onsdag, februar 17, 2021
Dagbok 2021: 17.februar
Klokka er no 16.20, temperaturen er + 6 grader C og sola skin inn vinduet-enn så lenge. Eg har nettopp vore ute og gått ein liten tur, men eg blei så fort trøtt i beina i dag, eg gjekk med piggskor, eg visste ikkje at vegane var delvis berre, så eg måtte gå litt ut på sida.
I dag hadde eg ein plan. Eg skulle vaske ned badet, og eg hadde tenkt ut noko som eg trudde var lurt.Eg gjekk ut i garasjen og henta bilsjampo og svamp. Det skulle eg bruke på dusjkabinettet, eg trudde det skulle bli fint-og det blei det egentlig også. Det er eit styr å vaske badet, tusen ting skal ut og tusen ting inn att. Og det er vanskeleg å komme TIL alle stader. Eg gjorde så godt eg kunne, og det får vere bra nok. Eg vaska kjøkkengolvet i samme slengen, så no seier eg meg ferdig med "fredagsvasken". Eg hadde tenkt å leve på frukt og grønsaker i lang tid framover, men magen min likte ikkje det. I dag fekk eg ein god ide, trudde eg, eg ville lage amerikanske pannekaker. Eg fann fleire oppskrifter på nettet, men landa på Tine sin. Eg laga røra, og mens den stod og godgjorde seg, las eg ut siste resten av ei bok. Ikkje for å skryte, men pannekakene blei veldig gode -altfor gode eigentleg, enda eg berre hadde blåbærsyltetøy på dei. Eg fekk litt dårleg samvit fordi eg åt så godt, at eg måtte gå ein liten tur. Men eg vart så trøtt i føtene at det var ikkje så kjekt. Gjekk ganske mykje i går, etter trening, så det var kanskje ikkje så rart. I morgon er det trening igjen frå 12.30-13.30, det er ei dum tid, for ein øydelegg både før- og ettermiddagen. Eg treng å komme i sving tidleg på dag om eg skal få gjort noko. Og eg har mykje eg skal gjere inne før utesesongen tek til.I dag har dei skrapa vegane, og lagt den skitne snøen oppå den reine, men det er vel ikkje anna å gjere. All is og snø på altanen nedover er borte vekk, og snart er det ingenting att på altanen over tilbygget heller, det er rett og slett vårleg ute-men det kan komme mykje vinter enno. I dag har barndoms-og ungdomsvenninna mi fødselsdag-ho fyller 81 år.Sidan eg veit at ho les bloggen min av og til gratulerer eg henne her: Gratulerer med dagen AMBJØRG ! Viss eg ikkje tek feil er det vinterferie neste veke. Eg hadde håpa at eg hadde fått vaksine før den tid. I morgon er det vaksinering her, men verken Marit eller eg har fått innkalling. Det beste hadde vore om vi fekk den vaksinen som ein skal ta berre ein gong, men det blir for lenge å vente på.No held sola på å gå ned bak fjella i sør-vest. Eg har ikkje fyrt i omnen dei siste dagane-det har vore varmt nok utan.
Bøker 2021: Bok nr.14: Etter det kom sommeren
Denne boka har eg lese på papir. Eg har lese den på senga om kveldane, men i dag tok eg meg tid til å lese resten før middag.
Det er vanskeleg å forklare kvifor eg likte den så godt. Det er ikkje fullskrivne sider, men ein liten tekst på dei fleste av sidene, og heile historia blir ikkje fortalt frå A til Å, men til saman blir alle dei små tekstane ein heilskap.Og så blir ein liksom MED-diktar. Heile boka er på ca.340 sider, men historia er ikkje SÅ lang. (Eg likar best tynne bøker) Det er ofte vanskeleg å forklare kvifor ein likar ei bok, eg veit det ikkje alltid sjølv heller.
