onsdag, januar 07, 2015

Dagbok 2015: 7.januar

Klokka er 19.45, temperaturen ute er + 7 grader. Det har vore opplett, lyst og fint i dag. Men eg har halde meg inne. Prøver å komme i gå-form igjen, men det tek si tid. Sidan eg ikkje hadde noko spesielt på programmet i dag, rydda eg ei skuffe m.m., og så laga eg fiskegrateng til ein tidleg middag. Etter siestaen hadde eg litt klede å stryke, og så heldt eg fram med ein jobb eg begynte på i går.
Eg har samla på Ørsta-kalenderar i fleire år(ca 30) og hadde lyst å ta vare på mange av dei fine bilda. Kalenderane har lege i ei skuffe og venta på at eg skulle orke å begynne på jobben. I går kveld fekk eg ånda over meg. Eg har ein giljotin som eg kan skjere til bilda med; så har eg skrive på årstal, hatt dei i plastlommar og sett dei i perm. Det var ganske mykje arbeid, men det gjekk greitt unna-med lydbok på øyret. No les eg ei dokumentarbok om jødane i Norge før og under andre verdskrigen. Det er veldig interessant.Boka heiter "Den største forbrytelsen"-trur den er ganske ny.No skal vi sjå Anno på TV, synest det er mange interessante program på TV for tida. TV er for meg NRK 1-ein sjeldan gong TV 2.



2 kommentarer:

solveig sa...

Eg held på å bli serieslave- mange gode seriar og program, ja ...

Besta sa...

Ja, etter å ha vore nesten fråkopla TV i lengre tid, sit eg no framfor boksen timesvis kvar dag.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...