torsdag, november 14, 2024

Dagbok 2024: 14.november


Klokka er no15.43, temperaturen ute er + 8 graderC, og det er åt å mørkne aldri så lite. Då eg køyrde til treninga i dag, var det litt sol, meiner eg. I alle fall var det sol litt seinare. 

Etter treninga køyrde eg ned til ALTI og gjekk opp i gågata og bestilte frisør til den 28.november for då er det julebord på hotellet med pensjonistlaget. 

Det vart ein tur på Vernet i dag også, for sola var framme så vidt,men meir der oppe enn her. Eg sette meg ned på første benken og såg vestover. Sist vår tok dei bort mage tre der, og dei som står att er utan lauv. Dermed blir det litt meir utsikt, men ikkje nok. Hadde dei felt trea kunne vi fått sett fjorden utover, slik som dei gjer dei som bur på andre sida av bygda, dei har mykje betre utsikt enn vi, men det er vi som har SOL ! I dag trefte eg to damer som kom frå andre sida og ville gå tur i sola. Sol og sol fru Blom, der var litt disig i lufta i dag. Men sola kom seg så vidt igjennom.

                                 Sola kliv ikkje honnjet no lenger
 
Det stod ein mann på toppen då eg skulle gå opp steintrappa, han fortalde at han hadde vore inn på RAKE (LOEN) og der hadde han gått i steintrapper fleire kilometer og han vart så låk i føtene at det var ikkje måte på. Godt på få vite, så prøver eg ikkje på det.

Då eg sat på den siste benken kom der ein som eg kjenner og han hadde vore i Spania, men ikkje der det var så mykje væte. Så snakka vi litt om nedbør og oppvarming av havet etc.

Som dokke forstår så får eg vite litt av kvart på ein liten runde- i tillegg til at eg får mosjon. Det som er så spesielt med å gå der oppe , er at ein snakkar med folk uansett om ein kjenner dei eller ikkje. Og det synest eg er litt artig.


I dag er det den 14.november, det var Nils sin fødselsdag; hadde han fått leve ville han ha fylt 88 år i dag. Derfor tenkjer eg litt spesielt på han i dag. Harald, far til Lars, hadde også fødselsdag i november og så vart Erlend fødd i samme månaden som begge bestefedrene-eg hugsar vi feira alle tre på Bjørneset. No er det berre Erlend som er att, og han bur her med meg no. 

Eg har fyrt i omnen i stova, må ha det ekstra godt og varmt inne  når det er surt og kaldt ute.

I morgon er det fredag igjen og det er tre veker sidan Rasmus var her, eg har ikkje sett andre enn Erlend av familien sidan den helga. Solveig og Øystein har vore i Bergen sidan den tid -så no håper eg å få sjå nokre av slekta denne helga og få høyre kva dei har opplevd sidan sist..


onsdag, november 13, 2024

Dagbok 2024: 13. november


 Klokka er no 16.03, temperaturen ute er +8 grader, det har vore overskya i heile dag, men det var opplett ei stund midt på dagen.

Eg var frostig då eg stod opp og hadde ikkje lyst til noko, men eg kom meg etter kvart. Eg fekk i alle fall vaska nokre klede(i maskin), og sidan det var opplett kunne eg gå ein tur på Vernet. Der møtte eg eit eldre ektepar som ville prate med  meg. Etter kvart kom det fram at han hadde vore læraren til Margrete på gymnas. Litt artig med slike som presenterer seg og vil prate-

Eg har ikkje gjort mykje i dag, først på dagen regna det og no er det snart mørkt. Eg har ete middag , og så skal eg lage meg litt kaffi, sette på TV og ta fram spøtet. Det er timeplanen i dag, i morgon skal eg på trening igjen, og så er det snart slutt på denne veka også. Det er snart 3 veker sidan Rasmus var her så tida går fort fram mot jul.

Eg hadde mat igjen frå i går, så det vart den samme menyen i dag. Men eg sat ved kjøkkenbordet kom det ein stab og skulle reparere gatelyset, men når eg så ut no var det ikkje lys i stolpen, så då er det vel noko i vegen.


                                Rasteplassen ved Fonnvernet i dag
                          Utsikta er fin sjølv om veret er dårleg.

tirsdag, november 12, 2024

Dagbok 2024:12,november


 Klokka er no18.46, temperaturen ute er + 10 grader og det regnar; det har det gjort i heile dag, så vidt eg veit. Så eg måtte ta eit bilde inne, for ute har eg ikkje vore. Eg har ikkje gått tur i dag heller, men har no fått litt mosjon likevel. 
Eg sov dårleg sist natt, men kom meg opp i rett tid til å fare på treninga. Marit kunne ikkje vere med i dag. Etter treninga var eg på Alti for det var noko eg skulle ha på apoteket. På heimvegen stoppa eg på KIWI og handla litt mat.
Då eg kom heim laga eg meg ein grønsaksalat til middag. Sidan eg ikkje ville ut i regnet, måtte eg finne på noko inne. 
Eg fann på å koke syltetøy, først kokte eg 5 kilo Opal , det vart 7 store glas;  og etterpå nesten like mykje Viktoriaplommer. Det vart ca 6 glas. Eg brukte meir sukker i dag enn eg har gjort før, så eg  trur sylta vart betre på smak, men ikkje så sunn. Eg fekk mykje mosjon av å springe opp og ned i kjellaren ute- i staden for å bruke kjellartrappa. Eg likar ikkje den trappa så godt når eg skal bere med meg noko. Så var det berre å rydde opp og ta seg ein kaffikopp. Som så mange gonger før sovna eg i stolen og tømte ned kaffien. Heldigvis var det kleda mine som fekk bløyta og ikkje golvteppet- kleda kan eg vaske. No har eg fyrt litt i omnen, slik at eg har det varmt og koseleg, og på grunn av den vesle "luren" kan eg halde meg vaken ei stund. I morgon er det heimedag, men eg får vel ikkje gjort noko ute då heller, så då gjeld det å vere oppfinnsom.
Det er ikkje muleg å gløyme at det snart er jul. Det er julepynt og julekaker over alt. Eg fekk vite i dag at julebordet til Pensjonistlaget skal vere på hotellet i år, og det skal vere i slutten av november. Eg har tenkt å klippe håret mitt før eg skal dit, så eg må vel vere om meg å bestille time først best.


mandag, november 11, 2024

Dagbok 2024: 11. november

Klokka er no 19.21, temperaturen ute er +6 grader og det har regna meir og mindre i heile dag. Ja, regn er no betre enn snø i alle fall, men det fristar ikkje å vere ute.I dag hadde eg tenkt å ta ei siste opprydding i hagen og så køyre rusk og rask på VØR-men det måtte eg berre slå frå meg. Men eg hadde ærend på butikken, eg skulle handle på laurdag, men då vart eg så opptatt av kjøleskap at eg gløymde alt anna.

Sidan det ikkje vart ute-ver kunne eg gjere noko til gagns inne, og då tenkte eg straks på brødbaking. Eg hadde eit par slantar med melk som eg kunne få brukt opp. Men først måtte eg på butikken. Det var diverse som mangla av mat og anna. Men eg har det så godt med bilen og butikken så nær, så det er ikkje så mykje bryderi med å handle. Det er lenge sidan sist eg laga brød og dei eg laga i dag vart spesielt gode for eg hadde nedi både det eine og det andre, og deigen heva seg veldig så brøda vart store. Eg tok meg eit par skiver og sa at det var middag.

Eg greidde ikkje å halde fingrane frå fatet, eg måtte prøve sudokuen i dag også, men kom ikkje i mål. Eg måtte berre legge den frå meg og ta fram strikketøyet.

Klokka 10 i kveld får eg løysinga, og då får eg også ein ny sudoku som eg skal løyse, men dei som kjem i tysdagsavisa brukar å vere enkle å løyse.

Eg har ikkje gått på Vernet i dag, men i morgon skal eg på trening i alle fall-

Det er heilt utruleg kor mørkt det blir tidleg på kveld. Men eg har det godt inne.  I dag henta eg inn nokre kjempekubbar, det må vere nokre eg har fått av Rasmus. EIN stor kubbe held det varmt heile kvelden i tillegg til Varmepumpa.

Eg strikka akkurat no ferdig eit lite lestepar. No er familen så stor og mangfaldig at einkvan kan bruke alt eg strikkar-alle storleikar 




 

søndag, november 10, 2024

Dagbok 2024: 10.november


 Klokka er no16.46, temperaturen ute er + 4 grader. Det har vore litt vekslande ver i dag, både sol og litt regn. Det har ikkje vore slik klår luft som det brukar å vere om hausten, det viser på bilda.Bildet over tiok eg frå ein av kvilebenkane då eg var ute og gjekk.

Eg var litt irritert då eg gjekk ut. I går kveld hadde eg bala og bala med sudokuen utan å komme i mål, og eg hadde bestemt at eg skulle ikkje bruke meir tid på den. Men på kjøkkenbordet låg eit eksemplar som eg ville prøve å gjere ferdig. Det gjekk veldig bra , men då eg skull skrive siste bokstaven-var den feil. Eg irriterer meg over meg sjølv som kastar bort tid på slikt, men eg testar hjernen min  på dette. Så etter at eg kom heim att prøvde eg igjen , utan å få det til , eg kjem vel ikkje til å gi opp så lett.

Eg har ikkje gjort anna i dag enn å sjå litt TV, strikke litt, ete litt, og jobbe mykje med sudoku. Eg kjem ikkje til å gi opp -trur eg. Eg har frist til klokka 22 i morgon kveld. Marit er også heime åleine i dag. Det er mykje kjekt ein kan bruke ein sønfdag til, men eg er ikkje flink å komme meg i gang på noko åleine. Det må eg bli betre på. Eg trur eg må begynne å lese bøker igjen, før i tida brukte eg nesten alle ledige stunder på å lese. No er det så mykje anna som tek opp tida mi. Eg synest dagane er korte og kveldane lange på grunn av at vi ikkje har sommartid lenger. 



                                                  Enno har vi haustsol i Starevegen


lørdag, november 09, 2024

Dagbok 2024: 9. november



 

Klokka er no17.50. Temperaturen ute er+ 4 grader. Det har vore ein nydeleg dag, spesielt for oss som bur på solsida av bygda, vi har hatt sol heile dagen-nesten.

I dag hadde eg bestemt meg for å ta ein tur bort i FURENE for å kjøpe eit par ting. Etter å ha stått opp for tredje gong, bestemte eg meg for å bli oppe. Shina meg opp etter beste evne og køyrde av garde. På andre sida av bygda vart eg ikkje plaga med sol i augene når eg køyrde. 

Eg gjekk inn på EL-kjøp og der trefte eg ei eg kjenner bra godt, og kjøpte eit lite kjøleskap til kjellerleilegheita, Men korleis skulle eg få det med? Eg sa som sant er at eg har ein liten bil. Ho sa at eg skulle køyre på oppsida av butikken så skulle der kome ein og hjelpe meg. Der kom ein ung gut som ikkje var heilt norsk, men han ordna ut, la ned seter m.m. og fekk plassert kassa. Eg køyrde veldig forsiktig heim, men alt gjekk bra. 

Men eg kunne ikkje ta ut "pakken" åleine, så eg parkerte bilen på tunet og såg meg rundt etter ein muskuløs mann. Der kom berre damer forbi, og naboen var ute og gjekk tur på Vernet. Eg tenkte eg kunne ta min tur med det samme, så møtte eg naboen på heimveg og sa kva eg trong hjelp til.

Eg fullførte runden min og snakka med folk eg kjende før eg gjekk heim. Der stod bilen på tunet, men "pakken " var vekk. Ikkje berre hadde naboen tatt pakken ut av bilen og sett seta på plass etc. Han hadde også bore pakken heilt ned til kjellardøra. Så no får Erlend pakke ut når han kjem heim att. Gode naboar er godt å ha!!!!

Tilbake til Furene så fekk eg gjort det andre ærendet mitt der også. Det var på JULA, og der skulle eg ha ein piasavakost , og jammen hadde eg ei venninne der også, ei som har budd i kjellarleilegheita her. Og kost fekk eg . Men du store allverda kor stor den butikken er. Der var skikkelege avstandar mellom varene. Eg sa til Ingrid at ho fekk skaffe seg skritt-teljar.

Eg hadde tenkt å handle litt på heimvegen, men så hugsa eg ikkje kva eg skulle ha , så eg køyrde rett heim.

Marit var også ute og gjekk i dag, ho har friskna mykje til etter at ho kom heim frå sjukehuset. Så i dag kunne ho gå opp trappa til huset mitt og komme inn og drikke kaffi med meg. Det er lenge sidan sist ho var her.

Solveig og Øystein er i Bergen og helsar på det nye barnebarnet.


Då eg var på Vernet og såg utover heile bygda, så var det ikkje så mange stader dei hadde sol. Vi her på Vallabøen er vel med dei heldige, men allereie no "misser" vi sola ei stund på dagen, ho kliv ikkje "honnjet" lenger.

fredag, november 08, 2024

Dagbok 2024:8.november

 


Klokka er no 15.40, temperaturen ute er + 10 grader , sola har vore framme nesten heile dagen, men no held ho på og gå ned i vest. Det har vore ein strålande dag. Det er no det er godt å bu på solsida av bygda, og helst langt oppe i bakkane. Slik som eg altså.

Fredag er vaskedagen min og i dag fekk eg vaska soverom og datarom også, fordi det var opphaldsver så eg fekk ha ut diverse teppe etc. Eg hadde god tid for eg slapp å støvsuge sidan eg hadde gjort det på onsdag.

Eg har ein liten jobb kvar fredag-laurdag og søndag- eg snakkar om SUDOKUEN i Møre-Nytt. Eg begynte på den i går kveld, men er ikkje komen i mål. Sist helg heldt eg på heilt til sundag kveld, men eg greidde den til sist.

Etter at eg hadde vaska, og ete litt, tok eg ein tur på Fonnvernet, mens sola enno skein.  Eg fekk ikkje tatt bilde i dag, for der var for lite straum på telefonen. Sola var borte ei lita stund rundt klokka 12 i dag, men ho kom att og skein til ca 15,30. Eg synest vi kunne ha hatt sommartid heile året, for no blir det mørkt så tidleg på kveld.

Solveig og Øystein reiser til Bergen i helga for å sjå det nye barnebarnet sitt,det er ein gut. Det er mest gutar i familien vår, av de 11 barnebarna våre er 8 gutar. Eg er no spent på kva denne skal heite, men det får eg kanskje vite snart. Han er det  2. oldebarnet mitt. Mimi og Rolf(bror til Nils) ventar på oldebarn nummer 14.

Eg håper det gode veret held seg ei stund , for eg har diverse eg skulle ha gjort i hagen før snøen kjem. I morgon må  eg klare å komme meg bort i Furene - eg har ærend både på JULA og på EL-kjøp.

Eg ønsker alle som er innom bloggen ei fin helg, kanskje den finaste på ei stund, for tida går fort mot jul no, og det blir korte dagar.


GOD HELG


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...