tirsdag, mai 11, 2021

Dagbok 2021: 11.mai

Klokka er no 15.55, temperaturen ute er eventyrlege + 18 grader, det er skya og litt vind. Men herleg å kunne sette opp dører og glas for skikkeleg gjennomlufting. Eg har nettopp støvsuga alle teppegolva, så no er det gjort til helga. I dag vakna eg klokka sju , men låg til nærmare halv 8. Drosjen var bestilt til klokka 9.30 så vi hadde god tid til å gjere oss klar. Då drosjen kom var det nærmast ein MAXI-TAXI. Det som eg kjekt med slike høge bilar er at ein får sjå seg så godt rundt, sjåføren var flink, har køyrde jamnt og bra fort. Det var så fint å sitte å nyte den fine naturen langs vegen. Vi kom fram i god tid og slapp å vente så lenge. I dag berre kika legen inn i øyrene, nasa og halsen min, så fekk eg kome inn til ei dame som testa hørselen. Eg fekk sjå resultatet på ei kurve, så det er ikkje tvil om at eg har nedsett hørsel. Eg hadde ein prat med ho som testa og ho anbefalte høyreapparat på begge øyra. Eg skal ut att den 6.august, eg syntest det var lenge til, men sommaren går fort. Marit skulle også få nye høyreapparat, så vi fekk time i lag. Det var samme bil ogsjåfør som køyrde oss heim. Det er Marit som ordnar med taxi, for det har ho lang erfaringstid i. Begge gjekk gratis fordi dei påstår at eg også har frikort-men eg har ikkje fått melding om det. No er det slik at lege, fysioterapi og medisin kjem inn på samme konto, derfor får ein nokså snart frikort viss ein brukar tenestene. Eg har ikkje vore til lege sidan i fjor vår, men har gått på trening. Heimturen var også fin, eg hadde no eigentleg hatt lyst å vore att i Ulsteinvik ei stund, men i morgon skal eg på shopping med Margrete viss det går etter planen.Ser fram til det.
Bilda er frå venterommet. Då eg kom heim laga eg meg ei grønsaksuppe, og til dessert vart det pannekake av røra frå i går. Etter maten slappa eg av litt og såg nyheiter på TV, før eg tok fram støvsugaren og støvsugde alle teppegolva. Det blir ikkje gjort så ofte som før-no når eg er her så mykje åleine. No har eg tenkt meg ut i hagen ei stund, tok opp ei bøtte med løvetannrøter i går kveld også, men der er mykje att. Det ser endeleg ut til at plommetrea vil blomstre no, ute i Ullsteinvik var det kome mykje lenger.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...