mandag, januar 12, 2015

Dagbok 2015: 12.januar

Klokka nærmar seg halv fem og vi er nyss ferdige med middagen - fiskekaker. No har vi berre ein porsjon att av dei mislykka kakene,og takk for det! Temperaturen ute er litt i underkant av + 5 grader og det blæs litt. Har høyrt "tora" også.
I dag støvsuga eg teppegolva før det vart på tide å fare nedover. Vi skulle på styremøte klokka 13.00, men skulle handle litt først. Eg var innom Gåvebua for å finne små dukar til små bord, men fann ingen ting som passa. Eg får vel grave fram noko frå skuffer og skap så lenge.
Så handla vi litt mat og medisin på Amfi.
Møtet tok nesten to timar, og etterpå tok vi ein tur ut i hamna og såg etter båten til Jørn. Vi skal ikkje mange metrane ut frå sentrum før det er heilt bert. Her på Vallabøen ligg det framleis snø; eg likar at det er litt kvitt rundt dørene, men snøen er ikkje så rein lenger. Bildet over tok eg klokka 15.15, då var det alt skymt, så blitzen gjekk av. Når det er klårvêr er det lyst til klokka er over 16.00.
No skal vi slappe av ei stund før det blir tid for kaffi.

søndag, januar 11, 2015

Dagbok 2015: 11.januar

Klokka er ca 12.30. Temperaturen er +1,5 grader C og det er fint lettskya vêr. Mens mykje av Vestlandet hadde ekstremvêr i går, men det knapt eit vindpust her. Slik var det då det var ekstemnedbør i slutten av oktober, den dagen vi køyrde gjennom heile Sogn og Fjordane, eller i alle fall nesten.
I dag har eg brukt føremiddagen til å rydde ut jula, og det som skal på loftet har kome dit no.
Den nye løparen på salongbodet fekk vi av Solveig til jul. Den er sjølvsagt frå Ekelund. Det er fine og gode ting dei lagar der, berre ein ting kan vere eit lite problem og det er jarekantane. Som de ser har dei ein tendens til å "bølge seg " litt.Den var litt mindre farge i stova no, amaryllisane er heller ikkje som dei var for nokre dagar sidan, men alle har ein ekstra stilk, så eg håper på ny blomstring. Når dei takkar for seg for godt, får eg kjøpe primula.
Nils ser sport på TV, men eg finst ikkje interessert, så eg må finne på noko anna. Skal no lage middag om ei stund.I dag blir det juleskinke -innkjøpt til jul.


lørdag, januar 10, 2015

Dagbok 2015: 10.januar.





Klokka er 18.00. Temperaturen ute er + 2 grader C. I dag hadde vi forventa både storm og det som verre var, men fjorden låg flat og blank som ein spegel, utan det minste vindgrel. Floa var imidlertid svært høg, og om det hadde blese, hadde nok sjøen kome langt innover land. No skal vi ikkje kjenne oss heilt trygge, det kan enno blåse opp.
No er eg litt sånn i tvende sinn når det gjeld vind; eg likar godt at det tutar og blæs, men ikkje at folk eller ting vert skadde, eller at vi misser lyset. Her i Ørsta er skikkelig vind veldig sjeldan.
I dag var vi på ei lita shoppingrunde. Vi kjøpte oss eit lite bord til å ha mellom dei to reclinarane, og eit par andre "oppfriskande" ting. Berre litt frukt og melk på kolonialen.
Til middag blei det pølser+potet og kålrabi. Vi har enno mykje att av "julematen". I morgon skal eg rydde vekk resten av "jula"- det er ikkje så mykje som står att. Juletreet gjekk i lag med det runde bordet. Så blir det vel ein lang TV-kveld-om ikkje noko uforutsett skulle skje.
(Bildet over tok eg sånn i 14.30-tida. Det blir litt for mørkt når ein rettar linsa mot ein lys himmel.)

fredag, januar 09, 2015

Dagbok 2015: 9.januar

Klokka er snart halv fire, og enno skin sola langt nedetter fjellsida.Neste veke skal vi få sol i stova om det blir klårt. Temperaturen er minus 1,7 grader C. Hadde det berre villa vare. Men det gjer det ikkje. Det er meldt både storm og orkan, så her må vi vere budde på det meste.
Sidan det var så fint og lett vêr vakna eg ein time tidlegare enn vanleg i dag.Ryggen var vond, som vanleg, men energien var på topp. Sidan vêret var så fint høvde det godt å skifte på sengane, lufte dynene og vaske soverommet. Badet og kjøkkenet fekk også ein omgang, måtte komme i rute med fredagsvask, sjølv om det ikkje var så veldig skite.
Så ville Nils ut og fiske litt frå land og sjå etter at båten låg som han skulle før uvêret set inn. Eg såg mitt snitt til å lese ferdig boka eg heldt på med, på same tid som eg strikka på ein lest. Kom akkurat i mål før han kom heim. Han hadde ikkje fått fisk, så det vart å ete fiskegrateng frå i forgårs til middag i dag.
Har plukka vekk ein god del av "jula", det meste blir vel vekk i løpet av helga. I dag tok Nils bort det som hang ute, i tilfelle orkan. Har litt problem med å forstå at det er fredag igjen, ikkje så lett å halde styr på dagane når kvar dag er "som en herlig feriedag".
God helg til alle som er innom bloggen min!

Bilda er tatt frå trappa vår klokka 14.30.

