torsdag, april 27, 2023

Dagbok 2023: 27.april


Klokka er no 17.55. Temperaturen ute er +5 grader, no regnar det, men det er ikkje så lenge sidan det var ei snøbye. Dei små blå strenenblomstrane har vore nedsnødde fleire gonger. Men akkurat no er der ikkje snø på plenen.Det var Marit som køyrde på treninga i dag, og vi måtte koste snø av bilen både då vi for nedover og då vi skulle heim. Snø i april er no eigentleg ikkje så uvanleg, men vi hadde det så fint før snøen kom att. Bilda  under har eg nettopp tatt.



Etter at eg kom heim frå trening+ handling av mat, laga eg meg eit godt grønsak- måltid. Men etterpå vart eg litt i tvil om kva eg skulle gjere. Vart sittande å sjå litt TV, men så tenkte eg at eg måtte høyre om Ragnhild var heime, for vi hadde ein lunsj-avtale. Eg fekk svar med ein gong. Ho hentar meg her klokka 13 i morgon. Eg hadde også sendt melding til Marit og spurt om ho ville komme ned. Ho svarte ikkje med ein gong, men då eg hadde tenkt meg ut og gå på Vernet, kom ho -og det var kjekt.

Av dette lærte eg at eg ikkje kan sitte berre å vente på at folk skal komme etc. -av og til må eg ta litt initiativ sjølv.

Marit kom og vi åt is og drakk kaffi slik vi plar gjere. No er sola framme så vidt, og då ser ein straks litt lysare på livet.

Det blir vel ikkje så mykje handling med meg i morgon, men Marit og eg skal kanskje yta oss ein runde på onsdag. I morgon kan eg hoppe over fredagsvasken, for eg har vaska bra før i veka.



 

onsdag, april 26, 2023

Dagbok 2023: 26.april

Klokka er no 17.06, temperaturen ute er + 6 grader, det er mest overskya, og det er kald vind. I dag tidleg då eg stod opp låg markane kvite, men no er nesten all snøen vekke igjen.

I dag tidleg hadde eg planen klar og då blir det gjort noko. I dag hadde eg som mål å vaske "ned" kjøkkenet: tak, vegger  etc. Inne i skapa har eg vaska før så det slapp eg. Heiv gardinene inn i vaskemaskina, og då eg var ferdig å vaske, kunne eg henge dei opp med det same. Eg gjer det slik med stovegardinene også, og dei blir finare på denne måten enn når eg stryk dei.Då eg hadde fått alt på plass åt eg litt før eg gjorde meg klar till ein runde på Vernet. Det er no bra trim å gå opp og ned ei gardintrapp nokre gonger, men eg hadde meir energi igjen så eg tok "strafferunda" i dag også.

Men dagen er no ikkje heilt over enno, eg har ei oppvaskmaskin som skal tømmast og så  greidde eg ikkje å la vere å begynne på ein lest i går kveld. Når det igjen blir finever , kan eg ikkje gå inne og styre, derfor prøver eg å gjere mest mulig inne når det er kaldt og surt eller regn ute. I morgon er det trening igjen, det er no litt sosialt det også.

 




tirsdag, april 25, 2023

Dagbok 2023: 25.april

Klokka er 16.44, og no går den rett, for i dag har eg vore til urmakaren og fått nytt batteri pluss at han fann ein annan feil også. Eg var hos urmakaren mens Marit var på apoteket, avtalen var at eg skulle vente på parkeringsplassen nedanfor Rygh-huset. Og der tok eg bilde. Det var Marit som køyrde i dag. Akkurat då var veret bra men vi har hatt både sludd og snø i dag. Ikkje er det varmt heller, berre + 4 grader. Men litt må vi vel tole etter ein heil månad med finever.




Då eg kom heim att, bytte eg på meg andre sko  og gjekk ein runde på Vernet, då kom det litt nedbør. Eg laga meg middag då eg kom heim, og etter maten slappa eg av ei god stund. 

Eg sit og ser opp i taket på stova, taket skulle ha vore vaska, for det er meir og mindre svart. Det kjem av at eg fyrer med litt av kvart og av og til er omnsdøra open. Eg har tatt ein stikkprøve, dvs. prøvd å vaske litt, og kluten blir grå(svart). Det eg lurer på er kor mykje og grundig ein må vaske før ein ev. malar over. Det er lenge sidan det taket fekk eit strøk med maling. Å vaske det litt, greier eg sjølv, men male det kan eg ikkje gjere. Eg kan vaske litt og litt med moppen på langt skaft, det skulle bli bra nok til å male oppå ?

Ja eg har ein nabo som er malar, så eg kan no høyre med han-.

I går hadde eg veldig arbeidslyst, då fekk eg begynne frå morgonen av, håper lysta kjem att i morgon for då har eg heimedag.

Rasmus er i Tyskland, så han er ikkje heime og feirar Wenche sin bursdag i dag, men to av gutane er vel i nærleiken?

Eg saknar strikketøy, men eg er streng med meg sjølv. For det første har eg ein litt vond tommel og for det andre må eg sjå til å få gjort noko-ikkje sitte berre med TV og spøt.


Gratulerer med dagen Wenche!















 

mandag, april 24, 2023

Dagbok 2023: 24.april


 Klokka er no16.35, temperaturen ute er + 6 grader, eitt og anna snøfnufgg ser eg i lufta, men det er mest opplett. Men ikkje sol.

Eg har stort sett lata meg heile helga, så i dag måtte eg få unna litt husarbeid, når det likevel er innevêr. Badet stod øvst på lista mi, så eg bar ut alt som var i vegen før eg sette i gang å vaske. Der var ikkje så mykje skit, men eg synest at det rommet må vaskast kvart år, for det er på ein måte det rommet som bør vere reint -alltid. Det er veldig vanskeleg å få vaska der skikkeleg på grunn av dusjkabinettet som ikkje kan flyttast Nok om det , eg kom i mål i år også. Då ringde det på døra og eg fekk "besøk" av ei nabodame. Vi vart no sittande å prate ei stund og etter at ho gjekk, laga eg meg litt mat. Etter at eg hadde ete hadde eg eit nytt prosjekt, så no har eg pussa stuevindua på innsida og støvsuga og tørka støv i stova.

Eg kunne godt ha tatt ein tur på Vernet også, men no sparer eg litt energi til i morgon for då skal vi på trening igjen.

Eg har ikkje strikketøy, fordi eg har strikkepause på grunn av ein vond tommel. ME- i går fann eg meg enda ein serie om kongar og dronningar i England. Denne er om Ann Boleyn og Henrik den 8. Verre kan det vel ikkje bli?

PS: Dessverre var det berre ein kort serie, så eg må sjå meg om etter andre kongelige.

søndag, april 23, 2023

Dagbok 2023: 23.april


 Klokka er no16.37, og temperaturen ute er+8 grader C- Det har regna litt av og til i dag, men no når eg gjekk tur, var det opplett.

Det er ikkje ofte eg seier det, men i dag har det vore ein nokså kjedelig dag. Eg kan ikkje skulde på andre enn meg sjølv, for eg står fritt til å gjere det eg vil. Men i dag hadde eg lite på programmet, så eg vart gåande her og tusle for det meste; eg har TV, men ikkje strikkegarn- så det var litt dumt. Eg kunne ha kjøpt garn i går, men eg tenkte å late venstre tommelfingeren få fred nokre dagar, for han hadde hovna opp-. Eg har passa Lollo , katten til Marit, i heile helga, og ho kjem springande når ho ser meg, men inn vil ho ikkje- berre få mat på trappa. Trur vi har sakna Marit begge to i helga.

Eg laga middag i dag, og det vart steikt ørret slik eg brukar å ha kvar sundag, men i dag syntest eg ikkje den var så god, så eg får kanskje ta ein pause. Etter at eg hadde rydda opp tok eg ein runde på Vernet, det var friskt og godt å komme seg ut. Både bjørka og lerketrea blir litt grønare for kvar dag, men det visest ikkje så godt på bilda. Sat ikkje på alle benkane i dag, men på ein av benkane låg der noko som eg syntest såg ut som ei drone.Der var mange batteri festa til den.Kan det vere nokon som har lagt den frå seg- eller har den landa sjølv?


Eg har ingen spesifikke planar for morgondagen, men blir det inne-vêr får eg vel begynne på nedvasken. Den blir tatt litt meir lettvint for kvart år.

Eg går og ser på hagen her og prøver å fine ut kva eg skal pynte opp med, men eg ventar til MAI månad.


Her om lag var det Rasmus saga ned ei gran sist haust, eg har tenkt å plante ein eller fleire Rhododendron her, men dei var alvorleg dyre sist haust, så eg får sjå på det. Eg har mykje å gjere ute, og inne, så arbeidslaus blir eg ikkje.

I dag fyller svigerinna mi på Eid 78 år. Ho bur i huset i Alleen, og eitt av barnebarna bur i 2.etasje, der som mamma budde ein gong. Bodil er heldig med at så mange i familien bur i gangavstand så ho har sikkert hatt besøk i dag.

Gratulerer med dagen, Bodil!

lørdag, april 22, 2023

Dagbok 2023 -22.april

Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+ 13 grader C, det er sol og fint enno, men det blæs litt i dag og det kjem skyer på himmelen.

Marit er på besøk hos Kjartan, så då er eg utan venninne. Men eg har no katten til Marit, og ho kjem ned hit med det samme ho forstår at Marit ikkje er heime. Eg gir henne mat på trappa for ho vil aldri komme inn.

Eg var ikkje sikker på kva eg ville bruke denne dagen til, så eg gjekk ein runde på  Vernet først, best. Der trefte eg ein av kameratane til Rasmus , han var ute og gjekk i lag med mor si. Eg var litt i tvil om eg kjende han att, for eg har veldig vanskeleg for å hugse korleis folk ser ut. Men denne kjende eg, men anten hadde han vakse ein halvmeter sidan sist, eller så er det eg som har minka tilsvarande.

Eg visste ikkje om det kom nokon i dag, men det såg ikkje slik ut,så eg gjorde unna helgehandelen først best. Då eg kom heim laga eg meg grønsakmiddag, det er ei stund sidan sist.

Eg hadde ein liten jobb ute i hagen, men noko storarbeid ville eg ikkje begynne på, det kan bli både regn og snø enno før mai kjem

Eg såg på dei lange fjølene som låg der og lurte på om eg greidde i  sage dei med hand. Det greidde eg så vidt, men så såg eg at eg hadde mange ubrukte fjøler i ei kasse, frå den tida då eg rydda opp etter "takmannen." Det vart til at eg saga opp alt i hop, og det vart ein heil sekk med "ved". Så fekk eg gjort litt til gagns i dag også. Og så fekk eg på plass snøskufla med det samme. Der er ikkje all verdas plass i tilbygget, så alt eg får vekk er positivt.

Den sekken som står attmed sagkrakken, var det eg fylte opp i dag+ litt anna.

Det er ikkje varmt nok til å ligge på altanen, trur eg, og eg orkar ikkje å begynne på hagearbeidet i dag. Viss eg finn det ut, kan eg køyre på PLANTASJEN i morgon og kjøpe mold etc. Vil ikkje plante noko enno-det er for tidleg.

Eg trur jorda treg væte no, men håper nedbøren kjem i flytande form og ikkje skal mokast.





 

fredag, april 21, 2023

Dagbok 2023: 21.april

 

Klokka er no 17.21, og temperaturen på trappa her er 17,5 grader. Vi har enda ein nydeleg dag med blå himmel og sol. Men no varer det vel ikkje så mykje lenger.

I dag har eg hatt ein rimeleg ryddig dag. Eg stod opp i 8 tida, og vaska og rulla opp håret før eg åt frokost og begynte på fredagsvasken. I dag fekk eg vaska på soverommet også, sidan det gjekk an å ha ut golvteppa. Då eg var ferdig å vaske åt eg litt før eg skulle ta ein tur på Vernet. Marit kom ned med kattematen, for eg skal passe Lollo denne helga. Marit skal besøke Kjartan og familien.

Det var ikkje så veldig varmt då eg skulle gå, så eg kledde nok litt for mykje på meg. Det er ofte kald vind på Vernet, men ikkje i dag. Eg gjekk seint og sat lenge på kvar benk for å få vere mest muleg ute i sola. Ein ung mann sprang forbi meg to gonger mens eg sat på ein benk. Han hadde kun sko og shorts på seg, så han heldt seg varm nok med mosjon.

Eg er ikkje heilt god i føtene for tida, men det er no ikkje noko som er skikkeleg gale. Då eg kom heim, la eg meg på solsenga på altanen med lydbok på øyret, og der låg eg så lenge det var straum på telefonen.

Eg har ikkje ete middag enno, og eg svelt. Eg er svolten heile tida, og eg har nok ete for mykje denne vinteren, så no må eg sette bremsene på. Eg trudde eg skulle få mindre appetitt når eg vart gammal. Det slo ikkje til.

Sidan vi er komne til fredag enda ein gong vil eg ønske alle ei god helg. Fineveret varer vel ikkje så mykje lenger no, men eg håper no vi får ein fin sommar også. Det er ingen som kan hindre oss i å håpe.

                                       God helg!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...