Sidan det ikkje vart ute-ver kunne eg gjere noko til gagns inne, og då tenkte eg straks på brødbaking. Eg hadde eit par slantar med melk som eg kunne få brukt opp. Men først måtte eg på butikken. Det var diverse som mangla av mat og anna. Men eg har det så godt med bilen og butikken så nær, så det er ikkje så mykje bryderi med å handle. Det er lenge sidan sist eg laga brød og dei eg laga i dag vart spesielt gode for eg hadde nedi både det eine og det andre, og deigen heva seg veldig så brøda vart store. Eg tok meg eit par skiver og sa at det var middag.
Eg greidde ikkje å halde fingrane frå fatet, eg måtte prøve sudokuen i dag også, men kom ikkje i mål. Eg måtte berre legge den frå meg og ta fram strikketøyet.
Klokka 10 i kveld får eg løysinga, og då får eg også ein ny sudoku som eg skal løyse, men dei som kjem i tysdagsavisa brukar å vere enkle å løyse.
Eg har ikkje gått på Vernet i dag, men i morgon skal eg på trening i alle fall-
Det er heilt utruleg kor mørkt det blir tidleg på kveld. Men eg har det godt inne. I dag henta eg inn nokre kjempekubbar, det må vere nokre eg har fått av Rasmus. EIN stor kubbe held det varmt heile kvelden i tillegg til Varmepumpa.
Eg strikka akkurat no ferdig eit lite lestepar. No er familen så stor og mangfaldig at einkvan kan bruke alt eg strikkar-alle storleikar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar