Klokka er no 16.07, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar, eg har knapt vore ute for døra i dag. Greit nok at det er mildt, men regn likar eg ikkje. Veret er heilt skrullete i år, best som vi har nydeleg vinterver og snø, så regnar det igjen. Men dette er ikkje noko vi kan gjere noko med. Eg går ikkje tur når det regnar, så i dag har eg vore inne heile dagen. Men det vart litt klabb og babb med det er skulle gjere inne også.
Eg sette fram alle messing-stakar etc. og skulle pusse , men så hadde eg ikkje noko å pusse med. Eg stod og såg på pussemiddel på butikken i går, men tenkte at det har eg. Eg skulle ha tenkt "hadde". Greit nok, butikken opnar i morgon. Det begynner å minke på veden min , og eg veit ikkje om Even kan skaffe meir. Eg gjekk ned i tilbygget og fann litt heimelaga ved, mellom anna ein stor kubbe som eg så vidt fekk inn i omnen. Etter ei stund høyrde eg ein liten smell, det var "hylla" inne i omnen som fall ned.Det brukar den å gjere kvar vinter, men eg plar få til å sette den på plass igjen, med litt strev, men då må omnen vere kald, så eg får vente til i morgon.
Eg har ikkje gjort så mykje nyttig i dag, eg har sett TV og strikka innimellom husarbeidet etc.
Eg tok fram kjøtet , men det var ikkje råd å skjere det opp enno, så eg må nok vente til i morgon, problemet er at eg vil skjere mens det er litt frose, så det kan bli litt vanskeleg å berekne.
Eg laga skikkeleg middag i dag, det gjer eg ikkje ofte, og det er bra for eg blir mett og lat når eg et mykje. No har eg kosa meg med nylaga kaffi og kaker som eg fekk med Margrete i går. det blir vel TV og strikketøy resten av kvelden.
Det stod på PC-en at temperaturen skal gå ned, så då får vi kanskje snø igjen?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar