mandag, august 05, 2013

Dagbok 2013: 5.august

Ordførar Rune Hovde framfor statuen av Ivar Aasen.
 
Klokka er 19.30. Temperaturen er +26 grader C og det har nettopp vore ei regnbyge. Tidlegare i dag har det vore opplett og temperaturen har vore over 20 +-grader.
I dag har vi vore relativt aktive, begge to. Før middag laga eg ei stor form med fiskegrateng, noko som eg sjeldan lagar fordi eg synest det er så mykje rot med det. Men i dag var kjøkkenet rotete i utgangspunktet, så derfor sette eg i gang. Sidan oppvaskmaskina alt var i gang, vaska eg opp for hand etterpå og shina opp kjøkkenet. Det blei tidlig middag, for Nils trong ein pause sidan han dreiv og klipte plenar.
Etter at vi hadde kvilt oss litt, vart det meir plenklipping, og eg hakka opp att beddet mitt og fekk sådd til med grasfrå. Mosjonsrunden i dag vart å trakke beddet så flatt og jamnt som mulig. Det vart mange rundar i alle retningar. Etterpå klipte eg kantar med handsaks og med kantklippar.Det begynte heldigvis å regne, for då hadde ryggen min fått nok bøy og tøy.
Enda eg hadde hatt på meg sokkar og sko, var eg så skiten på føtene at eg måtte sette meg med beina i eit vaskefat med både Klorin og grønsåpe. HEILT rein blei eg vel ikkje- det er eg sjeldan i sommarhalvåret.
I dag såg eg at fleire av naboane hadde heist flagget, men det gikk ei stund før eg forstod at det var Ivar Aasen sin 200 årsdag det galdt. Ja,ja, det er stor ståhei i Aasentunet i dag, men vi er der ikkje. Det betyr ikkje at vi ikkje heiar på Ivar Aasen, for det gjer vi. Dei fleste kjenner han som diktar, men ikkje alle er klar over at han er ein verdskjend lingvist, språkforskar. Særlig dei folkeslaga som enno ikkje har eit skriftspråk, har god hjelp av å lære om hans måte å samle ord på og sette dei i system. No skal eg ikkje vere altfor belærande, eg må hugse at eg er pensjonist!

søndag, august 04, 2013

Dagbok 2013: 4.august.

Klokka er  snart 19.00, temperaturen ute er+ 17 grader. Akkurat no er det opplett, men tidlegare i dag kom det litt regn.
Denne sundagen hadde vi ingen planar, så før middag var eg så syndig at eg reinska litt ugras i beddet ved garasjen. Så gikk Nils og eg ein liten tur i lag, rekna med at finevêret ikkje ville vare. Sat ei stund og prata med naboen, før eg gikk inn og laga middag.
Etter at vi hadde kvilt middag og kaffien var på kok, fekk vi uventa og koselig besøk frå Stryn. Det er veldig lenge sidan Lise og Kjell har vore her hos oss, men vi har no treft kvarandre i ulike samanheng, seinast i fjor då vi var i Stryn og feira to runde dagar, og i tillegg treftest på Amfi i Ørsta før jul.
Vi begynte å snakke om sist dei kom på uventa besøk, og det er mange år sidan. Då hadde eg litt meir å by på, for den gongen var heile storfamilien her og vi feira fødselsdagen til Lars.
Halloooo- det er jo fødselsdagen hans i dag også. Litt av eit samantreff!
Det blei tatt bilde den gongen også, men eg har ikkje funne det enno.
Kjekt med slike uventa "stikk- innom -besøk", dei hadde vore på Bjørke ein tur, og då var ikkje vegen hit lang. Nordfjord kom litt nærmare med Kvivsvegen, men eg er framleis for at E39 skal gå over Stigedalen.Eg er vel "eidar" i hjertet enno, etter alle desse åra.

lørdag, august 03, 2013

Dagbok 2013: 3.august.

Klokka er snart 18.00. Ute er det lettskya og sol akkurat no, og temperaturen er + 22 grader C. Men slik har det ikkje vore heile dagen. Tidlig på dag var det relativt fint, og det var godt for dei som skulle gå på Saudehornet.  Vi skulle ikkje det, men vi ville no ned i Vik og sjå på livet, dessutan måtte vi kjøpe litt meir mat. Det var ikkje ein einaste parkeringsplass å oppdrive i heile sentrum, så vi køyrde bort på REMA 1000 og handla, og så vart det rett heim. Eg gikk ei trimrunde mens eg hadde skorne på. Eg rakk ikkje heilt heim før regnet kom, for brått var det som om heile himmelen ramla ned. Naboen som var på Sæbø ringde heim og spurde om her var krise, der borte var det så sterk vind at tre ramla over ende. Vi kunne berolige han med at her var det ikkje så gale.

Til middag i dag laga eg fisk i kvit saus, noko som særlig Nils likar godt. Så var det fotball på TV og lydbok på øyret, og begge deler er reine sovemedisinen for meg.
I dag er det Solveig og Øystein sin bryllaupsdag, og viss alt går etter planen er dei no på veg heim frå Kongsberg. I går var dei på Notodden Bluesfestival og høyrde på Van Morrison. Margrete og ungane reiser til Tyrkia i kveld, reknar med at dei alt er på veg til Vigra. Håper dei får ein fin ferie !
 
 
 
 

Knivane til Nils.

