onsdag, desember 18, 2024

Dagbok 2024: 18.desember

 

                                                               Det er lys i mørketida

Klokka er no 19.55 Temperaturen ute er +9 grader C, det styrtregnar, men på PC-en står det: Snø/is advarsel Eg lurer litt på kva som skal skje i natt. Eg har no tenkt meg på trening i morgon, og om alt går etter planen så skal Marit og eg på Bakk-Ola marka på tilstelling etterpå. Mari Ella og Elias skal vere der og spele og der skal vere rømmegraut og anna mat å få kjøpt. Eg skal også handle litt før helga , men eg har no fredag og laurdag også.

I dag har eg styrt på her heime, ikkje med store jobbar, men med mange små. Eg har ikkje vore ute for ei dør, men eg har "snakka" med Marit og Rasmus på Messenger.

No på ettermiddagen har eg strikka og sett TV, eg slo frå meg å gå tur då det begynte å regne så voldsomt-og brått var det mørkt ute, det er vel den aller mørkaste tida no-solsnu i jula?

Eg fekk ei melding på telefonen der dei takka meg for at eg vil bli fast givar til Flyktninghjelpen. Eg kan tenke meg å sette over ein av dei eg gir til no, og ta Flyktninghjelpen i staden. Eg var overraska over at han som var her i går- Muhamad-hadde greitt å få med seg så mykje av det vi snakka om t.d. namnet mitt. Det er ikkje slik at eg bind meg opp med ein fast sum, eg kan gi så mykje eller lite eg vil, og slutte når eg vil. Han hadde vore hos Marit også, men ho hadde ikkje forstått nokon ting, sa ho. Men han hadde papirer og greier som viste kven han var og kva han jobba for. Han snakka bra norsk også.

No i kveld blir eg vel sittande ved TV-en å strikke,  det er no greit, men eg saknar det å gå tur ute. No synest eg at eg høyrer vinden som skal komme.

Eg er glad for at Solveig er betre, men litt bekymra for at ho vil begynne på jobb så snart, men ho veit vel kva ho gjer.


                        Eg går ikkje lenger enn ut på trappa-for å ta bilde

tirsdag, desember 17, 2024

Dagbok 2024:17.desember



  • Klokka er no 17.21, temperaturen ute er + 2 grader, og det regnar og blæs litt.På PC-en står det: Nedbør kommer, ja, eg tviler ikkje. Det er ikkje kaldt, men 2 varmegrader, det kan no vere litt positivt . Eg kan ikkje hugse nokon gong før at veret har skifta slik heile tida-alltid noko nytt frå dag til dag. Akkurat no er det svarte natta ute og det blæs -litt.

I dag morgon var ikkje Marit i form til å fare på trening så då tok eg meg fri også of gjekk ein tur for mosjonen si skuld. Med det samme eg begynner på runden min , er det dette eg ser(bildet over)Det er her Vallageila held fram heilt til fjells, men då heter det Skålavegen.  Eg irriterer meg støtt over at det ikkje blir rydda vekk skog her, slik at ein kunne sjå vegen og landskapet lenger ute. Granene på andre sida av vegen må kanskje få stå i fred. Men eg likar ikkje det som tek bort utsikt. Håper at andre er samde med meg slik at det kan skje noko. Fonnvernet er blitt noko heilt spesielt her i Ørsta, folk kjem langvegs frå for å gå der, ein møteplass har det også blitt.

Då eg kom heim att fjorde eg nokre småjobbar, før neste tur. Det var ein biltur i lag med Marit ned til SPAR for å handle. Vi handlar no mest på KIWI som er nærbutikken vår, men dei hadde ikkje julebrød. Ja, og så er det no kjekt å sjå inn på andre butikkar og samanlikne , SPAR er ein mykje større butikk enn KIWI, med mange fleire varesortar. 

