søndag, juli 21, 2024

Dagbok 2024: 21.juli

 

Klokka er no 16.58, temperaturen ute på trappa er +25 grader, det er overskya, men opplett, berre ein og annan liten vassdrope kan falle ned frå himmelen. Tidlegare i dag var det over 30 varmegrader.

Eg var seint oppe og somla vekk det meste av føremiddagen, før eg gjekk opp til Marit. Ho er i fin form no, men vi sat no berre og prata i varmen, kan ikkje strikke når det er så heitt.

Då det leid på dag tok eg ein tur på Vernet, Det såg ut som om det ville skye over og eigentleg venta vi på torever, men eg fekk fullført runden min utan regn-berre eit par små dropar. t er like fredeleg no. Eg tenkjer på at helga er slutt, men mange i familien har framleis ferie, så eg får vel sjå dei. Margrete og Svein-N. reiser til England i morgon-, så Amanda får tre hundar å passe, men det greier ho fint.

Eg har ikkje meldt meg på Pensjonisttur, så eg blir gåande her heime, men det er heilt greitt. No skal eg sette på TV-en og ta fram strikketøyet. Trur eg.

Den 23.juli går Hundedagane inn -og dei varer til 23(24.) august. Her i Norge vart det sagt at om Hundedagane begynte med godver slutta dei med dårleg ver,og omvendt. (Såpass skulle eg greidd å spå sjølv).

Klokka 23.30: Regnet kom ikkje før i kveld og no er det +16 grader ute, så det vart litt av ei nedkjøling.



lørdag, juli 20, 2024

dagbok 2024: 20.juli


 Klokka er no19.45, temperaturen ute er+26 grader, men på skjermen min står det "Regn i morgen". Det har vore lest av +32-24 grader i dag, men deg har ikkje sett noko over 30 grader her hos meg.

Med det samme eg var ferdig med morgonstellet gjekk eg på Vernet før det vart altfor varmt. Bildet over tok eg då eg sat på ein av kvile-benkane-og sola var høgt på himmelen-

Då eg kom heim sat eg lenge oppe på altanen til Marit, eg hadde liksom tenkt meg til Vik, men det var ikkje naudsynt.

Ei stund etter at eg var komen heim, fekk eg uventa besøk av Eirik, og det var no koseleg. Eg hadde ikkje mykje å by på i dag, men det var kjekt å få prate med han på tomannshand. Han reiser opp att til Trondheim no, der han og Nora skal flytte i lag.

Så hadde eg ein liten tur på butikken for å supplere varebeholdninga i kjøleskapet. Så no håper eg at eg har noko å by på om det skulle komme eit menneske.  

Eg trudde at der var mykje jordbær i åkeren min i dag, for eg hadde ikkje plukka i går. Men nei-der var nesten ingen ting. Rips har eg rikeleg og naboen hadde hatt ei not over buska mi også, så no kan eg vere trygg. Eg gjekk og såg litt over "Godset" mitt før eg gjekk opp att til Marit. Ho er også nesten åleine heime.

Eg har ingen plan for morgondagen og eg veit ikkje om eg får besøk. Margrete reiser til England, men eg hugsar ikkje om det var søndag eller mandag ho skulle fare.Amanda blir heime og passar hundane.


                    Solskinnsdag  i Ørsta

fredag, juli 19, 2024

Dagbok 2024: 19.juli

 


                                                     Dronning Elizabeth i blomst i dag


Klokka er no19.30,temperaturen ute er +21grader C, det er nokså overskya, men opplett og fint.Men skulle no gjerne ha hatt litt meir sol.

I dag tok eg først fredagsvasken, så fann eg andre jobbar.Eg skulle spyle trappa og då kom eg på at Einar hadde sagt at eg måtte spyle husveggane også, så gjorde eg det.Sidan eg først hadde slangen i hendene, kom eg på at eg kunne spyle bilen min, så gjorde eg det.Og eg tok ut golvmattene og spylte dei. Men i garasjen var der ikkje så fint å sette den reine bilen inn, så der måtte kostast og spylast, så gjorde eg det. 

Eg vart etter kvart litt lei så eg slutta av, med godt samvit. Den siste spylinga var då eg gjekk i dusjen. Eg skulle også ha støvsuga litt her og der men eg fekk ikkje til å opne nokon av støvsugarane og tømme dei- så det måtte vente til for eksempel Margrete kom Men eg visste ikkje kva planer ho har. Då fekk eg ei melding på Messenger om at Margrete skulle på Plantasjen først og så ville ho komme hit. Det passa veldig godt

Ho hadde med seg nydelige wienerbrød og eg kokte kaffi. Og under over alle under så hadde Margrete strikka-eg veit ikkje kva det heiter,  men eit slags sjal i eit invikla mønster. Eg trudde aldri at eg skulle få noko som ho hadde strikka, det var i Coronatida ho først begynte å strikke, og så har ho berre blitt flinkare etter kvart. Vi hadde ei god pratestund, mens Dennis slikka på dei nakne føtene mine. Og så fiksa Margrete støvsugerane, så no fekk eg støvsuga litt i bilseta. No er dei reist, og eg er her åleine. Kanskje eg skal gå ut og finne litt jordbær?

Margrete skal på tur til England, men eg hugsar ikkje kva dag ho skal reise. Når ho kjem heim skal ho og eg på tur til Eid, noko som vi har skulla lenge.

Eg ønsker alle ei god helg. Her er i alle fall skodda borte, men skyer har vi framleis

torsdag, juli 18, 2024

Dagbok 2024:18.juli

 



Desse tre bilda er tatt frå samme stå-stad,dvs på toppen av bakken opp mot Vernet


Klokka er no 19.44, temperaturen ute er + 20 grader , og sola kom endeleg fram idet eg tok kvelden og gjekk inn, etter å ha vore ute det meste av dagen.

No har brannalarm gått også, og denne gongen var det på sin plass. Eg hadde sett ei steikepanne med vatn i på ei plate, fordi eg skulle vaske den. Men så vart det gløymt og vatnet var vekk osv. Det var ikkje så dramatisk for eg var i stova og reagerte med ein gong. Så no står huset på lufting. Elles har det ikkje hendt så mykje, eg har vore ute og jobba i hagen heile dagen. Først på oppsida av huset der eg renska rundt garasjebeddet og klipte plenen der, den som Gudmund brukar å klippe. 

Så begynte eg på nedsida der eg klipte plen i går. Eg klipte utan oppsamlar nede i Skråninga, så i dag tok eg klipparen og samla opp graset som var nesten tørt, og så klipte eg med saks på alle mulige og umulige plassar. Det røyner på ryggen , men det må til. Då eg til slutt sette meg på ein stol og spyla klipparen, kom Eirik og henta Erlend, dei skulle ete middag med Lars.Så fekk eg snakke litt med dei .

Eg laga meg middag og åt,  eg tykte eg fortente det etter ein slik travel dag. 

Eg starta forresten dagen med ein tur på Vernet; eg synest ikkje føtene mine er så gode, men når eg begynner i hagen kjenner eg ingen ting, då er det ryggen som seier i frå, så eg må ha ein stol ,så eg kan sette meg ned innimellom. Det er det hjørnet der kompostbingane står som ikkje er i orden, der må eg ta ein runde til ,minst. 

Eg likar slikt arbeid, og likar å vere ute og eg likar å gjere det litt fint rundt meg, så eg håper det blir mange fine utedagar. No melde dei fint ver i morgon, men det skulle visst vare berre ein dag. Og i morgon er det fredag igjen, synest fredagane kjem ofte. 


onsdag, juli 17, 2024

Dagbok 2024: 17.juli

                                            Dagens utfordring: 43 trinn i bra fart!

Klokka er no 16.24, og det er kanskje litt tidleg å oppsummere dagen, men eg sat no her med maskina framføre meg,så då kan eg like godt skrive.

Det er + 18 grader ute, det er opplett, men sola kjem ikkje gjennom skodda sjølv om ho prøver på det, det er heilt merkeleg med denne skodda i år, ho kjem igjen og igjen og tek frå oss sola.

I dag hadde eg ikkje slik arbeidslyst som eg oftast har. Eg starta med å gå ein tur på Vernet, men eg var trøtt i føtene før eg begynte å gå. Men eg gjekk, sat litt på kvar benk. Då eg kom hem følte eg meg ikkje så gira på noko, men eg tok meg litt mat og så gjekk eg ut for å gjere det eg hadde tenkt i dag. Eg klipte plenen rundt huset, med oppsamlar, så begynte eg på Skråninga utan oppsamlar, og fullførte på ein måte. Meste av tida brukte eg på å rydde borte ved bingane. Der reiv eg opp skvallerkål og anna til den store gullmedalje, eg klipte med saks rundt bærbuskene etc. Eg var lei før eg var ferdig, men kan ta att arbeidet ein annan dag. Eg må kanskje rake skråninga for at det skal sjå skikkeleg ut. Eg jobba ute i ca3 timar-og det held vel for ein pensjonist?

No skal eg sjå om eg finn noko godt som eg kan ha til middag. Det er ikkje kvar dag eg lagar middag - men somme dagar må eg ta meg saman og lage noko skikkeleg.

Desse sommardagane går så fort, og plutseleg er sommaren forbi , eg tenkjer på det kvar gong eg skriv datoen på bloggen. Men heldigvis har eg ferie heile året.



tirsdag, juli 16, 2024

Dagbok 2024: 16.juli

Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 17 grader C. Det er opplett, men skodda ligg langt nedover fjellsidene og det er ikkje noko vi kan gjere med det.

Eg hadde ikkje planlagt noko i dag, men tenkte at kanskje Marit og eg skulle handle litt, og det skulle vi, vi  var ein tur på ALTI, ho skulle på apoteket og eg skulle på Europris for å kjøpe meir vaskemiddel. På veg heim stoppa vi på KIWI, og eg fann litt i dag også som eg måtte ha, enda eg handla i går.

Eg lurte på å gå ein tur på Vernet i dag, men eg var låk i både i ryggen  og føtene så eg var ikkje særleg lysta på å gå.

Men eg fann litt å gjere i hagen, vatna beddet nedanfor garasjen, for der var det faktisk veldig tørt,vatna litt andre stader også, men så fann eg ut at eg kunne plukke solbær. Eg har to busker, den eldste hadde ikkje modne bær, men den eg kjøpte sist stod med ferdige bær, og den buska var så nedgrodd og stygg at den trong at eg stelte litt med henne. Eg sat på ein stol og klipte greiner og plukka bæra. Buska vart heilt fin til slutt, og så henta eg ein god slump med kjøpejord og la på røtene som begynte å stikke opp frå jorda. Dette er slikt arbeid som eg likar.

 Men kva skulle eg gjere med bæra? Fryse dei? eller sylte dei? Eg bestemte meg for å sylte og då måtte eg sjøvsagt reinske dei først men eg tok med sammen og no har eg tre store glas med solbærsylte, som eg truleg for ha for meg sjølv. Det er ikkje så mange som likar den sylta, men det gjer eg. Og det er den dyraste sylta å kjøpe på butikk, trur eg.
 


Til middag i laga eg risgraut så no har eg brukt opp mesteparten av melka som eg hadde, bakte brød i går. Eg likar ikkje å kaste mat, så eg prøver å bruke opp det eg kjøper.
Plenane skulle ha vore klipt , men der er enno så vått i graset, og betre blir det visst ikkje. Eg synest det er deprimerande å sjå på denne skodda, dag ut og dag inn.

mandag, juli 15, 2024

Dagbok 2024: 15.juli

 


Klokka er 17.45, temperaturen ute er +17 grader C. Det har vore skodde i fjella i heile dag også, og no regnar det, kanskje blir skodda borte då?

Eg hadde ikkje så mange planar i dag, men tenkte at eg kanskje skulle ein tur til Vik-

Men så hadde eg så mykje melk ståande at eg tok først og baka 3 brød-for eg hadde ein pakke gjær . Det vart tre gode brød, elles har eg gjort diverse husarbeid. Og så samla eg alle tomflasker og boksar og tok ein tur på butikken. Marit og eg skal ha oss ein tur og handle ein av dagane, men det vart ikkje i dag. 

Det kom ei regnbyge, men då det letta opp att tenkte eg det var greit å gå ein tur på Vernet, men eg var ikkje komen langt før det begynte å regne så smått. Eg hadde ei hette på jakka mi, det var ikkje regnjakke, så eg vart våt til skinnet, men det gjer ingen ting sommars dag som det eigentleg er.

Eg har ikkje gjort noko storarbeid i dag, eg hadde tenkt å plukke solbær,  det går ikkje i dette veret, men eg sikra meg litt jordbær. Dei er ikkje særleg gode i år , har ikkje fått nok sol, trur eg. Får ikkje halde på i hagen slik eg har lyst til -men ikkje i regnver.

No ser det ut til å lysne igjen, men dagen er snart forbi. Alle i familien kan gjerne komme på besøk når dei vil, men sjekk at eg er heime. Ja, eg meinte ikkje alle på ein gong altså. Fortsatt god ferie !



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...