tirsdag, juli 16, 2019

Dagbok 2019: 16.juli


Siste kvelden med Charlie

Klokka er no 13.25 og temperaturen er + 13 grader. Det har vore ganske fint vêr i dag, og sola har vore framme. Eg har vore mest inne likevel, men det få eg ta ansvaret for sjølv.
Rasmus har styrt med bilen min, og bestilt delane som skal skiftast. Dei kjem eg til å få i posten, og så får eg nok hjelp til å sette dei inn/på.
Rasmus og eg var ein liten tur på butikken og handla litt før middag, og etterpå vart det samarbeid med å koke spagetti, steike bacon og lage Carbonara-saus. Det gjekk rimeleg fredeleg for seg. Og det vart god mat. Desserten var som vanleg is og enda meir is, og då Margrete og Svein kom litt seinare vart det is og kake enda ein gong.
Vi har no hatt ein kjekk dag i dag også, og spesielt kjekt var det at Margrete og Svein N. kom og hadde hunden Charlie med seg. Ingar er spesielt glad i den.
I morgon skal gjestane mine reise. Då blir det tomt i huset, men eg har nok å henge fingrane i, så eg slepp å sitte og sture. Hare vore bra i armen/skuldra dei to siste dagane, men så har eg heller ikkje jobba så hardt. Eg håper eg blir arbeidsdyktig no framover for eg har ein del å styre med både ute og inne. 
Rasmus kom kanskje ikkje heilt i mål på lista, men arbeidet med bilen vart meir enn eg hadde trudd. Gutane styrer seg stort sett sjølve, men telefonar , brett og andre leiketøy. Men ferien er ikkje slutt enno- for dei. Og eg har heilårsferie.

Dagbok 2019: 15.juli

Klokka er ca. 23.50, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar- meir og mindre. Kan ikkje hugse å ha sett sola i dag.
Dagen har gått fort. Rasmus var av stad med bilen min og ville få den undersøkt og ev. reparert, men det var lang ventetid på alle verkstadane, så har tok og jekka opp bilen inne i garasjen og meiner han har funne feilen. Det er truleg noko gale med støtdemparen  på eine bakhjulet. Så får vi ta det derifrå. det er ikkje farleg å bruke bilen slik han er, men veldig irriterande å høyre på kakkinga.
Dei fleste i familien er seint oppe, så føremiddagen vart kort. I 14-tida kom Margrete og Ingeborg med Charlie, noko som vakte stor glede hos Ingar- mellom andre. Erlend var att heime for han var ikkje i form,; Amanda og Eirik var på jobb. Vi hadde avtalt å gå ut og ete pizza etter arbeidstid, så her hos meg fekk dei berre vaflar og kaffi. Vi sat her og prata og kosa oss til det var på tide å fare. Vi hamna på den indiske restauranten som eg aldri hugsar namnet på, den som før heitte Rosabella.
Vi vart til slutt 10 til bords, kjøpte 4 store pizza, og alt blei fortært. Så skilde vi lag med Margrete og hennar familie på parkeringsplassen, med løfte om snarleg gjensyn.Vi andre for heim i Starevegen og drakk kaffi enda ein gong.


søndag, juli 14, 2019

Dagbok 2019: 14.juli

I dag er det 19 år sidan Wenche og Rasmus gifta seg på Mauritius og eg vil gratulere dei med dagen. Vi har ikkje hatt så mykje feiring i dag, men det blir kanskje meir i morgon.
Dett er også fødselsdagen til mor mi, ho vart fødd i 1904.

Klokka er no 20.00, temperaturen er + 15 grader, det er delvis skya og opplett. Det har vore bra vêr i heile dag, men eg har ikkje vore mykje ute.
I dag då eg vakna var eg heilt bra i armen, truleg fordi eg gjorde lite og ingenting i går. No er eg ikkje bra, det er så vidt eg greier å skrive på tastaturet. Eg synest det er urettferdig at eg skal få så vondt i armen no når eg er relativt bra i knea. Det er ikkje så mykje betre å ha problem med høgre armen. Men eg får slutte å syte.
I dag skulle eg lage fisk til middag. Det var den store blå-longa som skulle til pers. Rasmus skar den opp i kotelettstykke, eg steikte den på steikepanna først og hadde den inn i steikomnen etterpå. Så skrelte eg poteter og gulrøter til. Eg kokte også risgraut til eit par av gutane av risen som vart til overs i går. Kjøkkenet såg ut som det var bomba. Eg har blitt vant til å vere her åleine og ha orden rundt meg, slik blir det ikkje når vi er 6 i familien. Men vi har det kjekt. Fisken vart god, den var verken seig eller hard, mest som torsk av konsistens. Og etterpå vart det is og kaffi.
Wenche begynte å klippe thujaane før middag og seinare hjelpte Rasmus til, såpass dei vart ferdige. Eg skal ta att rusket når eg blir i stand til det.
I morgon skal Rasmus ta ein runde for å få diagnosen på bilen min og ev. få den reparert.
Wenche sit og strikkar, men eg torer ikkje å ta i strikketøy. I morgon har vi tenkt oss på kafé i lag med Margrete og ev.barn. Gutane er snille og greie og underheld seg sjølve. Dei var på ein liten tur i lag med Rasmus før vi åt middag. Dei har vel opplevd så mykje tidlegare i sommar at dei likar å slappe av.


