Klokka er 14.10. Temperaturen + 28 grader. Det er lettskya, med delvis sol, og aldeles herlig sommarver.
Mykje av føremiddagen gikk med til å vaske og støvsuge inne;sidan eg skal i gravferd til ein tidlegare kollega i morgon, tok eg fredagsvasken i dag.
Så var eg ute og plukka rips av to tre som skal vekk. Vi har meir enn nok rips, og skal bruke området til meir bringebær i staden. Nils har klipt heilt ned trea og male greinene på kompostkverna. Røtene orka han ikkje å ta i denne varmen, så det får vente. Vi ommøblerer stadig i hagen, mykje oftare enn inne i hus.
I dag er det første skuledag for elevane her i distriktet, og av våre barnebarn er det mange som skiftar beite. To av dei tek til på ungdomsskulen i år, ein på vidaregåande og eldstemann set seg også på skulebenken igjen. Denne gongen for å studere engelsk i Volda.Vi ønsker alle lykke til i det nye skuleåret.
Og så får vi også hugse å gratulere Mette Marit med dagen.
Ein klassekamerat frå lærarskulen fyller 70 år i dag. Han bur på Sæbø og har tidlegare vore ordførar i Ørsta. Vi gratulerer han også.
Klokka 21: No er den første ripsrota oppe. Nils måtte prøve taljen han fekk av naboen.Naboen skal flytte til Ålesund og treng ikkje slikt der.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar