Gard Bjørnstjerne Eidsvold har fått "Gullruten " for rollen som Quisling
Klokka er no 16.01, temperaturen på trappa er +3 grader C, og det regnar; ein kan kanskje "håpe" på snø i morgon? Bles gjer det også."Vind advarsel" står det på PC-en min
I dag har eg ikkje vore mykje heime, Først var Marit og eg på trening, så var vi heimom ei lita stund før vi køyrde ned på Bakk-Ola. Der var det ei tilstelling for eldre i dag, Mari Ella og Elias( Grimstad) skulle spele, så Marit hadde no lyst å vere der, sidan ho er bestemora til Mari Ella. Og eg ville vere med. Marit og eg har ofte snakka om at Bakk-Ola, som er eit slags bufellesskap for eldre, kunne vore meir brukt som møteplass for alle eldre, det er ikkje ofte der er tilstellingar. Før brukte vi å ha møte i pensjonistlaget der, men det er litt for lite til det no.
Men i dag var der altså tilstelling, der ein fekk kjøpe rømmegraut eller kaffi og kaker m.m.Vi var heimom og kledde oss litt om før vi for ned. Der var fullt av folk allereie då vi kom. Eg trur det er veldig mange eldre som kunne hatt lyst til å gå ut oftare, dvs. gå ut og treffe andre eldre. Vi møtte no mange som vi kjende, men som vi sjelden ser. Marit og eg ville ikkje ha rømmegraut så vi kjøpte kake oh kaffi. Eg er godt kjent på huset og med maten, sidan det er der vi har hatt spanskkurset vår dei siste på åra.
Der var utlodding og gevinstane var lestar, vottar etc. som dei hadde strikka der. Vi kjøpte lodd, eg vann ingen ting, men Marit vinn alltid, så ho fekk seg ei ny strikkahue.
Harald Aambø kom og las mange fine dikt til oss, det er han flink til.Dei fleste dikta var velkjende og det er berre bra for oss eldre-at det er noko vi kjenner att. Eg skriv no ikkje alt som gjekk føre seg,men eg er vant til å skrive referat, så det kan hende at eg overdriv.
Så var det trompetistane sin tur og dei var veldig flinke, dei spelte nesten alle julesongane, og der sat to bestemødre og ein bestefar og kosa seg. Marit er bestemora til Mari Ella, og bestefaren til Elias er Arne Ola Grimstad . Han var der men sat i rullestol. Han er no blitt betre av sjukdommen, men han er ikkje som før så eg gjekk ikkje bort til han, for eg visste ikkje om han ville like det.
Eg køyrde heim att og sette av Marit, så køyrde eg ned på ALTI og ville prøve på Kitchen om dei hadde rotskrellerar. Dei hadde utruleg mykje av alle slag, men ikkje noko som likna ein rotskrellar. Eg har lenge håpa på at den eg hadde skulle dukke opp igjen, men det har ikkje skjedd. Eg veit at vi hadde på skulekjøkkenet på Velle, men eg har ikkje noko der å gjere no. Eg kjøpte eit par ting på Europris for ikkje å kome heim tomhendt.
No har eg fått meg litt mat og kokt kaffi, så blir det pause ei stund før eg skal opp til Marit og sjå siste episoden av filmen om Quisling. Eg synest filmen er interessant, men eg veit ikkje kva eg skal meine om hovudpersonen, korleis han eigentleg var. No visste eg ikkje mykje om han på førehand så eg synest det er inreressant å sjå filmen, særleg når ein får sjå den i mange delar med ei veke imellom.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar