I kveld køyrde vi Bjørnaset-gjengen heim att, og på tilbaketuren tok vi ein tur inn til Kalvatn og såg på bygginga av Kvivsvegen.Vegen skal gå i tunnel gjennom fjellet Kviven, vidare til Grodås og Stryn. Når dette sambandet blir ferdig kan ein køyre ferjefritt frå t.d.Ulsteinvik til Oslo.Eg er ikkje heilt sikker på kvar trasséen skal gå, men trur det vert fleire nye tunnelar.
søndag, juni 14, 2009
Gratulerer!

I dag fyller veninna mi i Fredrikstad år.Sidan ho er eitt år yngre enn eg, vil ho alltid vere UNG i mine auge. Ho vaks opp på Eid, men livet har ført henne langt av garde, både i inn-og utland. No bur ho i Gamlebyen i Fredrikstad, der vi besøkte henne for snart to år sidan. Vi håper å ta turen over Oslofjorden, eller under, neste gong vi er i Kongsberg. Derifrå er ikkje vegen så lang. Gratulerer med dagen, KM ! Håper vi kan møtast snart!
lørdag, juni 13, 2009
Barnebarn på besøk.

Vi sender med dette ei helsing til den hardt arbeidande mora som er heime åleine.
fredag, juni 12, 2009
Glimt frå hagen.
Nils har henta eit lass hún som han driv og sagar på.Han førebur alt no neste vinter.
onsdag, juni 10, 2009
Briller og shopping.
I dag har vi hatt ein skikkelig rekar-dag. Eg skulle til syns-test kl.11, og det tok si tid. Augene vart grundig undersøkte, og det viste seg at eg måtte ha nye briller. Ikkje så rart, for eg har ikkje vore til optikar sidan 2001.Og sidan eg fekk solbriller med styrke for berre 250 kr i tillegg,sa eg ja til det tilbodet. Dermed vart det to innfatningar å bestemme seg for.
Då vi var på pinsetur hadde Nils sett eit sagbruk fram i Åmdalen der dei hadde mykje hún liggande. Derfor hadde han lyst fram dit å høyre om der var noko å få kjøpt. Det var der, så no skal han fram med båtvogna og hente seg eit lass.
Vi tok turen over Krøvelseidet til Volda og til Møre Konfeksjon der eg kjøpte meg ei sommarbukse og to T-skjorter.Så såg vi på klokka, og fann ut at Kina-resatauranten var open, så då vart det kafébesøk også.
Eg vil seie at det vart ein kjekk føremiddag for pensjonistane.
Då vi var på pinsetur hadde Nils sett eit sagbruk fram i Åmdalen der dei hadde mykje hún liggande. Derfor hadde han lyst fram dit å høyre om der var noko å få kjøpt. Det var der, så no skal han fram med båtvogna og hente seg eit lass.
Vi tok turen over Krøvelseidet til Volda og til Møre Konfeksjon der eg kjøpte meg ei sommarbukse og to T-skjorter.Så såg vi på klokka, og fann ut at Kina-resatauranten var open, så då vart det kafébesøk også.
Eg vil seie at det vart ein kjekk føremiddag for pensjonistane.
tirsdag, juni 09, 2009
Bok nummer 37: Den skogen.
Dette er ikkje ei vanleg krimbok med heltar og skurkar. Eg vil heller kalle den ein roman der mystiske,dramatiske og grusomme ting skjer. Historia blir fortalt med stort alvor, der skuld og skuldkjensle står sentralt.Personane må gong på gong velje kva veg dei skal gå; om dei skal gjere det som er "rett" eller om dei skal ta andre omsyn. Eit anna spørsmål som melder seg er:Kor langt kan eit menneske gå for å verne om sine eigne born? Her er mange parallellhandlingar, noko som av og til gjer det vanskelig å henge med når ein ikkje har det skrivne ord og halde seg til.Det er også ein del namn å halde orden på.Boka kan somme gonger virke langdryg, men den er på alle måtar lesverdig. Vi slepp dei vanlege krim-klisjéane , språket er veldig korrekt. Vi får forklaring på det meste til slutt-likevel er ikkje alt som det skal.Eg trur denne boka vil falle mest i smak hos vaksne lesarar som likar å tenkje sine eigne tankar mellom linjene.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
