Klokka er 20.40,utetemperaturen + 8 grader, og i dag har det regna ganske mykje innimellom. Elles har ikkje dagen vore så mykje annleis enn andre dagar. Nils var trøtt og låg til langt ut på føremiddagen. Eg gjorde ein del husarbeid før han stod opp. Seinare gjekk er ut og plukka ein heil stol balje med nedfallseple som eg pressa til jus. Men først spurde eg Solveig om ho ville ha. Det ville ho.
Ho kom innover i 17.30-tida, og ho og eg var ein tur på Amfi og handla. Det var særleg medisinar som stod på lista mi, men litt matvarer vart det også.
Vi drakk kaffi i lag då vi kom ut att, og bytte litt varer og naturalia som vanleg, ho fekk jus og eg syltetøy t.d.
Nils er slapp og trøytt men har mindre vondt i hofta enn før, seier han. Han fungerer i alle fall sånn nokolunde, og er heldigvis klar i toppen. No skal vi sette oss ned og sjå TV i lag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar