tirsdag, august 10, 2010

Vermelding 10.august 2010

 

Klokka er 14.30, det er overskya og skodde, men temperaturen er tross alt +22 grader C. Sola var framme ei lita stund, og vi håper ho kjem fram att seinare også.
Nils, Rasmus, Eivind og Vebjørn har vore på sjøen og fiska. Dei kom heim med sei og ein diger blekksprut. Vebjørn var visst litt redd akkaren.No skal vi ete påsalta fisk frå frysaren, og seinare i dag får vi besøk av Bodil og Svein.

mandag, august 09, 2010

Vermelding 9.august 2010

Klokka er 20.15,temperaturen er + 18 grader C, det er opplett, men skodde. Skodde har vi hatt rikelig av denne sommaren,og det er eit trasig ver.
Men dagen har gått som ein røyk og vi har hatt det kjekt. Ikkje berre har vi Rasmus med familie på besøk, men Margrete og dei tre yngste kom hit til middag etter at dei hadde vore på fjelltur i lag med ei veninne av Margrete.Ungane storkosa seg i lag, dei har blitt godt kjende etter at dei har treft kvarandre fleire gongar denne sommaren. Viss nokon lurer på kva vi hadde til middag, så var det kylling med ris, grønnsaker og to sortar saus+ is til dessert.

Vermelding for sundag 8.august 2010

Litt seint å komme med vermelding etter midnatt, men for ein gongs skuld......
Rett før midnatt var temperaturen ca 15 grader C, det var skodde i fjella, men opplett. Sist natt regna det kraftig, men så skein det opp på føremiddagen ei stund.
No hadde ikkje veret så mykje å seie denne dagen, for vi var på Hareid det meste av tida, og der kunne vi vere ute eller inne alt ettersom. Av dei 11 barnebarna våre var ti til stades, mens eldstemann var i Førde på jobb. Solveig og Øystein diska opp med god gammaldags svinesteik og kjøttkaker med diverse tibehør og heimelaga karamellpudding til dessert.
Seinare fekk vi kaker og rundstykke m.m. Om kaninar og andre dyr kan de lese på Solveig sin blogg.

lørdag, august 07, 2010

Bok nr.42 2010: Taushetens konsekvenser.



Linda Olsson er kjent av mange for boka La meg synge deg stille sanger
som eg veit mange har lese og likt.
No les eg nesten berre lydbøker, og då har opplesaren mykje å seie for det inntrykket ein sit att med. Det er to som les denne boka, ein mann og ei kvinne. (Rollane til Cecilia og Adam.) Han les dei 5 første CD-ane og ho dei to siste. Han les ikkje  dårlig, men det går litt for treigt, til og med for meg som likar rolige bøker. Når det heller ikkje skjer så mykje, blir det litt for kjedelig.
Visst likar eg å lese om tankar og følelsar, men her blei det nok for meg. Og sentimentalitet er det verste eg veit-her var litt for mykje!
Men boka handlar som alle andre bøker til sjuande og sist om livet og døden, kjærleiken og havet- ja, og mykje anna.(Les på omslaget og på nettet om de vil vite meir). Men mest av alt handlar den om om teie om viktige ting i livet, slikt som skulle vore sagt. Tittelen høver fint til innhaldet. Boka tek seg veldig opp på slutten, når Cecilia slepp til, og alt i alt er det ei fin bok.

Vermelding 7.august 2010

Klokka er 12.40, temperaturen +23 grader C, det er lettskya og litt sol. Med andre ord perfekte forhold for dei som skal bestige Saudehornet på 1303 m.
Vi kan ikkje sjå Saudehornet frå huset vårt, vi ser berre det mykje lågare Vallahornet-Saudehornet ligg altså bak Vallahornet. Nils hadde eit ærend nedover så han såg nokre av dei som starta, m.a. ein kenyanar. Det kjem folk frå heile landet og deltek, men det er frivillig om ein vil gå på tid. Dei beste går/spring frå småbåthamna og opp på fjelltoppen på under ein time. Galskap, etter mi vurdering, men slik er det vel å vere i form.Det er nore år sidan Nils og Øystein gjekk turen no, men ikkje på tid. Mange barn heilt ned i 5 -årsalderen er med heilt til topps.
Det har vore naturfestival ei heil veke her no, utan at eg har merka noko til det.Fer ikkje så vide.
Rasmus og fam. reiste frå Beitostølen klokka 11 i dag, dei leigde hytte i staden for å dra med seg campingvogna, men det er godt for gutane å få dele opp turen. Det er langt å køyre på ein dag.
Fekk nettopp telefon frå ein nabo som er i Solund på tur.
Og så vil vi gratulere Ole på Eid med 22-årsdagen i dag!

fredag, august 06, 2010

Vermelding 6.august 2010


Klokka slo nettopp fem slag. Det er + 18 grader ute og det kjem voldsomme regnbyger innimellom.
Nils har kjøpt nytt ekkolodd i dag, like billig som å reparere det gamle. Merket heiter Humminbird, så det er kanskje ikkje så dumt å kalle det "Pip-pipen" ?
Eg skulle vere i Volda klokka 9.30 i dag, så dagen fekk ein litt meir flying start enn vanlig. Eg fekk sprøytene mine, og fekk ingen reaksjon på dei, så vi fekk handla på heimvegen. For det meste mat.
Då vi kom heim, støvsuga eg heile huset, mens Nils klipte seg og kjøpte ekkolodd. Etterpå laga vi ei kraftig fiskesuppe som gjorde at vi vart ute av funksjon nokre timar, men no er vi i farta igjen. Fekk melding frå Rasmus, då var han på Beitostølen, planen var at han skal overnatte på hytte og komme hit i morgon.
Naboen vår, Ingunn, fyller 70 år i dag, men er bortreist på dagen. Vi gratulerer.
Elles kan det nemnast at det i dag er 65 år sidan USA sleppte dei første atombomba i verda over  Hiroshima og utraderte byen.
Posted by Picasa

torsdag, august 05, 2010

Vermelding 5.august 2010

Klokka er snart halv eitt. Ute er det nesten klårt og sol.Temperaturen er +21 grader. Det er altså ikkje så veldig varmt, men fint å vere ute.Har stått ute og prata med naboar mykje av føremiddagen, og elles har eg pusla litt i huset, som vanlig. Nils klipper gras igjen, han tok ikkje ovafor huset i går, men det er no fort gjort.
Vi har ingen spesielle planar for dagen, men vil no prøve å vere mest mulig ute i sola.
Så lenge ho er her.
Solveig og Øystein er på veg heim i dag. Rasmus+fam kjem hit på laurdag.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...