torsdag, august 22, 2019

Dagbok 2019: 22.august

Klokka er 17.40, temperaturen ute er no ca. +20 grader, det er framleis skyer, men det regnar ikkje lenger. 
I dag morgon var det surt, kaldt og vått, så det freista ikkje å gå ut. Etterkvart kom eg meg ut døra og fekk plukka litt rips. Men ripsen smakar ikkje slik han skal i år, eg synest den smakar bittert. Så eg brydde meg ikkje om å plukke så mykje. Eg har heldigvis berre ein busk. Men eg rensa og fraus det vesle som var. Plommene er betre, så dei forsyner eg meg av stadig vekk. Dei er ikkje heilt modne, men dei har ein tendens til å hamne på marka uansett. 
Eg orka ikkje å vere inne når eg ikkje ein gong kan strikke. Eg har nok å gjere, mykje står på vent, mens eg samlar energi. I dag var eg litt tutlete, men så kom eg på at eg kunne ta opp potetene som eg sette langs bringebæråkeren. For to år sidan sette eg 1 potet der nede, i fjor planta eg to rader, i år vart det berre 1 og 1/2. Det var nokre store raude poteter som eg kjøpte ein gong, men ikkje likte. No kan ein seie at det er dumt å så noko ein ikkje likar, men slik vart det. Eg har truleg putta nedi nokre mandelpoteter også, eller så har dei lagt der frå før. Eg fekk mange store raude poteter, men også mange små kvite (mandel?). Eg kokte ei heil panne med små kvite som eg hadde til middag attåt litt spekemat. Det var veldig godt, men eg åt ikkje opp meir enn halvparten, så resten får eg ete kalde, eller så steiker eg dei. Ein kan ikkje kaste slikt ein har dyrka sjølv !
Etter at eg hadde fylt opp magen med poteter måtte eg ha ein pause før eg gjekk ut att og jobba litt meir i hagen. Då var sola komen fram og det regna ikkje lenger. 
Eg har snakka med Marit i dag, elles har eg vore her åleine, men eg kjeder meg aldri. Eg "pratar" på dataen og så tek eg eit spanskkurs innimellom. I morgon må eg kanskje klippe plen viss det er opplett, men Skråninga skal få vente. 
I morgon er det siste "Hundedagen"-og det går mot haust anten vi likar det eller ei.

onsdag, august 21, 2019

Dagbok 2019: 21.august





Klokka er 17.05, temperaturen ute er +17  grader C. Eg held på å lære meg å ta bilde med mobilen, så dette her er nokre knips frå altanen.Eg høyrer nokre plenklipperar som surrar, men eg lét meg ikkje freiste i dag.
Eg skreiv for nokre dagar sidan om ein lopradag, i dag vart det enda ein. Eg hadde avtale med Ragnhild som skulle hente meg 11-11.30. Vi skulle gå på butikkar og på kafé, var planen. Eg har gått til det store skritt det er å kjøpe nye briller, dei gamle er ikkje så klåre lenger og eg har hatt dei i mange år. Eg prøvde eit par, men dei var ikkje så fine, par nummer to fall eg for, og butikkdama var einig, Ragnhild kom og ho tykte det samme som vi. Men for sikkerheits skuld prøvde eg fleire innfatningar, men ingen var betre enn nr.2. Så det vart bestemt. For same prisen får eit eit par solbriller med styrke. Det kan vere kjekt å ha om ein vil sitte ute og lese t.d. Prisen vart på ca 8000 kr, så det er ikkje billeg å kjøpe briller, men sjå må ein no. Då eg kom heim vart eg ståande ei stund og snakke med nabo-Solveig, og jammen trur eg ikkje ho har same sorten briller som eg skal ha.
Men før eg kom så langt hadde Ragnhild og eg vore på Clas Ohlson og kjøpt plastknivar til kantklipparane våre og så hadde vi vore på "Fru Svendsen" og drukke kaffi. Vi hadde ein kjekk dag. Eg vart ståande lenge og prate med naboane då eg kom heim, og så måtte eg prøve kantklipparen før eg gjekk inn. Den fungerte heilt bra så lenge til eg hadde brukt opp batteriet.Det står på ladding no.
Eg måtte ha litt meir mat etter ei stund, og så har eg drive og fikla med mobilen-det er ingen veg utanom-dette må eg lære. Og det gjer eg. I dag har eg sendt meldingar, vore på FB og fotografert med mobilen. Viss de ser godt etter vil de sjå at plommene driv og modnast i ein viss fart. Eg trur eg snart må til å plukke og fryse viss eg skal berge alt.







tirsdag, august 20, 2019

Dagbok 2019: 20.august

Klokka er 17.05, temperaturen er + 16 grader og vi har hatt mange regnbyger i dag. No ser det ut til å lette opp litt. 
I dag har eg vore på farten det meste av tida. Marit og eg var på trening frå 10-11, og etterpå var vi på butikk. Eg trudde eg skulle fått slappa av litt før frisøren, men det vart litt å styre med her heime, og så måtte eg ha litt mat, og brått var det på tide å fare fram i Mosmarka.
No sit eg her åleine med ny sveis. Men Ragnhild ringde nettopp og ville at vi skulle ta ein lunsj på kafé i lag i morgon, så då får eg håpe frisyren varer. Eg har tenkt å kjøpe meg nye briller, så då skal eg kanskje ta ut innfatningar i morgon.
Eg kavar litt med å få tak i røyrleggar, men eg får stikke ut på butikken til ØB rør i morgon, og høyre om dei tek jobben. Eg har ein del ting som eg må få orden på før eg kan slappe av. For min del hadde det vore heilt greitt at ein amatør gjorde det, for det er no i kjellaren, så det hadde vel ikkje hendt så mykje om det vart ein lite oversvømmelse. Det er på grunn av forsikringa at ein skal bruke fagfolk.
Plommene modnar fort no, eg er nede på slang fleire gonger for dag, men det er vel like før eg må sylte. Eg prøver å plukke etter kvart slik at eg får tynna ut.
Støvsugaren har stått klar i heile går og i heile dag, utan at eg har tatt den i bruk, men eg får kanskje ta ein sveip i kveld.
Elles skjer det ikkje så mykje. Å gå til frisør er på ein måte å gå på besøk til kjentfolk. Åse har vore frisøren min i over 20 år, så vi kjenner kvarandre godt etter kvart; og så tek ho sjeldan inn meir enn ein kunde om gongen, så vi kan prate fritt.
Eg hadde i oppdrag frå pensjonistlage å ringe til ei dame, det gjorde eg, men fekk ikkje svar, så blir det å prøve igjen. Eg er glad eg har fasttelefonen, for det kan eg med.
Har ikkje pugga spansk enno, så det må eg også gjere, dagane strekk ikkje til -til alt eg VIL !

mandag, august 19, 2019

Dagbok 2019: 19.august

Klokka er no 19.50, temperaturen ute er+ 14 grader og vi har hatt mange regnbyger i dag. Dagen har gått fort, og eg hadde nesten gløymt at eg skulle skrive blogg.
Eg rakk å vaske og stelle på soverommet før eg kjørte ned til kulturhuset for å vere på styremøte. 
Då eg kom heim skreiv eg referat frå møtet før eg laga meg litt mat. Så måtte eg sjå om att krimmen som eg sov meg gjennom i går kveld.
Marit kom ned for å fortelje frå turen ho hadde i helga i lag med sonen og svigerdottera. Og det var kjekt å få henne heim att såpass vi fekk prate litt om laust og fast. I morgon skal vi på trening i lag, og ho skal køyre.

Leigebuaren min driv og kjøper og set opp fleire brannvarslerar og så ville ho kjøpe brannslokkingsapparat. Eg veit ikkje om det er påbode, for då var det vel eg som skulle kjøpe det?
Eg har ikkje fått ordna med røyrleggar, men i kveld la eg inn eit "forespørsmål" på nettet, så får eg sjå om eg får napp. Ingen eg har snakka med kjenner til folk som driv for seg sjølv, så eg må vel innom eit firma. Elektrikar treng eg ikkje likevel.
Det er mykje eg ikkje kan, men eg får prøve å ro det i land. I morgon skal eg endeleg få klipt håret mitt, så då letnar det vel i tankegongen også.
Resten av kvelden hadde eg tenkt å sitte framfor TV-en, men det er lite å sjå på kanalen min NRK 1i kveld.
Plommene driv og modnar så fort no at eg greier ikkje å ete unna , så eg må vel plukke for sylting etc. 
Eg er spent på korleis det går med alle som tek til på nytt skuleår i dag. Av våre er det vel to som skiftar beite, Vebjørn tek til på ungdomsskulen, og Erlend på vidaregåande. Eg ønsker dei spesielt lykke til.

søndag, august 18, 2019

Dagbok 2019: 18.august

Klokka er17.00, Temperaturen ute er + 19 grader C, det er overskya, og det blæs litt. Eg har to plommetre fulle av plommer , så eg håper ikkje vinden veltar dei. I fjor tok vinden tak i det gamle Rivers Early -treet og velta det over, året før fór det finaste Opaltreet. No har eg to Opal-tre og det eine har berre liv i halve stammen. Derfor ønsker eg ikkje så mykje vind. Eg har vore ute og rista litt i trea, for å få dei modne plommene til å dette ned. Greinene treng å bli letta.
I dag har det ikkje hendt så mykje. eg har vore her åleine heile dagen.
Det første eg gjorde var å shine opp kjøkken og bad og vaske golva. Det blei liksom ikkje tid til det i går. Elles har eg ikkje gjort så mykje, anna enn å lese ut ei bok. Eg saknar veldig å gripe til strikketøyet + radio eller TV i ledige stunder. Men eg kan berre ikkje trigge armen min. Eg får vere glad for at eg kan gjere såpass som eg kan.
Komande veke har eg diverse avtalar. I morgon , måndag, er det styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00 på biblioteket. Tysdag er det trening klokka 10 og frisør klokka 14. Håret mitt har ikkje vore i kontakt med frisør sidan mai månad-så det er på tide.
Elles har eg ikkje så mange planar, men eg har eit lite problem. Eg må skaffe ein rørleggar til å kople på oppvaskmaskina i kjellaren. Eg kjenner ingen rørleggarar, men dei finst vel? Etter kvart som tida går og eg er her åleine, ser eg at det dukkar opp nokså mykje som eg ikkje klarer sjølv. Heldigvis har eg mange gode hjelparar-men somme gonger trengst det fagfolk.
Eg er ikkje sikker på om Marit er komen heim enno, men ho skulle kome i dag. Lollo kom no og fekk frokost her hos meg i dag.
Eg har ikkje laga meg middag enno i dag, men inntil vidare er eg nokså mett av plommer.
No må eg ta ein spanskleksjon, og så har eg eit treningsopplegg for armen.
I morgon er det vel skulestart for elevane. Og så er det fødselsdagen til Mette Marit. To grunnar for å heise flagget ved skulen, slik vi gjorde i mi tid også.

Bok nr.23 - 2019: La meg ikke huske

Om La meg ikke huske


KLIMAFORSKER NINA BERGER, 41 år, våkner på Ullevål sykehus med hukommelsestap etter en kollisjon. Når hun kommer hjem, finner hun leiligheten endevendt, men ingenting er stjålet. Tre menn blir bedøvet, kidnappet og våkner opp innestengt i en kjeller. Christian Falchner og Georg Moen er finanstopper, Bjørn Gran er sjef for oljeselskapet Noroil. Vil Nina få hukommelsen tilbake slik at hun kan stå opp mot det som truer henne? Vil de tre mennene i kjelleren bli reddet? LA MEG IKKE HUSKE er en thriller med høyt spenningsnivå, en sterk kvinne og en truet maktelite. Denne thrilleren vil overraske deg.
Kriminelt bra debut 
……………………………………………………………………………..
Det blir til at eg les ein del no når eg ikkje får strikke. Og sidan eg har mange papirbøker på lager, har eg litt å velje mellom. Denne boka er på 320 relativt tettskrivne sider, men eg har ikkje brukt så lang tid på den. Det kjem av at boka er lettlesen og rimeleg spennande. Mot slutten tykte eg det drog ut, men sjølve slutten vart forrykande. Heile boka er litt "eventyrleg", men den er godt skriven. I mange bøker, særleg krimromanar får eg ofte problem med å halde styr på personane. Det problemet hadde eg ikkje her.

lørdag, august 17, 2019

Dagbok 2019: 17.august


Klokka er no 17.50.temperaturen på trappa steig til + 21 grader då regnbyga tok slutt og sola kom fram. No ser det ut til at vi får ein fin kveld.
Dagen har gått fort. Eg vakna som vanleg tidleg, men stod ikkje opp med det same. Då eg først var oppe, åt eg frokost etc. og så køyrde eg ned på Kiwi og handla. Sidan Solveig og Øystein skulle komme, og eg ikkje hadde handla i går, måtte eg ha litt ekstra i huset. I eit lyst øyeblikk fann eg ut kva eg skulle servere i dag. 
Øystein kom for å male dei høgste partia på huset, Solveig vart med for å støtte stigen, og for å hjelpe meg med mobilen. Den nye mobilen er no komen i bruk, men eg har ikkje fått lagt til alle kontaktene mine enno. Den første som ringde meg på nyetelefonen var Eli som opplyste om at vi skulle ha styremøte i pensjonistlaget på mandag. Så no er det slutt på ferien.
Øystein fekk låne stigar med to naboar, den eg eig vart for kort. No er det berre nedste delen av veggen mot Urke som står att+ litt av rekkverket. LITT kan eg vel klare sjølv, men den høgre armen er ikkje heilt god.
Solveig og eg rusla litt i hagen, og fann oss litt plommer  før vi sette oss til med telefonen. Eg ser at eg har mykje å lære, så eg får ta det over tid. Meininga var at eg skulle bruke den gamle DORO-en til å ha med meg i lomma slik eg plar. Men SIM-kortet virkar framleis ikkje. Eg har samme telefonnummeret som før. 48048946. Etter kvart har eg tenkt å kutte ut fasttelefonen.Det blei nokså mykje arbeid på Øystein i dag, det er ikkje berre å male, men stigar skal flyttast og sikrast. Solveig stod stundevis på nedste trinnet og støtta opp.
Det blei no til slutt vi fekk tid å ete, og Øystein fekk ein av livrettane sine: Rømmegraut, som eg hadde kokt før dei kom. Vi hadde diverse spekemat ved sidan av. Eg kjenner at eg ikkje kjem til å bli svolten så fort.
Takk til Solveig og Øystein for all god hjelp.
Eg ser at Margrete har stått på stand i dag, for Volda arbeidarparti. Eg skulkar unna alt arbeid i mitt parti, men dei reknar vel ikkje så mykje på det sidan eg står nest sist på lista. Eg har fått mange fine bilde frå aktiviteten i Vik i dag. Så vil eg ønske alle som er innom bloggen min ei fortsatt god helg.

SV-stand med fin bakgrunn.

Bente og Magnar-begge på val.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...