No er klokka 17.20, temperaturen ute er+ 2 grader C, og i dag har vi hatt både snø og regn og hagl etc. Men det står på skjermen min at nedbøren skal slutte snart, så då får vi tru det.
I dag skulle eg vere på hotellet klokka 12, så det vart ikkje mykje gjort før den tid. Eg vart sittande og sjå nyheiter, så skulle eg kle meg om og til slutt tok eg og moka tunet så eg skulle vere sikker på å komme ut med bilen.
Då eg kom på hotellet var den første eg trefte - Harald, ikkje kongen , men ein som eg går i lag med på spansk. Han er austlending, men gift med ei dame frå Ørsta. Harald og eg vart sittande i lag fremst, eg skriv det, slik at de er orienterte om det skulle kome bilde i avisa. Harald har vore til sjøs i sitt yrkesaktive liv og der har han styrt med diverse data-kommunikasjon etc. Ikkje veit eg kva dei har på båtane.
Det var flinke folk frå banken som orienterte om digitale banktenester, og svindel, manipulasjon etc. Mykje av dette var kjent stoff. Vi fekk m.a. det rådet at viss vi handla på nett var det sikraste å ha Master Card.Ja, dei sa rett ut at då skulle vi bruke Master Card.
På bildet over ser de eit hefte om framtidsfullmakt. Viss ein blir dement eller sjuk på annan måte bør ein gi t.d.ektemake eller barn fullmakt til å styre pengane. Når ein dør gjeld ikkje "Framtidsfullmakta" lenger, då er det vanlege arvereglar som gjeld. Ja, det vart mykje å fordøye og ikkje hugsar EG alt. Men eg måtte ein mann som vart veldig glad for å sjå meg. Det var Oddbjørn Åm-lenge sidan eg hadde sett han- Der var andre kjende også, som eg ikkje hadde sett på ei stund. Det er slik no-at vi ikkje har vore på så mange treff, men eg synest no eg er bra mykje ute og fartar. Det var nokon som spurde meg om pensjonistmøte, men då kunne eg seie at eg var ute av styret og var ikkje informert.
Klokka var ca 14.30 før eg var heime og då laga eg meg sildemiddag.
Etterpå måtte eg sjå meir nyheiter, eg synest det er spennande å følgje med det som skjer i Ukraina for no begynner det å bli litt voldsomt. Fleire land vil saksøke Putin for krigsforbrytelsar, Men Putin lyg og skuldar på andre. Ein skulle ikkje tru det gjekk an å drive på slik i vår tid. Eg skulle ikkje sett så mykje nyheiter, men kan ikkje la vere. I dag har eg altså "gjort" lite og ingenting. Har ikkje strikka ein gong, for eg har ikkje meir garn.Men eg kan no sette på ein klesvask, kanskje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar