lørdag, oktober 20, 2018

Dagbok 2018: 20.oktober





Klokka er ca. 19.30, temperaturen er +  grader C. Det har visstnok regna litt i dag også, men eg har ikkje vore så mykje ute at det har skada meg, det er tørt på gata no.
For det meste har eg strikka i dag, og saga ved i garasjen, middag hadde eg ein rest frå i går osb. 
Margrete kom klokka 16.00 og så drakk vi litt kaffi før vi for på konsert. Det var veldig kjekt. Eit lite blandakor frå Hovdebygda med Øyvind Lid som dirigent heldt Beatleskonsert. Det var sikkert ikkje 100% reint, eller heilt perfekt på alle måtar,  men vi storkosa oss. Salen var stappfull. Om lag halvparten av dei som var der var sånn om lag på alder med Beatles-medlemmane, den andre halvparten var dei som vart fødde på 1960 talet eller der omkring. Det var siste aldersgruppa som prega koret også. 
Børre Lødemel var solist på nokre av songane, og Øyvind Lid tok seg heilt ut på siste songen "All you need is love". Publikum klappa og song med. Håper dirigenten ikkje brukte opp heile stemma si , for dei skulle  ha ein konsert til i kveld. Kirsten Ose var fram og takka både den eine og den andre og delte ut blomster til musikarane og til elevane frå ballettskulen, som også var med. Ho er ein "komikar" av rang! Trur alle koste seg. Det er noko spesielt å vere på konsert når du kjenner mange av dei som er med.
No skal eg sette meg i godstolen med strikketøy og sjå Stjernekamp, det er høgdepunktet i veka når det gjeld TV. Og etter midnatt skal eg spele Beatles på You Tube på full guffe. Skulle hatt betre høgtalarar!



fredag, oktober 19, 2018

Dagbok 2018: 19.oktober

Klokka er 21.45, temperaturen er + 10 grader C , og jammen har det regna i heile dag også. Kall det byger, men dei kjem tett.
På føremiddagen i dag var det ikkje gjort mykje, eg sat mykje og strikka og så var eg ute i garasjen av og til og saga litt ved. Det vart mosjonen i dag. Klokka 14.00 begynte eg å lage middag. Hadde invitert Solveig til å ete med meg, så eg måtte imponere "husstellæraren" litt. 
Eg laga Skåtøybacalao- ei oppskrift eg har funne på nettet. Det er ein såkalla kvit bacalao. Den vanlege raude bacalao er meir lettvint, for då puttar ein alt i ei gryt. Den kvite er det meir arbeid med. Dei ulike ingrediensane skal kokast eller steikast kvar for seg før ein til slutt har dei i ei fom og inn i ovnen. Det blei i alle fall ein diger oppvask.
Men Solveig likte maten godt og fekk med seg litt heim som ho kan ha i morgon, sidan ho er heime åleine. Etter ein kaffikopp og ein god del prat, var vi på handel. Eg hadde ærend på apoteket, Europris og Vito. Solveig såg på klede, men fann ikkje noko ho ville ha i dag. Mat handla vi på Spar.
Solveig køyrde meg heim , men så reiste ho ut att. Klokka var nesten 20.00.
Kvar gong nokon snakkar om havregraut, tenkjer eg på svenskepakkane vi fekk rett etter krigen. I dag fekk eg ein annan slags "svenskepakke"- diverse som Solveig hadde kjøpt til meg i Sverige. 
Eg er ikkje så gira på snop, men ein god "Blommer i madeira" til kaffien, seier eg ikkje nei takk til.
Eg tok berre ein-i dag. No har eg sett TV-og meir blir det vel. Ønsker alle ei god helg!

Bok nr. 33 - 2018: Lyset bak øynene

Helena er bare ni år gammel da hun blir sendt fra den vesle hjembyen til en blindeskole i femtitallets Helsingfors. Der vender hun seg gradvis til storbyens lukter og lyder, og lærer seg å beregne avstand ut fra antall skritt. Men savnet etter familien er stort.

Førti år senere flytter også Helenas nevø Tuomas sørover for å studere. Han ønsker å leve opp til familiens krav og forventninger, men drømmer om å stifte en egen familie, og bærer på en hemmelighet. I Helsingfors treffer han tanten og blir kjent med nye sider ved henne. Hvordan er det å leve hele livet som en som må stå utenfor? Går det an å bli akseptert som den man er.

«Lyset bak øynene» er en ny, sterk roman fra forfatteren av den kritikerroste «Der fire veier møtes». Tommi Kinnunen skriver med innsikt og innlevelser om nødvendigheten av å finne sin egen vei, om ønsket om å bli far og kunsten å være forelder.

«Den unge, og det må være lov å si, lovende Kinnunen er en av flere flinke finske forfattere på vei opp og frem i nordisk litteratur. I intervjuer røper han at det kanskje blir en bok til om denne motsigelsesfylte familien. Uten tvil en finsk gladmelding.»
………………………………………………………………………………..
Eg har brukt lang tid på denne boka -mykje fordi eg stort sett har lese den etter sengetid. Det var lett å halde tråden uansett, for her var få personar å halde orden på, men litt problem vart det sidan det var litt byks i tid. I dag las eg om att siste plata fordi eg følte at det mangla avslutning. I det heile må eg seie at eg kanskje ikkje oppfatta bodskapen i boka.Det som står i omtalen over er liksom ikkje nok-synest eg. 
Ingrid Vollan er ei fryd å ha på øyret når ein skal sove.


torsdag, oktober 18, 2018

Dagbok 2018: 18.oktober

Klokka er 19.35, temperaturen ute er + 8 grader C og det regnar. Det er visstnok byge-vêr men bygene kjem tett. På føremiddagen hadde eg tenkt å få gjort litt ute, men så snart eg var godt i gang, kom regnet. Litt fekk eg gjort, rydda litt, saga litt og rydda litt rundt dørene. 
Fekk fylt opp bossdunken i dag med det eg gløymde sist så no er den breddfull. Så fann er fram dei raude boksane og fekk fylt den eine. Det stod i avisa at det var henting laurdag- og eg trudde det var førstkomande, men så er det neste. Typisk meg -datoane bit eg meg ikkje merke i. 
Men det var bra det ikkje var førstkomande for då skal eg på konsert i lag med Margrete. Det er Ervingen blandakor som skal ha Beatleskonsert og det gler eg meg til. For det første er eg Beatles-fan, for det andre kjenner eg mange i koret. Det skal vere to konsertar etter kvarandre, vi skal på den første som tek til kl. 17.00. Margrete har kjøpt billettar.
I dag blei det ein nokså lat dag for meg - eg kunne alltids funne på noko å gjere inne, men eg ville vere ute ! Dermed sette eg meg til å strikke, og har strikka meir enn ein halv lest (stor) mens eg har høyrt lydbok. 
Fekk melding frå Solveig om at ho kjem innover i morgon såpass eg får handle litt stort. Eg sa at viss det høvde slik, kunne ho komme rett etter skulen, så skulle ho få middag med meg. Det ville ho, for Øystein er på reisefot igjen, Stockholm denne gongen.
Eg fekk ikkje særleg problem etter å ha gått til Vik og opp att i går. Kneet var ikkje verre enn vanleg, men eg hadde litt problem med venstre hofta  tidleg på dag.
Men eg ville ha meg ein tur ned på Kiwi for å få litt mosjon og frisk luft. Eg gjekk heimanfrå klokka 19.00. Hadde kledd meg godt, med svart bukse, svarte gummistøvlar og svart regnjakke. Det slo meg at eg var nærmast kamuflert, men gadd ikkje å fare heim etter refleks. Eg blir ofte så irritert over at klede ikkje kan vere utstyrt med ei eller anna form for refleks frå fabrikken si side. 
Eg har refleksbrikker i fleng og slike som ein slenger rundt armen, og sist vinter då eg var mykje ute og gjekk i mørke kveldar, hadde eg på meg både det eine og det andre. Eg veit ikkje om andre opplever det samme, men når eg kjem heim er refleksen som regel borte vekk. Særleg regnklede burde vere litt sjølvlysande. Eg løyste problemet med å gå i "grøfta"- og var trygt heime klokka 19.30. Det er fort gjort å gå på nærbutikken.

onsdag, oktober 17, 2018

Dagbok 2018: 17.oktober


Bildet er tatt med mobil ved Vikemarka skule. Ein kan sjå ein annleggsmaskin oppe på fonnvernet.

Klokka er 17.00, temperaturen er + 10 grader og i dag har det regna ganske kraftig.
Eg hadde ingen spesielle planar for dagen og då blir det vanlegvis lite og ingenting gjort. Strauk nokre klede og strikka litt, men å sitte og strikke midt på lyse dagen, det er ikkje det EG vil. Eg tenkte at eg skulle ta ein tur på butikken , anten på Kiwi eller heilt ned på Amfi. Eg vaska håret etc. og kledde med godt i regnjakke og gummistøvlar og gjekk nedover. Hadde diverse småærend på AMFI, mat kunne eg ev. kjøpe på Kiwi på heimvegen. Første stopp var Clas, der kjøpte eg tre lyspærer, men då eg skulle betale fann eg lommeboka, hadde sjekka at den var i veska, før eg for heimanfrå. Det var berre det at Visa-kortet var der ikkje. Eg plar aldri, eller nesten aldri, fjerne kortet frå lommeboka, så eg sette meg på ein benk og leita grundig. Hadde heldigvis litt kontantar, såpass eg fekk betalt lyspærene. 
Det blei ingen storhandel i dag, men eg fekk no sett meg litt om i verda, og kontantane rakk til brød og smør også, såpass eg slepp å bake. Trefte Gunn Torill og gjekk i lag med henne dit ho bur, ho har flytta ned i ei av dei kommunale leilegheitene mellom kyrkjegarden og bedehuset. Eg var sikker på at eg kunne gå beint opp i Håkonsgata, men brått stoppa vegen. Eg sneik meg gjennom ein hage og DÅ kom eg opp på gata. Gjekk Elvavegen til Vikemarka osb. Det vart ei heil Amerikareise for meg, men det gjekk bra. Oppover er det nesten ikkje problem å gå.
Då eg kom heim leita eg gjennom veska endå ein gong, før eg kom på tanken at eg kanskje hadde lagt Visakortet over i den lommeboka eg brukar å ha i "selskapsveska"- og eg hadde hatt den veska i gravferda. Då var problemet løyst. 
Det gjorde ingen ting at eg ikkje fekk handle i dag, for meg var det viktigaste å få komme ut i frisk luft og få mosjon. No skal eg snart ete middag, suppa står på tining.
Trefte Grete på heimvegen og vi vart ståande å prate, såpass eg fekk litt sosial kontakt også. Og så ser eg fram til å sjå dei to siste episodane av ein serie-såg dei to første i går. Men det er i kveld. 
Fekk melding frå Marit i går, ho er i Spania.
Voldsomt kor dei jobbar og skyt oppi skogen, vi ser meir no når lauvet fell av trea.

tirsdag, oktober 16, 2018

Dagbok 2018: 16.oktober

Klokka er 17.30, temperaturen er + 13 grader C og det er lettskya, men opplett. Det var ikkje så kaldt i dagmorgon som det var i går, det har vore ein fin dag, og sola har vore oppe ender og då, men eg har  for det meste inne vore inne. Sende ei melding til Bodil i dag f.m. og spurde om dei kom oppover i dag, og det ville dei. Dei skulle hente dei to gamle stolane mens det var opphaldsvêr og då treng ein å gripe dagen. 
Eg rekna med dei kom på sekundet sånn ca. så eg heiv i hop ei svelerøre, og steikte svelene ferdig i god tid, for dei kom ikkje så fort som eg trudde. 
Men det er no praten som er det viktigaste. Sidan vi ikkje treffer kvarandre så ofte har vi mykje å prate om, og heilt ferdigprata vart vi heller ikkje denne gongen. I tillegg til stolane tok Svein med seg ein gammal grasklippar som eg ikkje treng. Eg klarer meg med to-treng ikkje tre.
Bodil hadde med seg nydelige pærer frå hagen på Hildegard, så no blir det vel ei som et litt for mykje. Pærer som er akkurat passeleg modne er uhyre godt.
Det vart litt tomt i stova då dei to store stolane vart vekke, men det var vel overfylt før. Dersom eg treng ein ny stol, er det ikkje noko problem å få tak i det. Svein skulle ha våre gamle i utestova si. Det var han og Bodil som fekk dei ut og opp i tilhengaren. Eg kan ikkje løfte så tungt.
Sat og strikka litt mens eg venta på gjestane, elles har eg ikkje gjort noko i dag.

mandag, oktober 15, 2018

Dagbok 2018: 15.oktober.

Klokka er ca.18.30 og sola har nyss forsvunne for i dag. Då eg vakna i dag var det sol på fjelltoppane og rim på alle tak, dvs. fint, men kaldt. Med finevêr kjem det også energi. I dag skulle eg vaske og rydde, for i dag kunne eg henge ut golvtepper etc. Eg gjorde ein grundig jobb, men då eg var ferdig var ikkje klokka meir enn 12.00. 
Vart sittande inne ei stund, strikka og styrte på med diverse, før eg kom meg ut. Kosta i garasjen, rydda i tilbygget, og samla opp lauv og gras med grasklipparen så lenge eg hadde bensin. Deretter tok eg kantklipparen og klipte rundt busker og tre , heilt til det small. Dvs. det var noko som gjekk av i det huset det sena ligg. Trur knapt det kan reparerast. Godt at eg ikkje treng den på ei stund. Det er ikkje så mykje å gjere ute no akkurat, men godt å komme seg ut. No blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden. Håper på ein ny fin dag i morgon.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...