fredag, oktober 02, 2020

Dagbok 2020: 2.oktober

Klokka er no 18.10. Temperaturen ute er + 17 grader C. Det er opplett, men ein underleg dis, som kan likne på regn.Men vi seg sola igjennom. Hugs å klikke på bilda for å få eit betre resultat. I dag har eg halde meg heime for det meste. Eg har vaska og støvsuga slik skikkelege husmødrer skal gjere når det er fredag. Eg hadde ein pause imellom vask og støvsuging, då ringde eg til Ambjørg på mobilen. Men det er vanskeleg for meg å høyre kva folk seier når eg brukar den nye mobilen, det er berre Solveig eg høyrer skikkeleg. Eg må få einkvan til å sjå på telefonen om det er noko ein kan gjere, elles får eg kjøpe meg ein ny tvilling. Saknar den gamle Doroen som eg kunne ha med meg og på meg heile tida. Det vart ikkje til det at eg laga meg skikkeleg middag i dag, tok meg berre eit par speilegg. Klokka 17 hadde eg avtale med Marit at vi skulle fare fram på gravplassen, og det gjorde vi. Der såg det heilt greitt ut, så det einaste eg gjorde i dag var å sette nye batteri i "stearinlyset". Eg har altså ikkje gjort noko ute i dag, men naboen har klipt plen. Eg tenkte eg skulle vente med det til lauvet hadde falle av trea.. Garnet eg kjøpte i går var tynt, så eg kjem til å bruke lang tid på kvar lest, så har eg arbeid lenge. No er det snart tid for Dagsnytt, så får vi høyre korleis det står til med Trump etter at han vart coronasmitta. Elles vil eg ønske alle ei God helg og God ferie til dei som skal ha det.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...