mandag, september 17, 2018

Dagbok 2018: 17.september




Klokka er snart 20.00, temperaturen ligg framleis på +10 grader og det skal visst regne heile denne veka også. Veldig oppløftande. I dag har eg streika, på grunn av vêret, har ikkje gjor stort anna enn å bake tre brød og rydde ei lita bokhylle. Elles har eg høyrt lydbok og strikka. Og fyrt i omnen.
For eit par dagar sidan ønska eg meg ein "handyman"-i dag har eg hatt tre. Først kom snikkaren. På Hareid var det opplett, men då han hadde køyrt gjennom tunnelen pøsa det ned. Han har likevel fått gjort noko. Den veggen er det ein god del arbeid med, så det tek tid. Men som de ser er den snart ferdig. Vi skal ikkje rive ned resten av veggen. Vi får ikkje måla raudt før neste år, men det er trykkimpregnert material, då den toler å stå vinteren over utan måling. Handyman nr. to var ein av naboane som kom innom, han kjøpte og sette opp lysrør på badet, så no er det håp om at eg kan sjå betre (ut) i morgon.
I kveld kom Helge elektrikar. Etter mykje strev fann han jordfeilen i vaskekjellaren. Det viste seg at det var ein ledning inne i sikringsskapet som hadde brunne av. No er han nede i kjellaren, i leilegheita, og leitar etter ein jordfeil der også. Eg håper ikkje det er ein alvorleg feil. Eg fekk han til å sette ny skøyt på ledningen på Tiffanylampen, det var fort gjort. Det vart så mykje som kom på no når eg vart her åleine, mykje som eg har måtta ha hjelp til. Eg meiner eg har klart det meste sjølv dei 2-3 siste åra, men no vart eg noko "hjelpelaus".
Om mykje er gale, så er det i alle fall fint og grønt gras rundt huset. Eg trur eg får klipt ein gong til i år. 
Kari ringde i dag, så eg fekk høyre litt om korleis ho hadde feira 80-årsdagen sin i heimbyen-Ålesund.
PS: Helge fann, og reparerte, feilen i kjellar- leilegheita. Så skal han undersøke om der skal komme nokon og overprøve.

søndag, september 16, 2018

Dagbok 2018: 16.september

Klokka er 17.45, temperaturen er + 10 grader og det har regna meir og mindre i heile dag; dvs. det har faktisk vore opplett mellom bygene.
I dag har eg vore åleine heime heile dagen, og det har vore heilt OK: Den veka vi la bak oss var full av aktivitetar og hendingar, så det var greitt å ta det med ro i dag. Dei to sundagane før denne vart brukt til å lage eple-jus. I dag har eg lese og strikka litt og tatt det med ro.
Det vart endeleg såpass opplett at eg fekk plukka opp mesteparten av glasbitane på tunet, og så har eg ein del arbeid med ved og fyring. Eg brukar ikkje varmepumpa så mykje, men fyrer med rusk og rask frå bygginga og frå knusing av diverse hagemøblar sist sommar. Alt brenn som knusk, så det er ingen dryg ved. Men så får eg rydda litt på samme stund som eg får varme. Har fyrt mykje når ein tenkjer på at vi berre er midt i september. Viss sola får kome fram, er det den som varmar best. I dag fann eg nokre modne Victoriaplommer igjen, eg trudde det var slutt. Og graset veks godt enno, så det blir vel meir plenslått når /viss det tørkar opp.
Til middag i dag varma eg litt av fårikålen frå i går. Viss bøndene skal slakte ned sauene sine blir det vell mykje billeg kjøtt å få kjøpt-eller kanskje ikkje.
Eg ønsker meg litt finare vêr, for eg likar best å styre på ute. Skal kanskje ha meg ein tur på butikken i morgon og kjøpe eit lysrør,; Helge kjem sikkert innom ein dag såpass han set det på plass.
I dag las eg ferdig ei bok, så no skal eg begynne på ei ny elles blir det TV og strikketøy utover kvelden.
I dag fyller kusina mi, Ellen Marie, 80 år. Far min og mor hennar var søsken. Eg hugsar at eg såg veldig opp til henne då vi var barn. Eg visste aldri kva eg ville bli "når eg blei stor"-ho var heile tida fokusert på at ho skulle bli sjukepleiar, og det vart ho. Ho jobba til ho var over 70 år -og elska jobben sin.Skulle gjerne vore hos henne i dag, men håper at det ikkje blir så altfor lenge til eg får ta turen til Skedsmokorset, der ho bur.

