torsdag, oktober 25, 2018

Dagbok 2018: 25.oktober

Klokka er 20.05, temperaturen er + 3 grader og det har regna i heile dag også. Ei stund likna regnet meir på sludd. Både i går og i dag har eg frose; same kor heitt eg har det i stova, frys eg ,eller sit og kulsar. Eg  fyrer i omnen og har på varmepumpa så her er minst 25 grader; eg har også tendens til å sovna. Begynte å lure på om eg "brygga" på noko, men i går kveld vart eg heilt bra når det leid på og vart sittande å sjå TV til langt over kl.1.00. At eg sit for mykje i ro, er det ingen tvil om, men eg strikkar no. Eg føler meg på ingen måte sjuk, men akkurat NO er eg litt sår i halsen. Kanskje eg er hypokonder?
Skal snart lage meg kveldsmat og varm te, så tenkjer eg det går bra. Neste veke er det vaksinering for influensa, det går etter alfabetet. Elles får eg meir og meir symjehud mellom fingrane.
I dag har eg saga litt ved, og så gjekk eg ned på Amfi og heim att i eit voldsomt regnvêr. Eg kjøpte regnjakke og gummistøvlar for at det skulle bli fint vêr, men sjeldan har eg brukt regnklede så mykje som no.
Eg trefte to tidlegare arbeidskameratar på ferda mi, den eine hadde tatt ut AFP-pensjon, ho heldt ikkje lenger ut "Den digitale skulen", den andre er 92 år og går frå Vinjevoll inn på Amfi på sine eigne føter, klår i hovudet er ho også ,høyrer godt og les utan briller.
Det var litt strevsomt å komme seg heim att, med eit stort nett frå Bunnpris med to syltetøyglas som nesten toucha asfalten, og ein høg orkide i andre handa, men det gjekk bra.
Eg tok meg litt mat før eg gjekk og leverte blomsten. Etterpå har eg hatt nok med å halde varmen, var nok litt sliten etter turen, men eg trur det gjer godt også. Kan ikkje gå her heime og rote heile dagane, har ikkje verken lyst eller energi til å gjere noko i dette vêret. Tre månader med regn, er meir enn eg ønska meg.
I dag fyller bror min 77 år og eg har gratulert han på face. I morgon har Rasmus fødselsdag, han blir 54. I skrivande stund er han om bord i Kielferja -på veg heim. Eine venninna mi fyller også år i morgon, men eg hugsar ikkje kor lenge det er sidan 70-årsdagen.

onsdag, oktober 24, 2018

Dagbok 2018: 24. oktober FN-dagen

Klokka er 18.50, temperaturen + 4grader og det regnar og regnar. Har aldri sett maken til denne hausten. I dag hadde eg ikkje lyst til nokon ting, og ikkje hadde g arbeidslyst heller. Tokk meg saman og sette ein brøddeig om ikkje anna. I grunnen likar eg det meste hus - og hagearbeid, men eg likar ikkje å bake. Brød går greitt, men der stoppar det. Siste åra har eg bakt lite og ingen ting til jul, så eg tenkte at i år må eg ta meg saman. Men det spørs.
Eg har no gått her i dag også og styrt med det eine og det andre, brukar mykje tid på å fyre i omnen og hente inn ved. Innimellom sagar eg litt. Så har eg eit lite maleprosjekt, og så strikkar eg-rekker opp att og strikkar på nytt. Slik går dagen.
Men då det leid til klokka 15, bestemte eg meg for ein liten tur på butikken. Det var berre å kle seg godt, og i dag hugsa eg refleks. Trefte ein tidlegare elev på butikken så vi vart ståande å prate ei stund, og heimvegen gjorde eg litt lenger enn vanleg, med tanke på mosjon og frisk luft, så eg var ikkje så snar som sist.
Då eg gjekk heim att med ein pose i kvar hand, gjekk tankane mine eit år tilbake. Då var det ofte eg stakk ned på butikken i kveldinga og handla. Då vart Nils åleine ei lita stund, men eg brukte ikkje meir tid enn eg måtte. Eg kom som regel heim med to kjempetunge posar, men då var eg lett på foten, så det var ikkje samme problemet som no.
No skal eg snart lage meg noko godt å ete, noko som liknar på middag, har ete berre brød før i dag. Og så blir det TV og strikketøy. Dei komande to dagane er det fleire fødselsdagar å hugse på.

