mandag, juli 26, 2010

Vermelding 26.juli 2010

Klokka er ca 12.00. Temperaturen + 22 grader. Sist natt regna det, og det er framleis overskya, men eg trur det vil lette etter kvart. Når eg tek bilde i hagen leitar eg opp det som ser bra ut, heilheita er nok litt annleis. Ingen ting er slik det skal vere i hagen i år, men det kjem seg litt etter litt.
Eg er litt irritert over meg sjølv at eg ikkje har skrive ned namnet på rosene. Eg trur eg skal hugse det, men det er heilt fåfengt. Meiner at dei rosa botndekkande rosene heiter Bonica eller noko slikt?



Attmed kjellardøra har vi denne raude rosa som eg sjølvsagt ikkje hugsar namnet på.
Den gule stauden heiter Nattlys og ber namnet sitt med rette.Den lyser verkelig i mørket.
Margrete og Rasmus med fam. har funne kvarandre i Sverige, dei var i alle fall i lag i går. Elles var det ein litt trist dag både for den eine og den andre. Amanda fekk melding frå ho som passa kaninen hennar om at den var død. Og på Hareid var det sorg over kaninen Nusse som også døde. Olaug har stelt veldig mykje med han og han var svært tam. Heldigvis har ho også kaninen Marlon og katten Lucy å stelle med.
Nils styrer med diverse gjeremål i garasjen og ute, mens eg har brød-bakedag.
Har fått dei første tre brøda i omnen og har to deigar ståande, dei blir vel meir enn nok heva, vil eg tru.
Til middag i dag skal vi ha kald, kokt makrell. Nils fiska frå land i går.

søndag, juli 25, 2010

Vermelding 25.juli 2010

Klokka er 12.00. Sola skin frå nesten skyfri himmel og temperaturen er
ca +20 grader C.
Det er ein nydelig sommardag og vi har nettopp gått ei lita runde og sett på hus og hagar. Så har eg gått tur i eigen hage og tatt bilde, eit par av dei ser de her. Øvst er eit bilde av busken som eg kallar "Jonsokbrura"-i år er ho sterkt forseinka. Det er ein skjærsminbusk med enkle blomster som luktar nydelig - som jordbær og honning. Dessverre må vi skjere den kraftig ned til hausten, så neste år får vi nok ikkje blomster på den.
Under ser de bilde av yndlingsblomsten min, den himmelblå riddersporen. Har kjøpt ein kongeblå i år, men den er enno liten og puslete. Han kjem seg nok.Peonen er berre nokre få blomster att på, den blomstra mens vi var vekke.
Dette er ein slik dag som eg kallar "bonusdag"-det har ikkje vore for mange slike i sommar, så det er berre å nyte sola før ho forsvinn igjen.

lørdag, juli 24, 2010

Bok nr.39 2010: Hjerterått.

Chelsea Cain har skrive tre bøker om seiemordaren Gretchen Lowell, etterforskaren Archie Sheridan og journalisten Susan med det rosa/ lilla håret.
Den første Ondskapens hjerte (Heartsick) kom i 2008, Hjerterdame (Sweetheart) i 2009 og Hjerterått (Evil at heart) i 2010. Forfattaren hadde tenkt å la det bli med denne trilogien, men bøkene har slått så godt an at det kanskje blir fleire.
Eg har altså lese nr.1og nr.3, og finn ingen grunn til å lese den i mellom sidan vi har fått vite mykje om det som skjedde der i nr.3.
Bøkene er velskrivne og ryddige så det er ikkje vanskelig å halde greie på verken folk eller hendingar, noko som er ein fordel, særlig i lydbøker.
Dette er ein slags psykologisk skildring av eit menneske som er tvers gjennom OND, eller rettare eit menneske totalt utan moral, samvit og empati. Så kan ei undrast om det finst slike. Ikkje veit eg,  bøkene er brutale, groteske og "grisete"- eg har mage til å tole det meste, så lenge det er fiksjon. Men på samme måte som den vakre Gretchen bergtek den eine føre og den andre etter,ikkje minst etterforskaren Archie, blir også vi på ein måten tiltrekt av henne.
Eg greip meg i å tenkje på dei gamle folkeeventyra der troll og hekser gjer grusomme ting; likevel blir eventyra lesne og elska av generasjon etter generasjon. Gretchen blir for meg ein slik eventyrfigur. 
Boka har også sleivespark til pressa som haussar opp stemninga omkring brotsverk, og får folk til å bli interesserte på ein usunn måte, grafse i detaljar t.d. for at dei sjølve skal få opp salstala.
Det gikk fort og greitt å lese denne boka sidan det vart ver til å ligge ute og sole seg. Dessutan er den akkurat passelig lang. Eg har funne ut at 8 CD-ar er den ultimate lengda på ei bok.
Eg veit at Solveig vil lese denne boka, men eg kan styre begeistringa mi. Takke meg til Mo Hayder!
No skal eg lese noko meir lødig, nemlig Siste natt i Twisted River, av John Irving.
PS: Margrete har lese bok nr. 2 og skrive om den på bloggen sin.