Bok nr.4 - 2015: Den største forbrytelsen

En rystende fortelling om frontkjempere, statspolitiet og de nazistiske byråkratene som gjorde den norske jødeutryddelsen mulig. Vinner av Brageprisen 2014!
På begynnelsen av 1900-tallet kommer det unge jødiske ekteparet Benzel og Sara Braude til Kristiania. De slår seg ned på Grünerløkka og får fire barn. På en annen kant av byen vokser Stian Bech jr. opp. Han er sønn av en antisemittisk høyesterettsadvokat og sliter med å leve opp til omgivelsenes forventinger. Krigen skal gi Bech jr. nye muligheter. En kald februardag i 1941 kommer Wilhelm Wagner fra sikkerhetspolitiet i Berlin til Oslo for å kartlegge alle jøder i Norge. På hvert sitt vis flettes alle disse skjebnene inn i nazismens fanatiske utryddelsesprosjekt.
26. november 1942 står ofre og gjerningsmenn ansikt til ansikt. Da går den første transporten med norske jøder til Auschwitz. Bare et fåtall skal vende tilbake i live.
Hvem stod bak forsøket på å utslette jødene fra Norge? Hvorfor og hvordan kunne denne forbrytelsen skje? Marte Michelet behandler det traumatiske kapitlet av norsk krigshistorie i sin fulle bredde, basert på moderne forskning og en møysommelig gjennomgang av norsk og tysk arkivmateriale. Det er en rystende beretning, og samtidig et levende portrett av jødisk liv i Norge i mellomkrigstiden og de skjebnesvangre okkupasjonsårene.
............................................................
Eg var knappe to veker gammal då tyskarane okkuperte Norge, men eg hugsar "krigen" dvs.soldatane som gjekk forbi huset vårt kvar dag. Eg hugsar "freden" som kom den 8. mai 1945, då besten heiste flagget i Innvik, der vi budde siste delen av krigen.
Alle var glade for at krigen var slutt, og eg trur mange valde å ikkje snakke for mykje om det som hadde vore. Skulebøkene vår hadde ikkje mykje stoff om krigen, og eg las ikkje mykje om det som hadde skjedd. E
Elles har eg inntrykk av at det var "heltelitteraturen" som kom først. Kanskje har ikkje tida vore moden før no for å skrive den heile og fulle sanninga om alt som hende. Historia om jødane vart eg først skikkeleg kjend med i vaksen alder. Eg har ikkje vore spesielt interessert i krigslitteratur, det må eg berre vedgå. Derfor var eg ikkje så ivrig etter å lese denne boka heller.


Men no er det gjort! Og for ei bok! Eg gir den utan å nøle terningkast 6- og det gjer eg ikkje ofte. Eg las den som lydbok, den er på 7 CD-plater, og ho som les den les roleg og greitt. Likevel blir det mange namn å halde greie på, så eg burde nok ha notert undervegs. Derfor vil er kome med følgande råd til andre: Les boka! Kjøp den gjerne i papirutgåve, då kan ein notere etc. om ein vil.
NB: Dette er ein rein dokumentar, ikkje ein roman.

torsdag, januar 08, 2015

Dagbok 2015: 8.januar

Klokka er14.30, temperaturen ute er +3,3 grader C, og det er vått og grått som aldri før. Det var enda så, om eg ikkje hadde kjent det så godt på kroppen.
I dag vart det ein tur nedover på oss begge, etter at NIls hadde vore ein tur i banken-åleine.
Vi køyrde bort på Skeidar for å sjå etter eit lite bord med avishylle, men fann ikkje det i dag heller. Ikkje hadde dei Løfbergs kaffi på El-kjøp heller, men vi kjøpte ein pose med heile bønner som dei anbefalte. Så var vi innom biblioteket og der fekk eg tak i Tore Renbergs bok "Angrep fra alle kanter"   som er eit framhald av "Vi ses i morgen".
På Amfi hadde vi ein del ærend i dag, men kjøpte ikkje anna enn det som stod på lappen - berre litt.
No har vi ete ein relativt tidleg middag med spekemat, poteter og potetsalat. Eg får av og til ein voldsom salthunger, og då smakar det godt med spekepølser etc.

Her er adoptiv-/bonuskatten til Nils. Han kjem og får fisk og anna godt kvar dag, men han er ikkje direkte tam. Vi trur det er katten til AO, den som heiter Chat Noir.

Nils har mykje nytt fiskeutstyr hengande i garasjen. Desse linene er ferdige til bruk, han treng berre nokre steinar til å henge på. Men med orkan i sikte blir det vel ikkje fiskeri med det første.

onsdag, januar 07, 2015

Dagbok 2015: 7.januar

Klokka er 19.45, temperaturen ute er + 7 grader. Det har vore opplett, lyst og fint i dag. Men eg har halde meg inne. Prøver å komme i gå-form igjen, men det tek si tid. Sidan eg ikkje hadde noko spesielt på programmet i dag, rydda eg ei skuffe m.m., og så laga eg fiskegrateng til ein tidleg middag. Etter siestaen hadde eg litt klede å stryke, og så heldt eg fram med ein jobb eg begynte på i går.
Eg har samla på Ørsta-kalenderar i fleire år(ca 30) og hadde lyst å ta vare på mange av dei fine bilda. Kalenderane har lege i ei skuffe og venta på at eg skulle orke å begynne på jobben. I går kveld fekk eg ånda over meg. Eg har ein giljotin som eg kan skjere til bilda med; så har eg skrive på årstal, hatt dei i plastlommar og sett dei i perm. Det var ganske mykje arbeid, men det gjekk greitt unna-med lydbok på øyret. No les eg ei dokumentarbok om jødane i Norge før og under andre verdskrigen. Det er veldig interessant.Boka heiter "Den største forbrytelsen"-trur den er ganske ny.No skal vi sjå Anno på TV, synest det er mange interessante program på TV for tida. TV er for meg NRK 1-ein sjeldan gong TV 2.



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...