tirsdag, september 22, 2020
Dagbok 2020: 22.september
Klokka er 16.20, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar, som det har gjort i heile dag.
Eg vakna tidleg i dag også, men stod ikkje opp før 9. I dag skulle vi på trening klokka 11, så eg hadde ikkje noko eg skulle gjere før den tid, anna enn å ete frokost shine meg opp og lese avisa.
No går vi altså på trening med dottera til henne vi hadde før, og det blir sikkert bra. Vi var ikkje så veldig mange i dag. Etter treninga hadde eg samtale med fysioterapeuten om korleis vi skal legge opp treninga framover.
Det var Marit som køyrde i dag, så eg fekk sitte på med henne i den nye bilen, Nissan Note mørkeblå 2007-modell , men veldig fint brukt. Etter treninga var vi ned på ALTI. Eg gjekk opp på Clas med vekkerklokka som eg ikkje fekk til å virke. Dei hadde ikkje fleire slike, men dei hadde digitale som gjekk på batteri. Så skulle dei demonstrere den for meg, men ingen av dei to fekk klokka til å ringe. Eg vart til slutt utolmodig og spurde om eg ikkje berre kunne få ein "tilgodelapp" og det fekk eg-rett inn på kortet mitt. Slik kan dei gjere det no. Men eg var framleis utan vekkerklokke! Eg har to små lause vekkerklokker som ikkje virkar og så har eg den elektriske klokka som står på nattbordet og lyser. Den skal også gå an å bruke som vekkerklokke, og eg testa den ut då eg kom heim. Og ja, den virka men lyden hadde ikkje vekt ei fluge.Eg veit at eg kan bruke mobilen, men eg har ikkje sett meg inn i korleis. Så eg trur eg får gjere som eg har gjort før, eg får nokon som er tidleg oppe til å ringe meg i morgon tidleg. Eg skal vere ned hos Eli kl.8.50 og må stå opp eit par timar før.Haustkonferansen som skal vere på Folkehøgskulen i Ulsteinvik tek til kl.10. Eg har vore der to gongar før, og reknar med at det blir noko liknande denne gongen også-men truleg med coronatiltak.
Eg las ut boka til Tore Renberg før eg åt middag, som var restar frå i går. Så strauk eg litt klede, men det blir ikkje gjort så mykje i dag. Alle jobbane som står på vent er ute, og der er det ikkje verande.
Så eg får heller jobbe litt med spansken, vi har ikkje hatt kurs etter at corona kom, i første delen av mars.Så eg trur det blir tungt å komme i gang igjen. Det er torsdag det blir kurs denne veka, seinare blir onsdag kursdag og trening tysdagar og torsdagar. Det blir litt mykje no til å begynne med, men når utearbeidet er over får eg god tid. Det gjeld å halde det gåande.
Bok nr.52- 2020: Ingen tid å miste
Når Edels mann går bort etter lang tids sykeleie, står en kvinne på 84 år tilbake med åpne og underlige dager. En fremmed tomhet kommer til syne, ensomhet og lengsel. Hva skal Edel fylle tiden med?
Det er 1998. Edel er både munn- og fotrapp, lekker og elegant. Hun er årvåken i møte med mennesker, men også litt skarp i tungen, hvis noe skulle irritere henne. Og det er det jo en hel del som gjør.
Suverene Edel har en innadvendt datter som ikke pynter seg, en datter moren synes skulle legge seg i selen for å få tak i et skikkelig mannfolk. Skal det være så vanskelig å male leppene en smule og fremstå noe innbydende? Og hvor er verden for øvrig på vei? At de ikke serverer poteter på kinarestauranten kan hun til nød lukke øynene for, men sånn folk slenger rundt seg med omtrentligheter og river ned alt som er pent, hva skal det bli av det hele?
Sammen med datteren Tove steller Edel i stand et enkelt arrangement. De to kvinnene skal møtes hver onsdag. For, som Edel sier, «å tilbringe litt tid sammen».
I Ingen tid å miste blir vi kjent med to svært ulike kvinner sorgen har utpekt til nytt samvær. Renberg går tett på det bestandige, det forgjengelige og det forfengelige. Det er en slående enkel roman, kraftfullt lysende og humørfylt, fra en av våre store fortellere.
.............................