Barnebarna spelar Monopol. På Hareid.

Dagbok 2019: 13. juli

Berre Øystein manglar her, for det var han som tok bildet.


Klokka er 25 minutt inn i den nye dagen, timane flyg av garde så fort at eg ikkje rekk å skrive bokk før vi har passert midnatt. Her i huset søv vi om morgonen og ikkje om kvelden. Temperaturen kl. 0.30 var + 12 grader C Ingen har lagt seg enno så vidt eg veit. Gutane styrer seg mykje godt sjølve, dei er flinke.
Det har ikkje hendt så mykje i dag. Rasmus, Wenche og Ingar har vore og handla, og dei var også ein tur fram på grava. Rasmus og Wenche var først ein tur , kjøpte blant anna bensin på kanna mi og fylte opp bilen min. Seinare var Rasmus og Ingar på El-kjøp der dei trefte Amanda. Rasmus finn ikkje ut kva som feilar bilen min, han og naboen hadde den inn i nabogarasjen; der det er grav, så dei fekk sjå oppunder, men dei fann ikkje feilen. Noko av skammelet kom av ei plate som var under bilen, det hjelpte noko å få den vekk, men kakkinga er ikkje borte.
Wenche har reparert skaden i parketten, så den viser nesten ikkje lenger. Eg har stort sett rydda ut og inn av oppvaskmaskina. 
Håkon og Audun kom innom etter at dei hadde drege lina på føremiddagen, så i morgon skal eg lage steikt blålange, så sant Rasmus får skinnet av fisken. Dei fekk kaffi og is i lag med hine gutane, kjekt å ha besøk av fem barnebarn, alle gutar, i alderen 9-29 år.
Til middag i dag hadde vi ovnsteikt kylling og ris. Det var lettvint og godt. Rikeleg med rå grønsaker til. Sidan eg ikkje har anstrengt meg mykje i dag har armen vore bra, i alle fall før eg begynte å skrive her.
Den 13. juli 2016 var heile storfamilien samla på Hareid, for siste gong. Vi er glad for å ha bilde og minne frå den dagen.

fredag, juli 12, 2019

Dagbok 2019: 12.juli



Klokka er no 21.50 og temperaturen er + 15 grader C. Det var litt skodde først på dagen, men då vi køyrde utover til Hareid i 13-tida var det fin sol. Solveig og Øystein baud inn til familiesamling før dei reiser på ferie. Forutan Meg og Rasmus sin familie, kom Margrete og Erlend frå Straumshamn og Systera til Øystein og mannen hennar frå Molde. Og så var heile familien på Hareid til stades, med unntak av Einar som jobba kveldsskift i dag. Det var fint å sitte ute i hagen , godt skjerma av granhekken, men middagen tok vi inne. Nydeleg brennsnut, og dessertar, mellom anna karamellpudding. Seinare vart det kaffi og kaker i hagen, der dei vaksne prata og "ungane" leika.
Vi hadde ein fin dag. På heimvegen var vi innom Coop i Furene og handla mat etc. før vi køyrde heim.
Takk til Solveig og Øystein fordi dei samla familien enda ein gong.

Dagbok 2019: 11.juli.

Strengt tatt er vi no komne over midnatt og såleis er det 12.juli, men eg skriv om dagen som er over.
Akkurat no er det + 12 grader på trappa og det er nokså mørkt ute.
Dagen i dag har vore givande på mange måtar. Eg brukte ein del av føremiddagen til å lage mat. Det er ein lang tradisjon å servere Lasagne når familien frå Kongsberg kjem- og tradisjonar kan ein ikkje bryte.
Familien kom i 15-tida, og litt etter åt vi, og så vart det gulrotkake og kaffi, noko som også er tradisjon.
Rasmus har alt fiksa på både det eine og det andre, og såleis kome langt nedover på lista mi. Så no får eg orden på ting som eg ikkje fiksar sjølv. Vi har for det meste ete og prata heile tida, og sett litt TV innimellom. Rasmus fiksa litt på lyden, så no høyrest det bra ut. Mellombror har lagt seg og sovna, vi andre er i ferd med å finne sengene våre også.
I morgon skal vi vere hos Solveig klokka 14.00, så vi må stå opp i skikkelig tid.Vi håpar på fine dagar framover.

onsdag, juli 10, 2019

Dagbok 2019: 10.juli

Gutane på veg til Ørsta


Klokka er 17.45, temperaturen i skyggen er + 20 grader. Det varte ei stund før sola kom fram i dag, for skodda låg langt nedetter fjellsidene. No er skodda vekk, men det blæs kald skoddevind. Eg har lege og sola meg/ sove på altanen, men det resultat at eg verker i venstre kne. Uansett kva eg finn på så får eg eit mein.
På føremiddagen i dag vaska eg golv og rista teppe. Gjestane mine er på veg, siste livsteiknet hittil fekk eg frå Fodnes, men eg ventar dei ikkje før i morgon. Elles har eg vaske klede, reinska litt ugras etc. Eg har ikkje hatt det travelt i dag, og eg har ikkje falle for freistinga å klippe plen, men jammen veks det fort , graset, no. Tok meg ein liten spansktime på føremiddagen.
Elles har eg veldig lite å berette. Det blir vel livlege dagar no frametter, blir kjekt å få besøk.Elles synest eg det er skummelt at så mykje av sommaren er forbi.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...