fredag, oktober 06, 2017

Dagbok 2017: 6.oktober

Klokka er 20.40,utetemperaturen + 8 grader, og i dag har det regna ganske mykje innimellom. Elles har ikkje dagen vore så mykje annleis enn andre dagar. Nils var trøtt og låg til langt ut på føremiddagen. Eg gjorde ein del husarbeid før han stod opp. Seinare gjekk er ut og plukka ein heil stol balje med nedfallseple som eg pressa til jus. Men først spurde eg Solveig om ho ville ha. Det ville ho.
Ho kom innover i 17.30-tida, og ho og eg var ein tur på Amfi og handla. Det var særleg medisinar som stod på lista mi, men litt matvarer vart det også. 
Vi drakk kaffi i lag då vi kom ut att, og bytte litt varer og naturalia som vanleg, ho fekk jus og eg syltetøy t.d.
Nils er slapp og trøytt men har mindre vondt i hofta enn før, seier han. Han fungerer i alle fall sånn nokolunde, og er heldigvis klar i toppen. No skal vi sette oss ned og sjå TV i lag.

torsdag, oktober 05, 2017

Dagbok 2017: 5.oktober

Klokka er 20.00, temperaturen er + 8 grader ute, det er mørkt og det silregnar. Når vêret er slik har eg ein tendens til å miste mykje av energien, så i dag har eg ikkje fått gjort så mykje anna enn det mest nødvendige.
I dag hadde Nils og eg samme ideen. Etter at han hadde fått mat og medisin på senga, tok han to ekstra tablettar for å bli meir opplagt. Det funka bra, han fekk både dusj og reine klede, noko som det var behov for. Etter at eg hadde sett at han var komen til rette i godstolen og hadde det bra, tok eg ein snartur ned på nærbutikken, mest for å kjøpe poteter, men også for å få litt mosjon.
I dag laga eg god mat, lammefrikassé med poteter, grønnsaker og god saus. Vi åt ganske godt begge to. Etterpå blei det kaffi og is, og så "Kakekrigen" på opptak. Vi venta med middagen til etter HBO hadde vore her.
Det har vore mykje stillesitting og TV i dag, men eg har i alle fall strikka litt. Eg saknar å vere ute og jobbe, men akkurat i dag var det greitt å halde seg inne.
Nils har hatt ein god dag, og då har eg det bra også.
I morgon kjem Solveig innover, så då skal eg ha klar ei medisinliste slik at eg har det eg skal ha når eg fyller dosetten for neste veke. Eg er "medisinsk ansvarleg". Heimesjukepleien hadde ordna med medisinane om vi ville det, men eg synest det er greitt å ha den oppgåva.
Komande veke er det haustferie på våre kantar, Rasmus og familien hans har hatt fri denne veka. Dei har vore ein tur til Sverige.
Kongsberg er blitt Norges basket-by. Laga  heiter Miners, sikkert relatert til at Kongsberg i si tid hadde sølvgruver. Mellombror spelar på eitt av laga og er veldig engasjert. Minstebror er vel også begynt så vidt, og slik det ser ut for meg er trenarane flinke til å ta seg av også dei minste.
Her er eit bilde frå VG, der Minstebror er med:
Her er Mellombror nr. tre frå høgre i første rekka. Dei har ikkje fått eigne drakter enno. Derfor står det SKAVANGER på brysta.(Det er namnet på ein skule i byen).



onsdag, oktober 04, 2017

Dagbok 2017: 4.oktober

Klokka er 19.50, utetemperaturen er + 5 grader. I dag har det vore opplett, men vått i graset og kjøleg, så eg har ikkje vore så mykje ute.
Det kunne eg sjølvsagt ha vore om eg ville, men i dag har eg vore sjukepassar. Nils berre sov og sov, han fekk frokost og stod opp, men sovna i stolen. Først ut på ettermiddagen vakna han skikkeleg og eg fekk han til å ta nokre tablettar som han skal ta etter "behov", så då kvikna han til. Han er ikkje direkte sjuk og verker ikkje, men er berre så utruleg slapp. Han et bra, så det kan eg ikkje klage på. Vi hadde så mykje att av fiskegratengen frå i går at det blei middag i dag også. Og Nils hadde lyst på den og syntest den var god i dag også.
Sidan det var kommunen og eldrerådet som stod for markeringa av Eldredagen på kulturhuset i dag, skulka eg. Det er det første møtet eg ikkje har vore på sidan eg begynte i pensjonistlaget for ca. 7 år sidan. Men i dag ville eg ikkje gå frå Nils åleine heime.
Eg har sete mykje og helde han med selskap og strikka i dag. Det er uvant for meg å ikkje "gjere" så mykje. Rett nok tok eg og bakte ei kake før middag, det er det ikkje ofte eg gjer. Eg er ikkje glad i å bake.
Men så-etter at eg hadde sett dagsnytt klokka 19- såg eg at eg hadde mange oppgåver på vent, så no har eg gjort nokre av dei, og bak meg ligg  ein haug med klede som skal leggast i hop. Dei hang ute, men under tak, så eg er ikkje heilt sikker på om dei er knusktørre.
Eg fabulerte om ein liten trimtur til butikken, men utsette den til i morgon. Nils er våken no og ser ein episode av Lothepus for ørtande gong - mens han et kveldsmat. Det er vondt for han å sitte ved bordet, så har får all mat på brett inn i stolen sin. Eg er glad fordi eg er frisk slik at han får vere heime- og det er han sjølv også.

tirsdag, oktober 03, 2017

Dagbok 2017: 3.oktober.

Klokka er 18.35, temperaturen er + 10 grader og det har striregna det meste av dagen.
Eg stod opp som vanleg i dag, gav Nils medisin og mat på senga og let han bli liggande mens eg gjekk ut og plukka nedfallseple. Plukka to breiddfulle "vaskefat" (plastbaljar) som eg pressa i jusmaskina, så no har vi rikeleg eple-jus i frysaren. Epla er ikkje så store og fine at det er freistande å lage eplekaker.
Akkurat då eg var ferdig kom Marit og spurde om eg trong handle noko i dag, ho skulle ned på Kiwi. Det var kjempeflott for meg, for eg var lens for H-melk, noko Nils er avhengig av.
Nils skulle ligge til eg kom opp att, sa han.
Eg fekk handla det eg skulle, men gløymde poteter, for det hadde eg ikkje skive på lappen min.
Nils var framleis veldig slapp og trøytt, men kom seg opp og inn i stolen sin. Eg varma suppa/ grauten frå i går og den åt han til lunsj.
Eg sette i gang med å lage fiskegrateng, for til den treng vi ikkje poteter; eg har så mykje makaroni i at poteter er overflødig. Men rå-raspa gulrøter må vi ha, eg hadde heldigvis ein pose på lager. Fisken var to av dei fire filetane som Nils skar sundag. Det vart sjølvsagt ein ganske stor porsjon, men så har vi ein dag til-minst. Nils åt og likte maten. Men først hadde han tatt to tablettar for å komme i form og så hadde HBO vore her.
Men eg hadde litt av ein jobb med å rydde kjøkkenet. Det er ein del rot som følgjer med når ein lagar grateng, og i tillegg pressar eple. Eg hadde ein diger oppvask som eg tok med hand i staden for å fylle opp att maskina som eg nettopp hadde tømt.
I dag har eg også vondt i foten; hofta og kneet verker. Eg sa det i går kveld: No verker eg såpass i kroppen at NO kjem regnet- og det gjorde det. Det er likevel ein bagatell i den store samanhengen.
Eg har ikkje mosjonert i dag, viss ikkje det å springe opp og ned kjellartrappa ørten gongar kan reknast for trim ?
I morgon skal Den internasjonale eldredagen markerast på kulturhuset. Eg veit enno ikkje om eg skal gå, for eg likar ikkje at Nils vert heime åleine såpass lenge. Men viss dei ikkje kjem frå Møre-Nytt må eg vel stille opp.
No er Nils såpass i form at han skal barbere seg. Vi har funne ein måte å gjere det på som er rimeleg avslappande. Eg stiller som assistent.

mandag, oktober 02, 2017

Dagbok 2017: 2.oktober

Himmelen i vest klokka 19.00.

Klokka er snart 21.00, og eg er litt sjokka over at også denne dagen har fare så fort forbi.
Det blæs ute då eg vakna i dag, men det regna ikkje, noko som forundra meg. Vêret vart i grunnen mykje finare enn eg venta, og enno er det tørt på trappa.
Elles har ikkje dagen vore heilt topp, for Nils har ikkje vore i form. Han har ikkje hatt lyst på mat, og han har vore trøytt og slapp. Heilt til no i kveld. Han sovna ei lita stund og då han vakna att, var han mykje betre.
Når han har slike dagar blir eg gåande å luske rundt og "passe" han, så eg får ikkje gjort alt eg har tenkt. I dag før middag fekk eg bytta på sengene, vaska soverommet og sett på vaskemaskina. Nils var ikkje så lysten på middagsmat, men eg koka risengrynsuppe med rosiner til han, og det ville han ha. Eg spedde på med ein god fløyteskvett, så der vart i alle fall kaloriar nok. Utpå ettermiddagen åt han ei skål til av samme suppa. Det får ikkje vere så nøye kva han et, berre han får i seg nok mat.
Eg jobba ute ei stund før HBO kom, tok blomsterbedet ved garasjen, og begynte på bedet ved Urke-garasjen, fekk klipt ned den sjuke klematisen, så no ligg den i ein bossekk.
Har samla sju sekker med hageavfall på vel ei veke. Vi har hatt hageavfall før om åra også, men då har vi hatt plass i kompostbingen vår, det har vi ikkje no.
Birte og Håkon var så vidt innom garasjen og henta diverse utstyr, dei skulle ut og drage hummerteiner. Veit ikkje om det vart fangst i dag.
Vi fekk berre sett slutten på "Kakekrigen" i dag, den begynte lenge før vanleg tid, men no har eg sett den på serieopptak.

