fredag, mai 14, 2021
Dagbok 2021: 14.mai
Klokka er no 16.30, sola skin og det er + 19 grader ute.På føremiddagen var det ikkje SÅ fint, då regna det faktisk litt, men det varte ikkje lenge.- I dag bestemte eg meg for å utsette fredagasvasken til i morgon og heller få gjort diverse anna. Eg kvidde meg litt for å køyre bil på allfarveg i dag, har køyrt innafor sentrum heile etterjulsvinteren og våren, og her på Vallabøen er fartsgrensa 30km/t. Men eg skulle i alle fall ned på Kiwi og handle mat. Men motet vaks og det blei til at eg køyrde bort på Plantasjen og kjøpte 2 sekker med kugjødselkompost. Då eg kom heim att angra eg på at eg ikkje hadde kjøpt nokre fine raude geraniar som eg hadde sett. Settepoteter gløymde eg berre. Der var veldig mykje folk på Plantasjen i dag, det skal vel pyntast til 17.mai? På heimvegen stoppa eg på Skeidar og kjøpte eit sånt lite bord som eg ønska meg. Treng det til å ha kaffikoppen og alle fjernkontrollane+ strikketøy etc. når eg ser TV. Mat handla eg på Kiwi. Då eg kom heim, bar eg eine sekken ned i hagen og fylte kugjødselkompost på plantane som eg fekk i jorda i går. Bringebæråkeren såg ikkje ut! Den var heilt attgrodd med skvallerkål. Eg bestemte meg for å reinske den heilt fint før eg gjekk inn att. Det tok meg over to timar, og ryggen protesterte , men eg gav meg ikkje. Tok ned ein stol, så eg kunne få retta ryggen og kvilt litt innimellom."Åkeren" vart ganske fin til slutt, men eg veit kor fort skvalleren kjem att, så eg har ingen falske forhåpningar. Strødde litt kugjødselkompost der også, og resten hadde eg på jordbæråkeren.
Etterpå vart det middag, same retten som i går; spekeskinke og potetsalat. Eg fekk litt is til kaffien som var desseten i dag. Så kvilte eg og såg ein episode på Netflix imens, men eg trur eg sovna litt. No har eg eigentleg lyst å gå ein tur på Vernet, eg veit dei har pynta der med over 130 flagg som dei har festa til gjerdestolpane, eg har sett det på Facebook. Men-eg må heller vatne plantane mine. Før om åra har eg alltid klipt plenen to gonger før 17.mai-i år spørst det om den blir klipt i det heile tatt. Eg tek kanskje og klipper over nedom huset i morgon, det vil tida vise. Eg passar Lollo mens Marit er vekke, men i dag har eg ikkje sette henne. Eg har vore ute og ropt på henne fleire gonger, og eg var opp til huset og såg etter henne der, men utan resultat.Håper det ikkje har hendt henne noko. Marit kjem att på sundag.
torsdag, mai 13, 2021
Dagbok 2021: 13.mai: Kristi Himmelfartsdag
Klokka er no 17.20, det var litt skodde i fjella først på dagewn, men så vart det sol og fint, ikkje heilt klårt, men lette skyer. På føremiddagen vart eg sittande å strikke og sjå serien "Love Child" på NRK TV, men så vart 1. sesongen slutt, og den andre er ikkje lagt ut enno. Men så kom eg meg ut etter kvart for å plante buskene eg kjøpte i går. Eg planta blåbær for to år sidan, men avlinga vart ikkje stor. Det var Wenche som sa at eg måtte plante ei buske til, for blåbærbuskene trivst ikkje åleine. Så no er det gjort. Eg kjøpte ei solbærbuske på Eid for 2-3 år sidan , den var det mykje fine bær på i fjor, så no prøver eg meg med ei buske til. Vi har planta solbær fleire gonger før, men det kom alltid sjukdom på dei. Eg har planta desse buskene i ei rad-der som sukkerertene var før, så jorda må vere god. Likevel trur eg at eg må ha litt kugjødselkompost å spe på med. Marit U kom bort og surde om eg ville ha jordbær-avleggarar, og det ville eg, i fjor fekk eg også plantar med henne og planta ei rad i den gamle jordbæråkeren, no planta eg ei rad til. Og så var det å vatne! Det var faktisk ganske tørt ute, noko som viste godt på den gjødsla plenen. Planen var at gjødselen skulle "brenne" bort mosen og det har den gjort med glans, heile plenen er brunflekkete, så den fekk også litt vatn frå slangen. Eg blir fort trøtt når eg jobbar med noko, mest i beina, så det vart ikkje til at eg gjekk tur i dag. Då det nærma seg middagstid lurte eg på kva eg skulle ha i dag. Då kom eg heldigvis på at eg hadde kjøpt spekeskinke og potetsalat på Coop i går, så middagen vart redda. Eg tok med kaffikoppen ut på altanen etterpå og sat i sola og kosa meg. La meg ned på solsenga ei stund også, med lydbok, men sovna heldigvis ikkje. No har eg nok å gjere med å drikke. Det er straffa for å ete spekeskinke! I morgon skal eg kanskje kjøpe det vi ikkje kjøpte i går, viss det ikkje er altfor mykje trafikk-i går var det enormt med bilar ute og fór. Vi får heldigvis eit par kvardagar før neste dobbelthelg.
onsdag, mai 12, 2021
Dagbok 2021: 12.mai
Klokka er no 18.18, temperaturen ute er + 15 grader, det er lettskya og fint.I dag hadde eg avtale med Margrete om ein lopradag. Det vil seie at vi ikkje skulle ha plikter, men gjere det vi hadde lyst til. Margret kom hit i 12-tida, og så bestemte vi oss forå fare til Ulsteinvik - min tredje tur dit på vel ei veke. Men eg hadde no berre vore på "Øre Nese Hals"- dei to første gongane. I dag tok vi ein runde på dei fleste klesbutikkane og såg på mykje fint-og mindre fint-utan å kjøpe noko. Men vi var på kafe og kjøpe nydelig Kvæfjordkake og kaffi. Vi vart samde om at det var like mykje å få kjøpt i Ørsta/Volda, så vi trong ikkje å kjøpe noko der ute. Vi reiste til Volda, men tok ein liten avstikkar ned i Selbervika. I Volda blei det til at eg kjøpte meg garn til ein genser, vi handla med Ingrid Salt som er kollega med Margrete på skulen i tillegg til at ho driv garnbutikk. Derfrå for vi på Plantasjen, vi gad ikkje å kjøpe mold i dag, men eg kjøpte ein blåbærbusk og ein solbeærbusk som eg skal plante i hagen min. Eg har tenkt å bruke kompostjorda som eg har til det. Vi spurde om dei hadde settepoteter, og det hadde dei, men vi ville lage til åkrane før vi kjøpte. Så vart siste stoppet Coop der eg kjeøpte diverse matvarer, og så var vi inn på kafeen og kjøpte oss hamburger og brus. Og vi var samde om at det hadde vore ein kjekk dag/tur. Det som var viktig for oss i dag var å gjere noko vi hadde lyst til-og det har vi gjort.No er eg heime med meg sjølv og Margrete på veg heim til huset sitt og Charlie.
Då eg såg på datoen i dag, kom eg i hug at far min døde den 12.mai. Det er 60 år sidan no. Eg hugsar at då han låg på sjukehuset i Volda, var eg ein tur til Eid. Då plukka eg med meg greiner av det ville kirsebærtreet som stod i blomst. Pappa var alltid så glad i blomster. I dag blomstrar plommetrea litt meir enn i går, så snart er det fullt flor,då får vi håpe at humlene finn fram i år også.