Ja, vi fann oss kvart sitt julebrød , og eg kjøpte GOMBE, ikkje Søst som det heiter her, men der er litt skilnad på dei to. Søsten er søtare t.d.Etter ein liten bilbrat gjekk vi kvar til oss. Og eg kunne sjlølvsagt ikkje vente men sette på kaffien og skar av julebrødet, og la gombe på-og åt, Ja, no blir det ikkje meir å få i dag, trur eg.........




Eg opplever stadig at eg ikkje høyrer når folk ringer på døra mi, særleg når eg sit på datarommet. Nils fekk i si tid til å skaffe oss ringeapparat til utedøra med forsterkar i stova-så der høyrer vi godt alle som ringer på, men som sagt ikkje her på datarommet. Derfor har eg no sett forsterkaren på kommoden i gangen slik at eg kan høyre når eg er på nett. Så får eg håpe at eg høyrer på kjøkknet og stova også. Viss der er lys på kjøkkenet er eg nokså sikkert heime.

Og der ringde dørklokka akkurat når eg sat her på datarommet,  eg fekk besøk av Muhamed frå Somalia. Han jobba for flyktninghjelpen og var veldig søt og hyggelig. Så no skal eg få gi bort meir av pengane mine-kanskje.






mandag, desember 16, 2024

Dagbok 20 24: 16.desember


 Klokka er no 16.20, temperaturen ute er+5grader,og det er litt vind og regn-eg har ikkje gått tur, for å seie det slik.

Elles gjekk det veldig bra med det eg skulle gjere først i dag, eg skar opp kjøttet og steikte det for å ha det klart i frysaren. Då eg var ned i frysaren med kjøttet såg eg ei kakeform  med ei kake i. Ikkje veit eg kva kake det kan vere eller kva tid den vart laga. Det er det verste med å bli gammal-eg hugsar ikkje godt lenger. Eg har aldri hugsa spesielt godt, men no er det verre enn før. 

Eg hadde eit uhell med omnen i går, det er ei plate inni som kan finne på å dette ned. Det gjorde den i går, men i dag fekk eg til å sette den på plass igjen, så då var eg glad for det. Glad for å greie noko sjølv.

Men så skulle eg altså på butikken og kjøpe messingpuss. Koparen pussar eg ikkje lenger, den vaskar eg i oppvaskmaskina. Eg gjekk ut i garasjen sette meg i bilen og vreid på nøkkelen-ingen ting skjedde; eg prøvde nokre gonger, men bilen var heilt DØD. Så var det å bry ein nabo igjen, og han kom og sjekka og meinte som eg at det var batteriet. Eg køyrer så mykje småturar og gløymer at eg må ta litt lengre turar av og til, slik at batteriet laddar seg sjølv. Dette veit eg , men gløymer det også.

Bilen er ikkje køyrbar enno, men eg reknar med at den er klar i morgon tidleg  for då skal Marit og eg på trening.

Eg har ikkje gjort så mykje i dag, men eg har høyrt nyheiter mange gonger, mens eg har sete og strikka.

Så får eg lage meg ein skikkeleg stor og lang huskelapp, for i morgon kan det bli at vi fer på SPAR og handlar.


søndag, desember 15, 2024

Dagbok 2024: 15. Desember


Klokka er no 16.07, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar, eg har knapt vore ute for døra i dag. Greit nok at det er mildt, men regn likar eg ikkje. Veret er heilt skrullete i år, best som vi har nydeleg vinterver og snø, så regnar det igjen. Men dette er ikkje noko vi kan gjere noko med. Eg går ikkje tur når det regnar, så i dag har eg vore inne heile dagen. Men det vart litt klabb og babb med det er skulle gjere inne også.

Eg sette fram alle messing-stakar etc. og skulle pusse , men så hadde eg ikkje noko å pusse med. Eg stod og såg på pussemiddel på butikken i går, men tenkte at det har eg.  Eg skulle ha tenkt "hadde". Greit nok, butikken opnar i morgon. Det begynner å minke på veden min , og eg veit ikkje om Even kan skaffe meir. Eg gjekk ned i tilbygget og fann litt heimelaga ved, mellom anna ein stor kubbe som eg så vidt fekk inn i omnen. Etter ei stund høyrde eg ein liten smell, det var "hylla" inne i omnen som fall ned.Det brukar den å gjere kvar vinter, men eg plar få til å sette den på plass igjen, med litt strev, men då må omnen vere kald, så eg får vente til i morgon. 

