tirsdag, oktober 06, 2020
Dagbok 2020: 6.oktober
Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 14 grader C og sola skin, det har vore fint i heile dag, men eg har ikkje vore ute. Kanskje tek eg ein liten tur om ei stund.
I dag var det trening frå 11-12. Marit og eg hadde planlagt å fare på apoteket for å få influensa - vaksine etter treninga. Då vi kom dit måtte vi trekke kølapp og så vart det mange spørsmål å besvare før vi fekk sette oss ned att og vente på tur. Eg kom først inn og etter eit lite intervju fekk eg endeleg sprøyta. Eg måtte sette meg ut att i apoteket og sitte i ro i 20 min. Så kom Marit inn og ho vart der lenge + at ho også måtte sitte i ro i 20 min. Vi hadde tenkt oss på kafé mens vi venta - men den gjekk ikkje.
Klokka var nærmare 14.00 då vi kom heim. Øystein og Solveig var komne før. Øystein mala utedøra eitt strøk. Han har tenkt å ta eitt til. Eg var veldig fornøgd med fargen, vi har hatt den same fargen ein gong før. Dei som ser nokre kvite kantar skal vite at det er maskeringsteipen.
Eg laga ei røre og steikte sveler på takka, det er lenge sidan den var framme. Dei skulle ikkje ha middag her, for dei hadde fårikål heime.
Har ikkje gjort noko ute i dag, men som sagt kan eg tenke meg å gå ein tur no snart. Imorgon er det spansk-kurs frå 11-13- og då må eg kunne leksa mi så eg får øve litt meir i kveld.
Det vart ein liten tur på Vernet i dag også, møtte diverse naboar på vegen og slo av ein prat.
mandag, oktober 05, 2020
Dagbok 2020: 5.oktober,
Klokka er 17.40, temperaturen er + 14 grader og no skin sola meir og mindre, men i dag då eg stod opp regna det.
Regnet passa meg dårleg fordi eg hadde tenkt meg på VØR med hageavfall. Kunne ikkje styre med det i silregnet. Dermed tok eg litt sjølvpleie på føremiddagen. Vaska hår, lakka negle m.m.Kledde meg i skikkelege klede også, til ei forandring. Og så kom sola fram ! Dermed sette eg i gang med å fylle bilen med boss, ein stor sekk og seks mindre sekker fekk eg plass til i bagasjerommet og baksetet.Så køyrde eg bort på VØR og begynte å tømme sekkene.Eg hadde gløymt å ta med skikkelege hanskar så neglelakken fekk seg nokre skadar.Eg mann i arbeidsantrekk svar ute og hadde røykepause, han vart ståande å smile og sjå på meg. Ikkje sikkert det er så mange kvinner på min alder som er der borte. Då eg var ferdig å tømme og skulle rygge og snu bilen vart han ståande å observere. Men eg hadde ingen problem med å smu på 5-øringen og kom med uskadd derifrå.
Sidan eg likevel var på hjul tenkte eg at eg skulle få kjøpt den vekkarklokka. Eg parkerte ved ALTI og gjekk inn på toalettaog vaska hendene, som ikkje var heilt reine. Sist eg skulle inn til min venn urmakaren, var han på ferie. I dag stod det plakat på døra at det var stengt på måndagar.
Eg gjekk tilbake til Alti og var innom apoteket og fekk allergitablettar, og så kjøpte eg litt mat på bunnpris.
Då er kom heim var det snart på tide med middag, så eg skrella og raska gulrøter før eg varma fiskegrateng i mikrobølgeomnen. Eg åt opp resten i dag sjølv om det var for mykje, så no er forma tom. Det blir ei stund til neste gong eg lagar grateng !
Etter at eg hadde ete, datt eg ned i stolen framfor PC-en -eg skulle finne meg ei ny bok på Storytel, og der fann eg ei relativt kort bok av Riy Jacobsen, og blei sittane aldri så lenge å høyre. Det ser ikkje ut som eg kjem meg til med noko i dag, det er litt seint å gåtur, og så skal eg på trening i morgon-eg kan ikkje slite ut føtene mine, heller.
I morgon ettermiddag vil Øystein komme innover og male eit strøk på døra mi. På føremiddagen skal Marit og eg på trening, og etterpå skal vi på apoteket og sjå om vi kan få vaksine.
I dag er det eit halvt år sidan oldebarnet fekk sjå dagsens lys for første gong. Derfor legg eg inn bilde av han her. Han er ein fin og blid gut.
søndag, oktober 04, 2020
Dagbok 2020: 4.oktober
Klokka er no 15.45, temperaturen ute er + 15 grader C, det er skya, men opplett og fint. Søndagen er ikkje min favorittdag, for då kan eg ikkje for skam skuld halde på å styre på ute i hagen. Det er mykje anna eg kunne ha gjort-men ikkje alt fristar.
I dag sette eg meg til med spansk-leksa på føremiddagen. I går dreiv eg og tørka støv og då la eg merke til at kopar og messing var svært lite blanke og nypussa. Trur knapt eg har pussa sidan i fjor jul. Men i dag vart alt blankt og fint på ei lita stund. Eg har før agitert for eit spesielt pussemiddel. Eg heldt på ved kjøkkenvasken, og til slutt for eg over vaskane med pussesvampen. Det funka bra.
Eg har hatt på både oppvask-og klesvaskmaskinene i dag. Eg tok opp resten av fiskegratengen i dag, der var att to porsjonar, middag i dag og i morgon.Hadde middag kl 15.00 i dag-porsjonen var ikkje liten, for å seie det slik. Så det var bra at eg hadde mosjonert litt før eg åt. Tok ein runde på Vernet. Det er så fin utsikt over bygda der oppe, så eg tek nesten alltid bilde. Då får eg også med vêret og årstida. No når det er haust er det mange vakre fargar i naturen. For morgondagen har eg ikkje så mange planar, men om veret er bra, kan det bli meir klipping og ein tur på VØR med mange sekker hageavfall.
I dag gjekk er opp trappa, eg synest trinna er litt høge, men det blir betre når det kjem rekkverk, for det skal der bli!
lørdag, oktober 03, 2020
Bok nr.54 - 2020: Wildeflower Hill -Der drømmer møtes
Emma, en prima ballerina i London, står ved et veiskille etter at et skadet kne legger karrieren hennes i grus. Tvunget til å hvile og gjøre opp regnskap over livet sitt, oppdager hun at hun har forvekslet berømmelse og prestasjoner med kjærlighet og selvrealisering. Hun reiser tilbake til Australia og der får hun vite om sin bestemor Beatties død og en overraskende arv; en isolert beliggende sauefarm på landet. Sikker på å ha blitt belemret med en irriterende byrde, drar Emma til Wildflower Hill for å selge eiendommen.
Beattie sto også overfor et viktig veivalg som ung kvinne, men hun var gravid og ugift. Hun fulgte ukonvensjonelle veier som ofte var både farlige og hjerteskjærende, og fant omsider lykken. Beattie visste at erfaringene hun gjorde seg i livet også kunne være viktige for Emma en dag, og hun ønsket at Emmas hjerte skulle forbli åpent for kjærligheten, uansett hva livet måtte medbringe. Hun visste at den australske villmarkens magiske kraft kunne vise Emma vei..........................................................................................................
Eg har lese fleire slike lette "damebøker i det siste. Fordi dei er lette å lese på øyret fordi dei er "enkle"-dvs. enkel handling og ikkje for mange personar.Dessutan synest eg at mange av kvinnene som les, les veldig tydeleg og godt. Om innhaldet i denne boka vil eg seie at det ikkje var spesielt spennande.Dessuten var den langdryg med altfor mange ord.
Dagbok 2020: 3.oktober
Klokka er no 18.00. Temperaturen ute er + 17 grader. Det har vore nydeleg vêr i heile dag.Eg var ikkje så tidleg oppe, og sprang ikkje ut med ein gong. Men eg fekk no gjort ein liten jobb før middag. Eg skamklipte laurbærheggen, noko eg gjer av og til for at den ikkje skal bli for stor. Det er ingen stor jobb, men eg fekk i alle fall 4 fulle sekker med avklipp. Og så kom der av og til folk forbi, så det vart litt sosialt også.
Etter at eg hadde rydda opp etter meg vart det pause og mat. Etter måltidet som vi kan kalle middag, la eg meg ut på solsenga med bok på øyret. Etter kvart vart lufta meir disig, men ikkje så gale som i går. Då gjekk eg ut og klipte litt meir, denne gonge var det barlinda ved kjellardøra som måtte blø, og så vart den enda ein sekk med "hageavfall"-no har eg snart nok til å ta ein tur på VØR. Før dreiv eg og mol opp greiner og kvistar på kompostkverna, det var heilt greitt så lenge eg hadde plass i kompostkassa. Eg har mykje hageabeid igjen før eg kan krype i hi.Og bra er det.No skal eg lese ut boka eg held på med og så blir det TV resten av kvelden. Eg ser alltid fram mot Stjernekamp.Strikketøy har eg også, og garnet er tynt så eg har arbeid lenge.Eg håper at eg får litt besøk av barn og barnebarn i haustferieveka, men eg har forståing for at ein må ta omsyn til ev. smittefare. Eg er jo i faresonen, akkurat som Trump- gammal og overvektig!
fredag, oktober 02, 2020
Dagbok 2020: 2.oktober
Klokka er no 18.10. Temperaturen ute er + 17 grader C. Det er opplett, men ein underleg dis, som kan likne på regn.Men vi seg sola igjennom.
Hugs å klikke på bilda for å få eit betre resultat.
I dag har eg halde meg heime for det meste. Eg har vaska og støvsuga slik skikkelege husmødrer skal gjere når det er fredag.
Eg hadde ein pause imellom vask og støvsuging, då ringde eg til Ambjørg på mobilen. Men det er vanskeleg for meg å høyre kva folk seier når eg brukar den nye mobilen, det er berre Solveig eg høyrer skikkeleg. Eg må få einkvan til å sjå på telefonen om det er noko ein kan gjere, elles får eg kjøpe meg ein ny tvilling. Saknar den gamle Doroen som eg kunne ha med meg og på meg heile tida.
Det vart ikkje til det at eg laga meg skikkeleg middag i dag, tok meg berre eit par speilegg.
Klokka 17 hadde eg avtale med Marit at vi skulle fare fram på gravplassen, og det gjorde vi. Der såg det heilt greitt ut, så det einaste eg gjorde i dag var å sette nye batteri i "stearinlyset".
Eg har altså ikkje gjort noko ute i dag, men naboen har klipt plen. Eg tenkte eg skulle vente med det til lauvet hadde falle av trea..
Garnet eg kjøpte i går var tynt, så eg kjem til å bruke lang tid på kvar lest, så har eg arbeid lenge.
No er det snart tid for Dagsnytt, så får vi høyre korleis det står til med Trump etter at han vart coronasmitta.
Elles vil eg ønske alle ei God helg og God ferie til dei som skal ha det.
torsdag, oktober 01, 2020
Dagbok 2020: 1.oktober. Eldredagen.
Bildet er tatt av ein ekte fotograf som bur på andre sida av bygda. Dei har fin utsikt der.
Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 16 grader C; for eit par timar sidan var det + 20. Det har vore ein nydelig haustdag. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag, for eg har hatt andre ting på programmet. Først skule vi på trening klokka 12.30, og før den tid vart det ikkje så mykje gjort. Men eg fekk i alle fall vaska og rydda kjøleskapet. Det er ikkje så mykje arbeid, berre eit tiltak. Etter treninga var vi på Amfi for vi ville få influensavaksinen på Apoteket. Men dei hadde ikkje kapasitet i dag, så vi må vente til neste veke. Folk som er i faresonen bør ta vanleg influensavaksine så dei ikkje risikerer å få både Corona og vanlag på samme tid. No er ikkje eg så veldig i faresonen, det er berrre alderen som "feilar" meg. Men eg likar å vere på den sikre sida. Eg har tatt influensavaksine kvart år etter at Nils vart sjuk. Først var det ordre frå legen, seinare har eg gjort det av eigen fri vilje. Viss alle vaksinerte seg, så ville ein kanskje stoppa ei influensa. Ikkje veit eg. Kjøpte litt lestegarn på -nille, det kosta berre halvparten av det garnet er vanlegvis kjøper, så eg kan ikkje rekne med at det er like bra.
Margrete var til Volda i dag-til legen. Ho er ikkje coronasmitta, men ville vite om ho kunne smitte andre med den sjukdommen ho har. Det blei tatt mange prøver, men det var ikkje noko alarmerande. Derfor tok ho ein tur hit til meg, så vi fekk oss ein prat. Eg fekk ikkje servere henne noko som helst fordi ho var sår i halsen.
Etter at ho hadde fare, varma eg opp resten av grauten frå i går-det vart middagen i dag. Etterpå vart eg så trøytt at eg datt ned på dagsenga med lydbok ei lita stund og no er det snart tid for å legge opp eit spøt og sette seg framfor TV-en.
Denne veka har gått frykteleg fort, så no er det snart helg igjen. Og haustferie for somme.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...