tirsdag, februar 16, 2021
Dagbok 2021: 16.februar
Klokka er no 16.12, temperaturen ute er + 4 grader og det er opplett. Då eg stod opp i dag, var himmelen klår og etter kvart kom det sol i stova, ca 9.25. I dag var det trening, men før vi kom så langt hadde eg gjort litt husarbeid og sett meg til å strikke. Etter treninga var eg ein liten tur innom Spar, det var noko eg trong til brødbaksten - kanskje i morgon. Då eg kom heim hadde eg frå meg varene, men bestemte meg for å gå ein tur mens eg hadde ytterkleda på.Eg trefte på naboen med det samme eg kom ut og ho fortalde at no var det fint å gå på Fonnvernet for dei hadde laga brei veg. Så eg bestemte meg for å ta den turen i dag-og det gjorde eg. Men det var berre på sjølve muren det var brei veg, på andre sida var det same gamle,smale råsa som før. Men det gjekk heilt fint å komme seg rundt når eg gjekk i piggskor. Eg har også vandt meg til å gå med ein stav, mest for å rette meg opp i ryggen, men den hjelper meg på ein annan måte også - kanskje med balansen? Då eg kom heim og såg på klokka hadde eg jammen vore vekke ein time i dag også. Eg laga ikkje middag i dag , men tok eit par brødskiver, det er no greitt nok somme dagar. Etter måltidet sette eg meg til å strikke, så eg har halde meg vaken til denne tid. Det skjer ikkje så veldig mykje om dagane, og det er kanskje det beste. Det var nokon som la inn bilde på FB frå vinteren 1979. Då var det veldig mykje snø, og det gjekk ras på Engeset, der tre menneske mista livet og fleire hus gjekk med. Det er ikkje så langt frå der vi bur, men eg trur ikkje det er fare for skred her. Eg hugsar den dagen då alle som kunne var med og grov. Nils var der også. Elles så minte naboen meg på at det er "Grautatysdag" eller "Feitetirsdag" som vi sa, i dag. Det hadde ikkje eg kome på. Men eg skal ikkje lage rømmegraut i dag. Har ei heil skål med ferdigkokt graut i frysaren, men den tek eg ikkje opp når eg er her åleine. Naboen i nr.5 var innom ein tur, og ho hadde vore heldig. Ho hadde handla mat for over 500 kr på Spar, og då ho var på veg heim fekk ho melding på telefonen om at ho hadde "vunne" like mykje pengar som varene kosta; pengane var sett inn på truf-kontoen hennar. Dette er visst noko som skjer 4 gonger for veka, men det har aldri hendt meg. Det kan vere lurt å handle mykje i gongen i tilfelle.......
mandag, februar 15, 2021
Dagbok 2021: 15.februar
Klokka er no 16.45, temperaturen på trappa er + 3 grader. Det er ingen vakker solnedgang i dag, heller ikkje strålande bilde av sol og snø. Eg skal innrømme at eg saknar sola, men det er deilig med mildare luft. No tinar isen på altanen og sikker alle anndre plassar, men kvar skal det bli av vatnet-når snøen smeltar, det er store mengder vi snakkar om. Det blir spennande å sjå. I dag hadde eg store planar om å gjere mykje i huset, men eg vart ikkje enig med meg sjølv om kvar eg skulle begynne. Til slutt valde eg "roserommet" og fekk all julepynten ned i kjellaren, og dukane på plass i skuffa. Eg sette i gang ei vaskemaskin, og så ei til etterpå, etter at eg hadde bytta på senga. No står første ladninga på tørk i trommelen. Eg gjekk ikkje tur i ein heil time i dag, for før eg gjekk ut hadde eg vaska og tørka håret, men så regna det såpass at eg måtte inn att å tørke meg. Eg hadde avtalt å drikke kaffi med Marit kl.14, så då var i grunnen arbeidsdagen over. Marit hadde kake frå i går så der rauk slankekuren i dag også. No har eg ete suppe også, og der er nok til ein dag til.Det er merkeleg å sitte her attmed PC-en utan at omnen er på-og ikkje fryse. I går såg eg "The Crown" -men så var der brått ikkje fleire episodar. Er der berre 4 sesongar? Eg synest det er merkeleg at det går an å lage slike seriar om folk som enno lever; det er mange som blir utlevert! Eg hadde tenkt å begynne å "vaske ned"- det vart ikkje i dag, og det blir ikkje i morgon, for då skal vi på trening. Marit og eg diskuterte litt om vi kan køyre i morgon eller om vi må ha taxi. Eg trur det går an å køyre, men det trur ikkje ho. Eg trur det blir snart berre vegar viss temperaturen held seg godt over 0. Eg er i grunnen litt lei av restestrikk, men i dag rydda eg litt i garnrestane og fann ut at eg sikkert kan få til noko meir. Synest ikkje eg kan kaste alle garnrestane heller. Eg har ein annan serie eg kan sjå -på NRK TV mens eg strikkar. På Møre-Nytt sine nett-sider kan eg sjå at dei forventar + 10 grader når det lid mot helg igjen. Ja, det er ikkje meg imot. Neste veke er det vel vinterferie, eg hadde håpa på at eg fekk 1. vaksinen før den tid, men slik ser det ikkje ut.