Det er som ei helgeaftan i dag, så eg får ønske god helg. Det var utruleg mykje trafikk på vegane i dag, men Margrete er ein habil sjåfør, så alt gjekk bra.Det grønkast mykje i skogen no om dagane, så her er snart like fint som ute på kysten.
tirsdag, mai 11, 2021
Dagbok 2021: 11.mai
Klokka er no 15.55, temperaturen ute er eventyrlege + 18 grader, det er skya og litt vind. Men herleg å kunne sette opp dører og glas for skikkeleg gjennomlufting. Eg har nettopp støvsuga alle teppegolva, så no er det gjort til helga. I dag vakna eg klokka sju , men låg til nærmare halv 8. Drosjen var bestilt til klokka 9.30 så vi hadde god tid til å gjere oss klar. Då drosjen kom var det nærmast ein MAXI-TAXI. Det som eg kjekt med slike høge bilar er at ein får sjå seg så godt rundt, sjåføren var flink, har køyrde jamnt og bra fort. Det var så fint å sitte å nyte den fine naturen langs vegen. Vi kom fram i god tid og slapp å vente så lenge. I dag berre kika legen inn i øyrene, nasa og halsen min, så fekk eg kome inn til ei dame som testa hørselen. Eg fekk sjå resultatet på ei kurve, så det er ikkje tvil om at eg har nedsett hørsel. Eg hadde ein prat med ho som testa og ho anbefalte høyreapparat på begge øyra. Eg skal ut att den 6.august, eg syntest det var lenge til, men sommaren går fort. Marit skulle også få nye høyreapparat, så vi fekk time i lag.
Det var samme bil ogsjåfør som køyrde oss heim. Det er Marit som ordnar med taxi, for det har ho lang erfaringstid i. Begge gjekk gratis fordi dei påstår at eg også har frikort-men eg har ikkje fått melding om det. No er det slik at lege, fysioterapi og medisin kjem inn på samme konto, derfor får ein nokså snart frikort viss ein brukar tenestene. Eg har ikkje vore til lege sidan i fjor vår, men har gått på trening. Heimturen var også fin, eg hadde no eigentleg hatt lyst å vore att i Ulsteinvik ei stund, men i morgon skal eg på shopping med Margrete viss det går etter planen.Ser fram til det.
Bilda er frå venterommet.
Då eg kom heim laga eg meg ei grønsaksuppe, og til dessert vart det pannekake av røra frå i går. Etter maten slappa eg av litt og såg nyheiter på TV, før eg tok fram støvsugaren og støvsugde alle teppegolva. Det blir ikkje gjort så ofte som før-no når eg er her så mykje åleine. No har eg tenkt meg ut i hagen ei stund, tok opp ei bøtte med løvetannrøter i går kveld også, men der er mykje att. Det ser endeleg ut til at plommetrea vil blomstre no, ute i Ullsteinvik var det kome mykje lenger.
mandag, mai 10, 2021
Dagbok 2021: 10.mai
Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 16 grader C, det var litt sol tidlegare i dag, men no er det overskya. Denne dagen fekk ein "flying start" for mitt vedkomande, dusja og vaska håret før eg åt frokost.Så ringde eg på legesenteret og det var ingen ting i vegen for at eg fekk spylt øyra mitt, men ikkje i dag. Eg sa at eg skulle til Ulsteinvik i morgon, og viss eg kom med voks i øyret blei eg sendt heim att. Då fann ho litt tid til meg, og det skulle ikkje mange minutta til før øyret var reint. Ikkje var det vondt heller. Når eg har vore til øyrelege før, har eg alltid spylt øyra først, men då var det berre å gå på legekontoret og sette seg i venterommet for laboratoriet-trong ikkje bestille time. Etter skyllinga tok eg ein tur på Europris og kjøpte vaskepulver og andre reingjeringsmiddel. På heimvegen stakk eg bortom gravplassen og såg til påskeliljene på grava. Dei står fint enno.