Eg har ikkje gjort så mykje nyttig i dag, eg har sett TV og strikka innimellom husarbeidet etc.

Eg tok fram kjøtet , men det var ikkje råd å skjere det opp enno, så eg må nok vente til i morgon, problemet er at eg vil skjere mens det er litt frose, så det kan bli litt vanskeleg å berekne.

Eg laga skikkeleg middag i dag, det gjer eg ikkje ofte, og det er bra for eg  blir mett og lat når eg et mykje. No har eg kosa meg med nylaga kaffi og kaker som eg fekk med Margrete i går. det blir vel TV og strikketøy resten av kvelden.

Det stod på PC-en at temperaturen skal gå ned, så då får vi kanskje snø igjen?



lørdag, desember 14, 2024

Dagbok2024: 14.desember


 

Klokka er no 18.10, temperaturen ute er +3 grader , og det regnar for det meste. Kanskje litt snø innimellom? Og det er bekmørkt no når klokka er vel 18. Eg synest ikkje dette veret er så populært. Kvar morgon har eg problem med å vite kva vekedag det er, slik også i dag. Men eg vart glad då eg fann ut at det var laurdag-og nesten helg.

Etter ei stund køyrde eg ned til butikken  med hugselista i lomma. Eg fekk kjøpt alt eg ville ha, og reiste heim igjen. Men då gjekk det brått opp for meg at eg hadde mist klokka mi. Eg visste at reima var dårleg og at klokka rett som det var datt av handa. Eg hadde tenkt meg inn til urmakaren og få ny reim , men hadde ikkje somla meg til.  OK, så fekk eg ta ein tur til på butikken og høyre om dei hadde funne ei klokke, det hadde dei ikkje, så eg måtte fare tomhendt heim. 

Men så fekk eg koselig besøk av Margrete som hadde med kaker til kaffien, vi drakk kaffi og kosa oss ei stund før ho måtte heim. Då skulle eg gjere litt husarbeid og gjekk inn for å reie opp senga mi, og der låg klokka på nattbordet. Då hugsa eg at eg hadde lagt den der kvelden før, fordi eg har så vanskeleg for å tyde dei andre to klokkene når eg ikkje er skikkeleg vaken. Eg vart glad og letta, men kanskje eg må få meg ei ny klokkereim?

Eg hadde gjort klar ei gulrotkake som eg skulle ha glasur på, så vart det gjort og oppvaskmaskina kom på og jobba for meg mens eg såg TV. No har eg tømt maskina og rydda opp på kjøkkenet, så no har eg fri resten av dagen og i morgon er det søndag, det får eg prøve å hugse når eg vaknar i morgon tidleg.

Eg likar ikkje veret vi har no, så det blir ikkje til at eg går tur, og det burde eg faktisk gjere.


fredag, desember 13, 2024

Dagbok 2024: 13.desember


Klokka er no 16.53, det er + 5 grader C ute og det regnar. På PC-en min står det: Regn/snø i morgon. , så då har vi noko og glede oss til. I dag har eg knapt vore ut for døra, tenkte å gå ein tur men miste lysta fordi det regna. Eg har ikkje vore så veldig aktiv i dag, men eg har tatt fredagsvasken og støvsuga alle teppegolva. Det er ikkje mykje å skryte av,men hadde eg hatt ein betre rygg, så skulle eg ha klart mykje meir. Baking av småkaker står ikkje på lista. Eg kjøper litt, men det blir som oftast eg sjølv som må ete det, og eg treng ikkje småkaker.

Marit og eg snakka om å fare til Vik og handle i dag, men det blei til at vi slo det frå oss. Eg har ikkje vore så aktiv dei siste dagane ,har ikkje hatt min vanlege energi, men den kjem vel igjen.

