Ei fransk bok. Omsett til nynorsk, og lesen på ei slags Hordalandsdialekt. Funkar det?
Faktisk funkar det veldig bra slik eg ser det.Dei mjuke, rullande skarre-r-ane er som om dei kjem direkte frå Paris, og det er ikkje lenge før ein opplever det som om språket er fransk det også.
Franske bøker er ikkje som andre bøker, det har eg sagt før, og det står eg ved.Franskmenn må vere meir opptekne av kunst og kultur enn andre folkeslag. Og av mat.Dessutan er dei klassemedvitne, det er viktig kva klasse du kjem frå, om du kjem frå overklassen, borgarskapet eller arbeiderklassen.Pengar betyr ikkje alt, det viktigaste er om du har "dannelse" og utdanning.Kanskje er dei det vi ville kalt åndssnobbar?
Men det er ikkje det denne boka handlar om. Den handlar mest om menneskelige relasjonar. Menneska treng kvarandre og det er viktig med ei hjelpande hand, så ein ikkje går under.Her møter vi ei handfull menneske som livet ikkje har fare så pent med.Den eine rekkjer ut ei hjelpande hand og set i gang ein kjedereaksjon.Det er på mange måtar ei aldeles nydelig bok, som det var ei kvild og ei glede å lese til avveksling frå alle krimbøkene.
Og så gjer forfattaren det meisterstykke det er å ikkje hamne ut i sentimentaliteten.
Må innrømme at eg kom til å tenkje på både Les Miserables og Frendelaus undervegs.
Og slutten er veldig "fransk" slik eg ser det.
Eg har lese ei bok før av denne forfattaren, den var heilt eminent. Eg elska ho, heitte den.
Eg veit ikkje om det går an å seie det så kategorisk,men dette er vel ei bok som fengjer kvinner meir enn menn?
