fredag, april 18, 2014

Dagbok 2014: 18.april


I dag vakna vi til sol frå klår himmel. Og vi var ikkje seine om åkomme oss ut. Til tross for at det var Langfredag, vart det jobbing ute i dag. Når far sjølv i huset framleis går rundt med to krykker er det godt å få hjelp av far sin, sidan han hade kjøpt i hop diverse leikeapparat som skal byggast og settast i hop. No er jo Wenche svært snikkarkyndig, men det er godt å vere minst to når ein skal sage  skrue.
I dag blei det lammesteik, og den var god. Til dessert fekk vi molter og krem, og det er noko heilt anna enn moltekrem! Gutane styrer seg stort sett sjølve, men vi er no i lag. Vi har det veldig bra. Rasmus var rådgivar for det meste. Eg sat mykje og såg på, men etter kvart vart eg sjølvutnemnd kokke.

Minstemann hadde kledd på seg sjølv og gått ut, mens eg var inne. Då eg kom ut lo han godt:"Ja, men farmor, du har jo ikke tatt på deg jakke og støvler."
Trampolina var flittig i bruk, og Storebror er pålitelig barnevakt.

Dagbok 2014: 17.april

Denne dagen vart regnfull og grå, så vi heldt oss inne for det meste. Vi hadde relativt tidlig middag, heimelaga fiskegrateng i dag. Is til desert. Vebjørn var først på besøk hos ein kamerat, og blei med kameraten på kino, så han såg vi ikkje mykje til. Vi andre prata, såg TV etc.  Ikkje dei heilt store hendingane, men vi kosar oss i lav med familien.Det er ikkje så ofte vi ser kvarandre.

torsdag, april 17, 2014

Dagbok 2014: 16.april.

Overskya på Kongsberg denne dagen, men opplett.
Først var Wenche, Nils og eg på ein butikk der eg fekk kjøpt mopperamme til å træ moppane innpå, blant anna .Ettterpå  var Rasmus med oss inn på Storsenteret, der vi hanla litt småteri.Til middag fekk vi nydelig finnbiff. Sidan Rasmus framleis går med to krykker, vart det i grunnen nok mosjon. Kjøpesenteret er stort.elles gjekk ettermiddagen med til kaffidrikking, prating etc.

Når dei vaksne har vore på kjøpesenter og blant anna kjøpt nye Angry Bird-sokkar, gjeld det å finne fram ei T-skjorte som matchar. Mellombror Vebjørn var ikkje i beit.

Og her er minstebror, Ingar, utkledd som Darth Vader frå Star Wars, ein kan bli skræmd av mindre.

Dagbok 2014: 15.april


Ferjeleiet Mannheller.
Vi vakna til strålande sol og kvite marker. Men vi hadde vinterdekk på bilen, så det var ingen problem. Vi tok 8.30- ferja frå Volda, og rakk ferja på Lote ein time seinare. Turen gikk veldig radig, sola skein og det vart varmt i bilen. Det var ein veldig fin tur. Vi var ut av bilen og lufta oss nokre gonger, og var framme på Kongsberg kl.17.20.
Her vart vi godt mottekne, og det var kjekt å treffe alle att, det er ei stund sidan sist vi var i lag.
Krøderen sett frå Hallingporten


mandag, april 14, 2014

Dagbok 2014: 14.april


Klokka er snart halv åtte. Temperaturen i underkant av + 3 grader C Ute lavar snøen ned, mykje verre enn på bildet over. Tidlegare i dag har det hagla noko voldsomt, men i morgon er det meldt finare vêr.
I dag er det "Sommardag", også kalla "Flyttedag". I gamle dagar kunne ikkje tenestefolk skifte arbeidsplass anna enn på 14.oktober og 14.april. Dei måtte binde seg for anten vinter eller sommarhalvåret. I ei bok eg har står det at om det snør på Sommardag, skal det kome snø ni gonger til. Ja, eg har sagt det i heile vinter at snø får vi før eller seinare, gjerne i mars-april.Nils har ikkje villa høyre på det øyret, men pessimistar får som regel rett. Men liggande blir snøen ikkje.
I dag har eg hatt litt av kvart å gjere. Har prøvd å få i orden huset før vi fer, har vaska klede, pakka osb.
Nils var på biblio og henta ei bok til meg. Må ha ei som eg kan spele av på Walkman, om MP3-spelaren skulle bli tom. Noko den høgst sannsynlig ikkje blir.
Nils har lagt om til vinterdekk igjen, for sikkerheits skuld.
No høyrer vi at "Hafast" er valt framfor "Fefast" , noko som vi absolutt ikkje likar her i huset. Men det er vel næringslivet i Ulsteinvik som pressar på. Kva dei har tenkt å gjere med tunnelen under havet, veit ikkje eg. Den er i alle fall ikkje godkjend som ein del av E39. For dei som ikkje er orientert er "Hafast" eit samband frå Hareid til Sulesund, men bru eller tunnel, kva veit eg. "Fefast" omfattar bru frå Festøy til Solavågen.
Ja, det er vel små problem i forhold til det som skjer elles i verda.
I morgon fyller Eirik 17 år, men vi reiser frå heile feiringa. Eg lovar at vi skal ta det att etter påske.Håper han får ein fin dag i alle fall.
GRATULERER !

søndag, april 13, 2014

Dagbok 2014: 13.april

Klokka er 16.00, temperaturen ute er +2,7 grader C og det som fell ned frå himmelen er noko midt imellom snø og regn.Det er snø langt nedetter fjellsidene. Oi-no haglar det! Vi hadde finare vêr i vinter, men som den pessimist eg er, har eg venta på noko slikt som dette.Vi kjem nok til å måtte legge om til vinterdekk att når vi skal over fjell og hei på tysdag.
Tysdag er det forresten meldt betre vêr over heile landet.
I dag har vi halde oss inne, eg prøver å komme meg til att i hofta, og det går bra så lenge eg ikkje sit!
Sette i gang med å pakke kofferten etter prinsippet: Ta med deg alt du har, ikkje godt å vite kva du får bruk for ! Den er full for lengst! men så fekk eg rydda klesskapet med det samme. Elles så vaskar eg klede, og snart skal eg stryke, det blir å tørke i trommel i dag. 
Har også laga noko kakefyll. Til middag hadde vi ikkje verken kjøpt eller tatt opp av frysaren noko, så det blei til at eg steikte pannekaker. Greitt nok det. Appetitten er på topp.Etter at vi hadde ete, blei det pause på sofaen, og eg fekk lese ut krim-boka mi. No skal eg snart begynne på nr.2. Det er korte bøker, og takk for det. 7-8 plater er nok.
Nils har funne sport på TV-det er ikkje noko som interesserer meg.
Håper de som har påskeferie får i alle fall nokre fine dagar. Ser ut som om mildvêret kjem ut i veka.
No skal vi ta oss ein tur ut og sjå etter båten, så slepp vi det i morgon.Bonusen er ein liten tur i frisk luft.

lørdag, april 12, 2014

Bok nr.23 - 2014: Stormen



Nok en intenst spennende krim fra Frode Granhus!

Under en stormnatt i Reine i Lofoten løsner en diger steinblokk og pløyer en

dyp renne i fjellet. Raset avdekker det som ved første øyekast ser ut som

små bein og knokler. En forbrent skikkelse ligger på pleiehjemmet i bygda.

Ilden har fratatt ham synet, taleevnen og størstedelen av bevegelsesevnen.

Smertene er konstante, men han lever. Uheldigvis er han ikke i stand til å

fortelle noen at smertene tiltar, at en ukjent fiende sørger for at han får det

enda litt verre, dag for dag. At faren er størst nettopp her, hvor han burde

være tryggest.

Med sin særegne evne til å skape uhygge, har Frode Granhus nok en gang

skapt en krim det er umulig å legge fra seg.
...................................................
Eg har sagt det før, og seier det igjen: Eg er lei av krim!
Eg synest ikkje lenger det er det minste interessant å lese om meir og mindre groteske mord. Når eg likevel les krim, er det mest fordi det ofte er det einaste eg finn på lydbok. Og fordi mange krimbøker inneheld bakgrunnsstoff som kan vere verd å lese.
No har eg lese mi første bok av Frode Granhus. Hendinga er lagt til Reine, der vi ein gong stoppa eit par timar ein glovarm sommardag- ergo ser eg staden for meg, denne vesle plassen i Lofoten som er kåra til Norges vakraste. Vi får høyre om ein ferjetur i boka i storm og ruskevêr. Den gongen vi reiste med ferja frå Bodø til Moskenes, var det sommar og sol, og så stille som de KAN vere på den turen (Hadde det vore vind, hadde vi køyrt landevegen.
Eg synest det er flotte naturskildringar i boka, skildringar av storm og uvêr ikkje minst. Språket er så frodig og fullt av nye ord og seiemåtar som berre ein nordlending kan få til,og det fryder meg, til tross for at kraftuttrykka heller ikkje uteblir. Ein som sjølv er nordlending, Nils Johnsen, les lydbokversjonen, noko som gjer det heile nokså truverdig, sjølv om historia eigentlig ikkje heng så godt på greip.No skal eg begynne på ei ny bok i serien, mens eg likevel er inne i miljøet.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...