søndag, februar 14, 2021
Dagbok 2021: 14.februar. Morsdag. Valentins dag. Fastelavn.
Klokka er 16.15, temperaturen ute er minus 2 grader og sola varmar ikkje så godt som før, fordi det har lagt seg eit tynt lag med skyer over himmelen. Det er vel slutt på det finaste vêret som har vart i nesten 2 veker. I går kveld slapp eg å kveike opp i omnen fordi huset var oppvarma av sol. No er det ikkje så lenge før sola går ned for i dag. I dag før middag sette eg meg til å strikke med det samme eg hadde ete frokost og rydda på kjøkkenet. Eg hadde gjort ein feil i går, men fekk retta på det i dag. Menyen for i dag var grei. Eg hadde kjøpt masse grønsaker som eg skulle lage suppe av. Somme grønsaker var nye for meg, men eg er alltid klar for noko nytt i matvegen. Eg laga suppa ferdig, og så laga eg riskrem av noko av grauten eg hadde frå i går. Og så gjekk eg tur i ein time. Marit U gjekk i lag med meg eit godt stykke, men ikkje heile runda mi.
Eg venta litt før eg tok middag.Suppa var klar, trong berre litt salt,for grønsakene er veldig søte.
Suppa var god, og den fine fargen fekk den av raudbetar som var ein del av blandinga eg hadde kjøpt. Eg åt godt og med godt samvit sidan eg meiner der er relativt få kaloriar i slik mat. Verre vart det då riskremen kom på bordet- då vart det litt for mange kaloriar likevel fordi eg ikkje greidde å la vere å ete for mykje. Kom i hug Lady Diana som hadde bulemi- men eg stakk ikkje fingrane i halsen slik som ho. Eg har fått ein stygg vane i denne koronatida, har hatt for god tid til å lage mat, sidan eg ikkje får gjort så mykje anna. Men så trøsta eg meg med at det er morsdag-utan kake, og fastelavn - utan bollar. Så då får det passere. Ser fram mot vår og hagearbeid så eg får litt anna å tenke på enn mat-og strikketøy. Då koronatida sette inn i fjor vår vaska eg ned både bad, kjøkken og stove m.m. Kanskje eg må ta reprise i år. No kan eg i alle fall rydde vekk resten av julepynten. Eg ventar kvar dag på at eg skal få melding om vaksinering-men no trur eg dei set inn mest muleg der som det er store utbrot-og det meiner eg er rett. No går sola ned og då kan eg sette på Netflix og fordjupe meg i det engelske kongehuset- mens eg strikkar.
Håper alle har ein fin dag!
lørdag, februar 13, 2021
Dagbok 2021: 13. februar
Klokka er 16.43, og sola held på å gå ned bak fjella. Temperaturen ute er no minus 4 grader. Tidlegare i dag var den oppe på 0.Det har vore enda ein fin dag. Hittil har februar vore den finaste på det eg kan hugse- i alle fall for oss som har hatt sol.
I dag starta eg dagen med å rydde kjøkkenet og vaske opp etc. Gjorde litt anna husarbeid også før eg gav meg ut på tur klokka 12.30, gjekk ein times tid rundt på Vallabøen, men trefte berre ei eg kjende i dag. Elles var det mykje folk på Fonnvernet, men dit skal eg ikkje før det blir bert-trur eg. Ungane akar på "madrassene" sine frå Fonnvernet og ned. Eg hadde tatt av meg brillene for å ta på solbriller, men først då eg var på toppen av Storebakken, merka eg at eg gjekk utan briller. Ser like godt utan, når eg ikkje skal lese eller gjere anna arbeid. Då eg var heime att sette eg meg til med litt "spansklekse" før middag. Då ringde det på døra og der stod "blomsterbudet" med ein nydeleg blomsteroppsats frå dei tre barna mine -i anledning morsdagen. Det var veldig kjærkome med blomster no, for eg har ikkje mykje som pryder opp. Eg har rett og slett ikkje tort å kjøpe blomster, så kaldt som det har vore. Sammenplantinga som eg fekk av Einar til jul, står no på vent her på datarommet, i håp om at den vil blomstre opp att seinare. Til middag i dag laga eg graut av resten av jasminrisen som eg hadde til middagen i går. Eg har kokt graut av jasminris før, men denne var veldig gjenstridig, den ville ikkje bli skikkeleg mjuk, men berre voks og voks. Mett vart eg i alle fall. No har eg opna restekassa og lagt opp eit nytt strikketøy, det er litt morsomt å sjå kva ein kan lage av garnrestane - det blir mest lestar, ser det ut til. Elles skjer det ikkje mykje, men eg har alltid noko å halde på med, så eg kjeder meg ikkje. No når sola er vekk, kan eg for eksempel sjå "The Crown"- det er Diana som er hovudperson no-enn så lenge.
Eg vil ønske alle mødrer ein fin Morsdag- så får alle feire Valentin, kven han no ein gong er-og ikkje minst så er det fastelavn. God helg !
Huset ytst i Starevegen er selt. Der har pågått restaureringsarbeid aldri så lenge. Huset er nyare enn vårt.
fredag, februar 12, 2021
Dagbok 2021: 12.februar
Klokka er no 17.03, temperaturen er alt komen ned i minus 7 grader. Eg har sete her attmed datamaskina ei stund, og merka ikkkje akkurat kva tid sola forsvann, men eg kjenner på temperaturen at det er ei stund sidan.Vi har det framleis fint og kaldt-men så lenge det er sol, så klagar ikkje eg. I dag hadde eg tenkt meg ned på ALTI tidleg på dag før der vart så mykje folk, men det var mange som hadde tenkt det samme.Eg trefte mange eg kjenner. Eg skulle mellom anna ha sjampo etc.og då må eg ned til Mariann. Mat etc. handla eg på Kiwi. Då eg kom heim bytta eg berre på meg andre skor og så gjekk eg ein tur på Vallabøen, litt kortare enn vanleg fordi eg må passe på kneet mitt. Eg kom heim att litt tidlegare enn eg plar, så eg måtte vente litt med middagen, som var restar frå i går. I mellomtida øvde eg litt på spanskkurset på You tube. Etter middagen har eg sete og forfatta eit brev til Telenor- og slikt tek litt tid for meg. Elles får eg vel lage meg eit spøt så eg har noko å henge fingrane borti. I går kveld måtte eg kveike litt i omnen , for når eg ikkje strikkar blir eg meir frostig.I dag trur eg sjølvsagt at det er laurdag, men sidan eg veit at det er fredag vil eg ønske alle ei god helg med mykje sol.
I tillegg til at komande sundag er både morsdag, fastelavn og Valentinsdag, hadde naboen Peder fødselsdag den 14.februar. Ein gong snakka han om at det var noko spesielt som skjedde på 5-årsdagen hans i 1945. Det var då Dresden vart bomba. Ingunn , kona hans spurde så om vi visste kva som skjedde på hennar 5-årsdag. Det var ikkje så vanskeleg, for ho fylte 5 år den 6.august 1945. Eg tenkjer på dei to ofte, det var gode naboar, og i dag såg eg på blodbøken som Peder planta i si tid, og passa på å klippe den ned, så den ikkje vart for stor. I dag stod den så fin med snø på toppen. /Bildet)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...











