søndag, juni 13, 2021

Dagbok 2021: 13.juni

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 13 grader, og det er kald vind. Inne må eg ha på varmeomnar/ varmepumpe.Det er liksom ikkje sommar lenger, men eg håper varmen kjem att. Dagen i dag har vore litt slapp. Så snart eg var ferdig med frokosten gjekk eg i gang med å farge håret mitt, det var blitt nokså fargelaust dei siste dagane. Førre gongen eg farga vart det altfor møkt, nesten svart, så denne gongen hadde eg kjøpt ein farge som heiter "mørk blond"-men like mørkt vart det. Det er vel snart på tide å slutte å farge og la håret vere grått som det eigentleg er. Men det er noko som held meg att. Eg hadde ikkje lagt planar for dagen , men eg hadde fått melding frå Ingrid om at ho og faren ville komme ein tur og sette inn nokre ting i leilegheita, så eg ville no vere heime. Til middag i dag steikte eg den andre halvdelen av ørretpakken- den første tok eg for ei veke sidan. Det var like godt i dag og eg vart veldig mett. Elles brukte eg litt av føremiddagen på å fylle ut "husleige-papir". Ingrid og faren kom ei stund etter at eg var ferdig med middagen, dei bar inn noko og så for dei, eg trur kanskje dei skulle hente meir. Ja, eg snakka no sjølvsagt med dei, men dei ville komme att ein gong til og då skulle mora også få vere med, så då kunne vi ta papirarbeidet også. Eg kunne gått ein tur, men heldt meg heime i tilfelle dei kom att med eit nytt lass. Det vil no fort vise seg. Eg saknar sola og varmen-eg likar ikkje så godt å vere ute når det er kaldt. Eg likar også mykje betre å jobbe ute enn inne -når temperaturen er god. Men alt som veks set pris på regnet som kom. For morgondagen har eg ingen planar-men det dukkar vel opp eit kvart. Eg har alltid noko som er ugjort å gripe tak i. Ingrid og faren kom att med lass nummer to, og då var mora med. Vi prata litt på trappa, men utsette papirarbeid etc. til seinare. Veldig hyggelege folk.Då dei hadde fare, gjekk eg på Vernet ein tur.

lørdag, juni 12, 2021

Dagbok 2021: 12.juni

Klokka er no 20.15. Temperaturen ute er + 10 grader, og vi har hatt mange voldsomme regnbyger i løpet av dagen. I dag har det vore sundag i hovudet mitt, og eg strevar enno med å forstå at det berre er laurdag. Eg vakna tidleg i dag, men låg til ca 7.30. Eg hadde utsett fredagsvasken, men den vart eg tidleg ferdig med. Hadde så smått tenkt meg ned på ALTI i dag, men det vart ikkje noko av. I staden gjekk eg tur på Vernet på føremiddagen. Middagsmaten i dag vart det samme som i går, og etterpå sette eg meg til med kaffikopp og serie. Etter ei stund ringde det på døra-det var Helge som kom for å gjere ein jobb i kjellaren. Men det første han gjorde var å opne varmepumpa og ta ut "støvfangarane" og eg fekk beskjed om å støvsuge. Trur ikkje dei har vore støvsuga på mange år. Etter at han var ferdig i kjellaren, fekk eg han til å sjå på printeren. Han bala ei stund, men jammen fekk han den til å virke igjen. Det er eg glad for, for eg treng den verkeleg. Etter at Helge forsvann, gjekk eg opp til Marit, som planlagt, ho er heime åleine denne helga. Vi drakk kaffi og prata, eg skulle ned igjen til 19-nyheitene, men der var noko heilt anna. Heldigvis er det liv i fotballspelaren. Det blæs og regnar litt ute no, og temperaturen er ikkje så behageleg lenger, eg må ha på varmepumpa i stova. Eg fekk melding frå Ingrid som skal bu her til hausten om at dei kjem innom i morgon ettermiddag/kveld. Vi skal fylle ut skjema for utleigar/leigetakar. Solveig har printa ut skjema, men no kan eg fylle ut på data, om eg vil. Det blir viss meir fotball i løpet av kvelden, dei skal visst ta att alt dei har forsømt dei to siste åre. Men eg har ein SERIE......

fredag, juni 11, 2021

Dagbok 2021: 11.juni

Slangens kviledag! Klokka er no 17.08, temperaturen ute er + 15 grader C og det regnar. Akkurat då eg gjekk ut og skulle ta bildet av slangen vart det ein voldsomt regnskur, så eg vart våt til skinnet på ei lita stund. Men det tørkar vel opp att. I dag begynte det tidleg å regne, noko som førte til ein kviledag for meg. Eg shina opp kjøkkenet, bytte på senga og sette på vaskemaskina blant anna.Las ganske mykje i avisa også. Men så vart eg sittande ved PC-en og prate med Mimi, Bodil og Marit ei god stund før eg køyrde på butikken og handla. I dag hadde eg med meg panteflasker for 95 kr, så eg sparte litt betaling . Då eg kom heim laga eg yndlingsretten min til middag, eg har fått heilt dilla på salatar. I dag fekk salaten ein ny ingrediens, det var dei svarte olivenane.
Etter at eg hadde ete vart det kaffi og TV, eg harr to seriar som eg ser no, den eine kjem ikkje med ny episode før mandag. Når eg sit og ser TV saknar eg å ha eit "spøt", men så snart Solveig har kome godt i gang med genseren min er det meininga at eg skal overta. Det vart litt for vanskeleg for meg å begynne-forstod ikkje oppskrifta skikkeleg.Og då må dei flinke døtrene hjelpe den gamle mora si. Eg har ikkje tatt fredagsvasken i dag, den tek eg fort i morgon føre middag. Kva som elles skjer i morgon, veit eg ikkje, men søndag får eg besøk av den nye leigebuaren min. Trefte min "personlege elektrikar" på butikken i dag. Vi har avtalt at han skal komme og rydde opp i det elektriske. No kom Marit ein tur ned, så då må eg henge på kaffien.

torsdag, juni 10, 2021

dagbok 2021: 10.juni

Klokka er no 17.00. Temperaturen ute er + 21 grader, det er overskya men varmt og sommarleg. Fint arbeidsvêr for dei som har arbeidslyst. Eg er ikkje plaga med det i dag. Sidan vi ikkje begynner på treninga før klokka 12.30 om torsdagane, prøver eg å få gjort noko heime før eg fer. I dag støvsuga eg alle teppegolva mellom anna, før eg dusja og vaska håret. Det var litt tungt å trene i dag, for der var varmt til tross for opne vindu og dører. Vi skulle eigentleg handle opå Kiwi på heimvegen, men eg hadde gløymt å ta med meg handveska, så eg var utan pengar og sertifikat. Eg kunne ha køyrt heimom og henta , men utsette handlinga til i morgon. Marit handla mens eg sat i bilen. Då eg kom heim fann eg meg litt mat før eg sette meg til å sjå ein episode av "Love Child". Eg visste ikkje om eg skulle jobbe ute i dag så eg strauk nokre klede før eg bestemte meg for å renske ugras i bedet ved garasjen. I går jobba eg mykje, men i dag var eg ikkje så opplagt.Kanskje blei eg trøtt fordi sol-lyset mangla. I dag fekk eg melding frå Ingrid som skal bu her til hausten, ho og mora(?) ville komme innover og få utfylt husleigekontrakten på søndag. Det passar bra, for der er også andre ting vi må snakke om. Her er t.d. ikkje gardiner. Margrete har hatt Ingrid som elev, men så ville ho gå ei anna linje som er her i Ørsta, derfor flytta ho.Kva eg skal gjere i morgon er eg ikkje sikker på, men eg skulle ha vore og handla litt både her og der. Solveig og Øystein reiser til Bergen i helga, det er avslutning for studiet til Olaug. Eg forstår liksom ikkje at det er sommar, enda så fint vi har hatt det. Men dagane går og går utan at det er så store endringar. Eg ser fram til at alle kan bli vaksinerte slik at vi kan begynne å leve meir slik som før. Eg har lyst å gå ein tur på Vernet, eg skal sjå om eg har litt energi igjen til det.Eg trur eg går.
Det blei tur på Vernet. Mykje fint å sjå i naturen no, og lupinen har funne seg ein stad å vere.

