lørdag, august 21, 2010

Vermelding 21.august 2010

Klokka er 13.15. Temperaturen er + 22 grader C, og det er skya men opphaldsver.
I følge kroppsbarometeret mitt kjem det snart store nedbørsmengder, men verkinga kan vel også komme av at eg stolpra rundt i sko med hælar i går, både i gravferda og på butikkar etterpå. Så det er ein grunn til at eg held meg heime i dag til tross for at det er mykje som skjer både her i Ørsta og andre stader.
I dag kan vi gratulere Helene på Eid med 15-årsdagen!

Ofte får Nils mykje småsei, og vi greier ikkje å ete opp alt mens den er fersk. Sist han fiska, tok han og skar filétar, og i dag laga eg seikarbonadar etter ei skulekjøkken-oppskrift. Dei blei veldig gode, derfor vil eg gjerne dele oppskrifta med andre.Eg doblar oppskrifta og lagar røra på foodprosessoren (matmølla). Eg passar godt på å ikkje røre for lenge, då blir kakene seige. Dei blir sjølvsagt ikkje kvite, men gjer det noko?

 GROVE  SEIBURGERAR 

300 gram seifilet i bitar
1/2 ts salt
1 krm. pepar
2 ts potetmjøl
1 ms løk, finhakka
1 fedd kvitløk
1 ms grasløk/timian (kan sløyfast- eg gjorde det)
3/4 dl iskald lettmelk
1 ms flytande margarin


Desse kan serverast på samme måte som hamburgerar, men vi serverer dei som vanlige fiskekaker, steikt på panna med poteter og grønsaker til.


Elles vil eg skryte av oppskriftbøkene dei brukar i ungdomsskulen no. Ingen kjedelige gammaldagse oppskrifter, men moderne mat "slik som dei unge likar". Den dei brukar på Hareid og som eg har henta denne oppskrifta frå heiter  Kokebok for alle. Frå bollar til burritos.

Bildet er "lånt" frå ei bok.

fredag, august 20, 2010

Vermelding 20.august 2010



Klokka er no 14.30 og temperaturen er litt skiftane -i takt med veret. Temperaturen var for ei lita stund sidan nede i + 20 graderC, då hadde det nettopp vore ei bitte lita regnbyge. No held sola på å kike fram att, så då blir det nok snart varmare.
Dei fleste har vel etter kvart oppdaga at overskrifta på dei daglege epistlane mine like godt kunne vore DAGBOK for det er jo eigentleg det det er.Vurderer å endre ved nyttår.
I dag har det vore ein  spesiell føremiddag. For ei veke sidan døydde ein tidlegare kollega svært brått av hjerteinfakt, han var berre eitt år eldre enn eg, og vi hadde jobba i lag i over 20 år. Her kallar eg han berre H.
I dag var det gravferd i Ørsta frikyrkje, og det vart ei spesiell og fin oppleving, trass alt. Mange tidlegare kollegaer, dei fleste pensjonistar, møtte fram, så kyrkja var nær på fullsett.
H hadde fire søner, men berre ein av dei var gift, og ingen av dei har barn. H var den yngste av seks søsken, og den første som gikk bort.
Ein av sønene til H er buddhistmunk og kom i munkekleda sine. Det var han som opna seremonien med minneord om far sin.Han og faren hadde hatt mange samtalar, særlig om religion, sidan situasjonen var slik han var, og sonen fortalde at dei også hadde snakka om kva gravferd faren ønskte når den tida kom.
H var ein mann med mange gode eigenskapar, blant anna hadde han eit lyst og godt humør, derfor ville han ikkje at gravferda skulle vere trist og sorgfylt, men at ein skulle minnest han med glede. Han ville også bli kremert,og oska skulle spreiast.Men han ønskte likevel ei kristen gravferd, sidan kristendommen var hans fundament. Munken fortalde om livet til faren på ein fin måte, og det vart vist bilde på kyrkjeveggen etter kvart som han snakka.
Seinare tok presten over med skriftlesing og tale etter det vanlige ritualet. Då dei bar ut kista vart ein dansk versjon av De nære ting spela på anlegget.
Når eg skriv så mykje om dette, er det fordi eg synest det er fint at alle kan få ha ei slik gravferd som dei sjølve og dei pårørande ønskjer. No er det ikkje alle som er like opptekne av si eiga gravferd, men har ein spesielle ønskjer, kan det vere greitt å seie ifrå i tide.

