ikkje ha rømmegraut så vi kjøpte kake oh kaffi. Eg er godt kjent på huset og med maten, sidan det er der vi har hatt spanskkurset vår dei siste på åra.

Der var utlodding og gevinstane var lestar, vottar etc. som dei hadde strikka der. Vi kjøpte lodd, eg vann ingen ting, men Marit vinn alltid, så ho fekk seg ei ny strikkahue.

Harald Aambø kom og las mange fine dikt til oss, det er han flink til.Dei fleste dikta var velkjende og det er berre bra for oss eldre-at det er noko vi kjenner att. Eg skriv no ikkje alt som gjekk føre seg,men eg er vant til å skrive referat, så det kan hende at eg overdriv.

Så var det trompetistane sin tur og dei var veldig flinke, dei spelte nesten alle julesongane, og der sat to bestemødre og ein bestefar og kosa seg. Marit er bestemora til Mari Ella, og bestefaren til Elias er Arne Ola Grimstad . Han var der men sat i rullestol. Han er no blitt betre av sjukdommen, men han er ikkje som før så eg gjekk ikkje bort til han, for eg visste ikkje om han ville like det.

Eg køyrde heim att og sette av Marit, så køyrde eg ned på ALTI og ville prøve på Kitchen om dei hadde rotskrellerar. Dei hadde utruleg mykje av alle slag, men ikkje noko som likna ein rotskrellar. Eg har lenge håpa på at den eg hadde skulle dukke opp igjen, men det har ikkje skjedd. Eg veit at vi hadde på skulekjøkkenet på Velle, men eg har ikkje noko der å gjere no. Eg kjøpte eit par ting på Europris for ikkje å kome heim tomhendt.

No har eg fått meg litt mat og kokt kaffi, så blir det pause ei stund før eg skal opp til Marit og sjå siste episoden av filmen  om Quisling. Eg synest filmen er interessant, men eg veit ikkje kva eg skal meine om hovudpersonen, korleis han eigentleg var. No visste eg ikkje mykje om han på førehand så eg synest det er inreressant å sjå filmen, særleg når ein får sjå den i mange delar med ei veke imellom.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...