Eg likar å ha det varmt, så det blir oftast til at eg fyrer med ved sjølv om Varmepumpa står på. Eg fekk mange vedsekker med Rasmus og hadde att ved som eg kjøpte med Even i vår, men no er alt borte snart. Det er ikkje sikkert at Even har ved å selje i år, så då må eg sjå meg rundt etter ein annan "vedmann".

 Når eg går opp på Vernet ser eg kor mykje skog det veks langs elva nedover. Den skogen skulle ha vore borte, så hadde det blitt finare utsikt også. Nils gjekk på kommunekontoret og der fekk han løyve til å sage ned diverse tre, så heile tida mens han var frisk hadde vi rikeleg med brensel. Rasmus har drive med ved der hytta deira er, og eg har fått mange sekker med han. I dag sette eg fyr på to kubbar som låg i omnen frå i går , så då vart det skikkeleg god varme her. Så no trur eg varmepumpa greier resten. Eg har styrt på med noko i heile dag, men no skal eg sette på TV-en og ta fram strikketøyet, dei to høyrer i lag.

I dag er det 13.desember og Lussimesse- Santa Lucia-dagen.

I boka mi står det: Minnedag for den hellige Lucia fra Syrakus (død 310)som under keiser Diokletian ble forsøkt tvunget til å si fra seg sin tro ved å stå på en ring av ild.

Før i tida brukte eg, i alle fall somme år, å bake Lussekattar, kva dei hadde med Lucia å gjere har eg ingen kunnskap om.

Svart senker natten seg..................................

Ønsker alle ei god helg med og utan Lussekattar.


torsdag, desember 12, 2024

Dagbok 2024: 12.desember

 

Frå Mosmarka til sentrum

Klokka er no 15.36, temperaturen ute erca +2 grader og det regnar litt, mørkt er det også, så det er litt ufyseleg- heldigvis kan eg vere inne og ha det varmt og godt, men det minkar på veden min, så no må eg bestille nokre sekker. Hittil har eg brent på ved som Rasmus kom med og noko eg hadde att frå i fjor. Eg synest omnen min sluker veden fort, men så klarer varmepumpa resten. Når ein bur åleine tregst det litt fyring for å halde temperaturen oppe-.

I dag vakna eg grytidleg , som vanleg og tok ein tur inne i leilegheita før eg la meg att, og stod opp på skikkeleg tid. Marit ringde og skulle ikkje på trening i dag, så eg måtte fare åleine. Litt synd for vi hadde tenkt å fare på SPAR og handle i dag, der er det litt meir å velje i enn på KIWI. Men eg for åleine og gjorde det eg skulle før eg for heim og tok ein tur på Vernet straks. Det var bra for då eg kom heim att begynte det å regne. Eg fann meg litt mat før eg sette meg inn i godstolen attmed varmepumpa. Men det vart liksom ikkje varmt nok, og så begynte eg å kjenne på litt hovudverk, det er det veldig lenge sidan eg har hatt, og veldig sjeldan eg har, og eg tru det går fort over. `Tinnitusen dermot har blitt meir merkbar siste året, men ikkje så gale som det var første åra eg var plaga. Eg har hatt tinnitus i over 20 år, men ei stund var det nesten stilt i øyret, før det kom att.

Eg har sete og slappa av ei god stund, og ikkje gjort anna enn å sjå på TV, så no må eg ta fram strikketøyet om ikkje anna. I morgon er det fredag og vaskedag, så då får eg ta husarbeidet. Eg gjer ikkje så mykje ekstra til jul.

Utsikt mot fjorden og Hovdebygda

Kvar gong eg er oppe på Vernet og ser utover, blir eg slått av kor stort Ørsta har bltt på dei åra vi har budd her, heile Mosmara-feltet er bbygt opp i seinare år og Vallabøen der vi bur har også vakse seg større. Det er Ørsta som er heimbygda mi no, vi har budd her i nærmare 60 år og føler oss heime her. Når eg ein sjeldan gong er på Eid kjenner eg meg ikkje att.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...