mandag, august 16, 2010

Vermelding 16.august 2010

Klokka er snart 14.00 og temperaturen har stige opp til nærmare 28 +-grader. Nesten FOR varmt å vere på altanen i alle fall.
Nils og Hassan for på sjøen i 9-tida og kom att for ei lita stund sidan.Det vart makrell, sei og kolkjeft i dag. Så no blir det sei i dag og makrell i morgon i alle fall.Kolkjeften toler eit par dagar i kjøleskapet før steiking. Eit anna namn på denne fisken er lysing, ei nydelig fisk både til steiking og fiskemat. Det blir nok sein middag i dag, i denne varmen smakar det ikkje så godt med kraftig mat midt på dagen.
Elles vil vi gratulere Stig  André frå Eid med 20-årsdagen i dag!

søndag, august 15, 2010

Den nye vegen frå Vest-til Austlandet: Kvivsvegen

Posted by Picasa
Det er vel ca eit år sidan sist vi sjekka det nye vegprosjektet, så turen i dag gikk også ut på å sjå kor langt dei var komne med arbeidet. Kvar Kvivsvegen tek til og kvar han sluttar er eg ikkje sikker på, men her brukar eg namnet om vegen frå Volda til Hornindal. Vegen går gjennom fleire store tunnelar, delvis på  gammal veg, men også lange nye strekningar. Dei har laga tunnelar for å få vegen bort frå dei små idylliske bygdene langs den gamle vegen. Mange har nok køyrt over Heggjadalen, og det er mykje dei samme strkningane. Vegen går i tunnel frå Volda til Hjartåbygda, vidare på den noverande vegen, men i tunnel forbi Fyrde i Austefjorden. Vidare på gamlevegen, men i tunnel gjennom Eidsnakken forbi tettbebyggelsen på Kalvatn. Når vegen kjem ut av  tunnelen går han på bru over gamlevegen og gjennom fjellet Kviven til Hornindal. Der er også eit par små tunnelar som eg ikkje har nemnt her. Sidan eg tok bilda på tilbaketuren får de ruta i den rekkefølga på bilda.
Her står eg på brua over gamlevegen. Tunnelen de ser her skal munne ut i Hornindal.
Her har eg snudd meg rundt og ser mot den tunnelen som går gjennom Eidsnakken.
Brua går altså mellom to tunnelar.
Her står eg framleis på brua og ser ned mot Kalvatn, der den gamle vegen går over til Heggjabygda.Vegen rett under brua går til Bjørke.
Eg har mange fleire bilde, av alle tunnelane, men sidan den eine tunnelen er nokså lik den andre, er det ikkje så interessant. Det er mange meiningar om denne vegtrasséen, men når den no først er komen så langt, er det i alle fall bra at dei legg vegen slik at ikkje folk får unødig trafikk oppi dørene, at vegen ligg fint i landskapet og at dei ryddar fint rundt. Det er eit kjempearbeid som blir utført. Ta gjene turen til Bjørke ein sundag!

Vermelding 15.august 2010

Klokka er 16.00. Temperaturen er ca 23 grader C, men det virkar skikkelig varmt til tross for både litt skyer og skodde.
Og kva gjer vi ein slik fin dag. Jau, vi reiser på ein lang biltur til Bjørke og Viddal via Volda og Austefjorden. Det merkelige er at desse bygdene høyrer til Ørsta kommune mens dei ligg nærare Volda sentrum enn Ørsta.
Det er seks år sidan vi sist var der inne, og sidan den tid har dei fått ein 2 km lang tunnel frå Bjørke til Leira/Viddal-der vegen stoppar. Bildet over er tatt frå ei kai på Viddal og vi ser ut Hjørundfjorden.For dei med ørneblikk kan det vere mulig å sjå ferja Sæbø-Leknes.

Nils hadde sjølvsagt fisketroda med seg og gjorde nokre kast på kaia. Her ser vi inn mot Leira -tunnelen går gjennom fjellknausen der. Bjørke ser vi ikkje frå denne vinkelen.
              
På Bjørke er der Handarbeidskafé kvar sundag, i alle fall om sommaren. Dei sel mange slags handarbeid, men vi kjøpte berre kaffi og kake som vi sat ute og kosa oss med. Det er mykje varmare der inne i fjorden enn her i Ørsta.Skal legge inn bilde av handarbeida sidan her er mange handarbeidsinteresserte blogglesarar.
          
             
              

          
          
 
         



           
Seinare i dag/ kveld skal eg komme med eit innlegg om det nye vegprosjektet Kvivsvegen for dei som er spesielt interesserte. Nils og eg likar å sette oss inn i slike nye prosjekt. Men no skal eg ut og sole meg før sola går ned.

lørdag, august 14, 2010

Vermelding 14.august 2010


Klokka er no 12.30 og det er vel ein time sidan Rasmus og familien reiste. Veret er lettskya, med solgløtt, og temperaturen er +22 grader. Slikt ver kunne eg eigentlig tenkt meg å ha ei stund. Nils og eg har i fellesskap fått huset nokonlunde i orden igjen etter at det har stått sånn litt på kant nokre dagar. Det blir tomt når dei reiser, men det var i alle fall kjekt at dei var såpass lenge. Og så er vi fri til å fare å sjå dei att når vi vil. Det er no minstemann som forandrar sog fortast. Dei reiser ikkje heilt heim i dag, men stoppar på Hafjell og Hunderfossen.
Her kan vi sjå den fine hytta der dei overnattar. Litt annan standard enn den tida då vi reiste rundt på camping og låg i telt.

fredag, august 13, 2010

Vermelding 13. august 2010

Klokka er 19.40, temperaturen er + 18 grader C og det regnar ute.Skodda ligg langt ned i fjellsidene.
I dag har "karane" vore ute og fiska igjen, det vart både sei, makrell og blekksprut. Til middag kokte vi småsei og makrell. Då vi skulle ete, kom Margrete på besøk, ho og ei veninne hadde vore til Ulsteinvik og shoppa.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...