lørdag, august 14, 2010

Vermelding 14.august 2010


Klokka er no 12.30 og det er vel ein time sidan Rasmus og familien reiste. Veret er lettskya, med solgløtt, og temperaturen er +22 grader. Slikt ver kunne eg eigentlig tenkt meg å ha ei stund. Nils og eg har i fellesskap fått huset nokonlunde i orden igjen etter at det har stått sånn litt på kant nokre dagar. Det blir tomt når dei reiser, men det var i alle fall kjekt at dei var såpass lenge. Og så er vi fri til å fare å sjå dei att når vi vil. Det er no minstemann som forandrar sog fortast. Dei reiser ikkje heilt heim i dag, men stoppar på Hafjell og Hunderfossen.
Her kan vi sjå den fine hytta der dei overnattar. Litt annan standard enn den tida då vi reiste rundt på camping og låg i telt.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Tre fine gutar. Kjekt at dei tek det med ro på turen. S/M/K er i Oslo-området denne helga. Dei har vore på besøk til hundekvalpen på Ski som dei har bestilt og får om ca ein mnd. Dei kjem heim i morgon.

Besta sa...

Veit du kva hunderase det er?
Margrete fekk den første Bearded Collien sin frå SKI, den som heitte Ariel.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...