Klokka er 14.10. Temperaturen + 28 grader. Det er lettskya, med delvis sol, og aldeles herlig sommarver.
Mykje av føremiddagen gikk med til å vaske og støvsuge inne;sidan eg skal i gravferd til ein tidlegare kollega i morgon, tok eg fredagsvasken i dag.
Så var eg ute og plukka rips av to tre som skal vekk. Vi har meir enn nok rips, og skal bruke området til meir bringebær i staden. Nils har klipt heilt ned trea og male greinene på kompostkverna. Røtene orka han ikkje å ta i denne varmen, så det får vente. Vi ommøblerer stadig i hagen, mykje oftare enn inne i hus.
I dag er det første skuledag for elevane her i distriktet, og av våre barnebarn er det mange som skiftar beite. To av dei tek til på ungdomsskulen i år, ein på vidaregåande og eldstemann set seg også på skulebenken igjen. Denne gongen for å studere engelsk i Volda.Vi ønsker alle lykke til i det nye skuleåret.
Og så får vi også hugse å gratulere Mette Marit med dagen.
Ein klassekamerat frå lærarskulen fyller 70 år i dag. Han bur på Sæbø og har tidlegare vore ordførar i Ørsta. Vi gratulerer han også.
Klokka 21: No er den første ripsrota oppe. Nils måtte prøve taljen han fekk av naboen.Naboen skal flytte til Ålesund og treng ikkje slikt der.
torsdag, august 19, 2010
Bok nr.43 2010: Hotellet på hjørnet av bitter og søt.
Denne boka hadde eg aldri kome til å lese om eg hadde funne den på butikken. Det på grunn av tittelen, som høyrest direkte klissete ut.Men det var så mange som let vel over boka på Face Book, at eg følte at denne MÅTTE eg berre lese.Gjer merksom på at eg har lese lydbokutgåva, og ein flink opplesar ville kanskje fått meg til å like boka litt betre.
MEN...dette er møl frå ende til annan!! Og ingen kan overtyde meg om noko anna. På ein måte minner den om Øya, i det at det er også her er eit stykke for meg ukjent historie som dannar bakgrunn i fortellinga.Bakgrunnshistoria er også det einaste som er litt interessant. Kort fortalt er det ei kjærleikshistorie mellom ein svært ung kinesisk gut og ei like ung japansk jente som bur i Seattle under andre verdskrigen, då Kina og Japan var på kvar si side i konflikten. Nokon vil kanskje synest historia er søt og romantisk, eg tykte det var ei lita historie med altfor mange ord.Dessutan hatar er sentimentalitet. I alle fall i bøker.
onsdag, august 18, 2010
No er klokka snart halv elleve om kvelden, og temperaturen er ca 17 grader C. Det har vore ein varm og fin dag, om ikkje sola har vore framme heile tida.
Eg var ute i hagen ei stund før middag, men hadde avtale med ei veninne om å gå på kafé klokka 13. Nils sette meg av ved kaféen og reiste ut for å fiske, men kom att til vi skulle i nabohageselskap klokka 17. Etter at hageselskapet var slutt klokka 21, var vi til ein annan nabo og såg bilde frå Solund der dei hadde vore på ein miniferie.Og slik gikk den dagen.
Eg var ute i hagen ei stund før middag, men hadde avtale med ei veninne om å gå på kafé klokka 13. Nils sette meg av ved kaféen og reiste ut for å fiske, men kom att til vi skulle i nabohageselskap klokka 17. Etter at hageselskapet var slutt klokka 21, var vi til ein annan nabo og såg bilde frå Solund der dei hadde vore på ein miniferie.Og slik gikk den dagen.
tirsdag, august 17, 2010
Vermelding 17.august 2010

Klokka er 17.30, temperaturen er + 25 grader og det er lettskya med mykje sol.
No har eg vore ned i hagen og inspisert rosebeddet, og det var ikkje mykje å skryte av når sant skal seiast. Derfor skal eg ha meg ei lita rydderunde.
Før middag var vi ein tur på Amfi og handla, det er over ei veke sidan eg sist var på shopping. Då vi kom heim plukka vi sukkererter, rensa, vaska og fraus dei. Det gjorde eg i fjor også og det går fint. Kjekt å ta att til vinteren til Wok og liknande rettar.
Til middag i dag hadde vi kald kokt makrell, og åt trulig så mykje at vi er ulysta ei stund.
Så har vi kvilt middag på altanen, det skya litt over akkurat då, elles er det for varmt å ligge å sove i solsteiken.
Eg er ikkje så flink som visse andre å hugse namn på roser. Eg kastar lappane og tenkjer at det namnet hugsar eg nok.....Uansett er rosene fine same kva dei heiter. Noko stort utval har vi rettnok ikkje.
Trur vi kan belage oss på mykje nedbør dei komande dagane, kroppen min plar fungere bra som barometer, så kanskje eg kan forsvare rolla mi som vermeldar?

mandag, august 16, 2010
Vermelding 16.august 2010
Klokka er snart 14.00 og temperaturen har stige opp til nærmare 28 +-grader. Nesten FOR varmt å vere på altanen i alle fall.
Nils og Hassan for på sjøen i 9-tida og kom att for ei lita stund sidan.Det vart makrell, sei og kolkjeft i dag. Så no blir det sei i dag og makrell i morgon i alle fall.Kolkjeften toler eit par dagar i kjøleskapet før steiking. Eit anna namn på denne fisken er lysing, ei nydelig fisk både til steiking og fiskemat. Det blir nok sein middag i dag, i denne varmen smakar det ikkje så godt med kraftig mat midt på dagen.
Elles vil vi gratulere Stig André frå Eid med 20-årsdagen i dag!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

+(4).jpg)