Bok nr.25 - 2017: De som faller

De som faller av Noah Hawley (Lydbok-CD)


De som faller» er en intens spenningsroman av den prisbelønte forfatteren Noah Hawley, som også er skaperen av tv-serien «Fargo».

Etter en flystyrt svømmer kunstneren Scott Burroughs hele natten med en fire år gammel gutt på ryggen for å redde dem i land. Er han virkelig den helten han blir hyllet som? Hva skjedde egentlig med flighten som tok av fra Martha's Vinyard?

En tåkete sensommerkveld drar to mektige familier med privatfly fra Martha's Vineyard på vei til New York. I siste øyeblikk får den lokale kunstneren Scott Burroughs sitte på med dem i flyet. Seksten minutter senere skjer det katastrofale; flyet styrter i havet.
De to eneste overlevende er kunstneren Scott og en fire år gammel gutt, som nå er eneste arving til en enorm formue og et stort mediekonsern. Var flystyrten et uhell eller var det sabotasje?

I jakten på sannheten blir vi kjent med alle som var på flyet. Midt opp i det hele utvikler kunstneren og den unge gutten en fin og vár relasjon. Vi treffer på spørsmål om mot og menneskets natur og de usynlige båndene som kan knytte oss mennesker nærme hverandre. Samtidig spinner historien ut av kontroll i mediene, fylt av spekulasjoner.

..................................................................................................
Eg ser på nettet at boka har fått terningkast seks. Det er kanskje litt for mykje, men boka er annleis enn det eg vanlegvis har lese av krim/spenning, og eg likte boka ganske godt.

søndag, oktober 01, 2017

Dagbok 2017: 1.oktober


Eg har ikkje makta stor anna hagearbeid i år enn å rydde og fjerne, dvs. .klippe, sage, rake  etc. Det har ikkje blitt planta noko eller tilført noko anna. Men eg synest likevel her ser relativt velstelt ut. Det får halde i år.


Desse blomstrane får ein kjøpt i potter. Eg har hatt fleire, og etter eit opphald inne, har eg planta dei ut, der dei har levd vidare i fleire år. Er ikkje sikker på namnet, men det er heilt sikkert noko med Campanula.
Eg har tre mørkeblåklematis, og alle tre er sjuke. Den lavendelblå er heilt innfiltra med den mørkeblå, men frisk. Når dei lavendelblå blomstrane fell av, etterlet dei eit nøste med "gulltråd". Ein rosa klematis veks også i lag med dei andre to sortane, men har ikkje blomstra i år. Ikkje enno. Alle skal klippast ned og plantast om-ein gong.
Klokka er 19.15. Temperaturen ute er + 15 grader. Det har vore skya i dag, men opplett og litt vind. Sola var også framme ei lita stund.
Både Nils og eg sov lenge i dag. Eg har ikkje alltid like lett for å sovne om kvelden, men vaknar relativt tidleg likevel, står opp klokka 8, og passar på at Nils får medisinen sin klokka 9. Men i dag vart vi ein time forseinka, noko som gjorde oss godt. Eg var trøtt i går,det er eg sjeldan, men Nils treng veldig mykje søvn og kvile.
Det blei ein roleg start på dagen, men eg såg at eg hadde diverse oppgåver eg måtte ta tak i. Kjøkkenet såg rett og slett ikkje ut, men sidan Nils på død og liv ville filetere dei to seiane sjølv, passa det å gjere det når eg likevel måtte shine opp. Han skulle lære meg korleis det skal gjerast, så no veit eg det. Men den tid han dreiv og fiska, fileterte han i garasjen og vaska fisken ute. Det er litt annleis på eit kjøkken. Han fekk faktisk til dei fire filetane til slutt. Då var han så utkjørt at han sovna i stolen rett etterpå. Eg fekk rydda og vaska både bord og benker m.m. og til slutta vaska eg golva på badet og kjøkkenet. Det var godt å få ordne opp, for eg vantrivst i rot, og når eg jobbar ute heile veke, er det andre ting som må settast på vent.
Birte og Håkon var innom og henta teinene, dei skulle sette etter hummar. Men det blæs og var såpass høg sjø at dei ikkje kunne sette der dei hadde tenkt.
Etter å ha vore på fileteringskurs og dessutan ete makrell i to dagar, hadde eg ikkje lyst på fisk til middag, så eg fiska opp ein Grandiosa frå frysaren i staden. Til dessert hadde vi resten av Solveig si eplekake.
Akkurat no sit eg på datarommet og her har eg vore ei stund ,med lydbok og strikketøy, mens Nils ser fotball. Resten av kvelden blir det vel å glo på eitt eller anna program, det er Nils som har (fjern)-kontrollen.
Denne veka er det haustferie på Kongsberg-så vi får ønske dei ein fin ferie.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...