søndag, februar 13, 2022

Dagbok 2022: 13.februar. Morsdag.

 


Klokka er 19.18, temperaturen ute er + 2 grader og det har regna i heile dag. No håper eg berre at det held seg mildt til all snøen er borte. Det er i alle fall bert på vegane no.

I dag har eg hatt ein roleg dag med strikketøy og TV-og ikkje snømoking.

Ut på dagen ringde Amanda og spurde om eg ville vere med henne og Margrete på kafe/restaurant, og det ville eg sjølvsagt gjerne. Dei kom ut på ettermiddagen med ein stor bukett med tulipanar. Så stor at eg måtte dele den på to vasar. Vi sat og prata ei stund før vi kjørte ned til den indiske restauranten. Men i dag var det ikkje rom for oss i herberget, der var stappande fult med folk. Då prøvde vi oss på Napoli, og der fekk vi kebab, store posrsjonar. Men vi greidde å ete opp alt. 

Det vart ei kjekk morsdagsfeiring, og veldig kjekt at vi kunne vere tre generasjonar sidan Amanda var heime frå Trondheim. Både ho og Eirik har hatt Corona, utan å bli særleg sjuke. Det var som ei forkjøling, sa Amanda. 

Even var ned med mange sekker ved i dag, så no skal eg kveike opp for andre gong i dag. Eg får det ikkje varmt nok med berre varmepumpa. 

Tysdag skal eg på rek igjen, då skal eg få vere med på MUSIKALEN, der Erlend er medi år. Det skal vere i den nye hallen i Volda, der har eg ikkje vore før.

I morgon er det heimedag, og eg har ikkje lagt planer enno. Men berre eg slepp meir snø, skal eg vere fornøgd.

   




lørdag, februar 12, 2022

Dagbok 2022: 12.februar


                                               Akkurat no


Klokka er no 17.53, og temperaturen ute er ca.4 grader C. I dag har det vore overskya, men opplett. Vi skulle ha hatt sola i nesten ein månad no, men vi har knapt sett henne, Men i dag har vi alle fall ikkje fått ny snø.

Eg var så elendig i ryggen i dag tidleg at eg orka ikkje tanken på å moke , sjølv om det var mykje umoka snø ute. Eg kom meg litt etter litt og fekk tatt "fredagsvasken". Så fekk eg lyst på risgraut og kokte  ein stor porsjon. Då fekk eg ny energi og kledde på meg for å gå ut og moke litt. Snøen som låg der var våt og tung, men eg hadde ikkje moka så lenge før eg fekk hjelp. Det var Geir Høydalsvik som kom med brøytebilen sin og ville hjelpe meg. Eg har ikkje sett han før denne vinteren, men han brukar å komme ein tur kvart år når det er mykje snø. Han fortalde at han har vore her forbi mange gonger i vinter, men her har vore så fint moka kvar gong. Sidan det er mykje singel i snøen må vi vere litt forsiktige, men han tok no ei god opprydding, særleg er det brøytekantane som er tunge å ta, men i dag var alt tungt. Då eg kom inn att tok eg fram att sudokuen som eg begynte på torsdagskvelden og ikkje fekk til å løyse. Det var vanskeleg i dag også, men no kom eg i mål. Eg sette meg inn i godstolen med kaffikopp og TV, og slappa av ei stund. Så kom Marit ned ein tur, så vi fekk oss ei pratestund i dag også. Med kaffi ,is og småkaker til. Vi tek det enkelt.

Eg forventar ikkje å få besøk i morgon, men her er i alle fall råd å parkere no. Matias blir vel forundra når han kjem "heim" att. Han streva veldig med å få bilen laus i går kveld.

No blir det vel TV resten av kvelden. Eg har ikkje strikka på mange dagar, for å spare venstre tommelfingeren, men no held eg ikkje ut lenger å sitte "utan noko på hendene". Det er no litt Grand Prix i dag også, men Marit og eg har ein annan smak når det gjeld musikk enn dagens ungdom har.


                                               Før i dag



fredag, februar 11, 2022

dagbok 2022: 11.februar


 Klokka er no 18.42. Temperaturen ligg på ca. 0 grader C og det snør framleis, som det har gjort i heile dag. Men snøen er lettare enn det vi har fått før i veka.

I dag skulle eg vere på Volda sjukehus klokka 13. Eg vakna som vanleg i 5-tida og sov ikkje mykje etter den tid. Eg var tidleg ute og moka tunet. Helge Lid kom og  freste det som plogen hadde lagt opp. Resten var ikkje tungt , men alt tek si tid. Det vart ein liten pause, og då hadde det snødd så mykje at eg måtte moke ein gong til. Då rygga eg bilen opp på vegen og køyrde ein runde, og sette den frå meg så den skulle vere lett å ta att. 

Då gjekk eg innog dusja og kledde meg om og, slappa av litt til eg skulle fare. Eg skulle køyre ned til Vik og ta bussen. Men no ville ikkje bilen opp på gata, eg streva ei stund, men så kom Helge Lid og rygga den opp. Jenta som bur i kjellaren skulle også ta buss til Volda, ho skulle heim til Fiskå i helga. 

Eg nåddde henne att nede ved kyrkja så eg sette i frå meg bilen der og så gjekk vi i lag til bussen. Vi måtte alle over i ein annan buss i Furene. Eg var heldig for eg slapp å bytte buss i Volda for den eg var i køyrde til sjukehuset. 

På røntgen kom eg til ganske med det samme, og det var ei ung jente som tok bilda. Då var eg allereie våt på føtene. Eg hadde tatt på meg tynne lestar i staden for ullsokkane mine, og støvlettane var gjennomvåte. Eg kjem ned i berre eitt par av støvlettane fordi foten er hoven, og det var dei samme eg hadde brukt då eg moka snø. 

Eg spurde i resepsjonen kva tid neste buss kom, som eg kunne sitte på med ned i sentrum. Den skulle komme om eit kvarter, men det gjorde den ikkje. Eg vart lei av å vente, så eg gjekk nedover på mine eigne bein. Våt, opphovna fot, regn/snø og vind, og glatte vegar.  Veret var verre i Volda fordi det bles. Men det gjekk bra denne gongen også. Neste problem var: Kva tid går bussen til Ørsta. Eg såg på tavla, og der stod det, men så kom eg i prat med ei ung dame frå Ålesund som skulle ta Kristiansundbussen, så då gjorde eg det også og korta ventetida med 10 minutt- Det var godt å komme inn i den varme tørre bussen, så heimturen var ein nytelse.


Men eg hadde tenkt ut ein plan. Der bilen stod parkert, var det mykje snø, og det var ikkje sikker eg fekk bilen laus. Dermed tok eg en runde inn på Clas og kjøpte ein LETT snøspade, og den fekk eg bruk for. Nok om det, eg kom men vel heim og fyrte i omnen, før eg laga meg ein god middag med steikt ørret etc. Etterpå vart eg sittande å sløve i godstolen. Ikkje så farleg å la vere å gå tur i dag-mosjon har eg fått nok. Eg skal slappe av resten av kvelden og ta fredagsvasken i morgon.

Når ein har slike dagar som dette, forstår ein kor godt det er å ha sin eigen bil-då blir det ikkje ein heil roman av ein Volda-tur. 

No skal eg sette meg inn att i stolen framforTV-en. Og så ønsker eg alle ei god helg.




torsdag, februar 10, 2022

Dagbok 2022: 10.februar

                                        Dette bildet tok eg kl.15.40

Klokka er no16.30, temperaturen ute er 0 grader og det ser ut som det skal klårne opp litt, men då blir det kaldare.

Eg er så irritert over meg sjølv fordi eg vaknar så tidleg. I dag vakna t.d. klokka 5 og fekk ikkje til å sove lenger. Eg legg meg sånn 12-1 tida, så eg søv ikkje mange timar. Det gjer kanskje ikkje så mykje, men eg blir trøtt når det lid på dag.

I dag skulle Marit køyre til treninga, og Even hadde vore oppe klokka 6 og moka fint der oppe. Eg valde å moke ein del av tunet før treninga, så det ikkje skulle vere all verda å ta når eg kom heim. 

I dag stoppa vi og handla litt på Kiwi på heimvegen. Det hadde snødd ganske mykje mens eg var vekke også, så det vart ein bra jobb å ta tunet. Verst er det med dei store klumpane som plogen legg att. Eigentleg synest eg det er ok å moke snø, men det er litt irriterande at ikkje før har ei shina opp så snør det igjen. Eg veit ikkje kor lenge eg var ute i dag, men eg vart i alle fall svolten. I dag vart "middagen" makrell i tomat på skive. Ikkje det aller beste eg veit, men eg et stort sett det meste.

Foten min er vond når den må vere nede i skoen, elles er det ikkje så gale. I morgon skal eg på røntgen klokka 13-i Volda. Eg køyrer ned til Vik og tek bussen derifrå. Eg må nok moke før eg fer i morgon også, for så lenge det ikkje frys til, vil bilen spinne i snøen. Elles skjer det ikkje så mykje, og det kan no vere like godt. No har eg fyrt godt i omnen, så skal eg slappe av ei stund. Eg får ikkje strikke for tida, for tommelen på venstrehanda streikar igjen, og eg vil at den skal vere bra til eg får garnet som Solveig har bestilt til meg.

Eli ringde i går kveld og vi prata ei heil stund. I slutten av månaden skal vi ha årsmøte  i pensjonistlaget, og no har eg tenkt at eg må  ut av styret etter å ha site der i 11 år. Eg har eigentleg likt å vere i styret slik at eg har noko eg skulle ha sagt. Men nok er nok.


Før moking.


 

onsdag, februar 09, 2022

Dagbok 2022: 9.februar

 


                          Bildet er tatt klokka 20.05. Ufyseleg ver ute


Klokka er no17.22, temperaturen ute er + 3 grader C. I dag har vi hatt snø, regn, hagl og torden -vêr. I går då det var så fint ei stund fekk eg mykje energi, det fekk eg ikkje i dag.

Som vanleg vakna eg i gryotta, men stod ikkje opp før det leid litt på. Spanskkurset begynner ikkje før klokka 11, så det er ingen grunn for å stå tidleg opp. Eg hadde litt problem med snøen på tunet, men kom meg opp på gata. Eg hadde grua meg til presentasjonen i dag, for eg hadde ei heil A4 side som eg hadde pugga, men ikkje var heilt trygg på. Eli har sagt at vi ikkje får stå og flagre med papir, så eg prøvde å greie meg utan, men måtte kike litt etter. Ho som kom etter meg las frå papiret sitt heile tida. Og ho har studert spansk før-.Men eg vart no ferdig med det, og lærte mykje sjølv.

Eg har vore frostig i heile dag. Dei andre på spansken syntest der var for varmt -eg fraus. Då eg kom heim varma eg blomkålsuppa frå i går. Sidan det ikkje var så mykje att,hadde eg oppi litt meir melk, og så fann eg på å ha fleire grønsaker i. Det var frosne grønsaker. Eg trudde det skulle bli godt, men det vart det ikkje. Likevel åt eg nesten alt, for eg vil ikkje kaste mat.

Eg var litt i tvil om eg skulle avbestille røntgen på fredag, for foten er ikkje så veldig dårleg-i alle fall ikkje når eg sit i ro. Og så fann eg ikkje bussrutene på nettet. Men Marit kunne fortelje at eg skulle ringe 177 på telefonen , så ville eg få hjelp . Og det gjorde eg, så no blir det til at eg fer til Volda på fredag. Problemet er at foten er litt hoven enno, så det er vondt å ha på seg sko. Og vondt etter at eg tek dei av.

Eg sette meg inn i godstolen, med Margrete-pleddet rundt meg og TV-en på, eg trur eg sovna litt i dag også. No skal eg gå inn og legge i omnen og få det skikkeleg varmt, eg fyrte opp i dag tidleg også, men når eg sit så mykje i ro, er eg frostig. I morgon er det trening igjen, eg veit ikkje om Marit har bestilt Taxi-men ho snakka om det. Det er fysioterapeuten som må bestille viss vi skal ha det på "Pasientreiser". 

Eg skulle ta eit bilde av vêret i dag også, men telefonen var tom for straum, så den ligg på lading-no er den komen opp i 7%.

tirsdag, februar 08, 2022

Dagbok 2022: 8.februar

I dag fekk eg sjå sola skine inn i huset til meg, både klokka 13 og klokka 15. Bildet over er tatt klokka15.
Men det skya over igjen og no regnar det. Klokka er 17.35 og temperaturen ute er + 3 grader.

Det hadde heldigvis ikkje kome snø sist natt, så eg slapp å moke før vi for på trening. Etter treninga var vi ein tur på ALTI. Marit skulle ha medisin på apoteket, og eg kjøpte ein orkidé på Europris. Eg trudde den var kvit, men i betre lys såg eg at den var gul, og det var i grunnen finare. Handla litt mat på Spar.

Vi kom heim att i 12 tida og i dag fekk eg gjort unna mange småjobbar i huset. Tok opp tørre klede frå kjellaren, planta avleggarar, kokte blomkålsuppe og mykje meir. Der var så fine blomkål på Spar i dag at eg kjøpte meg eitt og laga suppe til middagsmat. Etterpå sette eg meg inn og sløva ei stund, før eg tok fram strikketøyet. Innimellon øver eg på spansken, det er i morgon eg skal fortelje om "Mi familia" på spansk. Og det er kjempevanskeleg å hugse alle orda. Men dei andre i gruppa er ikkje mykje flinkare.

No er det bekmørkt ute igjen-men i dag har vi no sett lyset.



mandag, februar 07, 2022

Dagbok 2022: 7.februar


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er + 2 grader og det har vore opplett i heile dag, måtte det berre vare! Eg vakna grytidleg i dag også , men stod ikkje opp med det samme. Litt seinare begynte eg å moke tunet. I dag var det tungt, for snøen hadde delvis smelta og blitt til vatn, men eg fekk no gjort det på den måten som var. Det går ikkje an å bruke fresar her på grunn av singelen.

Etter at eg var ferdig med mokinga, shina eg meg opp og tok ein tur til Vik med bil. Hadde litt problem med å rygge opp på gata, spann litt i singel og snø.Vegane ned til Vik var berre så der var det ikkje problem. Eg køyrde ned til ALTI og kjøpte  eit lite tørkestativ på Clas som eg må bruke no før eg får kjøpt meg ny trommel. Stativet var ikkje dyrt og eg fekk det inn i baksetet på bilen. Kjøpte litt garn på -nille for eg hadde strikka to lestebrot i går som eg ikkje hadde noko å skøyte på med. Eg er medlem på -nille så der blir det ikkje dyrt.Tenkte eg kunne kjøpe mat på Bunnpris så eg slapp å gå inn på andre butikkar. Der var det tilbud på Fjordland, så eg kjøpte ein porsjon til meg sjølv til middag. Det er første gong eg har kjøpt Fjordland og det blir kanskje den siste også. Kjøtt såg eg lite av, men resten var no heilt greitt

Men eg hadde god dessert, nemleg riskrem, av ein fløteskvett eg hadde+ noko av grauten som var att frå sist eg laga.

Eg vart så mett at eg måtte sitte og sløve ei stund før eg tok  fram strikketøyet. 

Ei lita stund i dag hadde eg sol inn i stova, men det var ikkje så klårt at eg såg sjølve sola, men det har i alle fall vore lyst. No håper eg berre på at det ikkje kjem meir nedbør, for i morgon er det trening,
I dag fekk eg brev om at eg har fått time på røntgen kl.13 komande fredag. Det går aldri lang tid for å få time der. Eg har vore på røntgen på sjukehuset i Volda veldig mange gonger, med hofta og føtene mine, så der er eg godt kjent.No er spørsmålet korleis eg skal kome meg dit, men eg får høyre med bussen. Så då har eg noko alle dagane resten av veka. Eg får slappe godt av i dag. I dag vaskar eg litt klede, kan ikkje vaske så mykje om gongen når eg skal tørke på stativet mitt-



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...