Vermelding 24.juli 2010

Klokka er 13.20. Temperaturen er +22 graderC, det var klårt i dag morgon, men no har det kome litt skyer og vind. Eg har vore ute og jobba i hagen f.m. Har m.a. brukt kantklipparen både her og der, og så har eg reinska heile det lange rosebeddet nedanfor huset for ugras.No slær Nils plenane på nytt, for i går var graset så langt at det var vanskelig å få med alt.
Rosa som det ser øvst i innlegget har eg fått av ei dame på Hareid, via Solveig.Solveig har ei veninne frå Slovenia som dyrkar fram slike rotekte roser. Eg har planta den oppe ved garasjen, og håper den skal bli ein stor busk, som også dei som går forbi på vegen kan glede seg over. Rosene nede i hagen er det stort sett berre vi sjølve som ser.Og dei har berre så vidt begynt å blomstre. På Kongsberg var rosene nesten ferdige med blomstringa.Håper alle får ei fin helg.Vi har ingen spesielle planar, det er veret som bestemmer.
Margrete er framleis i Sverige. Rasmus er i Sandefjord, men reiser over til Strømstad i morgon, så det kjem an på om dei treffast.

fredag, juli 23, 2010

Vermelding 23.juli 2010

Klokka er snart 13.00, temperaturen er + 18 grader C og det er knapt ei sky på himmelen.Det er eit kjølig drag i lufta til tross for fineveret, og no begynner det så smått å blåse. Det er vel "utrønå" som vi seier her i Ørsta. Det var stilt på sjøen i dag tidlig, så Nils og Hassan planla fisketur, klokka 9.00 denne gongen. Nils kom heim med eit par fine seiar og ein god del mindre.Det blir vel fersk småsei i dag, vi begynner så smått å få abstinens etter så lang tid utan.
Eg kom meg ikkje ut før klokka var nærmare 12.00; sidan det var så kjølig fann eg ut at eg kunne ta fredagsvasken først. Kan ikkje vere så mykje ute i hagen, for der er så mykje ugras at det er altfor fristande å bøye seg ned og luke. Det KAN eg berre ikkje.Har lagt ein halvtimes tid på altanen med seriemordboka mi -Hjerterått av Chelsea Cain. Topp krim. Ikkje sant, Solveig?
Margrete m/ fam er i Skara i Sverige, skulle vere der eit par dagar.Fekk sms i går kveld.

torsdag, juli 22, 2010

Sokkegarn frå Ulsteinvik.

Då vi var på blogg-shopper-tur til Ulsteinvik, Flø og Hareid, kjøpte Solveig garn som eg no har strikka sokkar av. Garnet er relativt tynt, eg strikkar på pinnar nr.2,5, og det er godt å strikke. Dessverre har eg gløymt kva garnet heiter, men Solveig hugsar det kanskje? "Magebeltet" har eg sjølvsagt kasta. Eit lite tips når det gjeld slikt "sjølvstripa" garn: Det er betre å kjøpe to like nøster enn to ulike, for sjølv om dei seier det er nok garn i ein bunt til eit par lester i vaksen storleik, så kan det hende det blir i minste laget.Eg fekk litt for lite garn til det raudstripete paret, så det blå paret strikka eg litt mindre.Det vert lite strikking med meg for tida, det har sine grunnar. Eigentlig likar eg godt å strikke mens eg høyrer lydbøker.

Bok nr.38 2010: Tyvenes by

Margrete har skrive om denne boka før. Eg vil anbefale at de les om den på bloggen hennar.
Eg har brukt lang tid på boka, har hatt den med meg over halve landet+ delar av Sverige. Viss eg skal få fullt utbytte av ei bok, kan eg ikkje bruke for lang tid, derfor kan eg ikkje bedømme denne boka rettferdig.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...