torsdag, september 02, 2010

Vermelding 2.september 2010


KLokka er snart 17.00. Temperaturen er + 16 grader C, og det har vore strålande sol i heile dag. Har høyrt rykte om at det var sol fleire stader i går også, men det var det altså ikkje her.
Hadde planar om å gjere så mykje ute i dag, men det varte ikkje lenge før ryggen svikta meg, og eg måtte gi opp heile prosjektet. Nils vart oppteken med å prate med div.interesserte som kom og skulle snakke om fiskeri.No skal han klippe plenar; vi har lagt ei heil stund på altanen og sløva etter eit kjempemåltid med steikt småsei. Det er herlig å vere ute sjølv om ein ikkje kjem seg så langt. Så får dei som greie det bestige dei høge fjella.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22.februar

Dette bildet fann eg på familiesida vår i dag, så eg låner det med godt samvit. Det er Nils og Audun som har vore og fiska. Måtte ha bilde a...