                                            Gratulerer med dagen Ellen Marie.


Bok nr. 30 - 2018: Talte dager


Liv Karin mister besinnelsen ovenfor tenåringsdatteren Kaja, utenå vite at de stygge ordene som faller mellom dem, skal bli de aller siste. Den unge legen Jonas som prøver å komme seg videre etter en fatal feilvurdering på legevakta, Ivan som gikk et skritt for langt, studenten Ingeborg som forsker på innsattes tilværelse bak murene, og ungjenta Lykke som endelig har funnet sin ukjente far, men som må innse at han ikke har noen ønske om å bli funnet. Alle disse får på sin måte betydning for hvordan det går med Kaja. «Talte dager» er en bok om godheten og ubarmhjertigheten i de relasjonene vi bygger livet på, og om hvordan små ting kan få uoverskuelige konsekvenser. Før man vet ordet av det, er det for sent å si unnskyld. Med stor varme og innsikt i menneskers følelser skildrer Heidi Linde Kajas fire siste dager gjennom et flettverk av historier og skjebner. 
……………………………………………………………………………
Som så mange gonger før må eg berre beklage at eg ikkje kan vurdere boka sakleg nok. Eg har brukt alt for lang tid på den, har hatt med meg boka hit og dit og mest i senga der eg har lese i halv-søvne. Med forbehold om at eg ikkje har lese grundig nok, vil eg plassere boka sånn midt på treet.Opplesaren er grei nok, men eg synest det blir feil når damer skal lage mannsstemme.
Ein ting eg reagerte litt på, er at handlinga er lagt til Sogn- og alle snakkar bokmål. Det blir så feil for meg.

lørdag, september 15, 2018

Dagbok 2018: 15.september

Klokka er 19.00, temperaturen er + 9 grader, som vanleg og det regnar som vanleg. I dag har eg ikkje vore lenger enn ut i garasjen; eg fyrer i omnen etter kvart som eg ryddar litt i diverse kapp av gammalt og nytt.
I dag hadde eg ingen planar og det var i grunnen litt godt. Eg visste at Einar skulle komme i 16-tida og då skulle vi ete middag i lag. Elles vaska og rydda eg litt, og no må eg snart finne fram lottokupongen. Det er første gong eg spelar lotto heilt åleine med eige spelkort. Nils brukte å halde på med slikt, men gjekk over frå Lotto til Extra. Sidan eg støtt er meir og mindre dagville, gjorde eg meg klar i går kveld, men kupongar mobil etc. før det brått gjekk opp for meg at det ikkje var laurdag.
Sidan Einar skulle komme laga eg ein ganske stor porsjon med fårikål. Vi åt godt begge to, men endå er det mykje att. Eg skulle no kunne å koke til 2, så mange år som vi var berre to i hushaldet. Einar og eg har alltid mykje å prate om, så tida gjekk fort mens vi drakk kaffi etter middagen. Eg fekk han til å ta ned lysrøret på badet slik at eg kan vise det fram og få meg eit nytt. Å skifte lyspærer er inga sak, men lysrør har eg ikkje vore borti og skifta før, men eg får sikkert nokon til å hjelpe meg.
det er meldt regn heile neste veke også, litt synd for meg som sit her med ein halv vegg. Begge bilda er tatt ca. kl.18.30, sjølv om det eine er lysare enn det andre. Har vel med blitzen å gjere. Vatnet renn etter gata. No må eg inn til TV-en!


fredag, september 14, 2018

Dagbok 2018: 14.september


Klokka er 17.00, temperaturen er + 10 grader, som vanleg, og det regnar, som vanleg. Det vil ingen ende ta. Eg fyrer i omnen, har nok rusk og rask, i dag har eg også brent delar av granrota som Wenche og Rasmus grov opp i sommar.
Eg har fått ein stygg uvane med å vakne så tidleg om morgonen at eg har ein tendens å sovne når eg set meg ned. Slik var det også i dag. Men i dag kom ikkje snikkaren så tidleg, først når det leid litt ut på dagen dukka han opp i håp om at han skulle få gjort noko mens det var opplett. Etter kvart begynte det å regne igjen, og då reiste han for å hente material. Eg snakka ikkje med han før han for, men reknar med at han tek fri i morgon. Han fekk i alle fall begynt på veggen.
Eg hadde avtale med Marit om at vi skulle fare å handle klokka 11.00, så eg begynte ikkje med noko storarbeid på føremiddagen. Sidan ho hadde sove lite og dårleg i natt sov ho utover morgonen, så klokka vart 11.30 før vi kom oss av garde. Vi luska rundt på mange klesbutikkar på Amfi, for Marit skulle ha ei jakke. Ho vann ikkje det ho hadde tenkt, så vi gav oss på det. Marit spelar lotto, og no har også eg fått meg spelekort og kupong, så brått kan eg bli millionær. Kjøpte ferdig utfylte kupongar. Eg kjøpte ikkje noko særleg, men tok det att på Spar. Eg skulle eigentleg ha to ting-det vart litt meir.
Vi var vekke i om lag to timar, og så vart det ei pratestund i bilen då vi kom opp att.
Etter at eg hadde fyrt opp att i omnen og ete, sette eg meg til å sjå i blada som Solveig kom med. Då datt augo att. No har eg kokt meg kaffi såpass eg greier å halde meg vaken gjennom Gullrekka.
Eg fekk høyrt to av nyheitssendingane til Einar i dag, men mange var for tidlege for meg, og då den siste kom var eg på rek. I hovudet mitt er det laurdag i dag, det er slikt som skjer kvar veke, nesten, og det er heilt umuleg i snu på det. Men eg får i alle fall ønske alle ei god helg. I morgon kjem truleg Einar innover ein tur.


torsdag, september 13, 2018

Dagbok 2018: 13.september


 Tusvik, Sykkylven. Utsyn over Storfjorden.

Klokka er 18.00, temperaturen + 9 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag. Ja," etter den søte kløe, kjem den sure svie " seier eit gammalt ordtak. Sommaren kom tidleg, var og fin, folk snakka om at det aldri før hadde vore ein slik sommar. Men så snart vi kom bort i august var det slutt-då kom hauseten, og det var altfor tidleg ! Men NO må vi snart få ein "Indian summer" såpass vi får rydde opp før vinteren. Vekene går fort.
I dag har eg tenkt på det, at hadde eg vore skikkeleg rik skulle, eg ha kjøpt meg ein mann. Ikkje ein ektemann, men ein "handyman". No har eg stort sett eit lite kobbel med handymen gåande her, men så skjer det ting heile tida som eg ikkje klarer å ordne opp i sjølv -  og akkurat då er der ingen handyman å sjå. Eg har budd lenge åleine no, utan at det skjedde så mykje gale, men så er det brått så mykje som skjer. I dag til dømes, stod lyset på badet og blinka. Eg prøvde å ta ut lysrøret, så eg skulle få kjøpt eit nytt, men ikkje eingong det greidde eg. Dette er eit veldig LITE problem, men eg blir irritert på meg sjølv når det er slikt eg ikkje greier åleine. Eg kjem nok til å prøve igjen.
Eg plar stå opp relativt tidleg kvar morgon, så eg skal vere oppe før snikkaren kjem. I dag stod eg opp ekstra tidleg, ville låse opp døra og legge meg att, men så hadde ikkje døra vore låst i natt! Akkurat det plar eg ikkje gløyme, sjølv om eg gløymer mykje.
I dag føremiddag la eg ikkje opp til noko storarbeid, eg skulle ned og vere barnevakt frå 12.45 og før det skulle eg innom Eli og betale for turen. Og eg går ikkje fort. Eg har problem med å gå, særleg nedover, men eg tek tida til hjelp. Men eg kom på rådhuset i god tid før mora kom med veslejenta. To månader gammal er ho, og har ei søster på 2 år og ei på 5år. Mens eg venta kom ei ung dame eg kjenner, ho bur ytst i Starevegen/Storebakken og har vore eleven min. Vi hadde ein koseleg prat. Eg trefte mange kjende både politikarar og slike som jobbar på rådhuset. 
Eg blei stasjonert med ein sovande baby i vogn, i kantina, der det var ei hyggeleg dame som spanderte kaffi. Eg hadde lydbok og babyen sov, så det var ein enkel jobb. Eg visste at dei skulle ha pause klokka 15.30, så eg tenkte eg skulle sleppe å kontakte mora før den tid. Det gjekk - nesten. Jenta sov og sov, og kvar gong ho viste teikn på å vakne, berre byssa eg litt på vogna. Til slutt vakna ho skikkelig og då ville ho ha mat. Eg bar rundt på henne ei stund , men 15.15 var det slutt på tolmodet og mora måtte kome. Slik var avtalen. Eg venta ei stund og fekk snakke med eit par kommunestyre - representantar som eg kjenner. Eg fekk faktisk eit tilbod i dag om å ta over som vararepresentant i eldrerådet, eit verv som Nils hadde. Eg takka nei, men Kirsti Hansejordet sa ja. 
Sidan eg først var i Vik tok eg ein tur på Amfi, men kjøpte berre lyspærer og litt mat. Heime att prøvde eg ut nye "snarvegar". Eg gjekk mykje i Vik sist vinter og fann stadig nye råser. I dag gjekk eg oppover langs Vikelva heilt opp til Vikemarka skule, der var det stengt. Stengt var det også i Storebakken. Dei driv og skyt til langt på kveld. Vikelva var heilt brun av mold og sand, trur det fer mykje heilt ut i sjøen av det som dei grev opp.
Då eg kom heim , måtte eg ha meg eit skikkeleg måltid. Klokka var 17.00 og eg hadde ikkje ete sidan frokost. Dette vart mykje om nesten ingen ting, men for meg er det ei oppleving kvar gong eg er ute og treffer folk, høyrer og ser noko nytt, og kan ta den tida eg treng. Eg har forresten sagt ja til å vere med på Haustkonferansen i Ulsteinvik i år. Det er i samband med Pensjonistlaget.

onsdag, september 12, 2018

Dagbok 2018: 12.september

Klokka er no ca. 18.30, temperaturen er + 10 grader C og det har regna i heile dag. 
Eg sit framleis her på kontoret mitt, der eg har sete i heile dag- nesten. No har eg fått enda ein mann på besøk, det er Helge, elektrikar, som skal fikse litt her og der. På føremiddagen og utover var snikkaren på stova og sette inn det nye vinduet. Det er ein god del arbeid med det, men han har fått det fint til. Eg har ikkje tenkt å henge opp att gardinene før eg har vaska dei- eller kanskje eg kjøper nye. Vi får sjå.(Går ut frå at alle forstår at den kvite flekken i ruta kjem av blitzen).
Føremiddagen vart frustrerande, med datatrøbbel og greier, så eg brukte tre gonger så lang tid på å få ifrå meg referatet frå turen i går, som eg skulle ha gjort. Men gjort er gjort og spist er spist- og om hundre år er allting gløymt. Då eg endeleg hadde fått frå meg referatet og sendt det til avisa, fekk eg gjort litt anna, men måtte vente til snikkaren var ferdig før eg fekk rydda opp på stova.
Eg hadde att kotelettar frå sundag så det vart ein slags middag i dag også. Etterpå strikka eg og rippa to av dei bøkene som Solveig kom med, den tredje hadde eg lese før. Akkurat då eg var ferdig kom Helge. Han har til no reparert ei stikkontakt i stova, og no er han i vaskekjellaren og skal finne feilen der. 

I morgon skal eg på "jobb"-eg skal passe ein baby mens mora er på kommunestyremøte. Marit, som mora heiter, fekk jente nummer tre i sommar. Ho bur på Sæbø. Sjølvsagt kjenner eg henne, men eg synest det var litt artig at ho spurde meg. Eg skal møte opp på rådhuset i god tid før klokka 13. Ja, eg slepp å kjede meg, det skjer noko heile tida. I dag tidleg var eg trøtt, men stod opp i god tid før snikkaren kom, sidan han skulle jobbe inne. Vi kjem i grunnen godt overeins.
Det blir spennande å sjå om dei har fått manuset mitt i avisa og om nokre av bilda har funne vegen dit.Har ikkje fått tilbakemelding-men heller ikkje retur.


Desse bilda frå Naturmuseet og Møbelmuseet har eg funne på nettet.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...