onsdag, desember 25, 2019

Dagbok 2019: 25.desember,1.juledag


Klokka er ca.17.30, temperaturen ute er + 2 grader. Eg vart litt skuffa i dag då eg såg at det var overskya og vått på trappa og gata. Men heldigvis er det regn og ikkje snø som dalar ned. Det hadde sjølvsagt vore fint med kvit jul-men eg tenkjer på moking.
I dag har eg vore åleine heime, slik det var planlagt. Eg har brukt dagen til å rydde litt og til å førebu familieselskapet i morgon. Eg har mellom anna laga ei kake, skrella poteter etc. Fekk ein ekstra jobb fordi eg hadde lagt bort juledukane utan å stryke dei-det har aldri hendt før, men i fjor var eg noko "fotalause" i jula, så eg gjorde det vel lettvint. Eg er nesten ferdig med det som skal gjerast i dag, berre litt småtteri som står att. Innimellom har eg sett TV-der skjer det noko heile tida, så eg kjeder meg ikkje. Det gjer eg aldri !
Eg hugsar då eg var barn, då var det ikkje skikk og bruk å gå ut 1. dag. Det heldt av og til hardt, når ein hadde lyst å treffe vennane sine og fortelje om julegåvene.
No er eg inne heilt frivillig og går rundt i T-skjorte og joggebukse med godt samvit. Eg ser fram til å ha alle på besøk her i morgon. Vi blir ca. 12 stk.  Barnebarna ser sjølvsart fram til å treffe kvarandre, det skjer ikkje ofte no når dei er spreidde for alle vindar. Vi vaksne/gamle er meir stadbundne og ser kvarandre oftare. 
Bildet over er av dei fire barnebarna på Hareid. 

tirsdag, desember 24, 2019

Dagbok 2019:24.desember. Julaftan




Klokka er no 23.30, temperaturen er 0 grader C og det er fint og tørt ute. Eg kom nettopp heim ., Øystein køyrde meg heim frå Hareid, der eg har vore og feira julaftan. Alle tre brørne henta meg 15.30, dei to eldste hadde henta lillebroren i Volda først , han går på krykker etter operasjonen.
Vi fekk nydeleg julemat då vi kom på Hareid. Og eg som ikkje hadde ete sidan frokost, sette stor pris på maten. Etterpå skulle vi opne gåvene, og pakkehaugen under treet var større enn nokon gong før. Eg trur vi brukte 3 timar på å pakke ut, men drakk kaffi og åt dessert langs med. Same procedure as every year. Vi vart alle begava meir enn som godt var. Til og meg eg, gamle mennesket fekk mange fine gåver. Gåva frå Kongsberg pakka eg ut her heime, likevel hadde eg minst to pappesker med gåver med meg heim. Øystein køyrde meg heim og par inn godset mitt.
Takk til alle som gav meg ein fin julekveld! 
2. juledag skal vi samlast her hos meg.
Gledeleg Jul

mandag, desember 23, 2019

Dagbok 2019: 23.desember. Vesle julaftan

Klokka er 20.30, temperaturen er minus 2 grader C og det er fint og tørt ute-ikkje snø og ikkje regn.
Så er vi komne til kvelden før kvelden, og eg skulle i grunnen at sete framfor TV-en no, men det blir vel meir å sjå utover kvelden.
I dag har eg hatt ein roleg dag. Sov godt og lenge , var ein tur på butikken og handla det som mangla-trur eg.  Så sette eg meg til å lese ferdig boka eg heldt på med, slik at Margrete skulle få legge inn neste bok. Eg er ikkje heilt fortruleg med den mobilen enno.
Solveig og Øystein var innom ein snartur, dei hadde lånt Einar sin bil, for deira er framleis til reparasjon. Dei avleverte og henta julegåver. Det er liksom her byttestasjonen er.
Dei hadde vore på gravplassen og tent lys, men eg fekk forbod mot å gå der, der er framleis glatt is overalt, slik det var då eg ar bortom på fredag.
Eg rakk akkurat å bli ferdig med boka før Ingeborg og Margrete kom på besøk, også dei for å levere og hente julegåver. Einar kjem og hentar meg i morgon, eg skal vere på Hareid julekvelden. Håkon skal også vere med. Han har operert eit kne så han kan ikkje køyre sjølv.
Margrete og Ingeborg fekk kaffi og kake her med meg. Då dei var reiste var eg ein liten tur opp til Marit, som fyller 81 år i dag. 
No blir det vel å sitte framfor TV-en resten av kvelden, og høyre korleis ein får sprø svor på ribba, mellom anna.
Andre juledag er det slektstreff her i Starevegen, det er ein gammal tradisjon. Og den tradisjonen vil eg halde på så lenge eg kan.
Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei 
GOD  JUL

Bok nr.35 2019: Blå stjerne

Jan Guillou har skriv ein serie på 8 bøker der vi følgjer ein familie gjennom heile 1900-året. Denne boka er nummer 5 i serien, og sluttar med fredsåret 1945. 
Eg har høyrt alle bøkene på Storytel på mobilen, og det har vore kjekt. No ligg neste bok klar.

søndag, desember 22, 2019

Dagbok 2019: 22.desember

Dette bildet var tatt kl.12.30. 
Dei andre to kl.15.45.

Klokka er no 15.45, temperaturen er ca. 1 grad under 0 no. Det har vore ein nydeleg dag, med klårt vêr og sol i fjella. Vi må nok vente til ca17.januar før vi får sol inn i stova.
I dag hadde eg litt å gjere her heime, så eg utsette handlerunda til i morgon. Viss eg er litt tidleg ute får eg alt eg treng på Kiwi. I dag fiska eg to kaker opp frå frysaren og kledde dei opp med sjokolade glasur. Den eine skal Margrete ha. Ikkje mykje arbeid, men litt ror fylgjer det med, så det var greitt å få det unna.
Så vaska eg badet og kjøkkenet, så no er eg så å seie ferdig til jul. Hadde armane mine spelt på lag, kunne eg sikkert ha gjort meir. Det er mest pyntinga som er skadelidande.
Etter at eg var ferdig å vaske tok eg meg litt mat før eg fyrte i omnen. Så sette eg meg til å høyre radio, men armane likar ikkje at eg er i ro, då begynner dei å verke med ein gong. Eg må visst legge opp eit spøt såpass eg kan sitte i ro.
I morgon reknar eg med at Soveig og Margrete kjem for å bytte julegåver og få med seg gåvene frå Rasmus. Eg har ikkje kjøpt ein einaste ting- eg gir berre pengar og så må dei kjøpe sjølve. Eg har ikkje fantasi nok til å finne høvelege gåver til så mange.
Eg har ikkje skrive julebrev heller, for dei fleste eg kjenner er inne på bloggen min av og til, så eg får ønske alle god jul her- og på Facebook.
                                    GOD JUL !
Forresten lærte eg noko nytt på Lina Eide sjovet i går. Nemleg at det gammalnorske namnet for jul-jol- faktisk tyder hjul-noko som går rundt. Og kva er det som går rundt ?- året/jorda rundt sola. I førkristen tid var jula ein fest for at sola "snudde". Då var det joleblot. Men mens mange andre land har døypt festen om til kristne namn, held vi her i Norge på det gamle heidensk namnet. Det engelske Christmas(Kristus-messe) er ikkje blitt adoptert her.




lørdag, desember 21, 2019

Dagbok 2019: 21.desember

Klokka er 18.07, temperaturen er +6 grader C, tidlegare i dag var det +10 grader, og det har vore fint ver og opplett. I følge dagboka mi skal sola snu i morgon, og då ser eg fram til lengre og lysare dagar -etter kvart.
I dag har eg ikkje vore så flittig, det har mest med armane mine å gjere, dei er vonde frå morgonen av og tek seg ikkje så lett opp att. Men  eg har i alle fall fått gjort det som var mest nødvendig, nemleg å støvsuge alle teppegolva. Eg fekk lufta godt ut på same tid, og så kveikte eg i omnen for å få opp temperaturen igjen.
Etter at eg hadde ete "middag" la eg meg strak ut på dagsenga mi på datarommet og høyrde bok på Storytel. Men armane likte ikke å ligge i ro, så eg trur ikkje eg sov mange minutta. Så stod eg opp att og las meir i boka mens eg la kabal på Pc-en. Det er i alle fall ikkje godt for armane, så eg kan no takke meg sjølv for noko av det vonde.
Eg har altså ikkje vore heilt i strøk i dag, men reknar med å vere i form igjen i morgon. Eg har ingen spesielle planar for dagen i morgon, men det er no ope både her og der viss eg får lyst å handle t.d. Eg likar t.d. å fare på Plantasjen om sundagane-sjølv om eg eigentleg er imot sundagsopne butikkar. Alle orkideane mine er avblomstra og dei tre novemberkaktusane er også ferdige med bløminga, så eg treng litt farge i vinduskarmen.
Eg studerte på å begynne å gå på fonnvernet igjen, men då vart eg advart av ein nabo som kunne fortelje at der er blankis. Men vegane og gatene er berre, så viss eg vil gå tur, kan eg det.
Siste vask før jul tek eg på veslejulaftan, trur eg.
No sit eg visst og tenkjer med fingrane på tastaturet, sidan eg ikkje har så mykje å skrive om. Blir vel sittande framfor TV-en det meste av kvelden. I kveld ser eg fram til Linda Eide og "språksjovet" hennar.

fredag, desember 20, 2019

Dagbok 2019: 20. desember


Klokka er snart halv seks, temperaturen ute er + 6 grader- og det regnar. Det er meir og mindre mørkt nesten heile dagen. 
Eg stressar ikkje framfor jula i år, eg gjer det eg kan, så får resten vere. I dag hadde eg nokre ærend i Vik, skulle ordne med ei gåve, hente pakke og kjøpe det meste av det som stod på lista mi, og det var ikkje så lite. Var ein liten tur innom ALTI i dag også.
I staden for å vente på at postmannen skulle komme med hentelapp, gjekk eg inn på nettet og sjekka om pakken frå Rasmus var komen fram, og det var den. Eg noterte koda og då fekk eg utlevert pakken. Rasmus sender alle gåvene til oss her oppe til mi adresse og så blir det ein byttedag her, truleg på veslejulaftan.
Det vart nokså fullt i bilen då eg hadde fått ut alt. På vegen heim køyrde eg bortom gravplassen og ville rydde litt på gravsteinen, men det var uråd å gå bort til grava, for heile gravplassen var dekt av tjukk, glatt is, så eg tok ikkje sjansen.
Etter at eg hadde fått alt godset mitt i hus, skreiv eg eit julekort og køyrde ned på ASKO og posta det, mens eg enno hadde sko og ytterklede på meg.
Då eg kom heim fyrte eg i omnen før eg tok meg mat.
Og så kom den store detten. Kvar dag med det same eg har ete "middag" vil augene late seg att, og då set eg meg i stolen framfor TV og søv eit sekund eller to.
Når eg skriv om alt dette som er "gjer" er det ikkje for å skryte, eg er berre glad for alt eg greier utan hjelp. 
Og for at eg lever. Eg snakka med ei jamaldra venninne i går, -og som ho sa: "Er du ikkje glad for at vi lever?" Jau, det er eg. I dag trefte eg ei som eg kjenner- på butikken, og prata litt med henne. Eg spurde korleis det stod til. "Ja, med meg er det bra," sa ho, "men mannen min har fått Alzheimer, og han vil ikkje på Ørstaheimen". Det er mange som ikkje har det heilt greitt, særleg når ein kjem opp i åra. Så om ikkje alt er tipp topp så får ein vere glad for at ein har det rimeleg bra.
Eg skal ikkje gjere så mykje meir i dag, skal bruke helga til å pynte opp litt meir, trur eg. Det er diverse som må gjerast så nær jul som mulig.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Lat vere å stresse - og køyr forsiktig !

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...