Etter at eg hadde bytta på meg arbeidsklede gjekk eg ut og gjødsla plenane mine.Eg hadde to sekker med gjødsel, men skulle gjerne hatt meir, for der er så mykje mose alle stader. Så gjekk eg inn att og begynte å vente på ei regnbyge, men den er ikkje komen enno. Det hadde regna sist natt, så eg håper det kjem ei byge til natta om ikkje før. Eg laga meg pannekaker til middag og etterpå vart eg så trøtt i dag igjen, at eg sat og halvsov då Marit kom. Ho hadde fått melding om at ho skulle gå inn på "Pasientreiser". Men ho fekk det ikkje tl, så ho skulle vente til Janne kom heim. Seinare sende ho melding til meg om at ho hadde snakka med dei på Taxi-sentralen, og vi får lov å sitte i samme drosjen begge to. Han hentar oss her klokka 9.30 i morgon tidleg. Så vi kjem oss i alle fall TIL Ulsteinvik, så blir det vel råd å komme seg heim også, då er det ikkje så nøye med tida. Der går vel ein buss? Eg følte på at eg har vore litt lat på ettermiddagen, så eg trur eg skal gå ut og ta opp eit par bytter med løvetannrøter, no begynner dei å bli så store at dei er letteå finne.
søndag, mai 09, 2021
Dagbok 2021: 9.mai.
Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle plenane i dag, men det får eg heller gjere i morgon.I dag fekk eg melding frå Bodil om at dei ville komme på besøk og det var no veldig kjekt. Eg bad om at Svein måtte ta med seg verktøy til å måle lufttrykket i bildekka mine, for eg hadde mistanke om at det var faretruande høgt, og det var det. Men no er det i orden. Svein såg også etter andre ting på bilen, og fann ut at det var i orden. Elles hadde vi veldig mykje å prate om , som vanleg, og denne gongen var det VELDIG lenge sidan vi hadde møttest. No er både Svein og eg ferdigvaksinert, og Bodil har fått første Pfizer-sprøyta, så vi følte oss trygge. I dag fekk eg eit nytt maleri som Svein hadde malt etter eit gammalt maleri. Det er frå Eid i veldig gamle dagar. Elles driv eg og drypper øyret mitt i tide og utide, håper å få skylt øyra på legesenteret i morgon, så det ikkje blir enda ein bomtur til Ulsteinvik. Eg har lyst å gå ein liten tur no, får høyre med høgre kneet om det går bra.
Det vart ein snartur på Vernet i dag også.
lørdag, mai 08, 2021
Dagbok 2021: 8.mai
Klokka er no 21.25 og temperaturen ute er + 4 grader C. Sola skin på andre sida av fjorden, men her hos oss har den tatt kvelden. I dag har det veksla mellom sol , regn og haglbyger. Eg var ute ei stund på føremiddagen og tenkte å jobbelitt i hagen, men vinden var iskald. Eg fekk rydda aldri så lite og tok opp eit par bøtter med løvetannrøter. Dei var mindre komne enn vanleg på denne tida. Plommettrea står enno med knoppar som ikkje har sprotte ut-det er sein vår. Eg gjekk inn att for å varme meg, og brått styrtregna det. Eg hadde gløyt å stille opp varmepumpa så det vart til at eg måtte fyre litt i omnen for å halde varmen. Det varte ikkje så lenge, så var det tid for middag og den vart lettvint: Restar frå i går. Eg vart så mett at dpå eg sette meg inn i godstolen, sovna eg ei lita stund.Men eg var vaken då Marit ringde på. Vi hadde avtalt at ho skulle komme nedom. Vi prata og drakk kaffi ei stund, så ringde det på igjen. og no var det Solveig. Hadde vi venta litt med kaffien så hadde vi hatt god kaffimat, for Solveig hadde med seg heimelaga "kanelbollar eller eg er ikkje heilt sikker på kva det heiter når det er gul krem på toppen. Marit gjekk opp att etter ei stun, men eg smakte på baksten, men fraus ned det meste for ikkje å bli frista. Så vart eg sittande å sjå på TV-på presentasjonen over MGP låtar-Eg har vanskeleg for å vurdere innslaga, trur musikksmaken min er ute på dato. Elles har eg brukt litt tild på å dryppe øyret mitt, for eg finn meg ikkje i at han "spesialisten " grev meg i øyret med tortur-reiskapane sine. Det er på tysdag Marit og eg skal til Ulsteinvik igjen-forhåpentlegvis i samme drosje.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...