onsdag, juni 09, 2021

Dagbok 2021: 9.juni

Klokka er no 16.50, temperaturen er + 25 graderC, det er lettskya og fint. Eg kom relativt tidleg i gang med plenklippinga i dag. Hadde tenkt å sette av Skråninga til i morgon, men fann ut at det var like greitt å gjere seg ferdig.Så er det ei veke til neste gong. Eg likar å klippe plen, sjølv om det kan vere litt plundrete her og der i mellom busker og tre.Eg var rimeleg sveitt då eg var ferdig. Då tok eg ein pause og såg TV før eg laga meg middag. Lettvint og godt i dag, Gilde karbonader - og jordbær med fløte til dessert. Eg vart trøtt etter å ha ete og la meg ut på altanen på solsenga, hadde med ei bok, som ikkje vart lesen. Då eg skulle stå opp att fekk eg så mykje lårkrampe at det tok si tid og komme på beina. I mellomtida var naboen komen i gang med plenslåtten sin, og hans plen er mykje finare enn min-det får eg berre finne meg i. Eg hadde tenkt å klippe litt kantar, men det er eit trasig arbeid når ein berre har ei handsaks å hjelpe seg med, men eg får vel ta meg ein tørn. Eg klipte no alle kantar førre veka så kanskje eg ikkje treng å ta det så nøye.I morgon er det trening igjen, og då kjem eg ikkje til å få gjere så mykje ute. Ja, hadde eg ikkje hatt hagen no sommars tid-hadde det blitt bra kjedelig.
Graset er alltid grønare på hi sida av "gjerdet".

tirsdag, juni 08, 2021

Dagbok 2021: 8.juni

Klokka er no 17.35. Temperaturen på trappa er +20 grader, men det er litt vind. Det gjer berre godt når ein jobbar. Eg gjorde ikkje anna før eg for på trening i dag enn å dusje, vaske håret og sette på ei vaskemaskin. Etter at vi hadde trena, handla vi på Spar. Eg skulle ikkje ha noko eigentleg, men enda opp med å handle for over 500 kroner. Det er meg vel unt. Eg har fått dilla på grønsaksalat, frukt og bær-det kostar å ete sunt! Då eg kom heim åt eg litt , så betalte eg rørleggarrekninga som eg fekk på e-post (Det har eg ikkje vore ute for før, men eg sjekka fodi har bad om e-postadressa mi. Smart å sleppe porto på brev) Så ville eg ut i hagen og jobbe. Tok først ein liten reprise på bedet nedanfor garasjen, det var fort gjort. Den andre jobben var tyngre og varte lenger. Eg gav meg til å ordne kanten mellom plenen og singelen nede under altanen. Ordna opp frå tilbygget til inngangen, det som er lenger inne har eg pusla litt med før. Det var eit trøttande arbeid, men etterpå skrudde eg på vatnet og vatna alle bed og plantar. Armane mine er heilt i orden i år, men knea er ikkje det, så eg blir fort trøtt i føtene, sjølv om det er hendene som "jobbar". I morgon er det "heimedag" så eg håper det blir fint vêr då også; viss ikkje så har eg nok å gjere inne også. Det er sjeldan eg kjeder meg for det er alltid noko ugjort.

mandag, juni 07, 2021

Dagbok 2021: 7.juni

Klokka er no 20.25, temperaturen på trappa er + 20 grader og vi har enno sol her hos oss, men ikkje så mykje etter klokka 9, trur eg. Eg var nettopp ut på trappa og tok bilde av det fine vêret, kjekt at sola kom att etter eit par dagars fråver. I dag stod eg ikkje opp så tidleg, men meir til vanleg tid. Eg hadde tenkt ut diverse jobbar som eg skulle gjere i dag. Det føste var å vaske stuevindua på utsida, skylle dei og spyle altangolvet. Det var ikkje så lenge gjort, eg er så glad i den lange slangen etter at eg i fleire år har slite med ein som var for kort. Men eg har ikkje vatna hagen i dag, sjølv om det såg rimeleg tørt ut. Etter at eg hadde ete noko som likna på middag sette eg i gang å rydde i tilbygget, der er altfor mykje ting og tang som eg ikkje treng-og mykje som eg MÅ ha der. Eg gjorde meg ikkje heilt ferdig i dag, for eg ville no vere litt ute også. Eg sette meg ut på altanen med ei bok, men det varte ikkje så lenge før eg fekk besøk. Det var Solveig og Øystein. Øystein hadde ærend til Volda, men Solveig vart att her. Det vart enda eit måltid med is og kaffi, det går mykje på det for tida. I morgon er det trening igjen, men eg håper å få styrt litt ute her også. Har ein hus og hage blir ein aldri arbeidslaus. Det er så kjekt å vere ute og "jobbe" og ikkje minst prate med naboane.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...