Denne boka brukte eg ikkje lang tid på, så den kan ikkje vere så tjukk. Eg har høyrt den på Storytel, lesen av forfattaren. Eg vil seie som ein av dei som har vurdert boka: Ei nydeleg bok! og så vil eg legge til at Tore Renberg er ein fin opplesar. Om boka er skriven på nynorsk eller bokmål veit eg ikkje, for Renberg les på sitt eige språ-eller dialekt. Anbefalt.
mandag, september 21, 2020
Dagbok 2020: 21.september
Klokka er 17.40 og temperaturen ute er +13 grader C. Tidlegare i dag var det opplett og vind, men då måtte vi rekne med at regnet kom seinare og det gjorde det." Det kjem alltid bløyte etter blåster", sa dei i gamle dagar. Det har ikkje vore skikkeleg lyst i dag, så akkurat det vart litt "tungt".
Men eg hadde ein plan, og eg var effektiv først på dagen. Fekk inn i bilen 7 sekker med hageavfall og fór bort på VØR og fekk tømt dei der.Det var ikkje store sekker, men slike som vi brukar til plastavfall. Det var ikkje siste turen på VØR, for enno er det mykje som skal visne og falle av, det er knapt noko som har visna enno. Eg hugsar koleis det var i fjor haust, då regna det heile tida og det som skulle klippast vart ikkje tatt før i januar i år.
Så var eg fram på Mosflata på EIK-senteret og spurde etter lok på bensintanken. Det vart mykje om og men før dei fann fram på nettet. Det var ein som ville prøve seg på å seie at klipparen ikkje var kjøp der, men då var det ein ungdom som hadde funne det på nettet.Dei legg alle kjøp inn på data slik dei gjer på El-butikkane.
Då eg kom heim hadde eg litt lyst å jobbe ute , men vinden var kald , så eg gjekk i hus. Jobba litt med spanskleksa før eg laga middag. I dag fekk eg brått lyst på Pasta Carbonara,og då vart det det,
Der vart ikkje så mykje att til i morgon, men det var berre bra.Etter måltidet vart eg så mett og trøtt at eg la meg på dagsenga med Storytel ei stund. Eg vakna tidleg i dagmorgon og vart liggande å halvsove nokså lenge, så eg var trøtt .
Lenger er eg ikkje komen i dag, men eg har eit par jobbar på vent.
I morgon skal Marit og eg på trening frå 11-12. Etterpå skal vi på Alti fordi vi har ærend der. Marit skal køyre denne gongen, så då får eg sitte på i ein mørkeblå Nissan Note. Det er ein fin bil ho har fått seg.
søndag, september 20, 2020
Klokka er no 18.35, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar. Det har det gjort i heile dag, så eg har halde meg inne. På føremiddagen chatta eg litt på Messenger og på Facebook og så skreiv eg eit langt brev til ei venninne. Så las eg ferdig ei bok på Storytel før det vart middag. Det var fårikål frå i går så no er den retten fotært.
Så hadde eg nokre "småjobbar" før eg gjekk opp til Marit i 16 -tida. No er eg nettopp komen heim att, og snart er det TV -tid. Denne sundagen har gått fort til tross for dårleg ver og null uteliv. Det er ikkje så mykje meir å fortelje. I morgon må eg nok ha meg ei runde -poste brev, til EIK senteret og til Clas for å bytte vekkerklokka som ikkje funkar etc.Blir det fint vêr har eg tusen ting å gjere ute.
Bok nr.51-32020: Tante Ulrikkes vei
TANTE ULRIKKES VEI
"Svarting, muslim, fra Stovner."
To gutter vokser opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Foreldrene hadde et håp. Selv står de midt i brytningen mellom drabantbyen og storsamfunnet, mellom vaskehallen og studentkantina, karakterer og keef.
Denne boka har eg høyrt på Storytel-og det er eg glad for. Eg trur det hadde blitt problem å lese den på papir.
Den handlar om to gutar med utanlandsk bakgrunn som bur på Stovner i Oslo.Dei sender "lydbrev" til ein forskar og fortel om livet sitt. Den skuleflinke Mo (Mohammad) og Jamal som ikkje ein gong snakkar grammatikalsk rett norsk, men heller det som kallast kebab-norsk. Mo får plass på universitetet og jobbar godt med studiane. Jamal kan berre så vidt lese, og har problem med å skaffe seg ein jobb.
Eigentleg er det ikkje noko poeng med å fortelje meir, les heller boka. Eg vil anbefale lydbok.
lørdag, september 19, 2020
Dagbok 2020: 19.september
Klokka er no 18.22, sola skin og temperaturen ute er + 13 grader C.
Vi fekk ein uventa fin dag i dag, fint frå morgonen av, sjølv om det var litt kaldt.
Eg hadde diverse planar for dagen, men først måtte eg chatte litt med slekt og venner. Litt ut på føremiddagen tok eg ein liten tur ned på Kiwi, der kjøpte eg mellom anna to store kålhovud, fordi det var så billeg, men eg hadde no ein baktanke også. For eg visste at eg hadde ein pose med lammekjøtt i frysaren, så då eg kom heim att tok eg den opp og sette på ei koke med fårikål. Henta poteter av eige avl i kjellaren og skrelte. Fårikålen passa seg sjølv, så eg kunne gå ut og jobbe i hagen. Blant anna bar eg to store bøtter med mold frå komposten bort i det som no er min einaste jordbæråker.
Gjekk inn for å sette på potetene og då dei var kokte hadde eg eit herremåltid. Eg må vel ha det samme i morgon også, det var planlagt, så kan eg ha nedpå litt meir kål. Seier som Erlend:"Det er kålen som er best!"
Etter at eg hadde ete måtte eg legge meg ut på solsenga ei lita stund, før eg tok og snauklipte heile tomta. Det var litt tungt i dag for graset var langt og vått. Men eg kom i mål. Heilt på siste slutten hadde eg eit lite uhell. Eg heldt på å klippe rundt nokre busker og der spratt loket på bensintanken av, og loket var skada. Eg skrudde det på att med plast imellom, så eg trur det er tett. Men eg får fare ned på EIK-senteret over helga og høyre om dei kan skaffe eit nytt lok.
No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden. Eg ser veldig fram til Stjernekamp.Gløymde å ønske alle god helg i går, men håper de har hatt det bra likevel.
Eg håper vi får fleire slike fine dagar som vi har hatt i dag.
fredag, september 18, 2020
Dagbok 2020: 18.september
Klokka er 15.30, temperaturen er + 15 grader C. Det har slutta å regne no, og sola eg på veg fram. I dag har eg angra på at eg ikkje klipte plen i går, naboen sette i gang etter at eg hadde gått inn.Og i dag kan eg blerre gløyme å slå, for no er det vått igjen.
I dag har eg vore relativt effektiv. Det første eg gjorde var å lage ei eplekake med store eple frå Sandane. Så shina og vaska eg kjøkken og bad.
Når eg har fløterestar som er ute på data brukar eg av og til å koke rømmegraut. I dag hadde eg ein nokså stor skvett og så brukte eg om lag eit beger med lettrømme. Eg tenkte eg skulle spe med melk , men grauten var heit perfekt utan melk og feittet pipla fram. Eg tenkte som så at om eg et grauten som han er eller sper med melk og litt meir mjøl- så er det eit feitt! Det vil seie at eg kunne ete grauten som han var-og det gjorde eg. Den blei veldig god! Og så slepp eg å bli svolten igjen med det første.
I små pausar tek eg fram spansken, og no har eg fått timeplen for vekene framover. Det blir spanskkurs om onsdagane og trening tysdag og torsdag. Komande veke blir det spansk på torsdag fordi Eli og eg skal på haustkonferanse i Ulsteinvik på torsdag.
Eg likar ikkje dette nye oppsettet på bloggen, for når eg legg ut bilde, ser eg her på kladden berre mykje tal og bokstavar. Dermed blir det ikkje forklaring av bilda. Kanskje nokon lurte på kva eg meinte med å legge ut bildet av eit gjerde i går? Før flyplassen kom var der ei lita tjønn der, Hovdekjønna. Nils og eg gjekk ofte der borte og såg på fuglane som hekka på tuene i tjønna. Då var det ikkje gjerde. Tjønna minka då flyplassen vart laga, og enda meir då den vart utvida. no var der verken vatn eller fuglar å sjå.
I dag skal eg legge ut eit bilde som eg tok frå det høgste punktet eg var i går, heilt oppe ved skogen. Der har Hovdebygda idrettslag to fotballbaner og diverse ann. T.d. eit klubbhus.
Eg har nettopp lese gjennom avisa og no kjem det an på kva eg skal bruke resten av dagen til.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...