I dag laga Nils utstilling av alle knivane sine, dei han brukar til fisk etc.
Han bad meg om å ta bilde av dei der dei låg på komfyren. Dei fleste knivane har han fått i gåve, berre nokre få har han kjøpt sjølv.

Kniven lengst til venstre er den nyaste , den har han fått av Arne, svigerfaren til Rasmus. Arne har laga kniven sjølv. Han er veldig flink med trearbeid, og både knivskaftet og slira er av tre.

Nils ber meg helse til Arne og takke for den fine gåva!

fredag, august 02, 2013

Dagbok 2013: 2.august.

Klokka går mot 20.00. Ute er det lettskya og opplett. Temperaturen er +20 grader C. Tidlegare i dag har vi hatt regn, torevêr, hagl etc. Eg har vore inne heile dagen, Nils gikk ein liten tur på føremiddagen, og no kom eg nettopp inn att frå ein liten rkveldstur. Sveitten sila, til tross for at eg berre hadde ei tynn jakke på meg.Men det er altså ganske mildt, dessutan er eg låk i ryggen, noko som gjer det slitsomt å gå.
Før middag tok eg meg på tak og baka 6 Ingers brød til meg sjølv, det får halde ei stund. Skal bake brød til Nils neste gong eg får ånden. Mens brøddeigane heva, rydda eg litt her og der, det er alltid noko som treng ei overhaling-og mens eg baka og rydda fekk eg høyrt ferdig boka mi.Til middag blei det ein slags kyllinggryte med ris.
Tømde fryseskapet "mitt", der eg brukar å ha brød og kaker, og no står det på av-ising. Må passe på mens det er nesten tomt. Vi har mange andre frysarar, så vi klarer oss utan skapet ei stund.
No får eg sjå litt på sommeråpent, kamskje.Og kanskje ta eit lite bilde.
Det er visst fredag i dag, så då passar det å ønske alle ei god helg.
I morgon er det "Saudehornet rett opp"- men ikkje for meg.

Bok nr 39 - 2013: En sang fra fortiden.

Dorset, Sør-England, 1937: For 14 år gamle Mitzy Hatcher består tilværelsen mest av husarbeid og ensomme vandringer langs havet. Men da den berømte maleren Charles Aubrey flytter inn i nabohuset med sin marokkanske elskerinne og deres to døtre, øyner Mitzy en fremtid hun ikke trodde eksisterte.
Aubrey ber henne sitte modell, og i løpet av tre hektiske somre slutter Mitzy å se på ham med barnets uskyldige beundring. I stedet overtar et uregjerlig, besettende begjær...
Mange år senere forhekses gallerieieren Zach av tiltrekningskraften i Charles Aubreys førkrigsportretter. Trangen til å bli kjent med modellene og miljøet leder Zach til Dorset. Her starter han jakten på hva som egentlig skjedde mellom Mitzy og Aubrey for over 60 år siden.
På to år har Katherine Webb solgt mer enn 100 000 bøker i Norge. Etter Arven og Det du ikke ser foreligger nå suksessforfatterens tredje bok på norsk.

Eg har lese dei to første bøkene av forfattaren utan at eg hugsar så altfor mykje. "Det du ikke ser" kan eg hugse at eg likte, "Arven" var eg ikkje så begeistra for. Eg var lenge litt i tvil om denne boka var noko å lese, det skjedde liksom ikkje noko særlig. MEN så tok det laust og boka vart tidvis ganske spennande.
Å vurdere ei bok som dette er ikkje så enkelt, ein veit liksom ikkje kva sjanger den sorterer under og kva ein kan forvente seg. Så kom eg over eit nytt sjangeromgrep på data: "Den nye dameromanen" eller noko slikt. Og denne boka høyrer altså til i den sjangeren.
Boka er grei underhaldning, og somme gonger er det godt nok.
Viss dehar lese dei andre bøkene av forfattaren og likt dei, vil de sikkert like denne også.

torsdag, august 01, 2013

Dagbok 2013: 1.august.

Klokka nærmar seg 20.00. Temperaturen er + 17 grader C. Det har vore ein del regnbyger i dag, men lange periodar med opphaldsvêr. Akkurat no er det ikkje heilt fritt for at sola skin litt.
Vi har sett litt på Sommeråpent no for å sjå "heim" til kjende trakter i Solund, og jammen såg vi Rolf, broren til Nils, ombord i ferja. Men det varte berre ein liten augneblink.
I dag var vi ein tur til Vik før middag, hadde ærend på apoteket, og så måtte vi proviantere litt. Då vi kom heim gikk eg ein liten trimrunde før vi laga middag. I dag åt vi siste fiskekakeporsjonen frå frysaren.
Etter middag slappa vi av og eg somna med lydboka mi. Det høyrest visst ut som om vi søv veldig mykje, men vi legg oss seint og står opp att i rimelig tid, så det er ikkje så gale som ein skulle tru.
Eg fekk ikkje gjort noko særlig i hagen i dag, det var rett og slett for vått, men fekk no rydda LITT.
Nils har reparert motoren i båten, men skal ikkje ha den på sjøen i kveld, det skal passe med flo sjø, nemlig. I staden for han og skulle fiske makrell frå land.Han er heilt bra igjen i skuldra, så no får vi håpe han ikkje kastar på seg noko.No har vi ete kald, kokt makrell to gonger i åe, så om han får noko no, skal vi steike den.
Eg har atter ein gong gjort forsøk på å ta bilde rett mot sola.
 

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...