søndag, mars 26, 2023

Dagbok 2023: 26.mars

Eg kom nettopp inn att etter ein"halv-times-runde "på Vallabøen. I dag går det i snø- og haglbyer, og det er lite populært. Det vart glatt på vegane og eg hadde eit par gamle støvlettar som ikkje er så gode når det er glatt. Eg vil helst ikkje ha fleire "FALL" denne vinteren

I dag tidleg låg eg ein time lenger enn vanleg-minst. Etter frokost sat eg og strikka mens eg såg gudsteneste på TV, som vanleg.

Så kom eg på tanken at eg hadde veldig god tid i dag, så eg kunne lage ei kake til påske. Eg satsa på å lage det som på trøndsk heiter "Gul-kak!" Før laga eg ofte den kaka, og hadde ikkje problem med det. Eg laga ei til sist jul, også, men då laga eg ikkje fyllet på rett måte. Det skulle eg gjere i dag, men så vart det akkurat som til jul. Kaka blir etande, men viss eg hadde vore lur, så hadde eg lese HEILE oppskrifta før eg begynte. 

No kjem sola att, ho har vore her mellom byene i heile dag, og kvar gong trur eg det skal vare. Eg har i alle fall ikkje moka tunet, for i morgon har eg ikkje tenkt meg ut med bilen.Så vonar eg at snøen forsvinn i full fart igjen, men det er faktisk meldt kaldt vêr. Eg kan ikkje hugse at det nokon gong før har vore så lite sol om vinteren.

Denne veka blir det trening tysdag og torsdag og så blir det siste spansktimen før ferien på onsdag. Så no håper eg berre at vi kan få litt fint utevêr så eg får rydda rundt huset og i hagen.

Lyspunktet no er at barnebarna, i alle fall nokre, kjem heim til påske, og då kjem dei også hit til meg.


 

lørdag, mars 25, 2023

Dagbok 2023: 25.mars


 Klokka er no 15.40, temperaturen ute er +4 grader og sola skin frå nesten skyfri himmel. Ein nydeleg dag, men kaldt. Inne i huset varmar sola betre enn ute. i dag tidleg vakna eg veldig tidleg, men stod ikkje opp. Fekk sove ei stund til før eg stod opp litt før klokka 7. I kveld skal vi stille klokkene, og då kan det hende at klokka er meir når eg vaknar. Eg er klar over at det å vakne for tidleg er eit luksusproblem.

I dag har eg vore mykje åleine  for Marit er ikkje heime, så eg får klare meg sjølv.

Eg sat og såg TV ei stund og la opp eit nytt lestepar. Så ville eg gå ein tur på Vernet i det strålande  vêret. Naboane hadde alt vore ein runde. Eg tok ikkje på meg piggsko i dag for eg trudde der var bert der oppe også. Det var der ikkje.Der var snø og is som det var godt nedfrose. Eg vurderte å ta ein annan tur, men så hadde eg lyst å gå på Vernet. Eg gjekk seint og forsiktig og heldt meg delvis i rekkverket . Det gjekk veldig seint, men mange kom og gjekk forbi meg og prata litt. Eg sat også på benkane og "kvilte", for det var viktigast å få vere ute. På bildet over ser de korleis det såg ut på den øvste vegen- 



Eg kom meg opp trappa og på vegen nedover var det bra å gå. Men eg vart sittande lenge og prate med ein mann som viste seg å vere presten i bygda. Eg har berre sett han i presteklede, og i dag hadde han jakke med Hovdebygda fotballklubb- eller noko slikt. Dessutan er eg veldig dårleg på å kjenne att folk, eg har alltid vore det, men Nils kjende alle, så då merka eg ikkje så mykje til det.

Då presten gjekk, kom Sverre Snipsøyr og tok plassen hans, så fekk eg høyre korleis han og Else har det. Sverre er så flink å gå og sykle og slik held han seg "frisk".

Eg stressa ikkje med å komme heim, for det var så fint å vere ute. Tok meg ei brødskive og ein kaffikopp, før eg la ut på ein annan tur. Eg køyrde fram på gravplassen og såg til grava, men der var det så mykje snø, at det var ikkje noko eg kunne gjere, anna enn å byte til nye batteri i lykta. På heimvegen handla eg litt på KIWI, eg forstår ikkje kven som et opp alt eg kjøper, for eg er her no mest åleine.


