Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er+ 17 grader. Akkurat no er det opplett, men tidlegare i dag kom det litt regn.
Denne sundagen hadde vi ingen planar, så før middag var eg så syndig at eg reinska litt ugras i beddet ved garasjen. Så gikk Nils og eg ein liten tur i lag, rekna med at finevêret ikkje ville vare. Sat ei stund og prata med naboen, før eg gikk inn og laga middag.
Etter at vi hadde kvilt middag og kaffien var på kok, fekk vi uventa og koselig besøk frå Stryn. Det er veldig lenge sidan Lise og Kjell har vore her hos oss, men vi har no treft kvarandre i ulike samanheng, seinast i fjor då vi var i Stryn og feira to runde dagar, og i tillegg treftest på Amfi i Ørsta før jul.
Vi begynte å snakke om sist dei kom på uventa besøk, og det er mange år sidan. Då hadde eg litt meir å by på, for den gongen var heile storfamilien her og vi feira fødselsdagen til Lars.
Halloooo- det er jo fødselsdagen hans i dag også. Litt av eit samantreff!
Det blei tatt bilde den gongen også, men eg har ikkje funne det enno.
Kjekt med slike uventa "stikk- innom -besøk", dei hadde vore på Bjørke ein tur, og då var ikkje vegen hit lang. Nordfjord kom litt nærmare med Kvivsvegen, men eg er framleis for at E39 skal gå over Stigedalen.Eg er vel "eidar" i hjertet enno, etter alle desse åra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 23.januar
Frå altanen til Skåla i dag i 14-tida Klokka er no 18, temperaturen ute er minus 8 grader og det er ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Vegen til Stryn er no komen. Heilt ferdig er den ikkje, men det er no eit stort framsteg om ein skal til Austlandet. Kjekt med besøk frå Stryn, då!
Legg inn en kommentar