søndag, september 05, 2010

Vermelding 5.september 2010


No er klokka ca 20.30, temperaturen er + 14 grader og vi har hatt enda ein nydelig "sommardag".
Og denne dagen har vi nytta godt.
Saman med Bodil og Svein, Lise og Kjell har vi vore på tur til Hareidslandet, til Kvitneset og Brandal. Solveig og Øystein var med oss frå Hareid og gaida oss på Kvitneset, sidan Øystein er den som har mest greie på kva som gjekk føre seg der i kriges dagar. Enno er der mykje som står att og minner om krigen; bunkerar, kanonstillingar m.m. Dessutan var det nydelig å sjå utover havet.
Etterpå var vi på Ishavsmuseet på Brandal, der ein kan sjå fangstskuta Aarvak som har fått glashus over seg sidan sist eg var der, og eit museum med minne frå tida då mange i denne regionen dreiv selfangst.
Vi skulle ete middag på ein kafé på Hareid, men det vart ikkje noka kulinarisk oppleving, for å seie det mildt. Synd at det ikkje går an å oppdrive ein einaste kafé med vanlig god, norsk mat.
Så var vi til Solveig, der vi fekk karamellpudding, kaffi og kaker.
Gjestane frå Nordfjord hadde ikkje reist gjennom den undersjøiske tunnelen før-trur dei var litt imponerte over den.
Eg er ikkje imponert over mine eigne bilde frå turen, men reknar med at andre bidreg med sine minne frå denne dagen.Sjekk bilda på Solveig sin blogg.
Eg fekk også gåver frå epla-butikken.

Fiskarkjerringa på Brandal. Mens eg stod og såg på henne, kom ein gutunge og spurde om ho var mora mi. Han meinte nok å vere litt vittig går eg ut frå.

lørdag, september 04, 2010

Ingar er 6 mnd. i dag.

 
Vi gratulerer Ingar med halvtårsdagen i dag!
Bildet er snart ein mnd. gammalt, så no har han vel vokse enda meir. Ein nydelig gut, ikkje sant?
Posted by Picasa

Vermelding 4.september 2010

Klokka er ca 16.45. Det er nydelig ver og sol frå klår himmel. Temperaturen er +17 grader C.Føremiddagen gikk til diverse husarbeid, og til middag i dag blei det steikt kveite. Kveita var god, den, men ikkje så mykje betre enn anna fisk, etter min smak. No har vi lagt ute på altanen og sola oss ei stund, og så har vi drukke kaffi.

Såg i Møre- Nytt at det skal vere eit program om rasulykka på Riise på TV 2 i kveld. Hugsar godt den dagen vinteren 1968. Vi budde på Melle den tida, og det var uhyre mykje snø det året. Eg var gravid med Margrete, og hadde mi fulle hyre med å grave fram Solveig og Rasmus når dei sette seg fast i snøen.
Eg kan enno hugse katastrofestemninga som kvilte over heile bygda den dagen raset gjekk.Nils kom heim frå arbeid,trur lyset var borte, og eg skulle nytte høvet å gå til Vik utan ungar.Men eg gikk berre og såg opp etter fjellsidene, og kunne ikkje komme fort nok heim att til familien.
Tre år seinare,vi hadde nettopp kjøpt vår første bil, ein raud Ford Escort, var vi ein tur til Riise og såg koleis det såg ut der raset hadde øydelagt det meste.Det var eit grufullt syn,enda etter så lang tid. 
Husa på garden til lensmann Riise gikk også med i raset, så han flytta til Ørsta sentrum.Nokre år seinare, då vi hadde bygt huset på Vallabøen, vart vi nærmaste naboar. Ragna Riise fortalde meg ein gong korleis det var å ligge under snøen i "timesvis", berre i nattkjole. Eg gløymer det aldri. Yngste sonen deira omkom i raset, han var på alder med Solveig vår.


Solveig og Margrete på Riise vinteren 1971. Ikkje mykje snø det året.
Bilda er nokre gamle dias og ikkje av beste kvalitet.
Det er bygt nye hus på Riise, men ikkje på samme staden som dei gamle stod.
Det er laga ny veg forbi Riisegardane, den går borte ved elva.

fredag, september 03, 2010

Vermelding 3. september 2010

 
Klokka er blitt 16.15. Ute er det eit strålande ver, og i sola på altanen er det knallvarmt, sjølv om gradestokken på baksida av huset viser berre + 16 grader C.Nils har styrt mykje i hagen, men eg er ikkje i stand til å gjere så store sprell, så eg har for det meste styrt inne. Men begge to hadde vi oss ein middagslur på solseng. Eg sov og drøymde om varme land!
For nokre år sidan felte vi ei stor gran nede i hagen, og ein liten stubbe+rota vart ståande att. Dette har vore til irritasjon for Nils når han skulle slå, så i dag gikk han laus med dødsforakt og fekk opp rota. Elles har han flytta fleire stauder ned i staudehekken mot naboen. Det meste hagearbeidet her går ut på å få hagen meir lettstelt.
I dag fyller Kristine på Eid 10 år og vi gratulerer heile familien med dagen.
Posted by Picasa

torsdag, september 02, 2010

Vermelding 2.september 2010


KLokka er snart 17.00. Temperaturen er + 16 grader C, og det har vore strålande sol i heile dag. Har høyrt rykte om at det var sol fleire stader i går også, men det var det altså ikkje her.
Hadde planar om å gjere så mykje ute i dag, men det varte ikkje lenge før ryggen svikta meg, og eg måtte gi opp heile prosjektet. Nils vart oppteken med å prate med div.interesserte som kom og skulle snakke om fiskeri.No skal han klippe plenar; vi har lagt ei heil stund på altanen og sløva etter eit kjempemåltid med steikt småsei. Det er herlig å vere ute sjølv om ein ikkje kjem seg så langt. Så får dei som greie det bestige dei høge fjella.

Hotellet på Øye- framhald.

Det er mange som har meiningar om hotellutbygginga på Øye. Dette innlegget stod i Møre-Nytt i dag.
Eg synest det er artig å lese om dei ulike løysingane folk har på "problemet".

onsdag, september 01, 2010

Vermelding 1.september 2010

                                
Klokka er no ca 14.30, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya, men det ser ut som om sola kan  bryte gjennom skydekket.
I dag har Nils og Hassan vore ute og fiska med liner og snikar.Han  fekk både sei, lange, kolkjeft (lysing) m.m. Men det sværaste var sjølvsagt kveita på 13,5 kilo. Det var ein fin fisk. Men når sant skal seiast er eg aller mest glad i lange.
Mens han har vore vekke, har eg tatt "helgavasken" her heime + div. anna husarbeid. Det blir ikkje middag no, men når det lid til kvelden skal vi lage noko godt av den ferske fisken. Kanskje fiskesuppe?

                

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...