søndag, mars 26, 2023

Dagbok 2023: 26.mars

Eg kom nettopp inn att etter ein"halv-times-runde "på Vallabøen. I dag går det i snø- og haglbyer, og det er lite populært. Det vart glatt på vegane og eg hadde eit par gamle støvlettar som ikkje er så gode når det er glatt. Eg vil helst ikkje ha fleire "FALL" denne vinteren

I dag tidleg låg eg ein time lenger enn vanleg-minst. Etter frokost sat eg og strikka mens eg såg gudsteneste på TV, som vanleg.

Så kom eg på tanken at eg hadde veldig god tid i dag, så eg kunne lage ei kake til påske. Eg satsa på å lage det som på trøndsk heiter "Gul-kak!" Før laga eg ofte den kaka, og hadde ikkje problem med det. Eg laga ei til sist jul, også, men då laga eg ikkje fyllet på rett måte. Det skulle eg gjere i dag, men så vart det akkurat som til jul. Kaka blir etande, men viss eg hadde vore lur, så hadde eg lese HEILE oppskrifta før eg begynte. 

No kjem sola att, ho har vore her mellom byene i heile dag, og kvar gong trur eg det skal vare. Eg har i alle fall ikkje moka tunet, for i morgon har eg ikkje tenkt meg ut med bilen.Så vonar eg at snøen forsvinn i full fart igjen, men det er faktisk meldt kaldt vêr. Eg kan ikkje hugse at det nokon gong før har vore så lite sol om vinteren.

Denne veka blir det trening tysdag og torsdag og så blir det siste spansktimen før ferien på onsdag. Så no håper eg berre at vi kan få litt fint utevêr så eg får rydda rundt huset og i hagen.

Lyspunktet no er at barnebarna, i alle fall nokre, kjem heim til påske, og då kjem dei også hit til meg.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...