torsdag, august 19, 2010

Vermelding 19.august 2010

Klokka er 14.10. Temperaturen + 28 grader. Det er lettskya, med delvis sol, og aldeles herlig sommarver.
Mykje av føremiddagen gikk med til å vaske og støvsuge inne;sidan eg skal i gravferd til ein tidlegare kollega i morgon, tok eg fredagsvasken i dag. 
Så var eg ute og plukka rips av to tre som skal vekk. Vi har meir enn nok rips, og skal bruke området til meir bringebær i staden. Nils har klipt heilt ned trea og male greinene på kompostkverna. Røtene orka han ikkje å ta i denne varmen, så det får vente. Vi ommøblerer stadig i hagen, mykje oftare enn inne i hus.
I dag er det første skuledag for elevane her i distriktet, og av våre barnebarn er det mange som skiftar beite. To av dei tek til på ungdomsskulen i år, ein på vidaregåande og eldstemann set seg også på skulebenken igjen. Denne gongen for å studere engelsk i Volda.Vi ønsker alle lykke til i det nye skuleåret.
Og så får vi også hugse å gratulere Mette Marit med dagen.
Ein  klassekamerat frå lærarskulen fyller 70 år i dag. Han bur på Sæbø og har tidlegare vore ordførar i Ørsta. Vi gratulerer han også.
Klokka 21: No er den første ripsrota oppe. Nils måtte prøve taljen han fekk av naboen.Naboen skal flytte til Ålesund og treng ikkje slikt der.

Bok nr.43 2010: Hotellet på hjørnet av bitter og søt.

Denne boka hadde eg aldri kome til å lese om eg hadde funne den på butikken. Det på grunn av tittelen, som høyrest direkte klissete ut.Men det var så mange som let vel over boka på Face Book, at eg følte at denne MÅTTE eg berre lese.Gjer merksom på at eg har lese lydbokutgåva, og ein flink opplesar ville kanskje fått meg til å like boka litt betre.
MEN...dette er møl frå ende til annan!! Og ingen kan overtyde meg om noko anna. På ein måte minner den om Øya, i det at det er også her er eit stykke for meg ukjent historie som dannar bakgrunn i fortellinga.Bakgrunnshistoria  er også det einaste som er litt interessant. Kort fortalt er det ei kjærleikshistorie mellom ein svært ung kinesisk gut og ei like ung japansk jente som bur i Seattle under andre verdskrigen, då Kina og Japan var på kvar si side i konflikten. Nokon vil kanskje synest historia er søt og romantisk, eg tykte det var ei lita historie med altfor mange ord.Dessutan hatar er sentimentalitet. I alle fall i bøker.

onsdag, august 18, 2010

Vermelding 18.august 2010

Posted by Picasa
No er klokka snart halv elleve om kvelden, og temperaturen er ca 17 grader C. Det har vore ein varm og fin dag, om ikkje sola har vore framme heile tida.
Eg var ute i hagen ei stund før middag, men hadde avtale med ei veninne om å gå på kafé klokka 13. Nils sette meg av ved kaféen og reiste ut for å fiske, men kom att til vi skulle i nabohageselskap klokka 17. Etter at hageselskapet var  slutt klokka 21, var vi til ein annan nabo og såg bilde frå Solund der dei hadde vore på ein miniferie.Og slik gikk den dagen.

tirsdag, august 17, 2010

Vermelding 17.august 2010


Klokka er 17.30, temperaturen er + 25 grader og det er lettskya med mykje sol.
No har eg vore ned i hagen og inspisert rosebeddet, og det var ikkje mykje å skryte av når sant skal seiast. Derfor skal eg ha meg ei lita rydderunde.
Før middag var vi ein tur på Amfi og handla, det er over ei veke sidan eg sist var på shopping. Då vi kom heim plukka vi sukkererter, rensa, vaska og fraus dei. Det gjorde eg i fjor også og det går fint. Kjekt å ta att til vinteren  til Wok og liknande rettar.
Til middag i dag hadde vi kald kokt makrell, og åt trulig så mykje at vi er ulysta ei stund.
Så har vi kvilt middag på altanen, det skya litt over akkurat då, elles er det for varmt å ligge å sove i solsteiken.
Eg er ikkje så flink som visse andre å hugse namn på roser. Eg kastar lappane og tenkjer at det namnet hugsar eg nok.....Uansett er rosene fine same kva dei heiter. Noko stort utval har vi rettnok ikkje.
Trur vi kan belage oss på mykje nedbør dei komande dagane, kroppen min plar fungere bra som barometer, så kanskje eg kan forsvare rolla mi som vermeldar?
 Posted by Picasa

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...