mandag, januar 18, 2016

Dagbok 2016: 18.januar

Klokka er snart 19.00, temperaturen er i, følge mobilen min, minus 2 grader, men her oppe i bakkane er det som regel mildare enn der målaren står.Det snøar bitte lite grann. 
Det hadde snødd mykje sist natt, så føremiddagen gjekk mykje opp i mòking. Nils mòka tunet, naboen køyrde opp veg til kjellaren med snøfresar og eg mòka altanen med spade. Eg er redd for ryggen min, så eg var litt forsiktig, men det ser ut til å gå bra. Elles er eg lite effektiv for tida, er veldig trøtt til det lid på kveld, då vaknar B-mennesket.
I dag måtte vi ein liten tur nedover for eg var heilt lens for lydbøker. Det var lite å finne på biblio, men eg kom no heim att med eit par eg ikkje har lese før. Vi var innom Coop og handla litt mat også.
Då vi kom heim rippa eg eine boka og la meg på sofaen for å lese, men det var håplaust, eg greidde ikkje å halde meg vaken. No har Nils gått på møte i SV, så eg får sette 
"Anno " på opptak så vi kan sjå det i lag seinare. Eg har ein klesvask eller to og ta meg av og så får eg rippe bok nr.2 mens eg strikkar. Ja, slik går no dagane.....




I dag fyller Håkon 22 år, og vi gratulerer. Han er no tilbake i Oslo etter ein relativ lang ferie.

søndag, januar 17, 2016

Bok nr. 6 -2016: Steikje te styr.

Sidan Øystein har skrive eitt av innleggea i boka, var vi på boklanseringa i Aasentunet sist haust.Til jul fekk vi boka i gåve. 
Boka inneheld fleire korte fortellingar, essay eller kva eg skal kalle det. Eg veit ikkje kva som var oppgåva til forfattarane, men dei må ha stått relativt fritt. Det som er felles er at innlegga handlar om Sunnmøre og sunnmøringar. Somme har skrive fortellingar eller minne frå barndommen på Sunnmøre, andre har prøvd å analysere "sunnmøringen". Ikkje alle innlegga er like bra, men eg likte veldig godt somme av dei. Dei som har den beste "analysen" av sunnmøringen er etter mi meining Kjetil Tandstad. Den som har skrive  ei nærmast burlesk fortelling om eit bryllaup på Sunnmøre - er Øystein.
Boka kom ut på SELJA forlag, og det finst ei liknande bok frå Sunnfjord.

Dagbok 2016: 17.januar

Klokka er ca 17.40. Temperaturen er minus 1 grad og det har snødd både sist natt og i dag. Det hadde vore greitt nok om snøen fekk ligge, men det kjem nok dessverre til å gå over i regn.
Eg har halde meg inne i dag, men Nils har mòka både til oss sjølve og til naboen.
Eg rydda litt i huset, som vanleg, og så såg eg gudstenesta i slottskapellet. Eg er av dei som likar å sjå kva kongen og familien hans styrer med. Det har vore mange fine TV-program om Harald og Sonja. Og for meg er det nær historie. Den første gongen eg las om paret var det i eit svensk dameblad som eg kjøpte av og til. Den dagen dei gifta seg fekk eg komme inn til nokre naboar på Melle og sjå vigsla på TV. Eg sat med babyen Margrete på fanget.
Vi hadde ikkje planlagt kva vi skulle ha til middag i dag, så det vart til at eg steikte pannekaker, noko vi tykte var heilt greitt.
Så fekk eg endeleg lese ut boka mi, men no er eg lens for lydbøker: må kanskje ha meg ein tur på biblioteket i morgon. Men sist eg var innom var der ikkje mykje å hente. Det blir gitt ut mange bøker, men langt frå alle blir lesne inn på CD-plater. No får eg lese litt på papir så lenge.
Det har vore mykje inneliv og TV i seinare tid, så det er vel snart på tide å ta seg sjølv i nakken og komme seg ut.

lørdag, januar 16, 2016

Bok nr.5 - 2016: Marsfioler

"Marsfioler - Berlin noir trilogien" av Philip Kerr
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Berlin, 1936. Privatdetektiv og tidligere politimann Bernie Günther får i oppgave å oppklare et innbrudd. Under etterforskningen kommer han nært inn på Tysklands nazimiljøer og ledende nazister. Dette er den første boka i Berlin Noir-trilogien.
.................................................................
Dette er ein ganske røff krimroman, med mykje vold og drap. Ikkje berre kriminelle personar står bak ugjerningane, men også den nazistiske staten. Boka er godt skriven, og opplesaren flink, men det som gjer at eg har streva litt med å fullføre er at her er svært mange personar å halde greie på, det er spesielt vanskeleg når ein les lydbokutgåver. Eg har brukt relativt lang tid på dei 8 CD-platene.

Dagbok 2016: 16.januar

Klokka er no 15.30. temperaturen er minus 3 grader C og snøen lavar ned. 
Då vi stod opp i dag var det nesten klårt og sola klatra fort nedetter fjellsida. Og for første gong i år skein ho inn i stova i ca 5 minutt frå klokka 10.50. 
I dag var det så fint at til og med eg fekk lyst ut og då eg foreslo ein tur til Rjåneset, var Nils straks med på det. Han hadde eit ærend også. Men etter som vi køyrde utover tjukna det til i lufta og etter kvart kom det litt snø. Eg gjekk min vanlege tur på stigen, men i dag vassa eg i snø. Friskt og godt var det i alle fall, sjølv om det både snødde og bles. Båten ligg no på gamleplassen sin, og er meir forsikra enn nokon gong.




Litt rart å tenke på at sist sommar sat vi her og sveitta og drakk kaffi, og Nils bada.
Etter turen var vi innom Amfi og prata med folk, trefte mange kjende.. Det einaste eg kjøpte i dag var ei krukke med ribbekrydder på apoteket til halv pris. Nils kjøpte nokre skrapelodd i går og på dei vann han 175 kr. Han spurde meg om han skulle ta ut pengane eller kjøpe lodd for heile beløpet. Eg sa som så at om du har 175 kr eller ikkje, betyr ikkje så mykje, viss du kjøper lodd har du i alle fall spenninga. Han høyrde på meg, og no har han 25 kr att.
Då vi kom heim steikte vi sei til middag, og no blir det pause med lydbok for min del, mens Nils ser sport på TV.

fredag, januar 15, 2016

Dagbok 2016: 15.januar

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er minus 7 grader og det er opplett. Sist natt hadde det kome litt meir snø, men ikkje så mykje at det vart problem med mòkinga. Nils tok det lett med hand. No er det meldt opplett og kaldare, så vi får kanskje nokre fine dagar.Og kanskje kjem sparken fram?
Eg sov dårlig sist natt, og var trøtt då vi stod opp. Eg fekk no støvsuga teppegolva før lunsj - om ikkje anna. Etter at vi hadde ete, vart det ein liten tur på Amfi. Vi skulle kjøpe reseptbelagt medisin begge to. Var innom Coop,  det var i grunnen ingen ting vi trong, men eg tok no med ein ost og ein liter melk for skam skuld.
Då vi kom heim la eg meg på sofaen med lydboka mi. Det er ikkje noko gale med boka, men det er mange namn å halde orden på, så det har blitt ein del omatt-lesing. Dessutan torer eg ikkje lite på at eg får med meg alt når eg les i halvsømne.
Har strikka litt innimellom både i går og i dag, så no skal eg felle av lesten eg begynte på i går. Det er tynt garn, så det tek si tid. Eg har rikeleg lestegarn att av det eg kjøpte sjølv før jul, og det eg fekk av Solveig. Det mest spennande er å sjå kva ein kan få til av alle garnrestane til slutt.
Så er det fredag igjen, og mykje på TV-programmet. Ønsker alle ei god helg !

torsdag, januar 14, 2016

Dagbok 2016: 14.januar

Klokka er 17.30. Temperaturen ute er minus 2 grader og det er delvis skya. Sola var framme ei stund i dag, men ho kom ikkje heilt ned til oss. Forresten var vi ikkje heime heller. Det hadde kome eit fint lag nysnø sist natt, så bo er her veldig fint. Eg held fast ved at Ørsta er på sitt vakraste om vinteren-i alle fall i slikt vêr som vi har no.
Det vart gjort lite og ingenting før middag i dag, sidan vi skulle vere på Kulturhuset klokka 12. Før eg dusja og vaska håret sette eg meg til å bøte nokre lestar, og dett var dett.
Det var kjekt å møtast på styremøtet i dag, vi er ein gjeng som jobbar bra i lag, og vi kan vere så frittalande vi berre vil utan at vi ryk i tottane på kvarandre.
Det var ein del som skulle på plass, så klokka var over to før vi var heime, då hadde vi vore innom Kiwi og handla tre ting-det er ikkje så mykje som skal til når ein har eit bra lager heime.
Middagen i dag var enkel, fiskegrateng frå i går, men med nyraspa gulrøter til.
Etterpå vart det pause og kaffi, og så er dagen snart forbi. Eg har fått strikka litt igjen, så no skal eg legge opp lest nr to i år, og håpe at den blir ferdig på kortare tid enn nr.1. 
Bilda tok eg frå altanen i 10-tida i dag. (Det er ikkje gjenbruk av gamle bilde om det kan sjå slik ut.)
I dag fyller Roar Jarle i Trovågen 48 år og vi gratulerer!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...