torsdag, april 07, 2022

Dagbok 2020: 7.april

Klokka er no 17.38 og temperaturen ute er + 6 grader. Sola skin frå klår himmel og det har ho gjort i heile dag.Bildet over tok eg då vi skulle på trening i dag ca.9.40.Som de ser var halve tunet bert og tørt, men ned mot garasjen var det ca.30 cm med snø.

I dag var det siste treningsdagen før påske, så no har vi fått ferie. Etter treninga hadde både Marit og eg ærend på apoteket, så vi køyrde ned til ALTI. Etter at vi hadde handla(Eg var innom Europris også) kjøpte vi oss kake og kaffi på kaféen under trappa. Vi fall for freistinga og kjøpte ostekake, same sort som Margrete og eg kjøpe då vi var på byen i lag. Og stykka var like store i dag. 

Då vi kom heim att begynte eg å moke tunet, dvs. eg tok snøen på brettet og køyrde den opp i sola, der den fekk ligge å smelte. Noko av snøen hamna oppe på asfalten og det var no det beste av alt. Eg prøvekøyrde bilen etter ei stund, og det gjekk bra-men der er mykje snø att. Eg såg litt etter blomstrane mine. Nedom garasjen er eit bed som blir tidleg bert, der var det mykje påskeliljer. Eg hadde så mykje av den sorten i fjor, både heime og på grava, og alle løkane grov eg ned i beda her. Det ser ut til at der er liv i eine potterosa som eg planta ut også, men kattane er fæle til å rote i beddet.




Då klokka var ca 15 gjekk eg inn og skulle ha meg "middag". Særleg middagsmat vart det ikkje i dag, men ei skive med kjøttpålegg og kjeks med ost fekk vere greitt no. Slappa av ei lita stund med TV og spøt, før eg tok ein runde på Fonnvernet i dag. Vêret var nydelig, men det var kald vind der oppe. Eg prøvde å vere mest muleg ute i dag, sidan eg heldt meg inne i finevêret i går. Men eg er veldig glad for at eg endeleg fekk rensa teppa.




All snøen som eg flytta på er ikkje smelta enno, enda er raka i den til og med. 

I morgon skal dei komme med komfyren som vi skal ha i kjellaren; eg fekk melding om at dei kjem mellom kl.9 og 15. Så spørs det kor lenge eg må gå her og vente. Helge skal komme og innstallere, så alt er godt førebudd.


 

onsdag, april 06, 2022

Dagbok 2022: 6.april


 Då eg stod oppi 8-tida i dag, var ikkje sola komen hit, men den skein i Vik og andre stader, hit kom ho litt seinare. Det såg ut til at vi skulle få ein strålande dag. Og kva gjer eg då? Jau, eg bestemmer meg for å rense alle heildekkingsteppa som eg har, for på ein slik dag kan ein opne dørene ut og lufte etter kvart. Det er eigentleg ein stor jobb, og eg brukte heile føremiddagen fram mot klokka 14, før eg vart ferdig. Då hadde eg tatt teppet i stova og i gangane. Eg har prøvd å finne ut kva tid vi fekk nytt teppe på stova, eg meiner det var siste året Solveig gjekk på vidaregåande, så det er nokre år sidan. Eg kunne hatt lyst å kjøpe meg nytt teppegolv, men så veit eg at dei som ev. skal overta huset mitt, dei vil ikkje ha det. Dei som kjøper gamle hus her, dei kastar ut alt innvendig og kjøper nytt, derfor er det ingen vits for meg å pusse opp verken her eller der.

Det er lenge sidan sist eg rensa teppa, eg er her stort sett åleine så det blir ikkje så fort skite. Men altså før jul i 2018 skulle eg rense teppet. Eg hadde så vidt begynt då eg fekk frykteleg vondt i høgre foten, nesten verre enn eg hadde hatt det i venstre forten før. Det kjendest ut som om der slitna ein muskel e.l. Så eg ringde til legesenteret og skulle få komme på øyeblikkelig hjelp, så var det taxi ned dit. Dei undersøkte foten , og der var ikkje noko som hadde slitna, så fekk eg fare heim att og rense ferdig teppa enda eg knapt kunne gå. Eg fekk lenge problem med kneet, på røntgen fann dei ingen ting, men på CT såg dei at der var cyster som det hadde gått hol på. Det var vel det som hadde skjedd med venstre kneet våren samme år. Det er desse knea mine som gjer at eg går på trening, og det har hjelpt godt, no går eg uten å ha vondt-men det tok si tid.

Tepperensmaskina har eg kjøpt på nett frå Sverige, og den er heilt grei. Før eg kjøpte den, måtte vi leige maskin på timebasis. Rensemiddelet eg brukar kostar no 500 kr for ei "flaske". Men det er godt alt som er gjort inne før eg skal til med hagearbeidet. Før eg sette vekk maskina tok eg ein tørn i kjellaren og rensa teppa i gangen og vaskekjellaren,  

I dag var det så mykje snø på tunet at eg orka ikkje å moke. I morgon er det Marit som skal køyre på trening, så snøen får berre ligge. I dagboka mi frå i fjor las eg at Marit og eg hadde tatt Taxi til treninga den 6.april fordi det var så mykje snø-og eg hugsar at eg vaspa i snø til over knea. Så det vi opplever no er ikkje så sjelden.

Til middag i dag hadde eg restar frå i går, så det var lettvint. No er det så fint ute, sola har skine i heile dag og skin enno, så enten må eg gå ein tur eller så må eg sette meg ut på altanen.


Klokka er no 16.17, temperaturen ute er + 8 grader C og på PC-en står det:

 " For det meste sol."

tirsdag, april 05, 2022

Dagbok 2022: 5.april


Klokka er no16.10, og det er kanskje i tidlegaste laget å oppsunmmere dagen. Ute lavar snøen ned time etter time. I dag måtte eg ut og moke tunet før eg skulle på trening, oppe mot vegen var ikkje mykje snø, men meir til lenger ned ein kom. Men eg kom meg no på trening i god tid. Marit skulle til legen i dag så ho vart ikkje med.

I går kveld fekk eg melding om at der var brev til meg på Helsenorge. Eg venta ikkje noko brev frå legen, så eg forstod ikkje kva det kunne vere, men eg gjekk no inn på Helsenorge - og der stod det øvst på sida at ein måtte sjekke om det var svindel. Eg hadde vore på kurs før på dagen så eg frykta at det var noko gale. Eg sette bildet av skjermen inn på FB og bad om hjelp-og der kom Gunda og ho er jurist. Ho sa at det var på telefonen det var størst sjanse for svindel, så eg kunne berre gå inn på Helsenorge, og der fann eg eit Frikort-verre var det ikkje. Eg tok eit bilde av frikortet, så eg fekk betalt det eg skulle hos fysioterapeuten i dag, så no trener eg gratis resten av året.

I dag køyrde eg rett heim etter treninga og tenkte eg skulle få gjort mykje i dag, ettermiddagen var lang. Men først måtte eg sjå litt nyheiter og så serien min, og så måtte eg ha litt kaffi etc.etc. Det vart ikkje mykje gjort.

Eg fekk ein telefon, eg plar ikkje ta telefonen viss der ikkje kjem opp namn, men der stod i alle fall Oslo og då kunne det vere Ingeborg. Det var det ikkje, men det var ein mann frå SOS barnebyer, som eg har støtta heilt sidan mamma døde. Det høyrdest ut som mannen ikkje var heilt ung, for han snakka greitt og roleg og sa ikkje Olaug meir enn to gonger. Det var barna ifrå Ukraina han trong litt eksta pengar til, og eg gjekk med på ein fast sum på 200 kr mnd. Eg kjem vel til å betale det er plar i tillegg. Så no har eg tre organisasjonar som får pengar med meg kvar mnd- : Flyktninghjelpen, Luftambulanse og SOS barnebyer. Ingen får store beløp-men mange bekker små osv.

Eg laga meg suppemiddag i dag og så hadde eg frose ned riskrem som eg tok opp att i dag. Då var vi komne langt på dag og eg hadde enno ikkje funne ut kva eg skulle gjere. (Eg har m.a. nokre skuffer og skap som skulle ha vore rydda) Men det einaste eg hadde energi til i dag, var å pynte til påske. Så no er det gule kyllingar i kvar ei krå. For å seie det på ein pen måte, så er eg ikkje av dei som pyntar mest-og ikkje er eg så flink heller. Eg lengtar ut i hagen , til å rake og spade og klippe etc. Det er slikt arbeid eg likar. No såg eg litt blå himmel, så kanskje det sluttar å snø? Men på PC-skjermen står det: Regn/snø.

Idag fyller oldebarnet, Amund to år. Han skal feirast på Hareid komande laurdag. No skin sola inn glaset her, så då får eg vel litt meir energi. I morgon har eg heimedag sidan vi er ferdige med vårsemesteret i spanskgruppa.

No var eg ute og sjekka tempen og no var det + 5 grader.

Akkurat no

mandag, april 04, 2022

Dagbok 2022: 4.april


No er klokka 17.20, temperaturen ute er+ 2  grader C, og i dag har vi hatt både snø og regn og hagl etc. Men det står på skjermen min at nedbøren skal slutte snart, så då får vi tru det.

I dag skulle eg vere på hotellet klokka 12, så det vart ikkje mykje gjort før den tid. Eg vart sittande og sjå nyheiter, så skulle eg kle meg om og til slutt tok eg og moka tunet så eg skulle vere sikker på å komme ut med bilen.

Då eg kom på hotellet var den første eg trefte - Harald, ikkje kongen , men ein som eg går i lag med på spansk. Han er austlending, men gift med ei dame frå Ørsta. Harald og eg vart sittande i lag fremst, eg skriv det, slik at de er orienterte om det skulle kome bilde i avisa. Harald har vore til sjøs i sitt yrkesaktive liv og der har han styrt med diverse data-kommunikasjon etc. Ikkje veit eg kva dei har på båtane.

Det var flinke folk frå banken som orienterte om digitale banktenester, og  svindel, manipulasjon etc. Mykje av dette var kjent stoff. Vi fekk m.a. det rådet at viss vi handla på nett var det sikraste å ha Master Card.Ja, dei sa rett ut at då skulle vi bruke Master Card. 

På bildet over ser de eit hefte om framtidsfullmakt. Viss ein blir dement eller sjuk på annan måte bør ein gi t.d.ektemake eller barn fullmakt til å styre pengane. Når ein dør gjeld ikkje "Framtidsfullmakta" lenger, då er det  vanlege arvereglar som gjeld. Ja, det vart mykje å fordøye og ikkje hugsar EG alt. Men eg måtte ein mann som vart veldig glad for å sjå meg. Det var Oddbjørn Åm-lenge sidan eg hadde sett han- Der var andre kjende også, som eg ikkje hadde sett på ei stund. Det er slik no-at vi ikkje har vore på så mange treff, men eg synest no eg er bra mykje ute og fartar. Det var nokon som spurde meg om pensjonistmøte, men då kunne eg seie at eg var ute av styret og var ikkje informert.

Klokka var ca 14.30 før eg var heime og då laga eg meg sildemiddag. 

Etterpå måtte eg sjå meir nyheiter, eg synest det er spennande å følgje med det som skjer i Ukraina for no begynner det å bli litt voldsomt. Fleire land vil saksøke Putin for krigsforbrytelsar, Men Putin lyg og skuldar på andre. Ein skulle ikkje tru det gjekk an å drive på slik i vår tid. Eg skulle ikkje sett så mykje nyheiter, men kan ikkje la vere. I dag har eg altså "gjort" lite og ingenting. Har ikkje strikka ein gong, for eg har ikkje meir garn.Men eg kan no sette på ein klesvask, kanskje.



søndag, april 03, 2022

Dagbok 2022: 3.april

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 5 grader og på skjermen min står det: "Regn/snø snart". Bilda som eg har lagt inn er heilt ferske.

I dag morgon var det kome mykje snø igjen, men mykje har smelta. Dagen har gått veldug fort. På føremiddagen sat eg mest og strikka og høyre radio. Til middag laga eg salat med fetaost igjen, sidan glaset var opna. 
Etter avtale kom Marit ned etter at eg hadde ete, og då vart det kaffi og gulrotkake og mykje prat. Ikkje før hadde Marit gått opp att, så ringde Ragnhild og vi prata lenge, så eg har enno ikkje av-dekka kaffibordet-
 

I dag har eg fyrt godt i omnen, når ein sit i ro heile tida må det vere varmt,Eg har vassa i snøen med støvlar på , tenkte at snøen smelta meir til meir ein trakka.

For to-tre veker sidan låg eg på solsenga og sola meg. Då trudde eg at våren var komen for godt. Eg har sete i ro i heile dag, så eg lurer på om eg skal ta meg ein liten spasertur før eg set megtil å sjå TV. 

I morgon skal eg på bankkurs på hotellet klokka 12-
 

lørdag, april 02, 2022

Dagbok 2022: 2.april


 I dag har det snødd litt innimellom, vinteren vil ikkje heilt sleppe taket, men det er no 2 varmegrader ute, så det er håp. "Regn, snø snart" står det på skjermen min. I dag har det vore ein koselig og sosial dag. Einar skulle komme til middag, så mykje av føremiddagen gjekk til matlaging, og det er no berre kjekt. Førre helg hadde eg tenkt at det kom einkvan,  Einar var i Oslo då. Men i dag kom han  med nydelig blomsterbukett. Eg synest eg får blomster ganske ofte, både her og der ifrå-kan ikkje tru at eg har fortent det. 

Då Einar og eg var ferdig med middag og dessert kom Margrete, Amanda og Martin, kjæresten til Amanda. Dei fekk berre kaffi og gulrotkake. Men vi drakk kaffi og prata til dei måtte fare. No har eg rydda litt, vaska opp litt og sett på oppvaskmaskina-
Eg gløymde å seie :"God helg" i går men så får eg håpe at det gjekk bra og at resten av helgabblir bra. Eg har ingen planar for morgondagen, men eg finn alltid på noko. Skulle berre ønske vi fekk finare og varmare ver. 



fredag, april 01, 2022

Dagbok 2022: 1. april

                                         42 trinn opp -non stop
 

Klokka er no 17.30, temperaturen i skyggen på trappa er +7 grader, det er nydeleg solog det har vi hatt i heile dag. Det er fint vêr , men det er nattekaldt, så den siste snøen som kom ligg der enno, i alle fall der sola ikkje kjem til-

Dagen i dag har gått fort unna. Etter frokosten såg eg ein episode av serien min, før eg tok fredagsvasken. Då eg var ferdig med den, kledde eg meg om og køyrde bort i Furene for å kjøpe komfyr og tørketrommel. Trommelen hadde eg tenkt å vente med til hausten, men sidan eg måtte få komfyren levert på døra kunne det vere greitt å få trommelen med det samme. Men så enkelt var det ikkje, viss eg skulle ha to ting levert, så måtte eg betale dobbelt, så då kjøpte eg ikkje trommel i dag. Det er BRING som bringar varene og for å få komfyren hit, kosta det 699 kr. 

Etter at eg hadde vore på EL-kjøp stakk eg innom Coop, der var det mykje folk og mykje varer, dei har større utval enn nokon av dei andre matbutikkane. Eg skulle i grunnen ikkje ha noko, men eg fann no diverse å kjøpe uansett. Eg brukar å kjøpe spekesild der borte, for den er god, men i dag vart det kryddersild frå samme levrandør. Marit var ikkje med og stoppa meg, så i dag fekk eg viljen min.

Då eg kom heim sat Marit og passa Arya (Hunden til Janne) og eg sette meg opp på benken til henne og prata ei stund før eg for heim og laga meg salat med Apetinaost, som eg hadde kjøpt på Coop. 

Det var altfor fint til å sette seg til inne, så eg tok ein runde på Vernet i dag. Foten min var ganske bra, og vart ikkje så mykje verre av turen. Og alltid når eg er der oppe må eg ta bilde og få med dei kvite Dalsfjordfjella


 Her kan vi sjå nesten heile Starevegen frå Vernet. I dag var det mykje kaldare på Vernet eller det var i Starevegen. 

Det er best å nyte sola i dag, for dette veret varer vel ikkje så lenge. Krokusane som blomstra så fint tolte ikkje snøen som kom, men no poppar det opp med nye krokus på plenen, snart her og snart der.



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...