tirsdag, oktober 23, 2018

Dagbok 2018: 23.oktober

Klokka er 17.00, temperaturen er + 4 grader C, og det har regna, hagla nærmast sludda innimellom i heile dag. Eit lite augeblikk var sola framme, og eg sprang etter kamera. Viss de dobbeltklikkar på bildet vil de sjå dropane som heng på ledningen, som perler på ei snor. Dessverre fekk eg også sjå sanninga om vindua som eg pussa både ute og inne for ikkje lenge sidan. Her må det nok ein reprise til. 
Sidan leigebuaren ikkje er komen heim att, er det ingen som fyrer nede, det gjer at her er golvkalt så eg må fyre desto meir+ ha på varmepumpa. Eg er glad i varme, og når eg bur åleine kan eg ha det så varmt eg vil.
I dag skulle eg på styremøte, eg veit ikkje om det var derfor eg vakna så tidleg, men eg tvinga meg sjølv til å ligge til klokka 8.
Før eg åt frokost tok eg oska ut or omnen og fyrte opp, eg stiller ned varmepumpa om natta. Etter frokost strikka eg ferdig ein lest og felte av før eg gjekk nedover. Eg hadde tilbod om skyss, men valde å gå. Eg merka tydeleg at det er ein fordel med regnkåpe framfor jakke, for eg var temmeleg våt frå knea og ned då eg kom fram. Møtet gjekk fort og greitt, og Eli køyrde meg heim att. Då begynte det å sludde eller hagle eller kva det var. Men eg er heilt utan gikt i dag, så no kjem det godvêr, berre vent og sjå.
Sidan eg kom heim har eg ete "middag", rippa bok, festa trådar og rydda i garasjen. Har sett på eit par maskiner med klesvask også. Med andre ord har eg ikkje gjort nokon stor innsats. Jau, forresten, eg skreiv referat frå møtet. Neste møte i pensjonistlaget kjem til å bli heilt fantastisk, så det er berre å bu seg. Møtet er den 7.november.


mandag, oktober 22, 2018

Dagbok 2018 : 22.oktober



Denne dungen skal eg rydde vekk ein annan dag, den er ikkje halvparten så stor som den eg tok i dag.

Klokka er 17.20, temperaturen er +4   grader C. I dag var det nysnø i fjella- og surprise: det regna. Det såg ei stund ut til at det kunne lett opp litt mellom bygene, men til slutt vart det samanhengande regn. Vi fekk ein ekstremt tidleg og varm sommar i år, no trur eg at denne hausten går over i historia som den våtaste ever. 
Eg vaska eit par golv før middag, rydda litt her og der, og strikka. Det verste med dette veret for min del er at eg blir sittande så mykje i ro, og det har ikkje kroppen min godt av.
Derfor tenkte eg at uansett vêr så skulle eg jobbe ute i dag.
Eg hadde to store dungar med material som skulle under tak til dømes. Eg bestemte med for å bere noko inn i garasjen, noko i tilbygget og dei lengste fjølene under altanen.
På grunn av at det er påvist på røntgenbilde at eg har dårleg rygg, har legen sagt at eg ikkje skal bøye meg for mykje og ikkje løfte tungt. Så dette var akkurat jobben for meg. Dei lengste fjølene drog eg etter meg. Og dungen forsvann. Under plankane såg eg graset som skal grønkast til våren.
Eg må alltid dokumentere det eg gjer, med bilde. Så eg sparka av meg dei groskitne støvlane, og heiv dei dyvåte hanskane og gjekk inn etter fotoapparatet. Tok ikkje på meg støvlane igjen, stakk berre føtene nedi ei par croxar, og så tok eg paraply for å beskytte kamera. Fotograferte først i garasjen, og så gjekk eg nedom garasjen for å ta bilde der materialen hadde lege. Visste ikkje ordet av det før eg datt bakover, og segla på baken i gjørma, før bakhovudet slo i bakken. Pang! Ærleg tala så slo eg meg ikkje, men vart godt skiten og gjennomvåt. Berga både paraplyen og kamera. Måtte gå inn kjellarvegen og kle av meg i vaskekjellaren før eg gjekk opp og dusja. Croxar altså !

I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00. No må eg ikkje gløyme det denne gongen.

søndag, oktober 21, 2018

Dagbok 2018: 21.oktober

Klokka er 18.40, temperaturen er + 5 grader C, og av alle regnfulle dagar trur eg dette må vere ein av dei verste; gata er meir som ei elv, der vatnet renn i strie straumar. 
Eg visste at eg skulle vere heime åleine i dag, og eg hadde tenkt ut program for dagen. Blant anna så skulle eg ommøblere litt i stova. Og så hadde eg tenkt å gå tur opp i skogen. Akkurat det siste måtte eg berre slå frå meg. Det var så vidt eg orka å gå ut i garasjen etter ved.
Fekk gjort litt inne, støvsuga  om-møblerte slik eg hadde tenkt. Sette meg til å høyre gudsteneste på DAB -radioen, og i dag handla det om den bramhjertige samaritanen, som rimeleg kan vere på ein innsamlingsdag.(DER kom eg på at det sikkert har vore noko på TV også-eg brukar ikkje å ha på TV-en før tidlegast klokka 19.00) Preika i radioen var kortfatta og god, ei oppmoding om å hjelpe dei som treng det. Det er kjekt å høyre kva ein skal gjere, til ei forandring, og ikkje berre kva ein ikkje skal gjere.
Til middag varma eg opp suppe som eg har frose ned, og innimellom sit eg og strikkar. Ja, faktisk trur eg at eg sovna litt også. 
Eg står ikkje i beit for å finne noko å gjere, men no synest eg faktisk vi har fått meir regn enn vi fortenar. Det begynte først i august og eg trur eg kan telje på ei hand dei finevêrs-dagane i vi har hatt etterpå. Eg plar til vanleg vere glad i hausten- når vêret er brukbart. Vi får håpe på ein fin vinter; men eg har ei kjensle av at den blir kald og tørr-mykje is og lite snø. Eg er den fødde pessimist, og fordelen med det er at ein sjeldan blir skuffa.


lørdag, oktober 20, 2018

Dagbok 2018: 20.oktober





Klokka er ca. 19.30, temperaturen er +  grader C. Det har visstnok regna litt i dag også, men eg har ikkje vore så mykje ute at det har skada meg, det er tørt på gata no.
For det meste har eg strikka i dag, og saga ved i garasjen, middag hadde eg ein rest frå i går osb. 
Margrete kom klokka 16.00 og så drakk vi litt kaffi før vi for på konsert. Det var veldig kjekt. Eit lite blandakor frå Hovdebygda med Øyvind Lid som dirigent heldt Beatleskonsert. Det var sikkert ikkje 100% reint, eller heilt perfekt på alle måtar,  men vi storkosa oss. Salen var stappfull. Om lag halvparten av dei som var der var sånn om lag på alder med Beatles-medlemmane, den andre halvparten var dei som vart fødde på 1960 talet eller der omkring. Det var siste aldersgruppa som prega koret også. 
Børre Lødemel var solist på nokre av songane, og Øyvind Lid tok seg heilt ut på siste songen "All you need is love". Publikum klappa og song med. Håper dirigenten ikkje brukte opp heile stemma si , for dei skulle  ha ein konsert til i kveld. Kirsten Ose var fram og takka både den eine og den andre og delte ut blomster til musikarane og til elevane frå ballettskulen, som også var med. Ho er ein "komikar" av rang! Trur alle koste seg. Det er noko spesielt å vere på konsert når du kjenner mange av dei som er med.
No skal eg sette meg i godstolen med strikketøy og sjå Stjernekamp, det er høgdepunktet i veka når det gjeld TV. Og etter midnatt skal eg spele Beatles på You Tube på full guffe. Skulle hatt betre høgtalarar!



fredag, oktober 19, 2018

Dagbok 2018: 19.oktober

Klokka er 21.45, temperaturen er + 10 grader C , og jammen har det regna i heile dag også. Kall det byger, men dei kjem tett.
På føremiddagen i dag var det ikkje gjort mykje, eg sat mykje og strikka og så var eg ute i garasjen av og til og saga litt ved. Det vart mosjonen i dag. Klokka 14.00 begynte eg å lage middag. Hadde invitert Solveig til å ete med meg, så eg måtte imponere "husstellæraren" litt. 
Eg laga Skåtøybacalao- ei oppskrift eg har funne på nettet. Det er ein såkalla kvit bacalao. Den vanlege raude bacalao er meir lettvint, for då puttar ein alt i ei gryt. Den kvite er det meir arbeid med. Dei ulike ingrediensane skal kokast eller steikast kvar for seg før ein til slutt har dei i ei fom og inn i ovnen. Det blei i alle fall ein diger oppvask.
Men Solveig likte maten godt og fekk med seg litt heim som ho kan ha i morgon, sidan ho er heime åleine. Etter ein kaffikopp og ein god del prat, var vi på handel. Eg hadde ærend på apoteket, Europris og Vito. Solveig såg på klede, men fann ikkje noko ho ville ha i dag. Mat handla vi på Spar.
Solveig køyrde meg heim , men så reiste ho ut att. Klokka var nesten 20.00.
Kvar gong nokon snakkar om havregraut, tenkjer eg på svenskepakkane vi fekk rett etter krigen. I dag fekk eg ein annan slags "svenskepakke"- diverse som Solveig hadde kjøpt til meg i Sverige. 
Eg er ikkje så gira på snop, men ein god "Blommer i madeira" til kaffien, seier eg ikkje nei takk til.
Eg tok berre ein-i dag. No har eg sett TV-og meir blir det vel. Ønsker alle ei god helg!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...