Då eg kom heim att fekk eg til å spade fram hageslangen som har lagt under snøen denne vinteren også. Ser fram mot å få spyle både vindu og anna-der er eit visst behov !

Det er kjekt viss vi får litt vekslande ver, for spanskleksa denne gongen er å skrive "vermeling" for alle dagane i veka. I dag er det lett:" Hoy hace sol".

Det er så nydeleg ute og snøen smeltar på altanen-men det går ikkje fort når det er såpass kaldt. Komande veke blir det å førebu påska, for då kjem dei heim dei fleste av barnebarna++Kjekt det!



fredag, mars 24, 2023

Dagbok 2023: 24.mars


Klokka er no16.30, temperaturen ute er +5  grader C, det er overskya og skodde i fjella, men stort sett opphaldsver.

I dag var det fredagsvasken som stod for tur, og det er ikkje allverda. Men eg hadde avtale med Einar om at vi skulle på Kina-restaurant i Volda i dag. Eg hadde sendt melding om det til Margrete i fall ho var i Volda og ville vere med.

Einar kom til avtalt tid og køyrde til Volda.Men restauranten var ikkje open enno, skulle opne klokka 14 stod der på ein plakat. Einar handla på Mega , men eg sat berre og venta og sende melding til Margrete. Klokka blei 14, og der var ikkje liv i restauranten,Margrete kom og joina oss, og så bestemte vi oss for Marias i staden, der fekk vi god mat og kaffi etterpå. Det er alltid kjekt med "familieselskap"- også i ein mindre dimensjon. 

Eirik var også i Volda ,men han trefte vi ikkje. Han var ein liten tur heim frå Trondheim, ein kamerat var død og skulle gravleggast i Volda. Så Eirik var i gravferda. Han overnattar vel hos Lars i Ørsta, Margrete skulle heim med ferja.

Einar er så omtenksam at han kjøper gule blomster til mormora nå ho fyller i ipåsketida. Og eg er alltid glad for å få blomster. Eg er ikkje sikker på kva den eine heiter, men det skal eg finne ut. Og så skal eg finne nokre finare potter til dei-

Ingeborg er i Paris,  og sender bilde heim.




torsdag, mars 23, 2023

Dagbok 2023: 23.mars

                              Godt å sjå at snøen blir borte på tunet og på taket

 Klokka er no 16.50, temperaturen ute er +8  grader. I dag tidleg då vi for på trening, regna det litt, etter treninga var det nydeleg ver og sol, men no har det skya over igjen. Det ser ikkje ut som om sola likar oss i år, ho varmar ikkje lenge om gongen. Men no har ho endeleg greidd å smelte litt av snøen.

Det var Marit som køuyrde til treninga i dag. På heimvegen stoppa vi og handla på KIWI,dvs. eg skulle ikkje ha noko, men vart med inn og kom ut att med to fulle plastnett. Eg tenkte på at det var snart påske, og då må ein ha litt av kvart i hus. Då eg kom heim ville eg ta trimturen mens eg var kledd for det, eg prøvde først på Vernet, men der var det for mykje snø, så eg tok ein tur på gatene/vegane i staden.

Då eg kom heim att laga eg meg middag av kyllingkjøtt og ris. Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen og slappa av, sola skein og det var varmt og godt om altandøra stod open. Då eg kom til meg sjølv igjen var sola vekke og det var heller kaldt i rommet.

Kvar torsdag føler eg på at veka har vore veldig kort. Det er ikkje til å forstå, men alle seier det samme: Tida går fortare til eldre ein blir. Denne veka har eg vore mykje på farten, og då får eg ikkje gjort så mykje heime. 

Her er nok å ta tak i. Eg ventar på at snøen skal smelte så eg får tak i hageslangen og spyla vindua utvendig. Eg har mykje som skal gjerast men eg får ikkje gjort så mykje som eg vil-og som eg gjorde før. Eg får skulde på alderen. Apropos alder så skal alle over 70 år få enda ei vaksinesprøyte mot Corona. Marit og eg er alltid samde om at vi tek alt vi får av vaksine, og hittil har ingen av oss fått coronaen. Eg har ikkje testa meg ein gong. I dag tek eg det med ro og let husarbeidet ligge til i morgon, då er det "heimedag."


                                     Ingeborg fyller 30 år i dag.

                                Ho er den 3.eldste av barnebarna

onsdag, mars 22, 2023

Bok nr. 5 - 2023: Du er min historie


No har eg lese enda ei bok på senga, dei varer lenge bøkene på den måten. Denne boka var grei å lese på min måte, for teksten var stykka opp i små "kapittel". Eg likte denne boka , men kan ikkje seie så nøye kvifor.



Dagbok 2023: 22.mars

 


Denne unge dama fyller 30 år i morgon. Bildet tok eg på Vernet den 21. februar

Klokka er no18.45, temperaturen ute er +5 grader, det ser ut til å klarne opp, men hittil har det regna litt innimellom.

Eg har ikkje vore mykje heime i dag, mest har eg vore på Bakk-Ola.

Eg heldt meg heime til klokka nærma seg 11, då møtte eg opp på spansk-kurset, det var den nest siste gongen for våren.

Eg kom heimatt etter eit par timar, då strikka eg litt og laga meg  mat og surra rundt ei stund- til det var tida til å køyre ned att, denne gongen på Pensjonistmøte.

Det vart eit livat møte, fullt hus og vel så det, mange eg ikkje kjende, men blei kjend med i dag. Ja, ikkje alle, sjølvsagt.

Først hadde vi orientering eller kva eg skal kalle det, det var ei av damene på SYNSPUNKT som orienterte om sjukdommar og plager med augene, noko som er veldig relevant for eldre folk. Ho var flink! Ho har tatt master på augesjukdommar -i tillegg til skulen i Kongsberg. Vi fekk kaffi, skuffekake og rundstykke i matpausen Etter at vi hadde ete kom toradar-spelemenn og kvinne frå Volda, og Eli tok seg heilt ut i å vere forsangar og dansar, når vi song frå dei nye songbøkene. Alle vart i veldig godt humør etter kvart.

Eli fortalde også om den planlagde tureni juni. Den går til Molde og til  Sundalsøra.

Ho fortalde også om turen til Kristiansund der ho og ei anna dame møtte opp og høyrde på Jan Davidsen.

Eg er enno ikkje fornøgd med håret mitt, men eg såg dei som var verre.   Så det var no ei trøst. Dette "referatet" vart  litt hulter til bulter, men det skal ikkje i avisa.

tirsdag, mars 21, 2023

Dagbok 2023: 21.mars

                                    Snøen smeltar litt om senn.
 

Klokka er no 17.30. Temperaturen ute er +6 grader, det er overskya men opplett.

I dag var vi på trening som vanleg frå 10-11. Så var eg ein tur heimom og bytte klede før eg for til frisøren. Der vart eg sittande i tre timar. Eg hadde bestilt permanent, men eg forstod snart at det var noko anna no enn i min ungdom og barndom. Eg tok permanennt då eg var 9 år, og dei krøllane hadde eg til eg vart gammal. No var det ikkje elektriske hårullar men diverse kjemiske greier. Det tok si tid, ca3 timar, men då klipte ho litt også. Ja eg kan ikkje forklare alt. Det vart ikkje slik som eg hadde tenkt, ikkje krøllar - men volunm. Men viss eg vil ha krøllar kan eg sikkert få det om eg set hår-rullar i. Ho som behandla meg har gått i klasse med Rasmus, så ho spurde no etter både han og jentene,. Systra hennar er ein av naboane våre. Eg er litt spent på korleis det går når eg skal til å stelle håret mitt sjølv. Det kan bli spennande.

Eg hadde parkert bilen nede ved ALTI, det gjer eg når eg har ærend i Vik, for der er alltid plass og det er lett å parkere og ta laust der. Eg stakk innom Bunnpris ein tur og kjøpte litt mat før eg køyrde heim-

Før eg for i dag tidleg festa eg trådar på eit par lestar som eg hadde strikke av garnet eg fekk av Margrete. Det blir vel ikkje så mykje gjort i dag, men eg må no sjå litt på spansk-leksa, for i morgon er det både spansk og pensjonistmøte. Travle dagar!!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...